OM BYGGJINGA AV DEN FØRSTE SKULEN

Truleg er dette orginalteikninga av hovudetasjen på gamleskulen. I øverste høgre hjørne var gangen og inngongsdøra. Sjølve skule stova var på 5x5 meter. I tillegg var det eit lite kammers. Planteikninga liknar mykje på den gamle skulen frå Dalsbygda, som du finn på sunnmøre Museum. 
Teikninga er henta frå Tilsynsprotokollen for Emblem og Østrem Krets. Foto: Svein Ove Østrem
Truleg er dette orginalteikninga av hovudetasjen på gamleskulen. I øverste høgre hjørne var gangen og inngongsdøra. Sjølve skule stova var på 5x5 meter. I tillegg var det eit lite kammers. Planteikninga liknar mykje på den gamle skulen frå Dalsbygda, som du finn på sunnmøre Museum. Teikninga er henta frå Tilsynsprotokollen for Emblem og Østrem Krets. Foto: Svein Ove Østrem
Ein dårleg fotokopi av Gamleskulen, slik den såg ut etter at barnehage, husmorlag og speideren hadde overtatt huset. Orginalfotoet er det truleg Sigurd Langleite som har tatt.
Ein dårleg fotokopi av Gamleskulen, slik den såg ut etter at barnehage, husmorlag og speideren hadde overtatt huset. Orginalfotoet er det truleg Sigurd Langleite som har tatt.

Om bygginga av gamleskulen på Nedregotten og litt om dei fyrste lærarane

I 1860 kom ei ny skule-lov som skulle gje både utdanninga og lærarane betre vilkår. Det var ikkje lenger slik at bygdefolket skulle dekkje alle kostnadane åleine, for staten skulle no gje tilskot til lærerlønningar, medan Amtet gav tilskot til bygging av eigne skulehus. Forholda låg med andre ord til rette for at også Emblemsbygda skulle få si eiga skulestove, men det skulle likevel gå over 40 år før skule var på plass.

Opptakta til eige skulehus på Emblem

På Emblem hadde me i staden ein «omgongskule». Ordninga var slik at lærar og elevar hadde undervisning ikring på gardane i bygda. Elevane møtte opp til undervisning etter ein utarbeida plan, med stort sett 3 dagar undervisning på kvar plass før undervisninga vart flytta til den neste garden. Stort sett var ordninga slik at det vart undervist på dei 4 østremsgardane i 12 dagar før gardane på Nedregotten, Aksla eller Magerholm tok over med 3 dagar på kva gard der óg. Undervisninga vart med andre ord flytt i kring i bygda så belastninga med å måtte frigi stova til undervisningsformål gjekk på omgong.

I skuleprotokollen for Emblems og Spilkevigs Skoledistrikt i 1859 Kan ein også lese at skuleåret per klasse var i to omgongar frå 4.-26. oktober og 26. mars til 25. april, eller i underkant av 8 veker. Bygda var delt i to med Storelva som grense, slik at gardane på Emblem, Emblemsvåg og Røssevollen var ein eigen rode med 18 elevar, i 1859, som fekk undervisning frå 27. oktober og ut i november. På våren var det likeeins og slik vart elevgruppene stort sett på under 20 elevar. Praktisk var det óg for gardshusa var ikkje særleg store og elevane trong heller ikkje gå heilt frå Emblemsvågen til Magerholm for å kome seg på skulen. Krava til antal undervisningsdagar eller oppdeling etter alder var heller ikkje slik som no. Ein trong difor berre ein Lærar på rodane Hatlehol, Emblem og Østrem. Omgongskulelæraren måtte traske frå gard til gard med bokskrinet sitt og undervise alle alderstrinna samstundes. Eg vil tru at denne ordninga var til å leve med for bøndene i bygda. I nokre tilfelle kunne dei jamvel betale litt av lærerløna i mat og husrom i staden for pengar også.

Etter kvar så vart ordninga likevel endra. I 1868 kan ein lesa at «Emblem Kredsskule» held til hjå Ole Knudsen Emblem frå mars til mai, frå juli til september hjå Peder på Røssevollen, medan det var Jakob Sørensen Emblem som husa skulen frå november til desember. Det var også fleire som deltok i ordninga, men det verkar som om det var slutt på tida der ein skulle dele likt på byrdene. Truleg var det slik at dei andre gardane skulle betale eller levere andre tjenestar som motytingar til dei som hadde belastinga med å låne ut huset sitt i ein månad eller meir. Ordninga var likeeins på Østrem Kredsskule i fleire år. Ei liknande ordning i 1891 vart betalt med 25,- til den som gav husly til skulen, så det kan ha vore ei liknade leigeordning kring 1870 også. Det verkar som om bygdefolket fekk meir pengar, truleg frå fiske, og at mange heller ville betale for seg. Slik var det med bygdevegen til Magerholm også. Difor vart statusen på vegen nedgradert til bygdeveg, og ein ny veg vart bygd heilt frå Nørvasund til skodje via Brusdalen, for Skodjebygdarne var meir interesserte i å delta på dugnadar i staden. No skal eg ikkje påstå at dei var så velståande i bygda på denne tida, men pengehushaldninga greip meir om seg.

I 1890-åra og fram mot 1900 hadde dei fleste bygdene i Borgund Kommune fått sett seg opp ei eiga skulestove, mens bygda vår var ei av berre 4 bygdelag som ikkje hadde noko slikt. Ein kan allereie i tilsynsprotokollen for 1890 lesa at både Emblem og Østrem krets hadde møte og heldt avstemming over eit forslag frå Kretsskulestyret i Borgund om å slå samen desse to kretsane til «en Kreds med fælles Hus.» Protokollen syner vidare at bygdefolket ikkje var så heilt framand for tanken. I møtet til Østrems krets vart det eit fleirtal for forslaget med 9 mot 6 stemmer, medan det i Emblem krets var 11 som stemte mot sammenslåinga, og 7 som var for.

I tida etter 1890 var det mest vanleg å leige skulestove for eit heilt år mot betaling, så gamleordningane med fordeling var avslutta. I 1891 var det Lars Magnusen Emblem på Magnusplassen som leigde ut hus til Emblemsgardane, medan dei innom elva fekk leige hos Ole Larsen Emblem. Det er mogeleg at ordninga gav kjærkomen inntekt for dei som vart valde ut. Lars var for eksempel plassemann og det er ei viss moglegheit for at bygdefolket hjalp dei som trengde det ved slike ordningar, eller med stillingar som dampskipsekspeditør og liknande. Det ha synt seg ved fleire høve at bygdefolket har stilt opp for kvarandre. På den andre sida hadde Lars også høveleg hus med to stover, slik at kvardagen kunne gå omlag som vanleg i den eine stova , medan det var skule i den andre.

Betalinga vart fordelt på dei som hadde born i skulealder og truleg etter antal born og gardstørrelse også. Beløpet var i alle fall fordelt i kor mange dagar den enkelte skulle betale for og beløpet var 7 gongar meir for den som betalte mest, i motsetning til den som betalte minst. I 1891 vedtok Skule- og heradstyret i Borgund ein ny krets-inndeling der Østrem og Emblem vart slått saman til ein skulekrets. Det verkar som om ein allereie var i gong med planar om oppføring av eige skulehus på denne tida, for den 23. september samme år vert det halde samla skulekretmøte for Østrem og Emblem. På møtet vekte det harme hjå sambygdingane når det vert kjent at Skulestyret i Borgund hadde gjort vedtak om «Bestridelse af Udgiftene ved det paatenkte skolehuses opførelse i Kredsen samt Leie af Lokale til Skolen.» Fleire av brukarane, og særleg dei i utkantane av dei to gamle kretsane nekta å godta skulestyret si beslutning om å slå samen Østrem og Emblem. Dei ynskte heller å halde sin eigen skule. Videre har referenten skrive at «Grundet paa disse foreviklede Forholde fandt man ikke Grund til aa gjøre noget Skridt til Leie af Lokale for Skolen for de Opsiddere i Kredsene som gaar med paa Skolestyrets Ordning for neste Aar.»

Dei vart likevel enige etter kvart om ein felles ordning med skule på Skaret og Magnusplassen i 1892. Elevane var delte inn i 3 storskuleklassar og 3 småskuleklassar, men det vart påpeikt at dette kun var gjeldande for det komande året. Ein var framleis imot å verte samla i ein krets. Dei kom også fram til besluttning om at dersom det vart 2 skulehus i bygda, og gamleordninga vart halde ved like, så skulle bøndene sjølve bere alle kostnadane til bygging av begge skulane. Vart vedtaket til skulestyret oppretthalde, så fekk kommuna ordne skulehus for eiga rekning. Skulestyret bøygde derimot ikkje av, og det gjorde heller ikkje bygdefolket. Dei heldt ikkje noko møte før i oktober 1892 og då vart det vedteke å sende eit nytt brev med krav om å få gamleordninga attende. Dei følgande åra vart slike tilsynsmøte færre og ein heldt stort sett berre eit møte per år med dei nødvendige valg av deltakarar til skuletilsyn, samt beslutning om kven som skulle huse skulen det kommande året. Tidlegare hadde det vore kring 4 møter per år. Kommuna på si side bygde heller ingen skule på Emblem.

Den første byggekomiteen

I 1895 hadde ein truleg vorte vande med kun ein krets likevel. I oktober vart det på nytt diskutert skulebygging, og no snakke ein berre om ei skulestove. Dei vart einige om at tida var inne for å få sin eigen skule og at «Huset skal opføres Paa biligste sted ved Jelhaugreset». Det vart også bestemt at alle skulle delta like mykje på dugnadane, og at den som hadde hest, skulle stå for transport i tillegg. Sjølve pengeuttlegga til skulen vart derimot fordelt ut frå størrelse på gardane, slik at det vart 6 klassar. For kvar krone som dei i 1. klasse skulle betale, så slapp dei i 6. klasse unna med kun 20 øre. Kvar gardbrukar vart så delt inn i kvar si klasse, med Lars Danielsen Magerholm på Magerholm, Mathias Halvorsen i Mattisgarden, Johan Nilsen Emblem på skaret og Klaus Nilsen Emblem på Ystebøen i første klasse, medan dei fleste plassebrukarane hamna i den lavaste klassa.

Det verkar som om bygdefolket var særs klar for å bygge, for ein vart også einige om medlemmane i byggekomitéen. Dei valde Petter Pedersen Røssevoll, Johan Nilsen Emblem, Johan Olsen Nedregotten, Ole Larsen Emblem og Lars Danielsen Magerholm. Desse fekk mynde til å handle på kretsens vegne ved bygging av huset. Dei fekk mandat til å ordne «det fornødne hvad Pligtarbeide angaar, deri indbefattet muligens Optagelse af Pengelån.»

Det var allereie klart at Johan Olsen Nedregotten på skaret var villig til å gi plass til hustomt og leikeplass mot 10 kroner, som skulle betalast når «Huset kommer i brugelig Stand.» Ein fekk også lov til å ta stein til grunnmur og steingard kring leikeplassen i nærheita av byggeplassen eller «som det falder beleiligst og billigst». Johan krevde i motyting å få førsterett til å få eventuelle betalte oppdrag som vasking av skulen, om slik skulle verte aktuelt ein gong i framtida. Men av ein eller anna grunn så vart det ikkje nokon skule likevel, og saka vart heller ikkje diskutert på kretsmøta til skulen. På den tida var det mange skular som vart bygde, så det kan vere grunn til å tru at dei kanskje venta på tilskot, sjølv om noko slikt ikkje er nemnd nokon stad. Det vart også stadig vanskligare å finne nokon som var villige til å huse skulen i bygda, fram mot 1900.

Bygginga tek til

I 1899 valde difor formannen på nytt å ta opp spørsmålet om bygging av eige skulehus. Han fekk forsamlinga med seg. Vedtaka frå 1895 vart på ny børsta støvet av, men denne gongen vart det også noko som kom i vegen for bygginga. Borgund Kommune heldt på med å utreie ei vegomlegging i bygda, og ein valde å vente til at nyvegen var ferdig utstaka. Ein ynskte dessutan å legge skulen inn til den nye vegen som skulle komme. Ein vart samstundes einige om at kjelleren under skulen skulle utformas slik at den kunne innreiast til sløydsal. Det skulle gå enno nokre år før byggearbeidet tok til. I januar 1902 endte møtet med ei vottering over skuletomt. 36 stemte for ei plassering «i østre Ende af Jelhaugen mellem Bygdeveien og den nærmest udstukne Veilinje paa et Sted Sunnhedskommitionen finder hensigstmedsigst og tjenligt», medan 5 stemte imot. Ein vart einstemmig einige om å sette opp skulehuset same år. Søknad om tilskot til bygginga var allereie sendt. Dei bestemte å bygge skulen med eit eige lærarrom, og gang, i tillegg til sjølve klasserommet. Byggekommitéen vart fornya og bestod no av Ole Larsen Emblem, Hans Larsen Røssevoll, Johan Nilsen Emblem, Johan Olsen Nedregotten og Lars Danielsen Magerholm. Johan Olsen Nedregotten skreiv under avtalen om tomt og at stein frå graden eller tomta kunne nyttast til bygginga. Han krevde at dersom skulen ein gong i framtida skulle flyttast frå staden, så skulle steinen vere attende på garden.

Det var dei lokal tømmermennene Marka-Hans (Hans Larsen Østrem (1858-1942)) og Kristian Larsen Østrem (1865-1949) som sette opp murane av hoggen stein. Dei var truleg brødre og fødd i Larsgarden på Østrem, om ein legg folketellinga frå 1865 til grunn. Marka-Hans fekk tilnamnet sitt fordi han fekk utskilt eit stykke frå farsgarden ute i marka som han kalla Vestrem. Kristian fekk tilnamnet Vedhaug-Kristian fordi han busette seg på gardstunet Midthaug, som også vart kalla «Vedhaugen». Det vart bestemt at murane skulle vere «skurefrie». Dette vart ikkje heilt etterkomme og det førte til syrlege kommentarar om at det her ikkje vart gjordt etter avtale. På den tida visste alle kva «skurefrie» murar betydde. Karane fekk likevel det dei krevde i betaling, kr 435,- for arbeidet.

Resten av skulehuset vart hogd og ferdiglafta i Honningdalen før det vart demontert og flytt til Emblem. Det var Karl D. Honningdal som leverte bygget for 2650,- Truleg vart stokkane henta på hans eiga utmark ein stad like vest for Skurene som markerar utmarksgrensa til Glomset, aust for Setrevatnet. Han hadde fleire teigar i hellinga mot Blåfjellet og Vassnakken. Resten av arbeidet vart stort sett gjort på dugnad av bygdefolket. Unntaket var arbeidsløn til Andreas J. Emblem, som laga mellom anna skap og bord til skulen, og Hans Larsen Akslen som kjetta lærarrommet og måla skulen for 42 kroner litt seinare. Karl O. Emblem fortalde i eit intervju at det tok fleire år før skulen vart måla. Dette kan stemme sidan rekninga til Hans var ei av dei siste før rekneskapen for bygginga vart avslutta den 3. juli 1905. I så fall så var skulen også utan takrenner i 2 år.

I følge den gamle tilsynsprotokollen for Emblem skulekrins, vart det første møtet halde den 17. oktober 1903 på «Nedregotten skolehus». Dette er det fyrste me veit om når skulen stod ferdig.

Totalkostnaden på skulen vart 3600 kroner, inkludert 12 spyttebakkar to stolar, to bord til loftet, 14 oljelampar, vedomn til både klasserom og lærarrom . Av denne kostnaden fekk ein utbetalt eit tilskot frå amtet på 600 kroner tre år etter. Resten av pengane måtte skaffast med kombinasjon av lån og bidrag. Lærar Furset og Thomas Emblem var to av dei private låneytarane som ein kan finne igjen i rekneskapet for skulen dei fyrste åra. Skulen hadde utedo, med aviser som dopapir, og fekk ikkje innlagt vatn i byrjinga. Storelva låg like ved, og hit kunne ungane springe om dei var tyrste. Elektrisk lys fekk skulen først i 1928.

Etter skulen stod ferdig, var det bygdefolket sitt ansvar å levere ved eller torv til oppvarminga, samt å stå for det daglege reinhaldet og nedvasken kvart halvår. I byrjinga gjekk dette bra, men det tok ikkje så mange åra før ein byrja å diskutere andre løysingar. Det første spørsmålet gjaldt oppfyring om morgonen. Ein vart etter kvart einige om å leige Rese-Karl til dette. I 1909 diskuterte ein moglegheita til å leige nokon til den daglege småvasken også. Etter kvart bestemte fleirtalet av bygdefolket seg for at ein skulle kjøpe veden også. Det var fleire som etter kvart syntest at prisen på ved var for høg, men det var ingen i bygda som ynskte å levere ved til nokon lavare pris. Ved slike krinsmøter eller inkalling til dugnad, skreiv oftast læraren ei bodstikke som så vart sendt frå gard til gard raskast råd. Bodstikka måtte ikkje brytast. Ruta var lagd på førehand slik at alle fekk beskjed. Meldinga inneheldt som regel opplysning og kvar og når ein skulle møte og kva som skulle gjerast Denne innkallingsmetoden har vorte brukt i alle år, og i alle fall heilt sidan 1859.

Dei første lærarane på gamleskulen

Omgangskulelærar Knut Karlsen Furset (1845-1934) fekk oppleva å undervisa i eige skulehus før han gav seg. Han kom frå Stranda og tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1864. Det samme året vart han tilsett som lærar i Hatlehol, Emblem og Østrem krins. I 1867 var han med på å skipe «Prostilærarlaget». I 1874 gifta han seg med Oline Susanne Klausdotter Magerholm, og kjøpte garden «Nybø» (i dag ofte kalla «Fursetgarden») bruksnummer 4, frå Negarden og Auregarden. Det betyr at han var 58 år og hadde vore i lærargjerninga på Emblem i 41 år før det vart ansett ein ny lærar. Furset gav seg i 1905. Han var aktivt med i Borgund lærarlag og i fleire år del av Borgund Herredstyre og forstandar i Borgund sparebank, der han også var revisor i fleire år.

Den neste læraren var Lars Flydal, som var fødd i Geiranger i 1883. Familien flytta til Sykkylven og garden Skjerva då han var omlag eit år gamal. I 1904 tok han lærarskuleeksamen i Volda. Hausten 1904 var han lærarvikar i Solevåg og Måseide skulekrinsar. I 1905 fekk han arbeid i Emblem og Hatlehol skulekrins, etter Knut. Karl O. Emblem fortalte i eit intervju at han trudde at Lars budde ei tid på kammerset på skulen. Det er ikkje usannsynleg at han gjorde det i tidsrommet frå 1905-1908. Lars underviste på gamleskulen all sin dag. Han tok fleire lærarkurs, og hadde dessutan ei stipendferd til Bergen og Oslo i 1917. Han vart gift i 1908 med Gurine Iverdotter Furset frå Emblem, og fekk kjøpa seg eit gardsbruk frå svigerfaren, med tilnamnet «Kjøt-Iver». Lars var aktiv i ungdoms- og barnearbeidet i bygda. Han heldt søndagskule, var med i ungdomslag, fråhaldslag og dreiv songøvingar. Lars måtte gje seg frå lærargjerninga allereie i 1920-åra av di helse og krefter ikkje strakk til lenger, etter eige utsagn.

Inga Johansdotter Fureholm vart fødd på Fureholmen den 30.8.1894, og vart truleg tilsett i deltidstilling som lærerinne før Karl O. Emblem starta på skulen i 1914. Ein finn også Inga i Jakobgarden i 1910-tellinga. Ho var då registrert som tjenestejente på 16 år, og «for tiden elev av forts. Skole». Ho hadde med andre ord tjeneste hos ein familie som støtta opp om utdanning slik at ho fekk gå på framhaldskulen på Emblem det året den var i drift som kveldskule. Ho var den nest eldste dottera til Johan Iversen og Severine Larsdotter Slinning. Josefine tok seinare over farsgarden, medan Inga enten måtte gifte seg eller finne seg eiga løn til livsopphaldet. Ho var truleg yngre enn 20 år då ho tok til med lærergjerninga i småskulen på Emblem og Hatlehol skule, med ei halv stilling på kvar skule. Etter dette er det ikkje lett å finne fleire spor etter Inga, men det er grunn til å tru at ho gifte seg med den sterkt historieinteresserte folkeskulelæraren Johannes Buset (1889-1961). Biletet av Johannes er særs likt mannen på det som truleg er eit forlovelsesbiletet av Inga frå 1918, og dessutan er både Inga Buset og Inga Furholm født den samme datoen (30. august 1894). stemmer denne kalkulerte gjettinga, så vart Inga Gravlagd i 1969 på Nedre Gravlund i Ålesund.

Dei andre lærarane, Bernhard Olsen og Arnfinn Teigen starta sin lærargjerning på Emblem på eit seinare tidspunkt og eg vil difor komme attende til dei i ein tekst om Emblem skule i tidsrommet 1940-1975.

Litt om skulekvardagen

Undervisningstida vart gradvis utvida, medan folk flest hadde behov for ungane heime på garden i arbeid i staden. Lova av 1889 fastsette at «soge», «landkunne» og «naturkunne» skulle vera tvungne skulefag. Samstundes var det nok dei fleste som skulle verta gardbrukar eller husmor i vaksenlivet og då var den slags ikkje rekna som særleg nyttig kunnskap. Karl O. Emblem fortel at den som valde å gå vidare med bokleg lærdom i hans tid ikkje vart sett opp til eller «halden for å vere noko». Ved ein annan skulekrins vart desse nye faga omtala som «slarvkunne» og lova møtte mykje motbør. Skulestyra kunne og velje om dei ville gje undervisning i enten handarbeid, kroppsøving eller teikning. I Borgund kommune valde ein då teikning for det var billegast. Alle skulebygga som vart sette opp etter 1890 fekk likevel eigen sløydsal. Spørsmålet om å innføre handarbeid hadde vore diskutert heilt sidan 1862, men det vart ikkje sett igong slik undervisning før i 1928, når skulestyret vedtok å innføre sløyd i Fiskerstrand krins. Når det vart innført på Emblem veit eg ikkje enno, men det vart ikkje innført i alle krinsar før 1935, og Emblem har sjeldan vore i fremste rekke i slike skulespørsmål.

Gamleskulen var ein tredelt skule. Elevane gjekk på skule 2 dagar per veke og det var då plass til tre forskjellige klassar per veke, for dei gjekk på skule på laurdagen også den gongen. Denne tredelinga innebar truleg at det var to årskull i kvar klasse. I 1910/11 vart det i tillegg halde «framhaldskule», som var eit tillegg til den obligatoriske folkeskulen. Eg veit ikkje kor lenge ein hadde dette tilbodet på Emblem, men det varte nok meir enn eit år og det innebar at framhaldskuleelevane fekk si undervisning på kveldstid. Kveldsundervisninga var nok populær for då var det ikkje den same konkurransen mellom skule og alt gardsarbeidet som skulle gjerast heime.

I løpet av 1800-talet hadde innhaldet i undervisninga endra seg temmeleg mykje. Saman med aukande løn hadde også kravet til lærarutdanninga vakse. No heldt det ikkje lenger med nokre vekers utdanning hjå klokkaren og eksaminasjon hjå soknepresten. Fleire lærarskular hadde vokse fram frå dei tidlege tilboda, med nokre vekers opplæring på mellom anna Sjøholt. No vart det ei meir omfattande utdanning på lærarskulen i Volda, eller via brevkurs for dei som allereie var i fast arbeid. Det var likevel tidvis eit behov for vikarar og desse kunne vera unge studentar og med kunnskap om heilt andre fag. Lærarane fekk også auka innflytelse med faste representantar i skulestyra. I 1907 vart det mellom anna innførd A.B.C, fyrste bandet i leseboka, bibelsoga og noregsoga på landsmål i dei skulekrinsane der fleirtalet hadde røysta for dette. Hatlehol krins var ein av desse. Forslaget hadde kome frå Borgund lærarlag og innførd av skulestyret. Emblem krins fekk ikkje fleirtal for ei slik endring og Karl O. Emblem minnest at han fekk opplæringa på riksmål då han byrja på skulen i 1914. Han hugsar óg at dette varte kun eit år før også Emblem gjekk over til nynorsk som hovudmålform. I 1917 kom dei siste krinsane i kommuna etter.

Om det var motstanden mot nynorsken eller om motstanden i bygda skuldast at ein trong kjøpa nye lærebøker som bygdefolket skulle betale, veit eg ikkje heilt sikkert. Bok-kostnaden vart i alle fall nemnt i tilsynsutvalget sitt møte, før avstemminga vart halde i 1907. Når det gjaldt spørsmålet om å ansette lærarinner, var emblemsbygdarane tidleg ute. Den fyrste eg veit namnet på, var Inga Furholm, og eg tur at ho tok til i 1913, men Karl O. Emblem fortalde at det også skulle ha vore ei lærerinne på Emblem enda lenger tilbake i tid, utan att eg har greid å finne ut meir om kven dette kunne vere. Ansettelsen av Inga, i ei deltidstilling, hang saman med at det vart fleire skuleviker per klasse og ein innførte ein eigen «småskule» i kjellaren. Frøken Furholm hadde ein delt lærarpost på Emblem og Hatlehol. På det meste var der 65 skuleborn og ein var tidvis oppe i 28-29 elevar i same klasse så kapasiteten var sprengt, men frå 1934 kunne ein nytte kjellaren på ungdomshuset som ekstra klasserom.

Klasserommet var på 5 ganger 5 meter, med tavla på nordveggen og dører til gang og kammers på på austveggen. Elevane sat to og to på same pult. Det var temmeleg kaldt til tider og ein minnest at vatnet i vassbytta fraus. Dei som sat lengst bak i klasserommet hadde vindauga og kaldgufsen i nakken. Då lærar Flydal skal ha bodd på lærarverelset, så vert det mellom anna nemnd i tilsynsprotokollen at det var behov for reprasjon og det vart diskutert å nytte papp og å kle veggane med perlepanel. Det vart truleg i kaldaste laget for ha óg. Jentene vart plassert nærast omnen som etterkvart vart skjerma litt frå dei næraste elevane, for den kunne verte nokså varm og særleg om ein skulle freista å få nok varme til heile rommet. Veggane var ikkje måla dei fyrste åra og etterkvart som tømmeret tørka så sprakk det og pultane like eins. Om våren kunne elevane oppleva at flugene krabba ut or både veggar og pultane.

Der var eit stort skap attmed døra der ein samla bøkene og fysikkinstrumenta. Desse instrumenta var populære hos elevane til tross for at det ikkje var så mange av dei. Eit av fysikkforsøka gjekk ut på at alle elevane skulle sitte med hendene falda medan ein av elevaen skulle peike mot noko som såg ut som ei kule – ein anode. Lærar Flydal sveiva då og laga elektrisk straum og så gjekk det som eit sjokk gjennom heile klassa. Detta var svære greier.

Faga kring 1915 var: Kristendom, geografi, historie, naturfag, norsk, skriving og lesing, rekning og song. Kroppsøving var ikkje noko fag den gongen, men ein var såpass aktiv elles at det ikkje var noko behov for det. Når dei kom heim frå skulen så ver det berre å få av seg finklea og starte å ta i eit tak på garden. Borna nytta blyantar til dei meistra skrivekunsten nok til å forsøke seg på å skrive med blekk. Pulten var utstyrt med hol for blekkhuset og ei nedsenkning for blyantar og penn med pennesplitt. Ein dyppa så pennen oppi blekket når ein skulle skrive. Pulten hadde også eit lok slik at ein kunne legge frå seg bøkene under bordplata. Lydigheit var ein dyd. Borna vart innprenta at ein skulle vera lydig mot foresatte. Dette gjaldt foreldre, lærar og andre myndigheitspersonar. Men det var nok ikkje alle som klarte å sitte like stille bestandig. Flydal brukte ikkje nokon avstraffelse, men ein kunne bli sendt ut av klasserommet ei tid eller heimatt om det var riktig gale. Det er fortalt at Per Nedregotten frå Steffågarden på Nedregotten ein gong vart utvist frå klasserommet for ei stund. Dette var han ikkje einig i, men gjekk likevel. Ute var det snø og han gjekk så ned til Storelva bak skulestova, hakka hol på badekulpen og la husa si oppå isen før han gjekk heim att. Du kan tru at det vart liv då dei kom for å hente han inn igjen. I 1890 vart spørsmålet om fortsatt fysisk avstraffelse enstemmig vedtatt av bygdefolket, med forutsetning om at det stort sett var læraren som skulle stå for dette, mens enten foreldre eller representant for tilsynsutvalget skulle vere til stades. Ynskte foreldra å ta seg av avstraffelsen sjølve, så kunne dei det. Eg finn likevel ikkje nokon protokollføring som syner at slik avstraffelse vart nødvendig, og frå 1905 vart dette altså ikkje nytta av Lars Flydal heller.

Det var ikkje så mange tankane for elevar med lese eller skrivevanskar den gongen. Leksa skulle ein kunne og mykje måtte puggast, for deretter å gjenfortellast, mens ein stod ved sida av pulten sin. Nokre gonger var det rekning eller høyring i ordstaving og då var det ikkje like lett å stå der om ein tok feil. Ein gong var det ei jente som skulle stave ordet fiskestong. Ein sa heller «troe» i emblemsbygda på den tida, men jenta stava likevel i veg. «S-t-a-n-g-troe». Dette vekte mykje latter og det var ikkje noko artig for ho som stava, men ho lærte det nok og det var mykje slik staving den gongen så ho var neppe den einaste. Eksamenstida kunne vera hard, sjølv for den skuleflinke og då kom det lærarar frå andre skular for å eksaminere. Det var gjerne jentene som fekk dei beste karakterane, og nokon meinte at Flydal favoriserte jentene, men dei var nok heller litt meir modne og kanskje flinkare til å lese leksene også? Ein gong var det geografieksamen og ein gut vart spurt om elvar i Norge. Han visste at det var ei av elvane som heitte omlag det same som ei av elvane i bygda. Namnet Sira var ikkje langt frå den lokale Sirielva. Men så var han snar og brende til: «Eitråna!» Guten var eigentleg flink han, men slike eksamenar røynde nok hardt på nervane til ungane, og det var ikkje alle som fekk vist kva dei kunne. Likevel hadde Emblem skule ry på seg for å gjera det godt og å vera ein av dei beste skulane i Borgund Kommune i fleire år.

Skule var ikkje berre stillesitjing. Dei starta klokka 9 og slutta mellom 15 og 16:30 kvar dag. Det var friminutt og storfriminutt midt på. I storefriminuttet kunne dei som bodde nærast gå heimatt for å ete. For den som ikkje likte å gå på skulen så vart det nok lange og trasige dagar, men alle fann seg i det. Skuleplassen var ikkje så stor dei første åra. Den rakk rett innafor trappa på austre kortvegg. På vestsida rakk den forbi bakken som låg intil skulen. Seinare vart skuleplassen trekt lenger austover mot Ungdomshuset mens skuleplassen i vest vart korta inn nesten heilt til vestveggen på skulen. Fordelen var at det no vart ein meir plan skuleplass som vart inngjerda. Nokre av dei mest populære leikane var å slå lyre, norsk og engelsk ball. Andre leikar kunne vere å springe rundt huset og kike eller «kjil på tre». Lyrespelet var det mest populære. Ein nytta ein eit skjelt til å slå ballen lengst mogeleg, slik at ein kunne springe mellom «rottene». Spelet var langt på veg ein variant av amerikansk baseball. Om vinteren var det å stå på ski eller ake på kjelke. Ein fekk god fart nedover Resebakken, vidare ned Ebbebakken der Samvirkelagsbygget ligg og var det gode forhold kunne ein nå heilt ut til Sevrinbuda. Ein rakk to slike turar på eit friminutt og tida måtte ein passe på sjølv. På sommaren kunne ein bade i Storelva i ein oppmura badekulp bak skulen, og ungdomane nytta skuleplassen til leik og moro etter skuletid óg. Annie Søreide minnes at det enkelte gongar var dans på skuleplassen på laurdagskveldar i sommerhalvåret. Det var gjerne på laurdagen og søndagskvelden ein møtte på skuleplassen for å prate eller slå lyre. Særleg var han Reite-Ivar flink til dette. Han var hjulbeint men kjapp og han slo lyre nesten heilt inn til Skare-veien, men han sprang som ein olding. Eldre karar i 40-50 åra kunne også gje seg i lag med ungdommane på slike kveldar.

Vinterstida var ikkje like enkel og særleg ikkje dei første åra før Emblemsruta starta opp. Vegane i bygda vart ikkje måka slik som no. Mjølketransporten gjekk som regel med hest og slede. Sleden gjekk oppå snøen så då var det kun ei smal tråkka rås om ein hadde vore så heldig at nokon hadde gått føre. Dei eldste borna gjekk på ski men dei yngste borna måtte berast til skulen. Han Jakop på Stia (I dag heiter det Stampen) hadde tre jentungar og han kom berande med to av dei på ryggen.

Langt verre veg hadde folket oppe i Magerholmdalen. Dei første kilometrane ned til Magerholm var det ingen som hadde trakka råsa føre dei og då var det enno lang veg heilt ut til Skaret, om ein måtte bere dei yngste. Når ungane var store nok til å vasse på eigne bein, trong dei fortsatt nokon til å gå føre nokre år til. Dei fleste ungane hadde heimelaga treski med heimelaga bindingar til. Var ein heldig, fekk ein etterkvart kjøpeski også. Nokre av ungane kunne verte vel modige med ski på beina og far min minnest at dei hoppa frå brua til hovudvegen og ned på Storelva. Det vart nokre meter. Med påfølgande bråstopp.

Kjelder:

Bernt sunde; Borgund Lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950

Dagbøker for Emblem og Østrem skulekrins i tidsrommet 1859-1893

Folketellinga i Borgund 1865

Informasjon frå Agnes Flø

Informasjon frå Olav Østrem

Informasjon frå Per Almar Steinnes

Minneskrift Borgund Kommune 1837-1937

Notat frå Olaf Hesseberg

Rekneskapsbok for Emblem skule 1904-1938

Sigurd Langleite sitt intervju med Karl O. Emblem

Tilsynsprotokoll for Emblem Skule 1890-1971

Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske band 2 Gardsoge 1-51, Borgund sogenemd 1960