Kva skjer akkurat no

Eg har arbeidd litt med krigshistoria og Emblemsbygda den siste tida. Takka vere Ragnar Ulstein sine unike lydbandopptak med Karl O. Emblem fekk eg ei betre innsikt. Det finst eit stort antal bøker om krigen sjølvsagt og eit stort materiale å leite i for ein som ser etter sambygdingar midt i desse handlingane.Eg visste at bestefar min var med i 1940 og at han skal ha opplevd krigshandlingane kring Lesja, men å finne ein eller få menneske at i kildetekstar er nestan umogeleg. Karl O. Emblem har gjeve meg opplysningar om kvar eg kan leite og fortellingane hans er både spanande og verdfulle for ettertida.

Medan eg leitte i tekstmaterialet så dukkar det opp ein som heitte Peder Emblemsvåg i mellom anna Gauldal historielag sine tekstar frå 1945. Andre knyttar ein mann med same namn til Kompani Linge og andre knyttar namnet til Herøy og båten Erkna som transporterte norske ungdomar over til England. I andre kildesøk finn eg Peder busatt i Elverum og seinare som Oberst i Forvaret. Kan dette vera same mannen? Han er i såfall født etter 1910 og då kan ikkje digitalarkivet nyttast. Peder er heller ikkje noko uvanleg namn så heilt sikker kan eg enno ikkje vere. Den eine teksten knyttar han til foreldra med både namn og fødselsår.  Her er gårdbrukar Lars Karl emblemsvåg (1872-1923) og Karen Marie Myhren (1878-1962) nemnd. Stemmer det så er Peder frå Knutgaren i Emblemsvågen, bror til Georg Emblemsvåg. Er det nokre som veit meir om Peder og kan avkrefte eller bekrefte opplysningane?

Roe M. Holen 10.11.2015 15:23

I boken "Gudbrandsdalen gjennom krigsåra 1940-1945" står det om Peder Emblemsvåg. Han var med i oppbyggingen av Milorg i Gudbrandsdalen og militær rådgiver.

Per-Morten Tennøy 24.01.2015 17:34

Peder var elev på den norske krigsskolen som ble startet i London i 1942. Som kullkamerat hadde han Lorentz Sanne fra Ålesund. De to hadde gått befalsskole

Finn S. Kirkestuen 08.05.2012 14:26

Peder Greg Emblemsvåg var min sjef i 1965 - 66 i BN 2/ Brig N. Han fortalte meg sin historie. Han var en praktkar og et forbilde som leder

Olaf Hesseberg 25.01.2012 18:33

Han reiste M/S Erkna M 144 HØ17.november 1941 , og var framme på Shetland 19. november. han reiste saman med 60 andre.Eg har ein del andre opplysningar seinare

Olaf Hesseberg 25.01.2012 18:17

Det er berre ein Peder Emblemsvåg når det gjeld det militære under krigen 1940-45.Peder, med mellom namnet Greg var fødd i 1921, og døde i 1989.

Kjell Even Sunde 27.11.2011 21:32

Jeg kan bekrefte det du sier om Peder, men noe usikker vedr. Kompani Linge og båten Erkna. Peder var bror til Anna Emblemsvåg Støverstein, min kones mor.

Svein Ove 27.11.2011 23:06

opplysningene viser at han ble trent opp av kompani-Linge i ca. et år før han gikk ut av kompaniet og begynte ved en engelsk krigsskole.

Svein Ove 27.11.2011 23:03

Takk for hjelpen. Jeg har funnet opplysninger om ham som milorgmann og at han "flyktet fra illegal virksomhet" til England fra ulsteinvik 17. november 1941.

Tor N 23.11.2011 18:51

Peder Grig Emblemsvåg, Født 29. April 1921, bror til Georg og Leo E., og onkel til Halvard E.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett