Kva skjer akkurat no

Når ein arbeider litt med bygdehistorie så er det mykje spennande som dukkar opp. Emblemsbygda-prosjektet er i sin spede barndom og tidvis føler ein at ein hoppar frå tre til tre slik som Nøtteliten. Den eine dagen arbeider eg med Oshaug-folket og den neste kvelden dukkar det opp informasjon som dreg ein mot Brennhaugen og slektslinene der. Eg tur at dette biletet kan ha ein forbindelse til nettop Brennhaugen. Stemmer teoriane mine så er det Brennhaug-Petra som er den minste jenta i midten på bilete og mor hennar, Berta Sellø Nilsen, som sit på stolen. Petra Anna Nilsen gifte seg med Andreas K Hesseberg og saman kjøpte dei Brennhaugen i 1927. Eg har ikkje greid å spore Berta vidare før 1910-tellinga for Ålesund by der ho står oppført saman med mannen Sivert Nilsen (med opphav i Borgund Kommune). Eg ser andre stadar at Sellø er ein eldre skrivemåte for Selje, men eg har ikkje funne ho att i tidlegare tellingar. Ein er ikkje berre Nøtteliten når ein driv med historiegransking, ein må vera detektiv óg. Å oppleva at ein finn nye spor og nye opplysningar, er langt på veg gleda og drivkrafta ein treng i dette arbeidet.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett