Kva skjer akkurat no

Sagbuksarbeiderane i Albion 1910

I arbeidet med ein tekst om Aksla-buda, kom eg over nokre intresante opplysningar. Lars K. Akslen vart i 1910 registrert som sagbruksarbeider i Amerika. Eit nærmare søk førte meg til kysten og Albion i California, like nord for San Fransisco. Det var noko kjent med denne staden, for den hadde eg lest om tidlegare ein stad. Eit raskt søk i eigne tekstar førte meg til postkorta som Karl O. Emblem hadde samla frå slekta si i USA. Truleg så var det dei flotte gamle bileta av bygda vår som han var mest opptatt av, ikkje teksten og addressa på baksida. Her skriv mor hans til faren i Albion, og i 1913 kan ho også fortelle at broren til Karl, Olaf er på veg dit. Det verkar som om Ole Emlem I Steffågarden har vore til Albion fleire gonger for å jobbe i minst eit år per gong.

Kanskje fekk Ole, som var den einaste med familie, med seg fleire over dammen? I alle fall er dei 8 stykke i Amerika i 1910. Forutan Ole og Lars, er Karl Magerholm, Knut Akslen, Fredrik Østrem, Elias L. Østrem og Hans H. Østrem i arbeid på sagbruket i Albion. Siste mann er lærarsonen Kristian Furseth, men han var no arbeidsformann i Tacoma, litt lenger nord.

Det kan ikkje vere tilfeldig at samtlige som var registrerte i arbeid i Amerika var i California, og7 av 8 var på sagbruket i Albion. Det er også noko anna som er interessant. Med unntak av Elias og Hans på husmannsplassen Vestrem, så er samtlege frå dei største bruka i bygda, slik som Mattisgarden, Steffågarden, Magerholm og Aksla. Marka-Hans på Vestrem hadde dessutan gjort det ganske bra som tømrar og murar, og hadde på denne tida betalt ned all gjeld og kjøpt plassen sin til sjølveige, så han var nok ikkje av dei fattigste akkurat.

Det finst ikkje nokon teikn som tyder på at det var dei fattigaste som forsøkte lykka i Amerika kring 1910. Kanskje så var det for høge kostnader i forbindelse med reisa? Det er også interessant å merke seg at dei ikkje emigrerte til California på denne tida. Rett nok så flytte Fredrik Østrem til Amerika etter kvart, mens alle dei andre var truleg berre på arbeidsturar dit. Det er i alle fall slik at eg ikkje finn noko bilete i Fylkesfotoarkivet av dei som kom heim att til bygda, med unntak av Ole som hadde familie. og Vestremsgutane som gjekk til fotografen i stivpynta dress når dei kom heim i 1911. Fredrik Østrem tok derimot fleire bilete av seg før han drog over for godt

Etter kvart så håpar eg å få annleiing til å gå enno djupare ned i denne historia. Er det nokon som har opplysningar så vil eg gjerne vite meir.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

kåre østrem | Svar 30.01.2013 13.05

Hei
Veldig intr.om dei som drog til Amerika.Jeg er serlig intr. i Fredrik Østrem sin historie.Han ble Capt. og førte troppetansp.skip under 2.verd.krig.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE