Kva skjer akkurat no

Kåre Østrem og larsgardsetta som måtte flytte

Biletet syner Kåre Larsson Østrem ein gong tidleg på 1900-talet. Han vart fødd 15. august 1907 og var sonen til dampskip-skipper og fiskar Lars Britanus Larsen Østrem frå Larsgarden på Østrem og Lars si kone nummer to, Regine. i 1910 budde dei i tredje etasje i Hellegata 7, ein bygård som romma heile 36 personar dette året. Ti år tidlegare Hadde faren kun vore fiskar og då hadde den vesle familien på 4 berre råd til eit enkelt rom i første etasje i Lihauggata 1. Der delte dei hus med 19 andre.

 

Kåre var jamnaldring med Petter Petterson på Ystebøen og Karl O. Emblem i Steffågarden, men det var ein forskjell på dei. Lars var ingen odelsgut, og hadde han vore det, så måtte han uansett ha flytta frå farsgarden på Østrem. Larsgarden var nemleg bygsla grunn eller leigd. No var dette særs vanleg på 1800-talet så faren Lars Andreassen Engeset var ikkje uvanleg av den grunn. Slike bygselskontrakter kunne gå i arv frå far til son eller dotter og fleire bygselskontrakter endte også opp i kjøp av garden kring 1900. Problemet i dette tilfellet var at gardeigaren. Andreas Ole Knutsen Emblem, eller "Sjurs-Ole", ville det heile annleis. Garden ville han i staden gje til sin eigen son, Lars Olsen Emblem og då måtte dei som budde der vike.

 

Sjurs Ole var likevel en rimeleg omtenksom mann. I 1875 hadde han berga bygselsmannen sin frå fornedrelse ved å kjøpe husa som Lars A. Engeset sjølv åtte då han gjekk fallitt. I tillegg lot han Lars og Nille få fortsette å bu der på livstid og drive garden vidare. Lars Engeset døydde i 1885, og då kunne det ha vore på sin plass å la sin eigen son få overta mot å gje kår til enka Nille som levde heilt til 1898. Slik vart det ikkje for ho fekk fortsette å drive bruket, med god hjelp av borna sine som stort sett budde heime framleis. Eldstesonen, Knut Larsen Østrem hadde rett nok gifta seg med nabojenta i Steinsgarden og flytta dit i 1883, men dei andre var heimeverande enno. For søstrene så var det truleg ikkje så vanskeleg å verte gift, men brødrene behøvde enten å finna seg ei jordajente, eller eit gardsbruk av eit eller anna slag først.

 

Onkelen til Kåre, Kristian Larsen Østrem var heldig og fekk rydde seg ein husmannsplass på Vedhaugen slik at han kunne gifte seg i 1887, Onkelen Hans Larsen Østrem gifte seg med åleinemora Marthe frå Aksla og fekk hjelp av Sjurs-Ole til å rydda seg ein ny husmannsplass på bømarka til Larsgarden der han vaks opp. Han hadde rett nok gifta seg i 1899, men han måtte bo i Larsgarden heilt til han fekk denne handsrekninga i 1891. Problemet no var dei andre søskena. Karoline Ingeborg Larsdotter Østrem hadde rett nok gifta seg med Lauritz Humblen, men i vigselspapira så er det Østrem som var oppgjeve som bopel. Etter Hans og familien hadde flytt ut i marka, så var det ein ny liten familie som tok deira plass. No var det ikkje anna råd enn å gje opp tankane om gardsbruk for dei attboande. Det kan hende at Sjurs-Ole byrja å verte utålmodig på sonens vegne. Når yngstejenta i Larsgarden gifte seg i 1893, så var det med ein fiskar frå Selje som var busett i Ålesund. Faren til Kåre måtte finne same utveg, for i 1894 tok Lars Olsen Emblem frå Sjursgarden over bygselskontrakta på Larsgarden på Østrem. Anna Kristoffa Larsdotter Østrem heitte no Eide til etternamn og saman med ektemannen Nils Eide så flytte også dei til byen. Nils hadde fått seg arbeid som "Fyrbøder tilsøs" og dei busette seg i Steinvågveien med sonen Olaf som vart fødd i 1893.

 

Lars Olsen Emblem venta truleg til at alle ungane i Larsgarden hadde funne seg eigne heimar og noko å leve av før han flytte inn i 1894. Han tok seg då av Nille dei fire siste åra ho levde som kårkone. Først året etter at ho døde, i 1899, vart gåvebrevet på heile Larsgarden frå Sjurs-Ole til Lars Olsen Emblem tinglyst. Det må ha vore rart for ungar og borneborna til Nille å sjå at framande overtok barndomsheimen deira, men det var truleg inga anna råd. Lars og Nille sleit truleg etter fallitten for husa på garden var i dårleg forfatning då Lars Olsen Emblem overtok. Det vert fortalt at då "nyfolket" kokte mat i gamlehuset i forbinding med bygginga av eit nytt hus, så var veggen så dårleg at hesten stakk hovudet gjennom den for å få seg mat. Eg vil tru at det var andre gardsbruk som Lars kunne få med faren sin, men at det kanskje var økonomien som satte stoppar for at borna til Nille kunne ta over. Truleg vart mellom anna omkostningane med nye garsdshus for store. Det siste er berre spekulasjonar, men det er ikkje noko anna som kan tyde på at Sjurs-Ole utan videre hadde ynske om å kaste nokon på dør. Soleis verkar det litt rart dersom det ikkje samstundes var andre medverkande årsaker. Så langt eg kan sjå har bygdefolket visst å vise omsorg og hjelpe kvarandre i tunge stunder. Eg reknar likevel ikkje med at eg kjem til botn i dette, men resultatet kjenner me no.

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE