Kva skjer akkurat no

Arbeidet med lokalhistorie krev som regel ei tålmodig sjel, eller gjerne fleire. Det handlar om nitidig arbeid med ørsmå detaljar og krevande kjelder. Går ein eit stykke attende vil berre det å tolke dokumenta vere eit problem for mange. Eit stort puslespel med fleire manglande delar er neppe å ta for hardt i.

Med ei stadig meir gjennomdigitalisert tid får me også fleire alernative arbeidsmåtar. Med nye kart kan ein leite etter strukturar som ligg godt skjulte under kratt og skog. Me kan til og med måle høgder og omkrets og i fleire tilfelle avklare kva det er, utan å sette eit einaste spadetak i jorda.

Livsminne kan også samlast inn på ein langt enklare måte via Facebook-grupper. Biletinnsamling og samtykke til publisering kan også ordnast på same måte. Kanskje har det vorte for raskt og enkelt slik at haudet og fornuften ikkje rekk å følge med. Samstundes så kan ein legge til rette for eit innsamlingsarbeid som er overkommeleg for dei fleste og ikkje koste skjorta heller.

Store mengder kjeldemateriale kan lastast ned på eiga datamaskin frå mellom anna digitalarkivet og funna kan strukturerast og arkiverast digitalt på ein slik måte at alt vert lett tilgjengeleg når ein skal skriva om ein bestemt gard eller person. Hadde alt blitt gjort på gamlemåten ville der vert lite å finne her på Emblemsbygda.com. Ein skal heller ikkje gløyme at ved undervegspublisering på nett kan svært mange bli med på arbeidet og bidra til kvalitetsikringa. Ein kan oppleve å få uvurderleg hjelp frå heilt uventa hald.

Lokalhistorie på nett har soleis også vorte ein disiplin for dei fagsterke historikarane. Gamle bygdebøker kan rettast enklare og ny kunnskap nå fram til fleire. Det vert spanande å sjå kva framtida kan vise. Godt Nytt år!

Ein ny tekst er under utvikling. Denne gongen handler det om dei som drog frå Emblemsbygda og busatte seg i anten gamle Borgund kommune, eller i nabokommunane. Det vil også bli litt spanande å sjå dei ulike flyttemønstera etterkvart. Av naturlege årsaker vil teksten ta for seg tida før 1950. Dette kan trygt seiast å være ein omfattende og tidkrevende prosess. muligheita for at nokon "slepp unna" i farta er desverre ganske stor, men skal det være mogleg å komme i hamn med ei liste frå kring 1600 og fram til i dag,  vil det vere nyttelaust å fingranske alle slekter og enkeltpersonar på Sunnmøre. Jeg har difor valgt å halde meg til dei som er å finna i dei ulike bygdebøkene i første omgong. Jeg håpar også på å få hjelp etterkvart. Ved å publisere funna kan nye tips og meir informasjon komme fram over tid. For å gje et lite eksempel på utfordringene kan jeg nemne "Os-Nikolay" på Osehaugen i Emblemsbygda. Bygdeboka fortel at han kom frå Blakstad i Sykkylven, men det er likevel berre halve sannheita. Nikolay vart fødd i Mattisgarden på Østrem. Av praktiske hensyn må slik grundig sjekk av familieforholda liggje i første omgong. Likevel trur eg at det skal verte ein interessant tekst, når alle desse enkeltpersonene vert samla i ein søkbar tekst. Ein flytta sjelden så langt heimefrå i eldre tider, og teksten kan også bidra til å gje oversikt over kvar det vart av alle dei som ikke fekk overta gard eller grunn i heimbygda si.

Eg har mang ein gong angra på at eg ikkje var flinkare til å spørre om gamle dagar då eg var yngre. Då ville eg truleg ha fått mange av dei svara som eg brukar timar og dagar på å finne fragmenta etter. I staden for hyppig nytta ord som "truleg" og "sannsynleg", kunne eg kanskje heller ha skrive at "slik var det den gong". Mange bygdelag har tatt konsekvensen av dette og fleire av desse har hatt livskraftige sogelag i årevis allereie. Fylkeshistorikaren kan syne til innsamla kjelder i hopetal frå Volda, Surnadalen o.l. medan vår eiga bygd har vorte liggande i historias skuggedal i alt for mange år. 

det skal no verte slutt på at Emblemsbygda si historie skal ignorerast. Saman kan vi skape noko med varig verdi for dei som kjem etter oss. Problemet er likevel at mange av "vitarane" er borte og mange av dei gode historiene like eins. Men det finst heldigvis ei rekkje nye mogelegheiter for den som vil vere med å leite. Stadig nye kjelder vert digitaliserte og tilgjengeleg på nett, slik at me med eit enkelt søk kan finne opplysninger som ein ikkje trudde at dei fanst ein gong. Eit varig problem er å finne svar på kvar det vart av dei som utvandra. Der har eg funne ei spanande side på nettet. http://www.archives.com kostar litt å bruke, men eg vart overraska over kor mykje informasjon eg fann i denne amerikanske varianten av digitalarkivet. Eg skal ikkje seie at denne sida vil passe for alle, men det overraska meg kor mange opplysningar frå tidsrommet 1900-1930 som eg kunne finne. difor valde eg å dele tipset vidare. For min eigen del så har eg funne ein del av svara som eg søkte uten at det kosta både skjorta og buksa.

Lista er oppdatert og basert på digitaliserte passasjerlister via Digitalarkivet samt lister frå Ellis-Island i New York. Det er andre emigrantar som har reist både før og etter dette, men dei er altså ikkje med denne gongen. Veit du om fleire, så ver venleg å seie frå til meg på sveostrem@hotmail.com. Du vil finne at mange av desse var på arbeidsreise og emigrerte ikkje frå Norge. 

Magerholm: 

Hovedbruket:

Karl og Daniel Magerholm. Karl kom i alle fall hjem

Martin Engeset? (usikker på om han bodde på Magerholm først)

Magerholmvika:

Margrethe Magerholm

Magerholmdalen:

Andreas Magerhom. Kom hjem

Magerholmneset:

Johanne Magerholm kom heim

 

Akslen: 

Øvste Aksla:

Hans Akslen kom heim og tok over butikken på Magnusbakken

Lars Akslen kom heim og tok over butikken på Magnusbakken

Knut Akslen kom heim

Thomas Akslen kom heim og gifta seg i Fursetgarden

Høla:

Ludvik Akslen emigrerte

Johan Akslen kom heim og flytte til Spjelkavika

Reiten:

Rasmus Østremsreit kom kanskje heim og flytta til Ålesund?

Brennhaugen:

Johan og Else Akslen var bare på slektsbesøk (truleg born som reiste før 1900)

Stigen:

Jakob Akslen

 

Østrem

Mattisgarden:

Fredrik Østrem emigrerte

Abrahamsgarden:

Petter Østrem kom heim

Steinsgarden:

Kornelia Østrem emigrerte

Vestrem:

Elias, Hans og Lars. Var truleg berre på arbeidsreise.

 

Nedregotten

Steffagarden:

Lars L Nedregotten

Anna R. Nedregotten

Guttormgarden:

Karl Nedregotten kom heim

Annanias Nedregotten

Sirigarden:

Sevrin J. Nedregotten

Petter J. Nedregotten

Ole J. Nedregotten

Skaret:

Ole Nedregotten

Tryggeset:

Sigvald Nedregotten

 

Emblem

Negarden:

Inga Emblem emigrerte til Santa Fe New Mexico (iflg. Brev fra 1936)

Jørgen Embem emigrerte til Santa Fe New Mexico (iflg. Brev fra 1936)

Frithjof Emblem (kun arbeid som sjømann ombord)

Sjursgarden:

Olaf Emblem emigrerte til California først.

Ebbegarden:

Andreas Emblem

Steffågarden:

Ole K. Emblem (arbeidsreiser)

Martinus Emblem (arbeidsreise)

Olaf Emblem 

Fursetgarden:

Ole K. Furset

Olaf K. Furset

Kristian K. Furset

Olga K. Furset

Hatlebakken:

Oskar Kaldhusseter

Beate T. Kaldusseter

 

Røssevolden

Hansgarden:

Lars L. Røssevold frå Hansgarden emigrerte.

Olivia og barna Hans og Ingeborg kom etter han, medan yngstebornet på 1 år vart

att heime hos besteforeldra.

NB! fleire frå røssevoldslekta som drog, men dei bodde då i byen eller Langevågen

 

Emblemsvågen

Plassevågen:

Oluf Emblemsvåg kom heim

Antonesgarden:

Anton Emblemsvåg emigrerte, sjølv om han tok over garden i 1939.

Osehaugen:

Hans Nikolaisen Emblemsvåg var i lengre tid i Amerika på arbeid, men emigrerte

truleg ikkje

 

Eikenosa

Hovedbruket:

Karl Ivers. Eikenos. Var kun på arbeidsreiser.

 

Hesseberg 

Nedigard:

Albert Hesseberg emigrerte truleg. Var i alle fall lenge i USA

Daniel Hesseberg emigrerte

Oppigard:

Ole L. Hesseberg (vart seinare kjøpmann i Ålesund?)

Gustav Hesseberg

 

Totalt: 57 enkeltpersonar (nokre reiste fleire gongar, men det er sortert vekk)

Avsluttende kommentar til lista.

Det finst enno fleire namn på reisande, men desse kan enten sporast som oppvaksne i Ålesund, Lom kommune, Langevågen, eller at dei ikkje er å finne i kyrkjebøkene på dei nærliggande årstala. Truleg er det for at desse kan vere ingifte på eit seinare tidspunkt, men det er like stor mogelegheit for at desse vart gifte utanfor vår bygd til tross for etternamnet. Det betyr at lista neppe vil bli heilt komplett nokon gong. Eg har vald å halde på dei namna eg veit opphavet på, med unntak av Engeset-slekt og Kaldhusseter-slekt der eg ikkje er hundre prosent sikker på om desse rakk å flytte hit til bygda før dei drog. Det er likevel sopass sansyneleg at dei har vorte medtekne på lista denne gongen.

I arbeidet med ein tekst om Aksla-buda, kom eg over nokre intresante opplysningar. Lars K. Akslen vart i 1910 registrert som sagbruksarbeider i Amerika. Eit nærmare søk førte meg til kysten og Albion i California, like nord for San Fransisco. Det var noko kjent med denne staden, for den hadde eg lest om tidlegare ein stad. Eit raskt søk i eigne tekstar førte meg til postkorta som Karl O. Emblem hadde samla frå slekta si i USA. Truleg så var det dei flotte gamle bileta av bygda vår som han var mest opptatt av, ikkje teksten og addressa på baksida. Her skriv mor hans til faren i Albion, og i 1913 kan ho også fortelle at broren til Karl, Olaf er på veg dit. Det verkar som om Ole Emlem I Steffågarden har vore til Albion fleire gonger for å jobbe i minst eit år per gong.

Kanskje fekk Ole, som var den einaste med familie, med seg fleire over dammen? I alle fall er dei 8 stykke i Amerika i 1910. Forutan Ole og Lars, er Karl Magerholm, Knut Akslen, Fredrik Østrem, Elias L. Østrem og Hans H. Østrem i arbeid på sagbruket i Albion. Siste mann er lærarsonen Kristian Furseth, men han var no arbeidsformann i Tacoma, litt lenger nord.

Det kan ikkje vere tilfeldig at samtlige som var registrerte i arbeid i Amerika var i California, og7 av 8 var på sagbruket i Albion. Det er også noko anna som er interessant. Med unntak av Elias og Hans på husmannsplassen Vestrem, så er samtlege frå dei største bruka i bygda, slik som Mattisgarden, Steffågarden, Magerholm og Aksla. Marka-Hans på Vestrem hadde dessutan gjort det ganske bra som tømrar og murar, og hadde på denne tida betalt ned all gjeld og kjøpt plassen sin til sjølveige, så han var nok ikkje av dei fattigste akkurat.

Det finst ikkje nokon teikn som tyder på at det var dei fattigaste som forsøkte lykka i Amerika kring 1910. Kanskje så var det for høge kostnader i forbindelse med reisa? Det er også interessant å merke seg at dei ikkje emigrerte til California på denne tida. Rett nok så flytte Fredrik Østrem til Amerika etter kvart, mens alle dei andre var truleg berre på arbeidsturar dit. Det er i alle fall slik at eg ikkje finn noko bilete i Fylkesfotoarkivet av dei som kom heim att til bygda, med unntak av Ole som hadde familie. og Vestremsgutane som gjekk til fotografen i stivpynta dress når dei kom heim i 1911. Fredrik Østrem tok derimot fleire bilete av seg før han drog over for godt

Etter kvart så håpar eg å få annleiing til å gå enno djupare ned i denne historia. Er det nokon som har opplysningar så vil eg gjerne vite meir.

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett