Erindringar frå Mauritz Akslen

Hovedhuset frå den gong Mauritz vaks opp. Vindauga og delar av fasaden er endra litt sidan den gong. Foto: Svein Ove Østrem

Høle-løa har endra seg ein god del, både innvendig og utvendig sidan Mauritz var liten, men hovedkonstruksjonen er den same. Foto: Svein Ove Østrem

Aksla-selet

Berg-huset og Handelsmannen Negards-Lars med familie, som Mauritz fortel om

Intervju med Maurits ved Sigurd Langleite

Maurits Jostein Akslen. født 24/  -1911

S.L.: Du har bodd på Emblem heile di tid?

Ja, eg har feira alle mine julaftner heime.

S.L.: Du hadde tenkt å fortelle om livet på ein gard året rundt?

Ja, eg er jo godt kjent med jordbruksmiljøet her. Garden vår var på  ein 5-6 kyr og vi dreiv med seterdrift, hadde saueal og hest og kjøtproduksjon + mjølkeproduksjon. Det eg begynner å hugse er frå ca 1920, det eg kan fortelle om fra før er slikt eg har fått overlevert frå mine foreldre eller eldre folk.

Gangen i gardsarbeidet var slik at når snøen reiste var det først å få ut markagjødsla, me køyrde med hest og to vogner. Ein blei lesstpå, helst av kårmannen og ein gutunge eller tjenestejenta, mens husbonden var ute med andre lasset på marka. Det gjekk då skiftevis. Lassa laut nøye teljast og godt planlagd gjødsling var viktig. Byggen måtte ha to sortar gjødsel, både kugjødsel og saudegjødsel. -
Så når vi hadde fått ut "tadet", breidt det og horva, så var det å gjere åkrane klare, pløye og få gjødsel i dei også og så så kornet. Seinare var det potetene.

S.L.: Kva slags korn hadde dere?

Første tida hadde me både havre og bygg, men så blei det mindre og mindre med korn og til slutt hadde me berre havre og nå er jo også det slutt, det er berre potetene igjen. Potetene var ein underordna vekst i mi første barndomstid, men seinare tok den meir og meir over.

Ja når potetene var satt og åkrene ferdige, så var det å rydde bøene, vi raka frå fjell til fjøre, for vi slo mellom alle stubbar og steinar.

S.L.: Var dokke i utmarka og slo med?

Ja, det som i dag er utmark vart mykje slege, men det er nå igjengrodd nå etterat ljåslåtten vart slutt etter krigen, i småmarka ja. - Så var det å merke sauene og få dei i marka, og når dei var komen der så var det kyrne. Vi begynde i gjerda heime, og så frå gjerde til gjerde, og til slutt var dei framom garden, me seier, me hadde ein fjøs der som dei sto i eit par viker før dei flytta på setra. då reiste dyra oftaste sjølvbedne på setra og var der til fram imot 1. august.

S.L.: Korleis gjekk seterdrifta føre seg då?

Me gjekk fram om kvelden - sånn i 7 - 8-tida, og så mjelka vi og overnatta på setra og så mjelka vi og så bar me mjelka til bygda. då var det ofte ein kamp å nå mjelkekøyraren. Me hadde mjelkelag som køyrde mjelka på Emblemskaia den tid eg dreiv. Før den tida var her meieri i bygda.

S.L.: Kor det låg hen då?

Det låg i elva mellom Ebbeløa og Negardsløa. Eg hugsar ikkje årstalet det vart nedlagd, men det må ha vært før 1920. Eg trur det vart helst laga berre smør der, trur ikkje dei laga ost. Så når vi då hadde dyra på setra så var det ei litt rolegare tid på garden. då var det å stelle gerder og reparere - og oftast hadde vi eit nybrott å rydde for stein og slikt- Og der blei det då sådd noke havre som blei brukt som grønfor, det blei slege umode. - så tok slåtten til - det var seinare den tida enn nå, for dyra beita på bøen, det var kanskje rundt 1. juli eller omkring det. Her på garden gjekk slåtten føre seg i 7 viker. I mi tid vart det ikkje hesja, det var å turke på marka og det var ofte et travelt liv, mykje regn som det er her. Og oftast gjekk det jo bra, avlinga kom inn meir eller midre berga.

S.L.: Kan du hugse noe om kor mykje gras der var mot nå?

Det var mykje mindre enn nå, for det var jo berre naturgjødsel som blei brukt på beste bøtene. Det var helst ljåslått, eg veit ikkje når første slåmaskina kom her på garden, me var ein av første gardane, eg kan anta at det var like etter første verdskrig, ca 1918-19. vi hadde slåmaskine i lag med naboen, han Reite-Iver. eg trur første bota far kunne slå med maskin var på ca 5 mål, sia var det far som dyrka opp garden til den stand som han er i dag. så når slåtten var over, hadde me forskjellig å gjere. Å ta bork og never, den tida "skogen gjekk" som det heitte. Då var sevja passeleg slik at borka flakna frå stamma. Då var det å ta bork og never for her var ein del hus på garden med torvtak og til det måtte ein ha never, og borken vart brukt til å borke garna - ein slags impregnering for fiskegarn. Og når slåtten var over var oftast havren moda til å skjere og det hendte me tok ein pause i slåtten for å skjere byggen og få den inn. så det gjekk slag i slag. Det var korntrusking og slakting. Sauene måtte heim frå marka, det var ein spannande dag for oss ungane, for å sjå om alle var med. Vi hadde namn på dei, Rumpeløyse, Flekken, Storsauden og Lillesauden. - enkelte år kunne dei kome att alle saman, men oftast var det ein eller to borte.

Så var det saueklipping og om hausten. og slakting, det var nøyaktig den tida, alt måtte takast vare på, innmat til môr. Dei tok tarmane og skrapte dei, luta dei i heitt vatn og gjorde dei reine, snudde dei - og dei vart brukte til môr. Til blodpølse tok dei vomba, vinstra, netthua og noke av tjukkaste tarmane. Så alt vart teke vare på. Blod og hjarte og lever. I mi første tid hugsar eg at dei tok noke av lunga også og kokte. så det var ein heil prossess som gjekk for seg den tida med husmora som sjef. Det skulle malast, syltast og kryddrast. Dei laga rullepølse av svangane og syltaflesk av grisen. Godt pålegg.

S.L.: Brukte dokke griselabbane?

Jada, det var å legge grisen på tvers over slaktefjøla og så dyppe foten i kokheitt vatn, då var ein meir og mindre heldige - dei sa at det gjekk best på fløande sjø - men det gjekk ofte greitt å dyppe dei gong etter gong i kokheitt vatn og brekke spissen av tåa. Så grisen var reinskrapa over det heile. - Alt vart brukt some etande var. Så var det ein heil prosess med truskinga om hausten. Vi var eit truskelag, maskina og ristar kvar for seg, og så ein trehestar Tennfjord-motor som sto utanfor trappa. I første tida kunne det gå henimot ein dag for å truske ferdig men så blei det mindre og mindre så til slutt greidde vi tre bruk på ein dag.

S.L.: Det var ein støvete jobb?

Det var spesielt byggen det, eg hugsar far når han stod og gav - han hadde bartar og då samla støvet seg på barta og hang i store tafser nedover munnvika.

S.L.: Det følgde mykje liv med truskinga?

Ja, det var sånn ordna at ein mann passa motoren på trappa, han hadde ein stor stamp med kjølevatn og måtte passe på å skifte vatn. Ein som gav maskina, vi hadde ein Malm-maskine som slukte ganske bra. Så var det to som la fram bundene og ein som raka unda drøsen, det var korn og agner saman, dei raka unda og trakka til rundt. så var det ein som to unda ristaren. Så ein skokk med ungar oppi halmstålet som tok unda der. Det var morosame dager, det hugsar eg godt.

S.L.: Når dere slakta, korleis tok dere vare på kjøttet så det ikkje vart øydelagd?
Ein del vart salta og brukt som saltkjøt, men mesteparten vart laga til spekekjøt eller pinnekjøt dei kallar det i dag. Ribber og bog og lår. Det blei opphengt og tørka. Men storfekjøt, det vart oftest slakta eit ungdyr eller to for året, og det vart for det meste salta. Dei dreiv nå med ein slags hermetisering, men det blei meir og meir slutt med det og heilt slutt blei det når frysaren kom. -Likedan med grisen, ein hengde opp skinkene og litt sideflesk, ribba gjekk naturlegvis til jul.

S.L.: Når avlinga og dyra var i hus, var det vel eitt og anna å gjere på marka?

Var det finever framover så var det naturlegvis å stå med hand og bryte jord og rulle stein. Det var nå mannfolka sitt arbeide. Så var det vedinga då, det var ikkje lite ved som skulle til, med grisne hus og dårlege omner. Så det vart ein heil masse vedarbeide.

S.L.: Brukte dere andre ting til for?

Det vart teke vare på alt slag, til og med potetkålet, det blei opphengt inni løda - oppå betane og der hang det til det var turt og vart teke ned seinare på vinteren. Og så var det lauving til sauene - me kunne lage ein 7-800 lauvbuntar og turke og stable inn i løa og gje til sauene. Det vart ikkje mykje  for av kvaar bundt, men det var vel som ei slags tidtrøyte å stå og plukke i dette for sauene.

S.L.: Og når sauene hadde ete lauvet?

då vart riset brukt inni desse store komfyrane høgd i smått, ja somme tider tok dei heile riset og braut saman og køyrde inn gjennom komfyrdøra, så det gjekk unda det også. Det var sånn delt at kvinnfolka skulle ha riset og lauveden, det var det som vart kvista av til ved,og mannen skulle ha stamma til fiskeved, eller vart der litt til overs av den så var det å selge for å få nokre kroner.

S.L.: Så kom vinteren - og kanskje snø?

Ja, far skulle jo oftast på sjøen over jul, så der var garn som skulle bøtast og han gjorde seg klar med dei då fram til jul, barka garna sine gjorde han og. Han hadde ein heil del arbeid med vegna. så var der jo snømåking, der fanst ikkje plogar - etter riksvegen var der berre ei smal rås - ca 1 meters bredde for ei slede. men der var ei roleg tid bortimot jul, bortsett frå husmora då, ho måtte då ta hand om ulla. Klippinga av sau var også eit strevsamt yrke, å klippe ein 20 sauer var mykje arbeid.
Og så var det å karde og spinne ulla. Først storkammane som reiv opp ulla og då måtte ein blande ein viss prosent svart inn i det kvite om ein ville ha ulla grå. Så var det småkammane som laga tuldar - eller kaurar som vi kalla det. Så måtte rokken fram, først spann dei ein enkel tråd og så blei det sidan spunnet sammen til to - som då var det ferdige garnet. det vart strikka votter og sokker, heime hadde dei alltid ein bunding i handa. Men sånn som gensarar og undertøy - det var ein par stykker her i bygda som tok imot. Eg hugsar ein par stykker som budde inne på Magerholm, ei heitte Oline og ei Anna, og oss ungane laut bringe garnet til dei og dei knurra ofte når de var grovt, det var fullt med kalvehaud, sa dei. Om der var klumpar på tråden. Men det gjekk jo oftast bra og me fekk varene tilbake.

S.L.: Kordan var det undertøyet å ha på, det stakk vel?

Ein blei så vande med å ha det på, me visste ikkje om noko betre. Og det var gode greier, det tok sveitten og masserte huda. Det blei nå litt stivt då og det kunne hende at de sto av seg sjølv på golvet!

S.L.: Du nemde at far din reiste på sjøen?

Ja, han reiste då over jul, det eg hugsar var med ein båt frå Valderøya på ein 40-50 fot. Over nyår begynde dei med drivgarn, han hadde siledgarn også, far.  Så når det leid fram i februar, kanskje til mars, så gjekk dei over til torskebruk. Han var ikkje med på garn då såvidt eg veit, dei brukte line. Han hadde ein heil dunge med line, nyrygga og ferdig som han tok med seg og reiste. Då måtte han ha med seg mat

- så eit kapittel om hausten var bakinga! då var det å rigge opp eit bord nede i kjellaren og steikeplata oppi grua og når dagen kom då leigde me oftast to bakarar. mor laga emner som dei sa, og dei to baka ut, og far steikte. Trur det var av hans beste dagar når han sat attmed grua og fyrte passeleg  og steikte brød. Me kunnekanskje lage ein 7-800 leiver, store stablar på stabburet. Om hausten skulle me også turke kornet og det skulle malast. Me hadde ei stor gryte i grua som me brukte å turke korn i og då også måtte han sitte og passe varmen og rote i kornet slik at det ikkje blei brend. Så det var ein kunst å få det passeleg turt, og når det var turt så var det å gå i elva og male. Vårt bruk si kvern var vekke, men vi leigde ei anna kvern med Reiten og om det blei for lite vatn utover hausten så måtte me ut i den såkalla Hatlebakk-kverna, der kom begge elvane saman slik aat dei kunne halde vatn noe lenger framover. Eg hugsar då at far gjekk og rusla mellom kverna, natt og dag, og me var med han i kverna og høyrde duren av kornet - og skaketeinen. Det var to store steinar, ein over og ein under, den over gjekk rundt og gnika mot den underste og slengde fram mjølet i sidekassa, etterkvart som kornet for ned i auga som me sa. Byggmjølet gjekk då til graut og havra til suppe og til flatbrød for det meste.

S.L.: Lagra dere kornet og mol etterkvart?

Det var slik den tid eg hugsar at det vart helst undagjordt om hausten alt sammen. Det kunne forekome at det blei malt litt om våren også.

S.L.: Veit du om her står at nokre kverner som er i stand på Emblem?

Nei, såvidt som eg veit så sto den siste som var igjen like oppunder brua som går ut til "fjøsane" som me seier på Austrem. Lenger ute hugsar eg ikkje. Den på Austrem var Abrahamkverna, det var to bruk, Steinsgarden og Abrahamgarden eigde den kverna i lag. Vidare oppover sto ettersom eg hugsar Guttormkverna og Reitekverna. Skarekverna sto sto lenger nede, ho sto på Mattisbruket. Dei fire kvernene kan eg hugsa her. så sto der sjølvsagt eit par stykkjer inni Eitråna. Ein dag eg tok ein tur den nye vegen opp frå Magerholm, då fekk eg sjå omrisset av kverna hans Dale-Knut. Inne på Glomset skal det vere ei kvern som er heilt istandsett. Ja, eg veit at dei tok han ned då vegen kom og det vart sagt ho skulle oppigjensettast. Der er likedan eit sagbruk på Heggebak som er oppsett med kulturmidlar.
S.L.: Når vi er inne på hus, kor mange hus hadde de på garden her?

når eg hugsar så var her ikkje meir enn stova og løa og så hadde me eit vehus - for ved og utedo, og så hadde me ei høyløe nede ved sjøen, for vi klarte ikkje å køyre ned der. så hadde me sommarfjøs og så hadde me seterhus. stabburet blei ikkje oppigjensett då stova her blei flytta.

S.L.: Vart stova flytta?

Nei, ikkje flytta, stova her blei bygt ny, men den gamle sto lenger oppunder bakken her og der var også stabbur. I den eldste tid var der også eit geitefjøs oppå Akslahauga, og det er fortalt meg at husa sto der i ei samla klynge fram til utskiftinga av bruka. Mange tun der og så var marka teigdelt.

S.L.: Det var vel slik at kyrne kalva om våren den gongen, og ikkje om hausten som nå?

Ja, i den aller første tida så dreiv dei med det at dei skulle ta avdråtten for det meste på utebeite. Men seinare blei det også vårkalving, og dei dyra blei haldne heime på bøen og fora skikkeleg slik at det kunne bli meir produksjon av det. Dei som gjek oppi fjellet kunne ikkje det bli så mykje på. - Eg gjekk på setra i 3 år og mjelka og stelte, og eg trur ikkje eg hadde ei børe på meir enn ca 20 kg om morgonen ned, etter ein 5-6 kyr. - Dei kunne nå også kalve frampå hausten enkelte av dei, slik at ein hadde mjølk om vinteren og. - Det var ikkje noken setreveg den tida, me gjekk etter ei rås med mykje steiner å hoppe på og skitdepler mellom. Og så gjekk me oftaste berrføtt. Eg hugser også dagar det var vanskeleg å kome seg over elva, ho kunne bli så stor elva - med flom - at me måtte gå til eit ekstra vad - eller overgang - lenger framme mot Melsvatnet for å kome over.

S.L.: Kor låg setra som høyrde dette bruket til?

Ho låg frampå Urdastølen, der stend ei hytte der nå. Der låg ho fram til 1925, så me hadde ein lang setreveg rundt heile setrevatnet, men det var ein finfine støl og gode forhold. men så blei det for langt å gå, og så blei ho flytta heimover der som Akslasetra står den dag idag. Eg hugsar den dagen me plukka ned selet og merka tømmerstokkane og bar dei ned til vatnet, laga ein flåte og drog dei over vatnet, tok dei på land på andre sida og bar og køyrde litt med hest også då, i marka med slede, men det var nå for det meste å bere deei 5-600 metrene eller så, der det blei reist igjen seinare då. Setra blei brukt til fram mot 1947-48, då blei det slutt.

ei hending eg har lyst til å ta med var - når far var på sjøen om vinteren, då var det husmora og ungane som laut stelle garden heime. Bestefar levde fram il 1926, men han var mest som ein oppsynsmann som paste på at alt gjekk rett for seg. Det var ikkje innlagt vatn i kjøkkenet den tida, det var berre i kjellaren og i fjøsen, o det var ein dårleg bekk, så han blei oftast tom om vintrane og då laut me ungane bere vatn frå elva, det var kanskje ein 150 meter å trakke fram og tilbake for å skaffe vatn både til dyra og til huset. så var det snømåking, og så måtte oss hjelpe til i fjøset, gjere reint for saudene og plukke ut riset etter lauvkjerva. så måtte me lange fram agner og lauv og hjelpe til så godt me kunne. Mor var i fjøsen om morgonen og middag, og måtte oftast også mjelke om kvelden også, men foringa var det vi som styrde med. Ho "viska" då til fleire måltid så det var me ungane som slengde det i dyra, både morgon og kveld. Ho laga tre raster med "vandlar" eller bundtar vi kalla det og la det nøyaktig etter verdien for kvart dyr. Kalvane minst og dei største mest. Me kunne ta fire bundtar i slengen, ein oppunder handa og ein i klypa, så det gjekk fort Det var verken kraftfor eller silo den tide, det var tørrfor.

Då var far vekke i fiske, og me fulgte ikkje med heile veka kor det gjekk utpå havet, men som oftast kom han heim i helgane. Det kunne hende han kunne nå "VON" som gjekk inn i Vågane, men nådde ikkje båten og då kunne han gå heilt frå byen, og kanskje bar han ei fiskekoking med seg. Men det hende seg at han sende heim fisk eller sild i vika. Då var det mor og ungane som måtte ta seg av den fisken, eit par hundre sildar, - ein stamp - var vanleg å sende heim og det laut foredlast i ein kald kjellar. Flekkast og saltast - det gjekk helst til boknasild som vi laut ta unda. Frampå våren kom då far heim igjen og det vanlege gardsarbeidet tok til.

S.L.: Dette var garden og familien, men samfunn med bygdefolket  - korleis var det?

Foreningane vart starta omkring århundreskiftet og bedehuset vart vel tatt i bruk i 1902, så eg kan ikkje minnest husmøta eller lømøta. før den tid igjen så var all kristen virksomheit knytta til kyrkja. Det var då vanleg at presten kom inn her to ganger for året og heldt gudstjeneste og altargang for gamle og sjuke som ikkje kunne kome seg så lett til kyrkje, det var ein tungvindt vei.

S.L.: Korleis kom folk seg til kyrkje?

Det var helst med hest, der var ein heil del stallar oppbygd ute med kyrkja så ein kunne ta med seg hesten og sette frå seg der og gå i kyrkja. men her inne frå trur eg det vart for det meste rodd med båt. så sant som veret tillet det då. Eg he ikkje vore med på det, men eg har vore med i åpen motorbåt. -Ein konfirmant fortalde meg om sin spørjesøndag:  Dei skulle reise ein motorbåt på 40-for med konfirmantar til Borgundkyrkja. men så då dei kom utafor Brudeholmen så begynde maskina å fjuske og så turde ikkje maskinisten å leggje utpå Flisfjorden, dei laut snu inn igjen og laut gå på land på Emblemskaia. då var det to foreldre som tok med seg konfirmantane og dei gjekk alle snarvegar i pøsande regn og sørvestkuling, snarvegane over Hatlehol, ut Vegsundstranda, over Spjelkaviksandane og utover til Borgund Kyrkja. Dei gjekk i sørvest og regn. Kom fram til kyrkja og då var dei såvidt begynt, dei andre var komne fram på golvet. så dei stilte seg opp nedst nede og då rende vatnet av kle og sko innover kyrkjegolvet. Presten kom nedover og snakka med dei: "At barna ikkje hadde mere vit, det kan jeg forstå, men at foreldre skulle ta ut på denne tur, det trodde jeg ikke", sa han. "Ta med barna og gå hjem!" så det var den dagen.

Når det galdt foreningslivet, så hadde desse fire foreningene sine årlege basarar og det gjekk for seg klokka 11 om formiddagane vanlegvis. då kom folk med sine produkter og la rundt talarstolen framme. Det var forskjellig, mest gardsavdrått, som ull i posar - både ei mark og to og tre. Det var ferdig laga vottar og strømper, der var river og balletrau og kaser. så kunne der vere enkelte kjøpte ting  inniblant. Dette var då auksjonert ut av ein humoristisk mann og folk sat i benkane og gav bud. Bedehuset var då som regel stappa fullt og det var då som nå alltid servering. To ærverdige mann satt og skreiv ned prisen og tilslaga og pengane vart innkrevd seinare ved eit bud som gjekk rundt bygda. For det var ikkje alle som hadde kontantar tilslagsdagen. Eg hugsar første gong det vart utlodding, ei vaskevannstell, då tok dei 25 øre loddet. Samlingane presten hadde to gongar i året var også klokka 11 om formiddagen og då tok heile bygda fri og møtte opp. Dei par timane ein då mist i arbeidstida midt på dagen kunne ein ta igjen om kvelden. Der var oftast stappfullt hus og dei gamle sat på fremste benkane og fekk nattverden.

S.L.: Det første bedehuset sto lenger oppe?

Ja, det sto ein 75 - kanskje 80 meter lenge opp i bakken enn det stend idag. Det vart bygget i terrengnivå, sli at det var berre ei stor gråsteinshelle som lyfte opp frå vegkanten og inn døra. Vegen var ein såkalla 3-alens veg som strauk forbi, berekna på hesten og vogna. Og ikkje var der noke bråk heller om det sto så nær intill vegen. Huset vart bygd på to eigedomar, over ein steingard, så det vart litt vanskeleg med oppgjeret når me skulle flytte det på ny plass. Seinare blei vegen nedreven der, det var i 30-åra, og då datt trappehella ned utan varsel så då måtte dei få ordføraren på plassen og sjå på dette, det hugsar eg godt. Då blei inngangen mot skomakerhuset bygt, og så i 1956 vart det begynt arbeide med å flytte det og det vart teke i bruk der det står no i 1961 trur eg.

S.L.: Anna lagsarbeide i bygda, utanom misjonsforeningane?

Ja, her var i gang eit frilyndt ungdomslag så langt tilbake som eg kan hugse. Eg såg ei gamal "Innomnesing" - det var det handskrivne bledet dei hadde, og der såg eg at våre foreldre hadde skreve i det bladet, så det kom vel i gang rundt hundreårskiftet det også. Det laget var i virksomhet heilt fram til etter krigen. Skulehuset vart jo og bygget ca 1903 og ungdomslaget fekk vere i skulekjllaren. så blei skulehuskjellaren for trang og dei gjekk i gang med å bygge ungdomshus, trur det var i 1934. Der blei då større aktivitet, der kom reisetalarar og musikarar - og ungdomen hadde ikkje anna å samlast om, vi måtte halde oss innom vågsledet, for det var berre dei aller ressurssterkaste som kunne ha eigen sykkel og kome utanom bygda.

Idrettslaget vart skipa i 1934 og eg var med på det første møtet der. Det var ein Mons Kaldhussæter som var første formannen og det var han som tok opptakten til idrettslaget, men han blei ikkje noken gamal mann, han døydde på island under sildefisket, i 1934 eller 1935.

S.L.: Feira dere 17. mai?

Det var dårleg den tida. det var ikkje mange som var interesserte den gangen, enkelte gongar kunne noken ta seg fri og møte opp på ettermiddagen der kanskje kom ein foredragshaldar. Det var spakt,. Det var helst ungane som samla seg, det kunne også vere to avdelingar, både utom elva og innom elva-.  En fortalde meg at han gamle Negards-Lars hadde forretning der Navelsaker har huset sitt nå, og han hadde sveivegrammofon som han sette fram i glaset og spelte nasjonalsongar me ungane sto og lytta på. Og så gav han dei kvar sin pose med sukkerbrød som det heitte den tida. Det var ein 17. mai. her innafor var det sjelden noe, - eg hugsar me fekk ein 50-øring og det heldt til ei brusflaske og ei halv sjokoladeplate, og heime var det då også noke godt på ettermiddagen. Eg hugser eit år nabokona tok initiativet til å samle ungane og samla ungane i skulekjellaren og kokte sjokolade og me fekk godkake og det var svære greier. - Når det kom til ca 1924 blei det litt feiring, her var komen eit par østlendingar som dreiv gartneri på Emblem og dei var vel komne lenger uti kultur enn vi var her i bygda, så dei fekk ungdomslaget til å arrangere ei litt større samling. Men me hadde ikkje musikk, me song ein lite grann. Men dei hadde ått to gamlekarar med kvar si fele og eg huskar at dei var spesialistar på Napoleons-marsjen, så når me skulle marsjere inn på stemneplassen der utmed skulen, då ville dei spele den, men då braut han inn ein av desse, "Vi kan ikkje gå inn på
stevenplassen til tysk musikk!". Han ville dei skulle spele norsk musikk! Men så dovna dette vekk igjen, men ungdomslaget forsøkte nå å halde tradisjonen igang. Eg var formann i ungdomslaget ein gong og då var eg åleine vaksen som møtte opp for å å med barnetoget.

S.L.: så barnetog var i gang heile tida?

Ja, men det var berre barnetog. Og så når me kom inn på plassen ved skolen så var det vel ein som heldt eit lite foredrag, men eg hugsar ikkje godt det. då var der også nokre eldre som møtte opp. Men det var skrøpleg med songen. Og noken skikkelig 17. mai vart det  ikkje før i 1945, men då vart det også feiring.

S.L.: Det var ikkje altid godt å ta seg fram herfra og til byen?

Nei, og helsestellet i bygda var skrøpeleg, her som andre stader på den tida. Der var ein 2-3 doktorar i byen, hugsar ein som heitte Tobiassen og når nokon vart sjuk, så var det å hente han. Men ein måtte vere svært dårleg, ein måtte jo betale alt sjølv og vegen til byen var vanskeleg. Ein fortalde meg at ein doktorvisitt kosta vanlegvis 20 kroner, og det var ikkje alltid vedkommande greidde å skaffe de 20 kronene og måtte stad og låne for å greie det. Det måtte jo hentast med hesteskyss, men eg hugsar då det blei slik at legane fek køyre med bil, men det var berre dei som fekk køyre bil. -Eg veit dei fortalde eit tilfelle frå 1915, ei kone som skulle føde og jordmora sto makteslaus, det måtte doktor til. Karane var i fiske for ende. Då tok nabokona og drog  fram sleden og spente for hesten ohg køyde til byen og henta doktor og det var akkutt blindtarmbetennelse. Så var det å samle 5-6 karer, lae båre bære ham ned til Hammarskaia (Urda) og få han ombord i ein 40-45 fots motorbåt og så utover. Det tok 1.1/2 time. mannen klarte det.

S.L.:  Det took vel lang tid, berre det å få ein hest heerifrå og hit igjen, tok vel mange timer?

Ja, ein måtte rekne med 5-6 timar. Så det gjekk minst 7-8 timr før han kom til sjukehuset. Eg vei tfolk som låg til sengs i fleire år og blei stelt av familien. Og eg hugsar såvidt tilbake til spanskesykja. då låg heile familiar sjuke og då måtte naboar hjelpe kvarandre.

S.L.: Du har arbeidet i komunen i fleire år, kan du fortelle noke om det?

Ja, eg kan gå tilbake til kor det var ordna med vegen som gjekk gjennom bygda den første tida. Den var lagt opp i roder, ein rode innom elva og ein rode utom elva. Der var kvar sin rodeformann som skulle ha oppsyn med vegen, under lensmannen. Så var vegen oppdelt stykkevis frå ca 50 meter på dei mindre bruka og opp i ein 3/400 meter på dei store. Desse stubbane hadde då gardbrukarane plikt til å halde ved like. Eg trur vår gard hadde ein 300 meter, dei som hadde ein bakke å halde ved like fekk litt mindre i meter enn dei som hadde flate. Slik var det delt. Og kvar vår kom lensmannen etter ein viss dato og skulle sjå om alt var i orden. Somme grusa og heldt ved like, tok opp grøft og stelte, men ikkje alle. Det kunne vere dei som tok den såkalla "mosehorva" -marketadhorva, og horva vegen like før lensmannen kom - slik at han då såg nygrusa og pen ut. Men så når bilane og bussane begynte å gå på rett, då var vegen så dårleg utover Langhaugdalen at vegen blei omlagt, på pliktarbeide på gardane. Det var då gardbrukarane som tok på seg det, ja, kommuna la opp veglegemet, men bygdafolket skulle gruse. Der var ikkje steinlag i vegen, han skulle berre grusast den tida. Så då var det å gå mann av huse. "Plassingane" dei hakka og lesste, og gardeigarane som hadde hest, dei køyrde. Det kunne ikkje bli mange metrane per dag på den måten, og det var dårleg grus - dei tok han ut ein plass uti Gjelldalen eller kva det heiter der han Rolf har fabrikken sin. så blei det mange vende med 3 hektoliter på kvar vende. Det var første tilskot til vegforbindelse her i bygda som eg veit om.

S.L.: Men så utvikla det seg bra fort?

Ja, det første eg var med på vegarbeide, det var ein liten parsell, ein liten akkord, nokre karar her som var heilt pengelense. Det var ein stubbe på flisneset som blei oparbeid då - ein gong i 30-åra. då brukte vi handboret og skinne og tralle og køyrde fram på.

S.L.: Når dere brukte handbor, satt der ein og snudde?

Ja, ein sat og snudde og to kunne slå. det var ein som skulle slå, men det hende seg at ein fekk eit sånt "klumsehol" dei sa, der boren snudde av seg sjølv, og då brukte dei to mann til å slå, ein med høgre hand og ein med venstre, som så slo kvar sin gang. Då gjekk boren a seg sjølv. Då Akslabrauta vart nedkutta, det var også i 30-åra då var her to svensker som var så svære å slå på bor, det var han Eriksen og han Karlsen, det var ein opplevelse når dei to karane slo på boret og så sang dei til. ein på venstre og ein på høgre side av boren, då gjekk det fint.

S.L.: Hugsar du kva dei song?

Ja, foreksempel "Der ligger et land - -", den gjekk etter boren.

S.L.: Elle hadde dokke berre hakke og spade til hjelp?

Ja, og så slegga då. Kultlaget måtte slåast sammen med slegge. og så var det bindfyllet, og så var det anna grus, før der blei kjørbart. Den store utviklinga kom nå under og etter krigen, med kompressor og gravemaskin. Eg begynde i kommuna i 1950 og då var ikkje gravemaskina kommet
men kompressoren var kommet. Det var skrøpelege greier, berre såvidt det rusla og gjekk, men likevel 1000 ganger betre enn handboret. Då leste vi opp grøftene med hand og stubbebrytar og spade og hakke.

S.L.: Stubbebrytaren vart brukt til røter og slikt?

Ja, det og store steinar. I den første tida var det berre momenttendere, så det var store stein og tunge tak. Men det blei ikkje teke sånne grøfter då som nå, dei var 1,5 meter eller så. Eg trur grøfta frå Eikenosa og ut i Spjelkavika vart teken med hand då frå 1950 åra. så arbeidde vi på damanlegget oppe ved Røssevollvatnet, der var teke ned tunell som var nytt den tida. Der blei byggt den store dammen og veg opp så me kunne køyre opp sand sement og armering.

S.L.: Var du med på demninga og tunellen?

Ja, demninga var eg med på, men ikkje tunellen. Me gjekk på skift, forskala seksjon for seksjon, på 12 meter kvar og så tetta innimellom. Trur det arbeidet vart vellukka.

S.L.: Det ser pent ut nå ja.

Ja, så var det derifrå i rørledning ned i Eikenosa til det trykkbassenget som står der, det skal visst ligge på 180 meter. - Men så utvikla det seg fort, med gravemaskiner - til eg slutta i 70-åra, då var ikkje arbeidet til å kjenne igjen. Då fannst ikkje hverken pikkhakke eller storslegge. Nå er det å legge røra og passe på pakningane som er hovedsaka nå, og så ein heil del pussing etterpå.

Når det gjeld samferdsel, i mi barndomstid var det ofte brukt å gå ut i Vågane og derfrå gjekk ein båt som heitte "VON". Han gjekk vanleg rutetrafikk til byen om morgonen og tilbake om ettermiddagen. Han gjekk til og med innom Spjelkavik og Åse og utover. Det var somme tider to båtar som gjekk - og då gjekk ein utover innom Mauseidvåg og Fiskerstranda og ein gjekk innom Spjelkavik. Eg trur ein som heitte "VIDAR" - den gjekk ei tid oppunder Hammarskaia, der var bygd ei kai for dei skulle forsøke seg i konkurranse med Møre Fylkesbåtar, men det gjekk ikkje, det blei nedlagt gong etter gong og til slutt ramla nå kaia ned også. Og så i 1929 vart buss-selskapet starta som eit lutlag, men luteigarar frå bygda. Dei bestilte seg ein Chevrolet, med 12 seter og åpen bak  berre med presenning. Eg hugsar den dagen bilen kom, det fylgde med folk etterkvart som han køyrde gjennom bygde for dei skulle prøve han i Akslabrauta. Ein bakke sør for husa våre her. Det var få bilar den tida som klarte den bakken den tida. Det var spenning om Chevroleten ville klare bakken. Oskar Emblem køyrde og bilen kraup sakte og sikkert opp Brauta. Det var ein gledesdag i bygda! Og det var eit stort framsteg. Skjønt det var dårleg med vegane. Det var naturlegvis ikkje nokon som brøyta vegane, dei laga ein treplog og far og Aksla-Hans skulle pløye, men denne treplogen skaut opp og ned og til kvar side. så det gjekk ikkje men folk hadde god tid den gongen, dei måtte til med skufler så dei fekk nå vegen opp ofte. Men ofte sto det stilt også vinterstida med mykje snø.

Og når det gjeld belysning så var det parafinlampa Men såvidt eg hugsar så blei straumen påsett her i 1923. Det gjekk mange skumle meiningar den tida om Tafjordutbygginga. Vi hadde då Storelva i bygda og kunne byge ut den sjølve! Some hadde mistillit til heile greia, dei ville ikkje ha svineriet i hus, det vart berre brann. - Men den dagen lyset vart påsett var også ein stor dag. Då var det utbygd innunder Akslabrauta først, vårt hus var siste huset som vart knytta til då første dagen straumen blei satt på. Likedan var ikkje Nedregotslinja utbygget den dagen det vart påsett hos oss. Det her var før dei var ferdige i Tafjorden.

S.L.: Det vart forsøkt å bygge ut kraftverk i Storelva?

Du tenker på det som står oppå Austrem. det var han Austrems-Mattis - han var ein framskrittsmann som dreiv handel. Han hadde ei sjøbud i Urda, kjøpte fisk og salta og selde på Spania. Han hadde fraktebåt og han dreiv opp garden sin ganske tidleg, han var den første som hadde slåmaskine og den første som hadde høyvendar og den første med rakemaskine. Han fann også ut at hen skulle bygge seg eit kraftverk og klarte også å gjennomføre det. Han la då ei trerenne opp i elva - inntaket var omtrent der Nedregotten hadde første vasskumma si. Ho låg ganske flatt så trykket var ikkje stort, men han fekk det til å svive på flomtid og det gav ganske god belysning oh han hadde elektriske apparat. men kva tid det var, kan eg ikkje hugse, men eg vil anta at det var like før eller like etter første verdenskrig. Men her var store planleggingar med å bygge ut elva, her gjekk ein ingeniør Barman og rekna. Begge elvane skulle takast saman og bygast til kraftverk - men planane vart kullkasta då Tafjord blei bygt.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE