Emblemsruta og Peder Magerholm

Oskar Emblem sammen med kona Lovise Karoline Jakobsdatter (f. Akslen) og sønnen John. i bakgrunnen ser du Emblemsbygda sin tredje buss, en 1933 modell Volvo. Karosseriet blei bygd av Garseth i Spjelkavika. Bildet tilhører Kristoffer Emblem og er første gang publisert på nettsidene til Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre

Aksje i Emblemsbygda Billag (Kilde: kristoffer Emblem/Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre)

Stasvogna til billaget, T-1244 - 1938 modell Opel Blitz med T.Knudsen karosseri. Sjåføren er Johan Emblem. Denne bussen blei i 1954 seld til Rolv Dybvik. (Kilde: Kristoffer Emblem og Rutebil historisk Forening avd. Sunnmøre)

Vognparken til Emblemsruta ca. 1950. Fra venstre T-1027, 48 mod. Volvo/T.Knudsen, T-1064 47 mod. Chevrolet/T.Knudsen, T-1244 38 mod. Opel Blitz/T.Knudsen, T-1344 48 mod. Volvo/T.Knudsen og T-10190 47 mod. Chevrolet godsbil. (Kilde: Kristoffer Emblem og Rutebil historisk Forening avd. Sunnmøre)

Bussparken utanfor Borgheim tidlig på 1950 tallet. Biletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Kopiert bilete med namna på passasjerane.

Emblemsruta passerar Ekornesvåg Møbelfabrikk og nermar seg krysset og vegen til Eikenosa på veg innover Emblemsbygda. som du ser så gjekk bygdevegen ikkje der som dagens hovudveg ligg.

John O Emblem framfor ei av dei gamle Emblemsrutene. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Bilett frå Emblemsruta

Johan E Emblem er stilig kledd i uniform og frakk framfor ein av bussane. Staden er enno ukjend. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

John O. Emblem framfor bussen frå emblemsruta. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

Biletet er truleg frå Ålesund ein stad. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

Ei gamal Emblemsrute på kort serviceopphald. Staden er enno litt uviss, men kan det vere den gamle tregarasja til Emblemsruta som ein kan skimte i høgre biletkant? Den stod opphaveleg inne ved Akslabrauta, ved staden der huset til Lars Akslen i Høla står i dag. Akslabrauta ligg rett bak huset til Lars og det var her vegen gjekk tidlegare. Det var ei bratt kneik opp på Øvste Aksla. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Emblemsruta på bytur. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Oskar O. Emblem framfor ein av dei gamle bussane. Det ser ut som om biletet er tatt på den gamle busshaldeplassen på Utstillingsplassen, med austsida av Nørvøy Skole i Bakgrunnen.

T 1014 1947 mod vart bygd ved Ødegård Karosseri i Puskhola. Biletet er truleg frå Utstillingsplassen i Ålesund med Nørvøy Skole i bakgrunnen. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Olav O Emblem framfor ein av dei gamle Emblemsrutene. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

Kristoffer Emblem framme på støtfangeren til ei gammal Emblemsrute med registreringsmerke T-1014. Staden der biletet er teke er også lett å kjenne igjen. Huset i høgre biletkant er hovudhuset på Skørene. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Busstur med høge brøytekantar ikring. Kan det vere ein sommartur på Geirangerfjellet? Biletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Emblemsruta på jernbanestasjonen på Dombås. Biletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

Emblemsruta på ein av sine faste Ålesundsturar. Når bussen stoppa i byen så kunne sjåføren ha si fulle hyre med å springe ærend for sambygdingane før han skulle køyre bussen attende til bygda. Snakk om sørvis! Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

T-1027 har stoppa omlag der rutebilstasjonen ligg i våre dagar i Ålesund. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Johan E Emblem og T 1286, som var ein Volvo B 635 1956 modell frå T. Knutsen. Det er vanskeleg å seie eksakt kvar biletet er tatt, men det var ikkje plass til noko anna på vegen enn bussen. Trafikken var også noko heilt anna den gongen. Johan E Emblem T 1286 Volvo B 635 1956 mod T Knutsen.

Emblemsruta. Det ser ut som om at bussen står ein stad kring Magerholm, eller kanskje ved fergekaia? Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Emblemsrute i grøfta ved Måndalen tatt på vegen igjen med passasjerane si hjelp. Biletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Er det nokon som veit kvar dette biletet er tatt? Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

F.v.: sjåførane Oskar O. Emblem og Johan Emblem. Fotografen og staden er enno ikkje kjend. Biletet tilhører Roar Emblem

Emblemsruta på tur. Den er parkert ved jernbanelinja og det kan verke som snøkledde vestlandsfjell i bakgrunnen, men staden er enno usikker. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Rutebilstasjonen i Ålesund

Emblemsruta på stoppeplassen ved Høla og huset til Harry Bjørkavåg ein gong på 1960-talet. Foto: Per Inge Akslen

Bussgarasjene på Skaret

Biletet er utlånt av Britt Janne Abelset og syner Ein Volvo med kjennemerke T-1235 frå Emblemsruta

Bussgarasjene på Skaret ca 1984. foto. Sigurd Langleite

Volvo B 57 1981 mod Vest Karosseri Fikk internnummer 190 i Ålesund. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

UE 55792 1981 modell Volvo B57 med Vest 4 karosseri. Denne bussen ble overtatt av Ålesund Bilruter da Emblemsbygda Billag ble solgt i 1987. I ÅB fikk bussen int.nr.190, og var i drift der frem til 1997 da den ble solgt til Arendal Trafikkselskap (ATS)

Oskar O Emblem og repesentanter fra Arna karosseri ved Bergen. Det er truleg snakk om henting av ny buss. F.v.: Arna sin representant, Oskar Emblem og sjåfør Knut Akslen. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem

Kristoffer bak rattet på ekstratur med Emblemsruta. Han var også ein av dei faste skulebuss-sjåførane. Han køyrde elevar både til Blindheim Ungdomskule og frå Fagerlia vgs. på 1980 og 1990-talet. Han vart med over i Ålesund Bilruter, når Emblemsbygda sitt eige selskap vart lagd ned. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

Eit flott biletet av det som ein gong var ei flunkande ny Emblemsrute. Biletet er utlånt av Roar Emblem

F.v.: Veteranane Oskar Emblem og Peder Magerholm fotografert ved bussgarasja på Skaret. I dag er bussgarasja påbygd i både høgda og breidda, og bordkledd. I våre dagar er det Caravanservice a/s som held til i lokala som Emblemsruta ein gong bygde. Orginalbiletet tilhøyrer Kristoffer Emblem.

Reportasje frå sunnmørsposten

Dette bildet ble tatt en desemberdag i 1986, sjåfører og styret i Emblemsbygda Billag hadde tatt oppstilling foran selskapets vognpark - siste samling før selskapet ble oppkjøpt av Ålesund Bilruter 1. januar 1987. Det var i 1985 Ålesund Bilruter ble dannet ved oppkjøp av selskapene NSB Biltrafikk Ålesundruta, Landes Rutebiler, Øvrevolls Rutebiler og Ellingsøy Ferje- og Billag. I 1987 ble Spjelkavikruten og Emblemsbygda Billag oppkjøpt, og deretter i 1988 Record og Vigra Rutelag. Emblemsbygda Billag ble stiftet i 1928, og kjørte gods og personruter på strekningen Magerholm – Emblem – Spjelkavik - Ålesund. Da veien fra Magerholm til Glomset ble åpnet i 1964, overtok EB også kjøringen på denne strekningen. Det var Glomsetruten v/Ole A. Eide (stiftet 1928) som frem til 1964 hadde ruten Glomset – Valle - Ålesund. Glomsetrutens trafikk på strekningen Valle – Brusdal - Ålesund ble fra samme år overtatt av Øvrevolls Rutebiler. Mer utfyllende historikk om Emblemsbygda Billag kommer på nettsidene til RHF avd. Sunnmøre (Kilde:http://www.rhf.no/galleri.htm)

Du finn meir informasjon om Emblemsruta i tekstsamlinga på denne websida.


Intervju med Peder Magerholm
av Sigurd Langleite i 1987

Peder Magerholm - fødd 1903. Kasserer i Emblemsbygda Billag. Korleis begynte det?

Biltrafikken her i bygda var såvidt begynt då. Ingen her i bygda hadde bil då. Den trafikken som var
var det Spjelkavikruta som dreiv, i sommersesongen Det var vel det som gav dei ideen. Før var det sjøveis trafikken gjekk, over Emblemskaia. Det var ikkje eg som fann på å begynne med rute, det var vel nokre yngre karer. Det vart først forsøkt å få istand et selskap, men det gjekk ikkje. Men så kom Emblemsbygda Billag, det var blant anna Oskar Emblem, han hadde allereie utdanna seg til sjåfør. Og bror hans var med og så Hans K. Akslen og Eljas J. Emblem, Ebbeeljas. Han var då ein eldre mann. Og fleire. dei gjekk rundt i bygda og snakka med folk og fekk fleire interessert. Og tegna andeler. Planen var å få til ein kombinert rute. Det måtte nå søkjast myndigheiter, og det tok ei tid. Og bussen vart kjøpt. Andelen lydde på 100 kroner, og i første starten trur eg der blei selt 22 andeler.

S.L.: Fekk dere bil for det då?

Nei, dei måtte sette seg i skuld. Men chassiset koste såvidt eg hugsar for 4.6.. og påbygginga vart gjordt i Spjelkavik av Sivert Garset for kr. 5.725,- på anbud.

S.L.: Kva ein betalte for ein tur til byen då?

Det var ei krone det og dent aksten vart ståande ganske lenge.

S.L.: Er der noen oversikt over kor mange som reiste?

Den første kombinertbussen var registrert for 18 personer, og det var ikkje kvar dag den var overfylt! Eg kom først inn i bildet då selskapet vart skipa, det vart sammenkalla til møte som Eljas styrde, det møtte opp ein del og då vart det at andelene vart teikna bindande. Der var skipa et tilsvarande selskap på Ørskog som var komen i gang og dei hadde fått lånt statuttane deira. Og utifrå blei møtet vedtekje. Dei første lovene. Etter det skulle dei ha eit styre på 5 og så skulle det velgast varamenn. Det var Eljas som vart første formann. så skulle styret ansette kaserer og det vart eg.

S.L.: Og du var ein trufast tener alle desse åra! Kan du hugse kor store intekter dere hadde første året?

Det var ca kr. 5000 første regnskapet, men det var ikkje eit heilt år, det første, det var midt på sommeren når dei endeleg kom igang. Ja me fekk med feriesesongen o då var det mest trafikk.

S.L.: Kor store inntekter var det i 1986?

Det var begynt å kome opp i millionbeløp.

S.L.: Kva var dagløna til ein arbeidar då?

Det var kr. 5 pr dag og den tariffen sto i mange mange år. Det var ein stor del av dagløna som gjekk
til bussbiletten til ein bytur. JA nå var kr. 5 i daglø rekna for god betaling då, det var det sjåføren hadde.

S.L.: Det var sommeren som var best trafikkmessig?
Ja, det var noen feriefolk, myke byfolk som leigde seg inn på gardane i ferietida.

S.L.: det var vel bensinmotorer, kva var literprisen?

Det var omkring 25 øre for literen. men han brukte mykje bensin på mila.

S.L.: Ditt arbeide var å betale løn og bensin?

alle rekninger ja, første jobben var å plassere andellskapitalen. Det gjekk greit.

S.L.: Kor mange ruter gjekk for dag?

I ferietida var det betydelig mange flere turer enn året ellest, om vinteren var det faktisk berre ei rute, til byen om morgonen og innatt om kvelden.

S.L.: Kor lang tid brukte dei på turen?

det var vel minst ein time, men det kune bli høgst forskjellig, kva han hadde å gjere på vegen. det var ein kombinert bil, så alle mulige varer å levere her og der.

S.L.: Var det jordbruksprodukter herfra til byen?

Det var først og fremst mjølka, det var det som gav støtet til å starte. Men dei hadde andre ting og, slakt og slikt.

S.L.: Frakta dei nokon gong lavande dyr?

Nei. men poteter og grønsaker - det kunne bli ganske fullt. Det var bare første året den første bilen gjekk åleine, det var ikkje mykje anna han kunne ta med seg. Det var 1,5 tons kapasitet chassiset var for. Mjølka måtte jo alltid få plass.

S.L.: Og under krigen, med generator?

JA, det var jo streng bensinrasjonering.

S.L.: Kan du hugse prisen på første bilen?

såvidt eg hugsar var det alt i alt kr. 5.725.

S.L.: Det var omtrent same som intekta første året?

Ja noke liknande.

S.L.: Kordan greide dere å betale utgiftene?

differansen mellom kr. 5.725 og dei teikna andelene blei skaffa ved private lån. Det var betydeleg billegare enn å låne i bank, og det var viktig. Og så når vi kjøpte fleire biler blei det åpna anledning til å teikne fleire andeler.

S.L.: Og det var ein annan veg enn i dag?

Ja, ikkje bygd for biltrafikk. Billaget måtte halde den i stand. Før det var vegen delt i roder mellom
grunneigarane, men når bussane køyrde, ville ikje gruneigarane ha arbeidet, så billaget måtte ta over. Og her var heller ikkje noken offentleg ordning på brøyting. Det vart brøyta med hestar foran treplog, og for å kome opp kneikane var det med ein gjeng som måka bakkane. Og vegen låg ikkje der han ligg idag, frå Magerholm gjekk han heilt nede ved sjøen frå trelastlageret og opp Kristenbrauta.

S.L.: Og Akslabrauta var vel den tyngste av alle?

Ja, den var tyngst. Og ute i Langhaugdalen var det eine bakken etter den andre og dårleg veg. Og der var to bakker opp til der vegen nå kjem ned frå Eikenosa. Og der var to bakker opp til der vegen
nå kjem ned frå Eikenosa. Og så i Pjuskhola var det to bakker. Men i Spjelkavika var det i orden med brøytinga.

S.L.: Korleis gjekk mjølketransporten når dere måtte instille køyringa i vårløysinga?

det vart ordna med ein privat dekksbåt fra kaien.

S.L.: Og om sommaren var der mange grindar?

Ja, men det var alltid gutunger som var interessert i å få vere med og så opne grindane. Det var ettertrakta

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Arne Ivar Solbak | Svar 21.11.2014 23.04

Jeg savner et bilde av bussene fra krigsdagene. Vinterdager med mye sne, var det alltid spennende om bussen greidde Pjuskehola? uten hjelp fra passasjerene.

Svein Ove 05.12.2014 14.37

Er usikker på om det eksisterer noe slikt. Historier, derimot, de er det nok flere av.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE