INTERVJU MED NILS AKSLEN

   AV SIGURD LANGLEITE

Skaret slik hovedhuset såg ut før ombygginga til dagens utsjånad.
Året er enno ukjend, men det var Nils Johansen Akslen som bygde om. Han var brukar frå 1920-1955
Skaret slik hovedhuset såg ut før ombygginga til dagens utsjånad. Året er enno ukjend, men det var Nils Johansen Akslen som bygde om. Han var brukar frå 1920-1955
Årstalet er enno ukjend, men det er truleg frå høyonna på Skaret ein gong etter 1920. Det er mogeleg at Johanne Nilsdotter Akslen (f. 1923) er ein av dei på bilete. Ho gifte seg med Inge Martinussen Emblem frå Negarden.
Årstalet er enno ukjend, men det er truleg frå høyonna på Skaret ein gong etter 1920. Det er mogeleg at Johanne Nilsdotter Akslen (f. 1923) er ein av dei på bilete. Ho gifte seg med Inge Martinussen Emblem frå Negarden.
Nybygget på Skaret står ferdig. Det var far til Inge M. Emblem, Nils Johansen Emblem (f. 1897) som bygde om. Han var bruakr frå 1920-1955.
Nybygget på Skaret står ferdig. Det var far til Inge M. Emblem, Nils Johansen Emblem (f. 1897) som bygde om. Han var bruakr frå 1920-1955.
Nils Johansen Akslen (f. 1897) og brukar på Skaret frå 1920-1955, då svigersonen Inge Martinussen Emblem tok over.
Nils Johansen Akslen (f. 1897) og brukar på Skaret frå 1920-1955, då svigersonen Inge Martinussen Emblem tok over.

Sigurd Langleite sitt intervju med Nils Akslen i 1984

NILS INGVALD AKSLEN, fødd 7. juni 1897.

Du som er blitt så gammal hugsar vel god alt frå ungdom og barndom. Ja, det er helst detta gamle eg hugsar. 

S:L: Korleis fekk dokke til dømes tak i brensel?

Gamlefolkja dei måtte til fjells dei for å få tak i ved, røter og slikt, her var ikkje skog. Men der ha vøre fole med skog, for det viste uti myrå, der ligger stammer neri, dei som he lagt djupt. Dei gamle måtte like på fjellet for å finne ved. Der fantes ikkje ei buske her, det er ikkje lenger sia enn han Gamle-Ola, gofar henne Olava. Det var han Gamle skare-Ole, han måtte opp i (Langevass??) for å finne seg æsved (hesjestaur)  Fann seg ikkje så mykje renninger har at han fann seg æsved. Antageleg har her vore ein brann ein gang i tidene, som gjorde snautt. Men ute i Langvassfjella der var.

S:L: dokke brende vel torv då?

Ja, det var her nok ta. Men der var frykteleg med røter ti.

S:L: Her var vel et fole liv med sæterdrifta før?

Ja, og før i tida var der jo ikkje veg, det var nå Urdastølen då, på hi sida ta sætrevatnet, der var Akslasætra før. så flytte dei då ned til Reitesetra, ho var gammale, og der bygde dei opp sela sine, dei reiv dei og slepte det over vatnet og sette dei oppatte der nede, for å korte på vegen. Der dei står no. Det var ein dryge møle derfra og rundt vatna til Urdastølen.

S:L: Kor dokke dreiv sætrelivet den gang?

Dei var der og melka, dei leitte opp og dei visste jo kvar dei var, og dei jagde dei inn i fjøse, på ei hylle der.

S:L: Låg dei på sætrane heile sommaren?

Dei var ikkje der dagane, dei gjekk opp og mjelka og drog nedatte melka. Starta kvelden her og fram og leitte dyra og mjelka dei  og så låg dei der og så mjelka dei om morgonen og late dei ut, og så kom dei nedatte emd mjelkene. Den bar dei med et sånn med eit skuldertre, brennetre oss kalla. Det brukte dei ikkje i mi tid, då var det mindre brennetre.

S:L: Og mjelka, kva brukte dei henne til?

Dei brukte henne sjølve.

S:L: Til ost og smør?

Ja, til å begynde med, men når meieriet kom, så måtte dei ned med mjelkene så tidleg at dei fekk henne avgårde. Mjelka kom nedpå vegen og så var det å køyre den, me hadde kvar sine dagar å køyre mjelka, frå veia - inni Hølene og Aksla og Nergøta, og ned på Emblemskaia. Me leverte ikkje mjelk til denne kaiene her nere (Mattisbrygga) Det var seint ho kom til ho.

S:L: Kva dei hadde frå den kaia då?

Der gjekk rutebåt 2 gonger for veka, oss gjekk like til Honningdalen frå den kaia her. Også til Vegsundet, nord igjennom Kjørsundet, til Spjelkavikjene og så til byen. Eg var med på båta, ei stund, eg måtte byte med ein som skulle på Ishavet, så atte han kom seg avsted. Eg hadde maskina. Den heitte "Vidar" den båten som gjekk, ein flotte båt den tida. Ein tosyllindes Kampendalsmaskine ti nå. Det var to dager i vika, gjekk like til Honningdalen. Det var herifrå kaiene.

S:L: Hugsar du om her var nokke snakk om rovdyr på fjellet, bjørn?

Bjørn, eg he ikkje sett hono endå. Men dei fortalde at den siste bjørnen dei skaut her - her var bjørn - men eg he ikkje sett han. Dei sa at den siste bjørnen som blei skøten var i kølaløypene, det er den løypa som gjenge opp på Nakjen over Reita her, opp Akslanakjen. Då gjorde dei manngard på nå, detta er so som dei he fortalt, og han var så stygg at han tok ei kvige på Urdastøla og jaga henne på vatnet og kom seg oppå rygjen og symde med henne på rygja over vatne - bjørnen. Tok ho på rygja. Dette er segner som vart me fortat, der var mykje løye med dei. Men dei var ikkje skvetne dei som gjekk på sætra heller, dei trøppa opp inne på sætra og tok imot honom, då han kom - bjørnen, med never og staur og stikker, og han var så besett då han kom på land, om han var nå på rygja eller ikkje, - på hi sida - det er utruleg, men dei var ikkje kræsne, der var ei gammal ei ho hivde ta seg kledene og snudde raua åt honom og feis, og han blei så skjemde at han rusla nordattegjennø. Og ikkje kagte på noke meir. detta tok dei og fortalde, - ikkje godt å vite kor det var. Kor det gjekk med kvigene, det veit eg ikkje, om han ha søge så mykje blod ta nå, det heit seg at han låg oppå henne og saug blod med han sumde over. Men den bjørnen blei skøten oppi Reiteløypa, kor mykje folk det kunne ver med, veit eg ikkje, men dei kalla det manngard. For å jaga honnom. Det var no utruleg at det gjekk an å jaga honom, men dei fann nå ti nå,  fekk ringa honom inne i Magerholmdalen - neri der - og så utover Nakkane - på Akslanakjen her, dei ha ikkje anna dei som jaga honom, enn store staur, med nokså klumpete endå, å fike honom med desse. Der var mange, og då blei han brydde, han var så fole redde for bakendå si, så han flykta. Kom fram i Reiteløypene, der låg skyttaren,  han låg der ovai Reiten der Løypa kjeme ned. Han haurde dei kom med nå, og han fekk skyte då han kom nerigjennø råsa der. Då heldt dei visst ein store fest. Der var mykje folk.

S:L: Du har vært mykje på sjøen i di tid?

Ja, eg var fole lite eime i mi ungdomstid, sjelden eime, noke bolkar som var nokke, endå ein turen eim. Rett etterat eg var ferdig med  skulå, då kom Peder, etter meg, skulle ut og tene, eg hugsar eg satt på kista og venta og så køyrde me. 

S:L: Var du utanriks noken gang?

Nei, eg he vore langt nok ute, men ikkje utanriks, det he vore fiskebåt, - sønnai Bergen kan du seie eg er fole lite kjend. Men frå Bergen og nordover - til Finnmarkja, he eg grisla på sjøen all mi tid.

S:L: Det vart no fiska mykje her borti fjorden og?

Ja, oss va hissige å bruke kveiteline den tida, det var ikkje garn då i førstninga, eg var den fyrste som batt garn. Ta det t Dyrkorn hadde sendt nokke garn nordover, kveitegarn, eg var no kjende med dei - og eg fekk tråd gratis hvis eg vilde bitte garn, for å prøve denne greia. Eg sat og batt dette her, eg skrøna og då eg satt og batt dei, eg laga så store mausker, - kven som det var, men eg sa det var stormauska trollgarn.  - Eg fekk ikkje kveite ti det garna, ho reiste med det! Eg sette det ut bortom støa til Reiteneset her, kloss oppunder land - Blikja oss kallar, Eg trur Jonna var komen så langt ho var med meg, oss sette det ut, - men han for med det, oss sokna men ikkje tale om - - så det blei ståande like til jul, då eg hadde ut ei hyseline for å få ti julefisk, og når eg kjem der ut unda Rema då, så var lina så besett å vase seg, eg sleit unda  ring etter ring og ongel etter ongel, og fekk opp detta svineriet, - men eg måtte skjere av lina og oppatt etter soknet og sokna, - der var kveitegarnet mitt. Der kveita ha vore va heilt fluksa, det var hampetråd, men dei mølene som stod  klare, dei st seg beire, men der var ikkje anna en bein og sleipt svineri, så det blei ikkje butte med meg. Men så frettast det og så kom han Andreas (Brendhaug) han ha vore i bya og kjøpt tråd og fekk låne kjølve mitt - det var frykteleg ka kveite dei fekk i fyrstinga.  - Han Honningdals-Ingvald, syskenbarnet mitt, fekk og rede på dette - ja eg fortalde det - han var og sta og kjøpte seg. Og han fekk det akkurat som med meg, han var koma oppatt i støa, då reiste dubbelet utigjennø, men han snudde  nedatt han og tok dubbelet, og fekk både kveita og garnet. Ja, eg fekk meg nå kveitegarn og brukte eg og - -

L.S.: Tok dokke så mykje torsk at dokke tørka på berga her?

Ja, her var stort liv med det - klippfiskjen på bergå. Eg tok heim fiskjen frå Finnmarkene - og turka her ned.

Før gjekk skulen på omgong, her var ikkje skulehus. Det var dei som hadde store stovehus. Inni Ølene var det stundo - på Emblem - - Eg gjekk ikkje på omgang.

L.S.: Skulehuset var vel bygt i 1903 eller 1904, du var vel av dei fyrste som gjekk på den?

Ja, eg  var det. Det var han Fursethen, til å begynne med, men han var gammale. Eg gjekk nå heile tida med nå flydal,hadde berre Fursethen i fyrste året.

L.S.: Du vaks ikkje opp her på garden?

Nei, der han Maurits Akslen bur, der budde eg. Det er gamlehuset endå, for det meste. Oss ha store støver. Oss hadde omn, bileggar dei kalla og grue i kjøkenet. Ifra gruene var ein tunell inn i dene omnen i støvå, ein store ovn, ein meter i kvar kant kan du seie. Kanskje litt lenger. Dei kalla han Bileggaren, og det var omnen oss hadde i storstovene. Oss laua mykje - og det var berre å ha eit lauvkjerr som ikkje var oppløyst, knurva det ihop og køyrde det inn i det her olet, inni denna ovnen, så du kunne bruke både grua og omnen samtidig. Men du måtte legge inni frå kjøkenet der som grua var, der var ikkje anna åpning på denne der enn detta ølet du kaurde ved inni, og tjukt jern så det var voldsomt ka han varma. Og det var ikkje så nøye med veden om han var lang eller om han var kløyvd, du berre køyrde an innigjennø.

L.S.: Og maten til kvardags?

God mat, kveldsmaten var fast graut, enten avremelsgraut eller byggmelsgraut  med sirap på, det var fole godt - og surmjølk, det åt oss unda. Me var nie syskjen. I storestøvene var ein slabenk som du drog utigjennø til oss ungane, så oss låg stundom 3 oppi den. Den benkjen var slik at med dagen så skrudde du den ihope litengrann og da hadde du ein svære benk.

L.S.: Når det gjaldt klede?

Det stod ikkje på, for eldste systera var skreddar. Ho heitte Eldri, ho var på Aramsøyne lenge og sydde, og så kom ho eim og sydde konfirmasjonsdress til meg. - Det va ikkje noke som stod på, det 

va einaste at me måtte arbeide -

L.S.: Kor mykje krøtel hadde dokke på garden?

Det gjekk vel ein 6-7 kyr og kviger og ungdyr. Hest hadde oss ja, og saude og gris. Og høns me - alt slag. Så ykje at me heldt oss med mat, men oss gjekk på buda når det var nokke.

L.S.:  Hadde dokke katt og?

a, katt var der ja. Men hund var ikkje på garda med oss.

L.S.: Du fortalde om kveldsgrauten, men morgonen då?

Det var brød, ho mor steikte ho, me ha mjøl for me mol opp kornet og baka godt brød, det var nå mykje flatbrød bakt, det var som ein videnskap det å bake flatbrød til jul. då ha me stablar oppunder taket på lofta.

L.S.: Og til middag? 

det var fisk og ball og kjøt stundå - det var no helst flesk - kokt flesk som var salta.

L.S.: Så gjekk du på skule, korleis var dokke kledd då, pent?

Ja, det var liksom sundagskleda det, me ha på skulen. Og så va det nokke slag styr med å passe på å ta seg når du kom atte. Me fekk ikkje gå ti dei kleda.  -Eg likte meg godt på skulen. Men me ha ikkje meir enn to bøke, det var bibelhistorie og forklaringa. Bøkene låg på skulå, oss tok ikkje dei heimatt, so som reknebøkene, me frakta ikkje på dei kvar dag. Men desse to skulle du lære lekse ti, dei ha du heim. Då siste dagen i året når du skulle ta eksamen då møtte det opp ein anna lærar, dei byttest då. Så trakte oss lappe då, hugsar eg trakk dampmaskina og måtte på tavla og teikne henne opp. Eg kan nå skryte av at eg sat ikkje atte ein gong. Han Flydal var ein kjekke lærar.  - Oss sat to og to i kvar pult, eg og han Aure-Lars ha same pult heile tida. (Far hass Leon Emblem)

Om Emblemsruta:

Eg hugsar ikkje årstalet, oss kjøpte oss ein liten Chevrolet - den billigaste bilen - oss var ikkje så mange, ein 10-12 aksjer kanskje.  - Då  vinterstida måtte oss pløge snøen, med treplog, utover vegen. Men så fekk oss alminneleg plog som ein sette på bilen. Men ein måtte vere med oppi ein 5- 6 mann, like ut til Spjelkavikja - på Myrabakjen, At han kom seg utover til byen. Når her var snøv og skavlar og styggever. Han sokk ned i snøven, og spann og oss laga te fasiner så han fekk køyre seg på fasinene. Og kor oss kom innatte derifrå, det kan eg ikkje sei anna enn at oss gjekk innatte då. For det var når han skulle utover.

L.S.: Det var dårleg veg her då?

Dårleg ja, han tolde ikkje bussen, eg hugser ein gong   det måtte eit hestelass med fasiner og la i hjulspora ein heil strekning. - Og vegen var så smal at det var såvidt du fekk køyre forbi folk det.

Måtte vere forsiktige då med. - Men det gjekk då så at me tok ikkje ut det me hadde tilgodes det første året, men oss tok aksjer for det, og så kom her mange fleire attåt. Sia då gjekk det opp og opp, men dette første året - kor os sleit og arbeidde første året. Det syntes oss ikkje blei påakta. Fôr og vaspa - fylgde honom og så denne styggels Pjuskebakken, når her var stuggever eller snøslaps eller glatt, så var det å gå utover å ta imot honom. Ein flokk. Og ein gong ved Siribrune, Eljas var med oss der oss møka for at han skulle få seg sats og kome seg opp. Nokså mykje snø - gammelbrua der er vekke, du ser henne langt neri no. Ein bakkje slik ned og oppatt igjen. Og elva rende i to kanalar der då. Då steig han Eljas utføre og gjekk rundkast og kom på haudet, for nerigjennå snøven, så me måtte få tak i føtene og fekk han på land att igjen. Han tok seg føre med hendene, men han fekk seg ikkje oppatt sjølve.

Eg veit ein gong i Myrabakkjen me heldt på med fasiner - då var både lensmannen der og ordføraren, han Blomvik frå Sulalandet. Borgund kommune var så rik då at dei visste ikkje kor dei skulle gjere ta pengane. Detta må me gjere istand sa lensmannen. Og der blei gått laus med ein gong og reparere vegen. - Oskar Emblem var første sjåføren, trur han ha 80 kroner månaden. Då køyrde han natt og dag, somarstida folk skulle på landet, han kaurde heilt ut i Steinvågen med flyttelass, etter at han ha køyrt folk til byen. - Eg veit ikkje om han fekk noke føre det, han ha ikkje noke timebetaling, anna enn desse 80 kroner månaden. Og sånn som oss med den fyrste bilen oss hadde, oss tok ikkje eit øre oss for at oss gjekk dagane, me byttast åt då, men når der mangla folk så måtte me avsted.