Skulebilete frå 1913 med årskulla 1902-06

Klassebilete av småskulen på gamleskulen på Skaret i 1913. Lærar Lars Flydal har tydeleg god disiplin på elevane sine. I dag er skulen vekke og det ville ikkje vore like trygt å stå på same plassen ved hovudvegen i dag. Eg trur at det var kring 1956 at skulen vart seld til husmorlaget, men det er også mogeleg at dei leigde den litt først. Dette året vart Blåskulen innvigd og gamleskulen fekk etter kvart namnet Husmortun. Det har óg vore barnehage og innreia til klubbhus for speidarane i kjellaren. Ei tid heldt også ungdomslaget til i kjellaren før Ungdomshuset Borgheim stod ferdig i 1934.

Takka vere Harald og Eli Reiten kan eg no publisera namna på dei som vart fotografert. Det er Karl O. Emblem som har samla inn namna og skrive dei ned for ettertida.

1. rekke f.v.: Sevrin J. Emblem, Johan O. Emblem, Karl S. Nedregotten, Lars F. Emblem
2. rekke f.v.: Karoline Nedregotten, Anna K. Østrem, Ragna J. Akslen, Kristine Emblem, Inga Nedregotten, Olava Magerholm, Lovise Akslen, Karoline Emblemsvåg, Henny Østrem, Anna K. Nedregotten.
3. Rekke f.v.: Knut N. Emblemsvåg, Anna J. Emblem, Lovise Magerholm, Anna P. Emblem, Olga P. Emblem, Inga Langvad, Dagny Honningdal, Anna S. Nedregotten, Ragna Østrem, Lise Akslen, Dina Nedregotten.
4. Rekke f.v.: Klara S. Nedregotten, Olga F. Emblem, Ella Emblem, Klara (?) Emblem, Astrid Østrem, Jerta Lundstrøm, Inga J. Emblem, Olava Nedregotten
5. Rekke f.v.: Lærar Lars Flydal, Peder Magerholm, Kristian Emblem, Tore Magerholm, Johan J. Emblem, Oskar O. Emblem, Jonas Langvad, Ingvald Østremsreit, Lars Nedregotten, Johan S. Nedregotten.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.03 | 13:53

Takk for det. Alt er dessverre ikkje heilt oppdatert fordi eg har prioritert å få ut bygdebok dei siste åra. sjekk gjerne Gamle bilder fra Emblem på Facebook óg

...
15.03 | 08:30

Tusen takk Kjartan. Har du fleire bilder av bestefar ?

...
15.03 | 00:00

Kulturhistorie på sitt beste.

...
14.03 | 23:00

En liten kommentar til underteksten på bildet, - dagens bunader er mer eller mindre 'konstruerte', gjerne opp til en mannsalder etter bildet ble tatt.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE