Om Steffen Steffensen Emblem og bondeopprøret i 1817

Napoleonskrigane var over, eidsvollmennene hadde drege heim att for lenge sidan, og Noreg hadde no fått svensk overherredøme samt ei sjølvlaga grunnlov. Folk flest bar enno preg av det som hadde vore. Dei var truleg krigstrøytte og det var nok heller skrint for pengar på kistebotnen hjå dei fleste. Handelsblokade, ekstraordinære krigskattar og auka prisar på det aller nødvendigste hadde sørga for det. Eg har likevel ikkje funne noko hald i at folk Emblemsbygda svalt. Dei hadde fisken når kornet mangla og av dei få som døydde i bygda frå 1802-1815 var stort sett alderdom eller dødfødslar årsaka. Det fanst dei som måtte gå frå gard og grunn fordi dei ikkje makta å betale for seg, medan andre såg moglegheiter, slik som Jens Jensen Heltne (f. ca. 1770) som kom sørfrå og kjøpte heile storgarden Magerholm med Magerholmvika attpå i 1814. Han betalte også halve lånesummen attende året etterpå, og slikt var sjølvsagt ikkje vanleg. Atle Døssland peikar på mogelegheita for at det var dei som flytte frå Emblemsbygda og Sunnmøre i håp om eit betre utkome. Nokre drog kanskje nordover til betre fiskehamner, medan andre busette seg i Romsdalen og Nordmøre.

Folkeminnesamlaren Peder Fylling gav i 1877 ut ei bok med folkesagn frå Sunnmøre. Der fekk han plass til ein tekst om haustinget på Sørneset i 1816. Han skreiv ei særs detaljert fortelling om hendingane som for ettertida har vorte kjend som «Bondeopprøret i Borgund». Det er hovudsakleg Fylling og historikar Atle Døssland eg støttar meg til i denne teksten. Steffen Steffensen Emmelem har for ettertida fått ein sentral plass i fortellinga om dette opprøret, og det er hovudsakleg han eg vil fortelje litt meir om.

Det tilspissar seg på hausttinget

Dei frammøtte bøndene vart både sinte og hørøysta då dei fekk greie på den nye forordninga med pålegg om brennevinskatt for alle, om dei brende eller ei. Ved påbodet kunne futen heller ikkje forklare tilstrekkeleg kor mykje dette utgjorde av den totale skatten som skulle krevast inn. Året var 1816. No var det ein ny konge som hadde vorte krona og det verka ikkje som om han viste noko meir omsut for undersåttane sine. Bøndene ville rett og slett ikkje akseptere dette påbodet, og det var her ein av dei frammøtte skal ha heva røysta og sagt at den første mann som betalte brennevinskatt skulle slåast ihel. Fortellinga skal ha det til at ein av futen sine hjelpesmenn på tinget då hadde sagt seg villjug til å vere den første betalande allereie. Det heile vart difor også sett på som alvorleg trugsmål mot ein offentleg tenestemann.

Ser ein på Fylling si beskrivelse av hendinga, så hadde postmeister P. Tonning betalt sin del av brennevinskatten då Steffen skulle ha uttalt desse truande orda. Det skal ha vorte "en stor tumult og støi" både innandørs og blant dei frammøtte og ute på tunet der enno fleire hadde møtt fram. Då hverken "fogd og skriver tillikemed flere almuesmenn ikke bestemt visste hvem som uttalte disse formestelige ord. Retten måtte heves og forhør fremmes straks i løpet av den 8. og 9. januar neste år, 1817, og resultatet blev at angjeldende Steffen Emblem var mannen for hin ublue tale"

Steffen vart då lagt i fangejern og satt ifogderiet sitt arresthus i Kolvika. Folk meinte at Steffen "efter deres anskuelser ikke alene var deres talsmann, men endog uskyldig(..)" Det var omtrent 30 av dei mest innflytelsesrike menn i Borgund som engasjerte seg i denne saka.

Kva var det eigentleg som skapte så mykje harme på hausttinget. Ordninga med eige norske styresmakter og Grunnlova av 1814, hadde nok gjeve forventningar og kanskje håp om betre tider. Mange vart skuffa då dei nye styresmaktene gjekk i gang, mest med det same, med fleire skattekrav og sterke oppmodingar om frivillige ytelsar oppå det heile. Då dei fekk påbod om at dei gamle koparpengane skulle inndragast for å skape bedre orden i pengestellet, vart sunnmøringene temmeleg irriterte. Dei meinte og at futen hadde underslått av dei innsamla pengane. Deretter kom  ei sterk oppmoding om at ein skulle levere frivillige sølvinnskot til den nystarta riksbanken. Dette vart ikkje særleg vellukka. Oppfordringa vart dermed endra til tvangspålegg. Brennevinskatten kom so på toppen av det heile.

Steffen vert Fengsla

Futen Landmark fann seinare ut at det skulle ha vore Steffen som var den skuldige og sette han i fengselet i Kolvika. Futen fekk inga støtte hjå almugen for denne handlinga. Mange av bøndene meinte at det var feil mann som var fengsla og den 18.1.1817 sette dei i gong ein protesteksjon. kring 3-400 menn møtte opp utanfor fengselet og tok nøkklane frå arrestforvarar Johannes Olsen Koldvig med makt. Kor viljug arrestforvararen var til å verne om nykkelen, det er ei anna sak, men dei tok alle i nøkkelen slik at ikkje nokon enkeltperson skulle kunne stillast til ansvar åleine. Det var med andre ord ei nøye planlagd handling. Dei låste opp døra og henta Steffen ut or fengselet

I Peder Fylling sin tekst finn me enno fleire detaljar om hendinga. Dei frammøtte først krevde at arrestforvarer Johannes Olsen Koldevig skulle sleppe ut Steffen. Då han ikkje kunne imøtekomme kravet, så ba dei om å få nøkkelen og fekk heller ikkje den. Då truga dei han med vold og mishandling, turte han ikkje å st imot lenger. Alle dei frammøtte tok så nøkkelen i si høgre hand etter tur før dei låste opp arresten den 18.1.1817. dei løyste Steffen frå fangejerna og ba han om å reise heimatt til Emblem. Dei frammøtte beslutta så å sende muntlege og skriftlege bod til alle gardane i distriktet om at dersom dei vart tiltalt, skulle alle saman hjelpe kvarandre til det ytterste og ikkje verte skremd sjølv om det endte med blodsutgytelse. Om alt dette stemmer, er eg ikkje heilt sikker på. Det verkar som om Fylling kan ha tillagd Johannes litt meir edlare tankar enn det som var realiteten. På den andre sida så var også dette nødvendige argument i den påfølgande rettsaka. Johannes vart i alle fall trudd av retten.

Futen fekk høyre om desse opprørske planane, og at heile den sunnmørske allmugen skulle sette seg opp mot han dersom aksjonsleiarane likevel vart tiltalte. Landmark sende då bod til alle lensmennene og bad dei finne ut om det gjekk nokon bodstikke mellom bøndene og å varsomt tale til rette dei som hadde desse opprørstankane, utan å nemne ordren som han hadde gjeve dei. Futen sende og eigne opprop til tingallmugane og kyrkjelydane der han mante til samhald og samfunnsånd.

Soldatar vert sette inn

I slutten av januar 1817 nådde truslane sit høgdepunkt ved at bøndene i fleire tilgrensande distrikt ville, eller hadde allereie slutta seg til borgundbøndene. Det utvikla seg til at 100 soldatar vart beordra frå Major Lind sitt kompani på Ørskog og ytterlegare 100 mann frå kaptein Rommelhof i Volda. Desse skulle sendast til Borgund etter amtets ordre den 5. og 6. februar. Meininga var truleg å avskrekke bøndene, etter at muntlige advarslar ikkje nytta. Lensmenn, kirkebakken og sjølv preikestolen hadde vorte nytta til å roe befolkninga frå videre opprør. Steffen vart så henta med militær makt og på nytt satt i arresthuset, saman med Lars Olsen Holen, som og skal ha sagt noko  i samme lei på hausttinget. Arrestforvareren blei avsatt og fengsla. Futen frykta nok for konsekvensane då han fekk vite at bønder såpass langt sør som Stadt hadde støtta bøndene i Borgund. Han drog så sørover for å sjekke om dette stemte.

I eit brev til amtet 3. februar 1817 hadde Landmark uttalt bekymring over at soldatene var i svogerskap og slektskap med folk i Borgund og at en del av dei hadde hatt tjeneste der. Han stolte på befalet men følte seg likevel usikker på korleis dei menige soldatane ville reagere. Ei anna bekymring var at ei rettsak mot Steffen skulle haldast når så mange frå distriktet og fjordane var  samla i Borgund til vinterfiske. Amtsmannen hadde krevd rettsak mot Steffen og Lars skulle rettast mot dei to åleine, mens futen peikte på at dette var i slik ei nær tilknytting til sjølve opprøret.

Dommen fell

Den 17. mars sendte futen brev til kompanisjefane Lind og Rommelhof, og då var dei framleis ustasjonert på Sørneset, Nørve og i Kolvika. Dei får vite at soldatane må vere der enda lenger sidan forhørskommisjonen endo ikkje var ferdig med sitt arbeid og difor ikkje klar til å avseie dommane. Det vart vidare rekvirert meir brød til dei frå handelsmannen Mecklenburg i Vegsundet. Fogden godkjente at fleire av dei arresterte fekk bu heime mot kausjon, og ta del i vinterfisket 1818. Steffen var ein av desse, men N.N. Godø som vart anklaga for å vere hovedmannen bak opprøret, fekk ikkje lov til å forlate arresten, då ein venta på dom frå Høgsteretten. Den 2. juli 1818 fekk Lensmannen i Borgund brev fra fogd Andreas Landmark, som hadde hørt at N.N og N. Godø hadde tenkt seg til Bergen saman med N. Djup. Dei hadde fått lov til å vere heime under fisket, men drog dei avgårde lenger enn det, så vart dei arresterte igjen.

Så 14. august 1818 fekk Lensmann Otto Glomseth beskjed om å forkynne høgsterettsdommane til hovudmennene bak opprøret. N. Godø vart dømd til livslangt slaveri, N.N. Godø fekk 8 år. To andre fek frå eit halvt til 1 1/2 år i fengsel, medan Steffen og Lars fekk 3 år kvar. Den 24. august vart arrestantane henta i to seksringsbåtar tilhøyrande Ole Nilsen Brandal og Gunder Paulsen Høvlid og ført til Bergen. 9 andre vart dømt til 14 dagar på vann og brød medan 17 andre fekk 8 dagar. Dei fleste fekk i tilleg bøter og Steffen måtte på si side betale 18 1/2 Spesidalere. Arrestforvararen Johannes Koldevig var heldigare og rikjent. Han fekk også attende stillinga si.

Dommane vart sett på som milde den gongen, for oppvigleri var ikkje noko ein tok lett på. For ettertida kan særleg dommen mot N. Godø framstå som særleg hard.

Kven var så Steffen Steffensen Emblem

I 1801-tellinga finn eg ein 30 år gamal Stephen Stephensen som husbonde på det eine bruket i klengetunet på Emblem. Denne garden skulle seinare få namnet Steffågarden etter han. Steffen var gift med Anne Ellingsdotter på 27 år og dei var truleg nygifte. Det var ikkje registrert nokon born enno, men dei hadde ei tenestejente på 52 år og ho hadde kanskje ansvar for kårkona og legdslem Ingeborg Olesdotter som delte hus og heim med dei unge gardbrukarane.

Gardsoga for Borgund fortel at han kom til Emblem frå Gjørva i Geiranger. Søstra hans, Oline (1760-1834) som gifte seg i Knutgarden på Blindheim br.nr. 6 står også oppført med etternamnet Gjørva. Når eg leiter i kyrkjebøkene frå Geiranger, så finne eg ikkje Steffen, men handskrifta er særs vanskeleg å tyde så det kan vera ei medverkande årsak. Det eg derimot har funne, er dødsattesten frå Borgundkyrkje og der er han registrert som 66 år i 1832. Det tyder på at han vart født kring 1766. Det eg derimot kan sjå er at han gifte seg med Anne Ellingsdatter Vestreås (1774-1825). Borgundboka oppgjev og at ho døydde 50 år gamal i 1725, opplysningane kan stemme brukbart. Truleg er det berre ein skrivefeil, men eg har og påvist feil ved årstal ved andre høve. noko som kan tyde på at ein ikkje bør stole blindt på alle opplysningane i gardsoga.

Steffen og Anne fekk i alle fall 8 born. Av desse var ein dødfødd . Minst tre andre døydde som born, og det er mogeleg at det var enno fleire også. Borna Steffen (1803-1883) og Oline (f. 1812 og gift 1836) busette seg i Knutgarden og Pegarden på Blindheim, medan Elling (1806-1849) Tok over bruket. Det skal også ha vore Elling som bygde den første høyvogna på Emblem. Han hadde vorte smitta med lepra av ein legdslem på garden og reiste heilt til Bergen og Kristiania i håp om å verte frisk. Då han gjekk heimatt hadde han god tid til å sjå seg ikring. På austlandet fekk han då auge på gardsreiskap med hjul. Dette var uavnleg på sunnmøre og han rakk å bygge seg eit eksemplar før han døydde kort tid etterpå.

Peder Fylling har i si fortelling om opprøret i Borgund lest temmeleg grundig i sakspapira. Han fortel også at Steffen vart fødd på garden Bjørstad i Norddalens Prestegjeld og at han var son av Steffen Olsen og Synnøve Ellingsdotter. og Steffen "tok i 1810 gården Emblem i besiddelse", men eg finn han ikkje under Bjørstad i bygdeboka for Norddal, eller Sunnylven for den saks skuld. Peder Fylling var ein sjølvlærd historiekunnig med sans for omskrivingar av kjeldematerialettil meir «korrekt norsk». Det er difor grunn til ein viss skepsis kring delar av det han skreiv, men det meste er det grunn til å feste lit til. Det var ikkje mange åra atterpå at han skreiv ned det som hadde hendt og dette var truleg eit samtaleemne i mange år etter hendingane også.

Kjelder:

Digitalarkivet: Folketellingar og kyrkjebøker på nett.

Døssland, Atle: «Folketal og næringstilgang på Sunnmøre 166o til 1815» Skrift 10, Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda 1984

Døssland, Atle: «Med lengt mot havet: 1671-1835», Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. Samlaget 1990

Fylling, Peder: «Folkessagn samlede paa Søndmør 2den Del», Aalesund 1877

Strømme, Lars: «Bumerke frå Sunnmøre», Cammermeyer, Oslo 1943

Øverlid, Ragnar: «Bygdebok for Borgund Band II, Gardsoge 1-51». Borgund og Giske bygdeboknemnd. 1961.

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Gunnvor Godø | Svar 14.10.2017 13.56

N.Godø = Nicolai Larsen Godø som fekk straff på festning i jern på livstid saman med Johannes Salmundsen Godø som fekk festningsarbeid i 8 år +Ingebrigt Hansen

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE