HELSESTELL I BYGDA

Rasmus Hesseberg i sjukesenga heime på Hesseberg. Nokre år tidlegare fekk han lungebetennelse. I ei tid før antibiotikaen kunne det verte alvorleg. Han måtte etterkvart fraktast til sjukehus for å tøme veske frå lungene. Rasmus vart aldri heilt god at etter det. Det heile sette ein støkk i dei neraste.

Lovise Hesseberg steller godt for sin sjuke ektemann heime på Hesseberg.
Lovise Hesseberg steller godt for sin sjuke ektemann heime på Hesseberg.
Sendebod og kanskje bergingsmann? Han vart kalla "Bardosen" og var den som tok ut på den lange ferda til doktoren i Ålesund  etter medisin.
Sendebod og kanskje bergingsmann? Han vart kalla "Bardosen" og var den som tok ut på den lange ferda til doktoren i Ålesund etter medisin.

Sjukdom kring 1920

Teksten er skriven av Maurits Akslen

Når nokon vart sjuk i åra rundt 1920 var det ikkje så greitt. Det var ikkje berre å ta telefon og ringe etter lege, eller ambulanse. Men når nokon var svært sjuk, vart ein nok nøyd til å få tak i lege. Då var det å gå til telefonen på Reset og be legen kome, og så var det å vente. Det var då berre legeskyss som hadde løyve til bil, så det var eit særsyn og folk skjøna det var noko galt fatt ein stad. Når så bilen stansa kom mest alle gutongane i bygda for å sjå på bilen. Skulle legen då kanskje heilt til Hesseberg, var det endå verre. Klarte bilen Akslabrauta, var det å gå i båt på Magerholm og ro til Hesseberg, opp bakkane der og så same veg attende.

Lungebetendelse var det ikkje råd å snu, det gjekk sin gang. Klarte pasienten 9. døgnet "Krisedøgnet" vart han frisk att. Det kunne bli mange strie døgn og då måtte naboane skifte på med nattevakt. Det var folk som låg til sengs heime i årevis og vart stelt av sine eigne. Ein sjuketransport eg hugsar var omlag såleis: Ein fekk tak i lege som gav ordre om innlegging på sjukehus på grunn av akutt blindtarmbetennelse. Det var då samla folk, laga ei slags båre og så var det å bere mannen til Hamarsvika og få han ombord i ein motorbåt. Det var ein gamal båt som rista over alt på grunn av ein gamal 2-takts Alfa. Farta var ikkje stor, men på 1 1/2 time var dei kome fram til Buholmskaia og derifrå til sjukehuset. Mannen vart operert, situasjonen var kritisk, men han klarte det.

Ei anna hending: Ei kvinne skulle føde, stillinga var vanskeleg. Jordmora sto rådvill og det måtte lege til. Ute var det nærmast snøstorm, mannen og karane elles var i fiska. Då tok nabokona og drog fram sleden, sela på hesten, køyrde til byen og fekk tak i lege, og alt gikk vel.

Spanskesjuka var ei hard tid. I mange heimar låg heile familiar til sengs, og då måtte naboane hjelpe kvarandre med dyr og matstell. Det var mange som døydde rundt omkring, og ein del av Borgund Kyrkjegard har fått namnet "Spanskesjukekolonien". så vidt eg hugsar var det berre ein som døydde av den sjuka her i bygda. 

Tuberkolosen var ein hard sjukdom i 20-åra. så vidt eg hugsar døydde her da ca 20 personar, mest unge mellom 20 og 30 år.