Flypionéren Olaf S. Emblem

Olaf S. Emblem med todekkar-flyet sitt.

Utdrag av flypatentet til Olaf S. Emblem

Ei prinsippskisse av eit balanseror.

Flypionéren Olaf S. Emblem

Avisutklipp del1 frå søndagsutgåva av "Arizona Republican". Året er førebelsg ukjent.

Avisutklipp del 2 frå søndagsutgåva av "Arizona Republican". Året er førebelsg ukjent.

 Olaf S. Emblem

I 1906 endra den norske immigranten Olaf S. Emblem navnet sitt til det meir amerikaniserte namnet, Oliver. Seinare gjekk han bort frå dette og kalla seg i staden "O.S.". Han vart fødd på Emblem i 1880, og voks opp inne i ei lita fjordbygd på vestkysten i Norge. 14 år gamal drog han til sjøs og jobba som sjømann iungdoms- åra sine. Den gongen kom nyhende og idear sjøvegen via handelsmenn som tok dei med seg frå hamn til hamn over heile verda. I løpet av desse åra på sjøen fekk også han høyre om nyvinningane som var del av den komande industrialiserings-epoken.

Emblem fekk oppleve mykje og var med rundt Cape heile to gongar. Han var innom hamner som Aukland, Calcutta, New York, Rangoon, Capetown og Callao. Han vart til og med jaga av hovudjegerar på Borneo. Sjømannspapira hans fortel at den siste hamna han var innom var Honolulu med dampskipet "Balcutha" i 1901. Dette skipet er i dag eit Maritimt museum i san Francisco i California. På sjøen arbeidde Emblem på fleire båtar som enten snekker, maskinist eller ingeniør.

Hausten 1901 gjekk han i land og busette seg i Flagstaff i Arizona. Han hadde utvilsomt lyst til å slå seg ned her. Sagbruket gav jobb til han i likheit med hundrevis av andre arbeidarar, men det var først og fremst dampmaskina på bruket som fekk han til å velje akkurat denne staden. Med herr Emblems nylege erfaring med dampmaskina på "Blacutha", tenkte han nok at det var lett å få seg jobb.

I 1904 byrja Olaf å eksprimentere med luftfart. I Flyet hans tok han i bruk balanseror til å styre flyet med, slik som han hadde sett i Frankrike. Flyet hans hadde også tre landingshjul der det eine sat under nasen på flyet og ikkje bak under halepartiet. I september 1909 søkte han patent på flygemaskina si. I patentet tok han med ein pendel som fekk styrekontrollane til å gå tilbake til nøytral posisjon uavhenigig av variasjonar i tyngdekraft og flybevegelsar Medan andre fly fortsatt benytta stålwire og trinser festa med seletøy til piloten, brukte Olaf stenger, kraftforsterkerar og fjæring festa til ein einskild styrespak og kunne styrast av kun ein finger. Designet hans er veldig likt det ein fortsatt nyttar i dagens moderne fly.

Ein annan viktig forskjell hos Emblem sin patenterte design var at piloten satt over skrevs på motoren og slapp å ha motoren over hovudet slik som det var i tidlegare flyutgåver. Han fortalde i ein nyheitsartikkel i "Arizona Republican" at han ville heller lande på motoren enn at det motsatte skulle skje.

I mai 1910 stifta han "The Arizona Airmobile Company" for å markedsføre flyet saman med dei fire partnerane C.F. Ainsworth, C.F. Kunz, A.R. Kunz og L.J. Freemeau. Kunz-brødrene eigde ein lokalt verkstad på hjørnet av 2nd avenue and Jackson street i Phoenix. Olaf var ferdig utdanna smed  allereie når han var 19 år og kunne hjelpe Kunz-brødrene med å designe og maskinere delane for todekker-flyet i 1912. Patentet hans vart godkjent, men av ein eller annan grunn så slutta han å flyge i fleire år.

I 1913 slo Han seg nde i Santa Fe, der han gifta seg med Lillian Gildersleeve, som var ei av dei sju døttrene til dommer Charles Gildersleeve. Dei fekk to born. Olaf H. Emlem vart fødd i 1920 og Lillian Eleanor Emblem vart fødd i 1924. Han forsørga familien sin med verkstad og som lokal agent for Packard og Transcontiental samtidig som han pusla med  interessene sine innan luftfart, gruvedrift og kunst. I 1924 tok Olaf opp at flyginga og kjøpte seg eit standard Lincoln todekker.

I mai 1927 flaug Emblem en geolog frå Ohio Oil Company som heitte W.T. Nightingale. Dei flaug over 50 mil i New Mexico for å kartlegge moglege olje forekomster og kolfelt. Olaf henta Nightingale i Thoreau og dei flaug saman til Crown Point der dei sette opp eit hovudkvarter og ordna seg ein landingsplass. Han fortel sjølv at det ikkje var noko fint landingsområde, "Vi berre kraup opp Canyonen og landa flyet". Dei daglege turane over dei ugjestmilde områda var temmeleg hasardiøse sidan det er områder med minst 80 ooo kvadratmeter der flyet hans ikkje kunne lande. Mange av områda var så utilgjengelege at hverken motorkjørety eller hestar kunne nå fram til dei og det var heller ikkje vatn til hverken menneske eller dyr.

Navajo indianerane vart overraska då dei samla seg ved Crown Point for å sjå på flygemaskina og piloten. Ein gammal Navajo kalla flyet "dårleg varsel". Andre indianerar kalla Emblem "Den kvite mannen som flyg i skyene" på Navajo-språket, medan andre som hadde høyrt flymotoren, kalla flyet for "Tordenfuglen".

Han var så interessert i flyfart at han til og med donterte landområde til å byggje Santa Fe sin første kommunale flyplass i 1927. Han hjalp kommunen med å designe og forberede ei forlenga rullebane slik at Charles Lindbergh kunne lande flyet sitt i Santa Fe under den historiske flyturen på tvers av USA. Olaf Emblems eminente støtte til lokalsamfunnet vart verdsatt av Guvernør Dillon som valde han ut til  å representere New Mexico ved dedikeringa av Lindbergh field i San Diego året etterpå. Han fekk også Daniel Guggenheim Fondets pris for innsatsen i utviklinga av flyfarten.I 1931 lot guvernør Seligman han representere New Mexico på Nasjonal fly konferansen i Cleveland i Ohio.

I tillegg til flyginga var Olaf Emblem ein dyktig kunstmålar. Biletet hans av White Rock Canyon vart utstillt saman med Fremont Ellis og Carlos Vierra sine bilete i Santa Fe. Han var og ein entusiastisk fotograf. Kunstnertalentet hans er synleg i fleire hundre bilete som han tok av menneska og stadene i New Mexico. Han døydde  Santa Fe i 1938.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE