Agneteplassen

Omtrent her låg Agneteplassen, litt sør for Nedre Hatleholen nr. 12 Kartkjelde: www.Finn.no

Frådelt Hatlehol Indre

Agnete Marie Rasmusdotter Eikenos (1848-1926) er nemnd som syerske her i 1900-teljinga. På  den tida budde der fleire med samme yrke på Hatlehol. Der var også ein skreddermeister, som  kanskje var den som gav jentene arbeid og opplæring. Agnete var ei av desse. Ho budde her frå  om lag 1890, til ho gifta seg 1900 med skomaker Hans Lauritz Magnussen Emblem(3) (1862-  1958), frå Hatlebakken på Emblem. Ho budde i eit lite tømmerhus, om lag 20-30 meter aust for den  eldste skulestova på Hatleholen. Det er like sør for eigedommen som i dag heiter «Nedre Hatleholen

12». Ho hadde nok fått plassen gjennom far sin, Rasmus Halsteinson Eikenos (1808-1888) på  hovudbruket. Agnete og Hans flytta frå plassen ikring 1907. Dei tok då ned stova og flytta den med  seg til «Hatleholgarden», Blindheim(55). Stova er i dag austre del av huset der. Hans gifta seg opp  att 1928. Hermod Blindheim kunne hugse at faren viste han kvar stova på Agneteplassen stod. Då  var det berre nokre steinar att av grunnmuren. Knut Ødegård fortel at Agnete hadde strikkemaskin.  På 1930-talet gjekk dei frå Puskhola til Blindheim med ulltråd til strikking, og sko som Hans skulle  lappe.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.11 | 19:44

Takk for info. Der kjem snart oppdatering av denne teksten, som har avventa ferdig bygdebok.

...
15.11 | 19:35

Min farmor. Karoline Kristine Furseth (1879-1954), datter av Knud A.Karlsen Furseth, ble gift med bødker Ragnvald Johan Paulsen i Skutvika, Ålesund. 7 barn.

...
14.11 | 18:29

Dette var ei flott side.
Godt gjort Kjartan

...
10.10 | 13:11

Ja, der hadde det sneke seg inn ein feil i farta. Tusen takk for hjelpa

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE