OLSPLASSEN

Frådelt Hatlehol Indre

Ole Ellingsen Rørstad(2) (dp.1766-1808) er nemnd som husmann i tidrommet 1801 til 1805. Han gifta seg 1801 med (Anne) Maria Jensdotter Myklebust(5) (dp.1774-1809). Begge vart kalla «Hatlehol nu Ramsvik», i forbindelse med dødsegistreringa i kirkeboka 1808 og 1809. Plassen kan dermed ha lagt ved gardsgrensa til Ramsvika, som vart delt frå som husmannsplass og kårbruk 1815, under Framigar, Eikenosøygard(3). Hatlehol Indre låg under Eikenosa, men ein kan likevel stille spørsmål ved om Olsplassen kan vere identisk med det som skulle verte husmannsplassen «Ramsvika». Det er likevel såpass mange spørsmålsteikn, att vi har vald å skrive om denne plassen under Hatlehol, i tråd med dei skrivne kjeldene. Ramsvika er omtala for seg under Eikenosøydegard, lenger bak i denne boka.

a) Johanne Helene (dp.1802-1888) var ugift. Ho er nemnd hos søstera på Buholmstranda i 1875. Johanne døydde på

Alnes.

b) Karen Marie Kristine (dp.1805) gifta seg i 1843 med Lars Carolus Nilsen Ystenes, brukar Fagervik, Volsdal(3).

Ole Jonsen Solevåg(10) (ca.1722-1803) er nemnd som husmann 1803. Han var husmann på Furholmen samtidig med Rasmus Rasmussen Fiskerstrand. Ole gifta seg med Hilde Olsdotter (ca.1746-1807). Dei var plassefolk i «Furevågen» frå 1793 til 1801. Ole døydde som husmann på Hatlehol, mens Hilde fekk bu på Furholmen til ho døydde, to år etter Ole. Sjå også Furholmen, Eikenosvåg(3), lenger bak i denne boka.

a) Synneve (dp.1768-1812) var tvilling. Ho vart døypt Solevåg, og er nemnd som krøpling i 1801. Synnøve

døydde på Furholmen.

b) N.N. (dp.1768) var tvilling. Ein veit ikkje meir om dette bornet. Kanskje død før fødselen.

Det kan sjå ut som om husmannsplassen vart lagd ned etter at Ole gjekk bort i 1803. Tidsrommet kan stemme med andre husmenn uten jord på Magerholm, i Østremsvika og i Emblemsvågen. Det kan soleis vere snakk om ei fjordstove, men ein veit ikkje sikkert.

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.