Fredvang bnr. 4

Peter Rikard Johan Bernhoft og Ragnhild Kristine f. Smørholm hos fotograf Sponland 1912. Bildet tilhøyrer Aalesunds Museum og har arkivreferanse AM-95003.018257.

Hagbart Bernhoft og Ragna Flisnes i 1919. Dei busette seg på Flisnes. Foto: Johannes Sponland. Bildeeigar Aalesunds Museum AM-95003.044601b

Hilda Bernhoft hos fotograf Sponland i 1909. Bildet tilhøyrer Aalesunds Museum AM-95003.009006b

Hilda Bernhoft hos fotograf Sponland ca. 1914. Det er niesa til den andre Hilda i dette albumet. Ho var dotter til Peter Bernhoft, som tok over Fredvang etter faren. Bildet tilhøyrer Aalesunds Museum AM-95003.024342

I 1910-teljinga finn ein den tidlegare husmannen, fiskaren og jordarbeideren, Herman Bang Johansen  Bernhoft (1847-1919). Han budde då hos enka   Oline Willeiksdotter Bjørkavåg(6) (1851-1943),  i Hansgarden på Flisnes. Ho var enke og sjølveigar sidan 1904, men enno ikkje kårkone. Oline budde  der saman med svigerinna si, Thommasine Martha Cornelia, som var fattigunderstøtta. Dei  fleste borna hadde reist til amerika, men planen vart etter kvart slik at sonen, Ingvald, skulle ta over  garden. Han var lærar og budde ikkje fast på Flisnes, men var heime og hjalp til i onnene. Såleis var  Herman god å ha på garden. Han kom opphavleg frå Meløy på Helgelandskysten, og etter kvart kom  også resten av familien sørover. Han hadde gifta seg 1881 med Hanna Jørgine Anna Rasmusdotter  Grønås (1855-1918). Det vart sonen, Peter, som fekk kjøpe eit stykke av Hansgarden.

a) Peter Rikard  Johan ( 1882-1958) fekk delt frå dette bruket 1912.

b) Hilda Alette (f.1884) var ugift, og busett i Ivar Åsensgate i Ålesund 1910.

c) Mathilde Marie  Andrea ( f.1886) var ugift, og busett i Ivar Åsensgate i Ålesund 1910. Nemnd 1945.

d) Justine Jakobie (f.1891) var ugift, og tenestejente i Skaregata i Ålesund 1910. Ho hadde to  voksne døtre i 1943. Dottera Haldis døydde 1944.

e) Hagbart Julius  Johan. ( 1895-1976) gifta seg i 1919 med Ragna Hansd. Flisnes(2), busett Blindheim.  Han var fangstmann i nordishavet og fiskar.


Sonen Peter Rikard Johan Bernhoft (1882-1958) fekk hausten 1912 skylddelt småbruket «Fredvang»  som bruksnummer 4. Han hadde gifta seg i januar det året, med Ragnhild Kristine Smørdal (1885-  1965). Ho var opphavleg fødd i Bergen. Peter var snikkar, og arbeidde mellom anna for Ole Ødegård  på verkstaden hans i Puskhola, Eikenosøygard(3).

a) Hilda Laura (1913-1995) gifta seg i 1938 med Kristian Laurits Sjøholt(45), busett Sjøholt(116).

b) Henry Hagerup (1915-1945) kom ikkje heim etter krigen. Han vart gravlagd i Cochin, India.

c) Alfred Harald (1917-1943) var ugift. Han miste livet då «m/t Nordtind» truleg vart senka av tysk  ubåt, på veg frå New York til Mersey i 1943. Før krigen var  han gartner, og tok hyre første gong hausten 1939 på «d/s  Regin».

d) Sigvald Olav (1919-1993) gift i 1949 med Anny Aarseth frå Bergen. busett Bergen.

e) Ruth Palma (1922-1991) var ugift. Gravlagd saman med foreldra.

f) Solveig Klara (1925-2007) tok over bruket.


Dottera Solveig Klara Bernhoft (1925-2007) var tekstilarbeider i Bergen. Ho gifta seg 1948 med  Finn Sigvard Arnesen (1918-2001), frå Bergen. Han var forskalingsnikkar. Dei busette seg på bruket.

a) Reidun Solfrid (f.1951) er sambuar med Jon Knudsen, busett Oslo.

b) Marit Anbjørg (f.1953) gifta seg i 1975 med Teofilo Montelibano, busett Oslo.

c) Helge (f.1955) tok over bruket.

d) Unni Solveig (f.1960) gifta seg i 1982 med Leif Johan Svensli, busett Eidsøra.


Sonen Helge Arnesen (f.1955) gifta seg 1998 med Sela Delector (f.1973) frå Filipinene. Han fekk  1990 halvparten av bruket, som forskot på arv frå tanta si. Dei fleste tomtene frå bruket vart seinare  seld av søskena i lag. Helge og Sela busette seg på tomt frå garden.

a) Finn-Alfred (f.1999) er busett på Flisnes.

b) Carl-Magnus (f.2002)   er busett på Flisnes.

c) Paul-Christian (f.2005)   er busett på Flisnes.

d) Kim-Helge (f.2006)   er busett på Flisnes.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE