BNR. 5 ELVESTAD

Elvestad er grensegarden mellom Blindheim og gamle Emblemsbygda. Flyfotoet er ophaveleg eit fargebilde. Kopien er lånt ut i farge av Aslaug Reiten
Elvestad er grensegarden mellom Blindheim og gamle Emblemsbygda. Flyfotoet er ophaveleg eit fargebilde. Kopien er lånt ut i farge av Aslaug Reiten
Arbeidstokken hos Ødegård Karosseri. Sverre Ødegård står bak og lengst mot høgre.
Arbeidstokken hos Ødegård Karosseri. Sverre Ødegård står bak og lengst mot høgre.

Sverre (Hannibald) Ødegård, Eikenosøygard(1) (1906-1982) var pleiesonen til Jens Johan og Jensine Ødegård, Eikenosøygard(1). Han gifta seg 1941 med Petra Kristofa Kvasnes  frå Torevågen, Eikenosvåg(1). Han fekk delt frå denne gardparten som arv ved tinglest skøyte i  1932. Sverre arbeidde som snikkar hos «Ødegård Karosseri» i Puskhola, og hadde også arbeidd ei  tid på møbelfabrikken til Rolf Ekornåsvåg ved Eikenoskrysset. Sverre arbeidde mykje med  nydyrking og jordforbedring på bruket sitt. Han dreiv også ei tid med sau, og premievær saman med  ein kamerat frå Stranda. Sverre og Petra dreiv ein del med torghandel i Ålesund. Karl O .  Emblem(6) i Steffågarden på Emblem var svogeren til Petra. Han hadde eigen bil, og hjalp tidvis til  med å frakte salgsvarene til byen. Andre gongar tok Petra bussen. Frå handskrevne lappar med  dagsrekneskap, kan ein finne at ho kunne selde både roser, erter, neper, og eit rikt utval med  sommerblomster, som asters, georginer, løvemunn og montbresia på ein og samme torgdag. Ho selde  mest blomster og bær, og der var også dei som vart så fornøgde med bæra at ho fekk takkebrev  etterpå. Sverre fekk overta båten til Utigard-Jens. Den låg nede i Vågane ved Furholmen.

a) Aslaug Jorunn (f.1943) gifta seg i 1964 med Ivar Kåre Reiten, Østremsreiten(1). Sjå meir  om dei der.

b) Nils Inge(f.1946) tok over bruket.

Sonen Nils Inge Ødegård, Eikenosøygard(5) (f.1946) tok over bruket i 1983. Han er dagens grunneigar.  Bruket har i dag gateadressa Puskholevegen 10. Han var tidligare gift med Herdis Karin  Nygård frå Blindheim, og er no sambuar med Sigrun Hamre (f.1947).

a) Mona Kristin f.1971 2007 g.m. Oliver Dietrich, busett Karlskrona, Sverige.

b) Kim f.1972 Busett utanfor Stockholm, Sverige.