Skyttarlaget - den eldste historia

I grøfta mot høgre: Olav Østrem, Ivar Reiten,Olaf Hesseberg og Malvin Garshol. Alfred Hesseberg med svart hue, Harald Reiten skyt kneståande og Odd Lundanes nærmare skyttarhuset.

Frå boka "Norges skytterer i ord og bilder" av Willy Røgeberg, 1955

Frå boka "Norges skytterer i ord og bilder" av Willy Røgeberg, 1955

Fredrik Garshol med Malvin Garshol i hendene. bildet tilhøyrer Eli Lundanes

Kan det vere Harald Reiten i farta skal tru? Ukjent fotograf

Odd Lundanes er kanskje mest kjent i skisporet og orienteringsløypa, men var også med i skytterlaget. Foto: Olav Østrem

Harald Reiten må reknast som superveteran. Han er framleis aktiv, men skytterlaget på Emblem er lagt ned.

Idrettslagveteranar 1982. Nr. to f.v.: Peter Kaldhusseter (1907-1986) deltok på sin første skytterkonkurranse i Dalsbygda i Norddal allereie i 1922.

Oddvar Ramsvik var ein markant skikkelse i lagslivet i Emblemsbygda. Han var også skiskyttar. Foto: Emblem I.L.

Formennene. Frå Per Jorsett si bok frå 1966 "Skyttersaken i Norge 1941-1965"

Ikkje lett å skyte på skytebana på Emblemsfjellet no. Foto: Svein Ove Østrem

Restar av skiskyttar-bana ved lysløypa nede i bygda. Foto: Svein Ove Østrem

Restane av skyttarhuset på Emblemsfjellet. Foto: Svein Ove Østrem

Våpen har mennesket visst å lage seg i uminnelege tider. Fascinasjonen for leikevåpen og «krig» har vel kanskje gutongane hatt sidan tidenes morgon, helst til opplæringsformål, slik som også dyra leikesloss seg fram mot vaksenverdas alvor. Forma på leiken har nok endra seg med tidene. I min barndom, på 1970-talet, gjekk oftast «kampen» mellom cowboy og indianar, medan dagens unge nyttar digitale spel og datagrafikk til sin leik og tidtrøyte. I denne vesle teksten skal vi heller rette fokus mot «sportsleik» ligge, i dei vaksne si verd med ekte våpen. Skyttarlagstanken har også hatt sitt alvorsame bakteppe. Det er nemleg ikkje heilt tilfeldig når vi fekk vårt første skyttarlag i Emblemsbygda.

Ein finn skyttarlaget på Emblem nemnd i eit dokument for første gong i 1895. Vi veit dessverre ikkje den direkte årsaka til at laget vart stifta, for det finst der ikkje kjelder på, men ein kan likevel tenke seg kva årsaka var, for skyttarlaget kom ikkje heilt «ut av det blå», og dette var heller ikkje det einaste laget som vart stifta mot slutten av 1800-talet. Eg finn det derfor verd å fortelle litt meir om samtida, samfunnet og politikken, som desse pionerane var ein del av.

Litt om den eldste historia til dei norske skyttarlaga

Ein finn eit og anna midlertidig «skyttarlag» i hovudstaden heilt attende til 1810, og fleire utover landet i tida fram mot midten av 1800-talet, men ein reknar nok helst «Skydeselskabet Skarpskytten» i Kristiania, frå 1849, som det eldste laget. Dette var året etter februarrevolusjonen i Paris i 1848. Det var dyrtid i Europa, stor arbeidsløyse og opprøra spredte seg vidare til enno fleire land. I Norge var det fredelegare, med unntak av avisa Morgenbladet, som oppfordra til det fleire oppfatta som ei revolusjonær handling. Ein hadde vedtatt ei allmenn verneplikt, og dermed avløyst den gamle ordninga der berre enkelte vart innkalla. Det hadde tidlegare ofte vore slik at bønder fekk i oppdrag å utstyre og å sende av garde ein, eller fleire våpenføre menn. I praksis enda det gjerne med ein husmannsgut i staden for sine eine born. I periodar kunne ungdommar verve seg, men det var helst i fredlege tider. Under napoleonskrigane tidleg på 1800-talet var der heller dei som tok på seg lærargjerning og postføringa for å sleppe å hamne i krig. Ved fleire høve finn ein også dei som vart straffa for å rømme frå slagmarkene før den tid også. Ein trong derfor eit meir robust forsvar, og fleire godt trente soldatar. Ny våpenteknologi kravde også stadig meir øving. Ein merkar at dette auka interessa for skyting.

I 1859 finn ein nystifta «Christiania Vaabenøvelsesforening» i hovudstaden, og i samme periode vart der eit auka fokus på fysisk forstring, slik at ein fekk sunne og veltrente rekruttar inn til militær eksersis. Her trong ein nasjonale organisasjonar for å fremme desse ideala til beste for fedrelandet, og i 1861 såg «Centralforeningen for Udbredelse av Legemsøvelser og Vaabenbrug» dagens lys. Det handla altså om meir enn berre våpentrening, og frå denne foreininga kan ein i tillegg ane starten på idrettsbevegelsen og kroppsøvingsfaget i skulen. Av dei eldre skiøvingane, så var våpen med, så ein kan vel på sett og vis seie at skiskyting er ein av dei eldste konkurransegreinene. På vinterføre. Frå dei gamle instruksjonsbøkene kan ein også finne opplæring i rett vending med ski og våpen på militært vis. Rekruttane måtte dermed lære seg å «marsjere» på ei lang og ei kort ski, utan stavar.

I 1880-åra fekk ein den politiske konflikta mellom kongemakt og stortinget, som resulterte i både parlamentarismen 1884, og til slutt i oppløysinga av unionen med Sverige. Også her var skytterlaga sentrale. Partiet Venstre vart det første politiske partiet i landet vårt. Dette var ofte eit parti for funksjonærar, lærarar og underoffiserar. Venstre var altså ikkje for arbeidarar og småkårsfolk, eller dei «kondisjonerte», men var likevel for revolusjonære å rekne den gongen. Centralforeningen vart derimot leia av høgare offiserar, embetsmenn og «kongetru» nordmenn. Det resulterte i ein ny konkurrent, nemleg folkevepningsamlaga. Det heile starta i Nord-Trøndelag i 1881, og ein såg på skyttarlaga som ei viktig brikke i den politiske konflikta. Stortinget støtta derfor opp om slike «Venstre-skyttarlag» med pengar, men regjeringa og kongen nekta å betale, for dei såg på dette nærmast som ein opprørshær. Stadig fleire skyttarlag kom likevel til.

Stiftinga av skyttarlaget på Emblem

I Emblemsbygda var ein ikkje ringare enn i resten av landet, og det er ikkje tilfeldig at Emblem Skyttarlag vart stifta nettopp i 1895. Det året hadde Sverige trua med krig mot Norge, etter konsulatsaka. Den 25. juli vedtok derfor stortinget pengar til å byggje opp att marinen med fire nye panserskip og nye havgåande skip. I samme slengen vedtok ein å oppgradere festningane i Kongsvinger og Fredrikstad, samt bygge nye forsvarsanlegg mot svenskegrensa. Folk flest vart meir og meir klar for å gå ut av unionen med nabolandet, og ein kan nok rekne med at der også i emblemsbygda var dei som ønska å bidra i denne eskalerande politiske konflikta. I landet ellers vart det særeigne norske framheva. I kunst og arkitektur såg ein attende til ei norsk storheitstid. Funn av dei flotte vikingskipa «gav meir vatn på mølla», og ti år etter vert det referert frå ei folkeavstemning i Volda, der nær samtlege stemte for å bryte banda til Sverige i 1905, og berre ein som stemte imot, men skribenten hadde hørt rykter om at der fanst ein svenske i bygda. Den politiske striden mellom Centralforeningen og folkevæpningssamlaga roa seg gradvis, når ein no fekk ein meir tydeleg «krigshissar» i Svenskekongen. Ein vart einige om å stifte ein ny organisasjon kalla «Det frivillige skyttervesen» frå 1893, og den skulle omfatte alle skyttarlaga.

I 1895 vert det rapportert om 23 medlemmar i Emblemsbygda, og heile 19 rifler. Bygda var på den tida først og fremst ei jordbruksbygd, så ein finn ikkje så mange tradisjonelle venstreveljarar her. Likevel vart mellom 7 og 8 prosent av innbyggjarane med i skyttarlaget. Ein kan kanskje tenkje seg at læraren var med på å framsnakke partiet, men ein kan ikkje finne nokon klår samanheng mellom omgongskulelærar Knut Furseth og skyttarlaget i bygda. Det kan derfor vere snakk om meir eit tiltak som starta «på grasrota»? Den første formannen var J. Ekornåsvåg, og truleg identisk med Johan Nicolai Iverson (1865-1942) frå Furholmen i Eikenosvågen. Han vart den første sølveigaren på denne husmannsplassen i 1896. Det tyder at han ikkje var gardbrukar, eller ein kar høgt på strå heller. Dei på øverste hylle i denne bygda var kanskje meir opptatte av infrastruktur, som etableringa av posthus, kolonial, smømeieri og dampskipskai i Emblemsvågen.

Vi veit dessverre ikkje konkret kven medlemmane var den første tida, men eg undrar meg over om kanskje Ole Elias Jacobus Johanson Emblem (1870-1934) kan ha vore ein av dei tidlege skyttarane. Han var 25 år i 1895, og sonen Johan Emblem (1906-1973) fortalde i 1955 at han fekk interessa for skytinga frå far sin. Eg vel derfor å tolke det slik at også Ole hadde vore med i tidsrommet før han døydde i 1934 i alle fall. Skreddar Peter Bastian Emblem på Ystebøen kan også ha vore tidleg ute, saman med Andreas Emblem i Hatlebakken, Hans Akslen på Akslagjerde, Hans Petter Røssevold i Tykjegarden og kanskje Sivert Elias Nedregotten i «Syvergarden», (Elvemyr 8)? med ein veit det dessverre ikkje med sikkerheit, utover at det fleste var om lag jamngamle med Johan Ekornåsvåg, og tidvis formenn i skyttarlaget (sjå meir om dette lenger ned i teksten)

Krigsøvingar i Borgund

Frå den sterkt patriotiske avisa «Den 17de Mai.», datert 4. oktober 1899, kan ein lesa om ei storøving som involverte alle skyttarlaga på Sunnmøre. Den gjekk ut på at ein stor militær flåte hadde segla inn Breisundet til Emblemsbygda og sett i land soldatar. Dei skulle marsjere til Ålesund, for å ta byen frå landsida, medan krigsfåten skulle angripe frå sjøen. Skyttarlaget i Spjelkavik sendte øyeblikkeleg ut ei bodstikke til skyttarlaga i dei nærmaste bygdene, og dei skulle forsøke å stoppe framrykkinga av hæren ved Spjelkavik. Øvinga enda nok så som så, men i referatet kan ein lesa at hæren vart hefta fleire gongar, for skyttarlaga kjempa hardt imot: «Stridhuga var dei, og ingen vilde lata seg taka til fange». Det heile kan minne litt om seinare oppdrag, som først og fremst vart det militære heimevernet, I.R. 11 sitt ansvarsområde i nyare tid. Heimevernet vart først oppretta i 1911 som 11. regiment under femte Trondjemske bataljon. Ein kan også la dette stå som eit eksempel på den frykta som stadig fleire kjende på i dei komande åra framover mot den heldigvis fredelege unionsoppløysinga i 1905. Der herskar heller ingen tvil om anna enn att skyttarsaka var meir enn berre leik og sportsleg samkvem. Frå 1906 kan det verke som om lufta gjekk litt ut av den opphavelege skyttarlagsaka, men i 1908 tok dei til at, etter eit års pause. Der var framleis grunn til å vere førebudde. Kan det vere på grunn av politisk uro? Jørgen Løvland si venstreregjering frå 1907, i tospann med resten av det lavkirkelege «Moderate venstre», måtte gå av i 1908. Der kom ei ny venstreregjering i landet vårt, men restane av Moderate Venstre stod nok sterkare på nordvestlandet, med sitt fokus på moral, sparepolitikk og avhaldsaka. I samme periode finn ein det nystifta lagsbladet «Innaumnesingen» i bygda. Det hadde si rot i det Frilyndte ungdomslaget, som hadde fokus på mange av dei samme sakene. Ein fekk også fleire avhaldlosjar, og der fanst ein temmeleg nystifta indremisjon med eige bedehus. Det får meg til å tenke at også skyttarlaget kan ha hatt sin samanheng med det politiske partiet Venstre, og særleg den moderate sida. Ser ein nærmare på fleire av formennene, så hadde dei også tilknytting til småskala industri, handtverk og draumen om å starte noko for seg sjølv.

Innsamling til mitraljøser

I Romsdals Budstikke den 8. september 1914, kan ein lese at fleire bygdelag i Borgund hadde samla inn pengar til mitraljøser for «Søndmøre Regiments Landværnsbataljon». Av desse er lærar Lars Flydal og predikant Lars Austrem frå Emblemsbygda nemnde. Det var nok kanskje ikkje desse ein tenkjer på som karar i første rekke for å samle inn til kuler og krutt, men dette var snakk om byrjinga på den første verdskrigen og behovet for godt utstyrte nøytralitetsvakter for landet vårt. Norge har tradisjonelt vore opptatt av å verna om si nøytrale stilling. Sjølv under napoleonskrigane var dette Danmark-Norge sitt standpunkt, men begge partar pressa på for å få oss med på si side. Det var nok helst skipsflåten dei trong, men det var først etter det engelske flåteranet, av den Dansk-Norske skipsflåten, med mann og mus, at kongen valde å gå til krig. Dessverre så vart det då på Napoleon si side. Norge hadde nøytralitetsvakter både under den første verdenskrigen, og i starten på den neste, før okkupasjonen våren 1940. I den temmeleg nystifta I.R. 11 var nok skyttarane kjærkomne, og langt seinare, ved mobiliseringa i april 1940, skulle skyttarane på nytt få stor verdi mot dei tyske fallskjermjegerane på Dombås. Her var Petter Kaldhusseter frå Hatlebakken på Emblem ein av desse. I forfjamselsen over okkupasjonen var der visst dei som møtte utan uniformer også, uvitande om at dei ikkje hadde krav på samme rettar som dei i uniform. Også her vart kunnskap om mitraljøser viktige. Sonen til Lars Austrem, Hans, var nyleg heimkomen frå nøytralitetsvakt på Sola, med påfølgande trening med slike hurtigskytande våpen. Sjølv om det hadde gått mange år sidan innsamlinga i 1914, så var der framleis dei færraste soldatane som kjende til bruken av desse.

Formennene fram til 1925

I Haakon Viglander si bok om skyttarsaka frå 1927 kan ein lesa om kven som har vore formenn i det tidlegaste skyttarlaget på Emblem. Det gjev oss også ei viss innsikt i kven som har vore med, då det er grunn til å tru at dei var med i fleire år, før dei vart formenn også. I tillegg kan ein tru at fleire var med etter at formannsperioden var over også. Denne formannsoppgåva syner i tillegg kva år skyttarlaget har hatt pause i drifta. I 1925 var der totalt 23 medlemmar, med ei sjølveigd rifle og 18 lånte. Det er interessant å merke seg at der aldri hadde vore meir einn seks sjølveigde rifler frå 1895-1925. Om det skuldast økonomi, eller manglande interesse for å eige, er uvisst. Dei var heller ikkje så billege akkurat. Men over til lista: Lengst mot høgre har eg notert meg kven eg trur at den enkelte var, for fornamnet var dessverre ikkje med i denne boka.

1914 : H. Akslen (Det kan ha vore Hans (1888-1940) på Øvste-Aksla).

1895 og 1897: Johan Ekornåsvåg (1865-1942) frå Furholm i Eikenosvågen

1896 og 1902: A. Emblem. (Her er det fleire kandidatar. Kanskje var det Andreas (1875-1948) i

Ebbegarden, eller kan det ha vore Andreas Emblem (1864-1924) i

Hatlebakken? Eg trur at det kan ha vore den siste av dei).

1898 : P. Emblem (Dette er nok Peter Bastian Emblem (1869-1942) på Ystebøen).

1899 til 1901 : H. Akslen (Kanskje var dette Hans (1862-1949) på Akslagjerdet?).

1903 og 1904: S. Nedregotten (Dette kan ha vore Sivert Elias (1871-1952) i «Syvergarden»).

1905 og 1906: L. Akslen (Det kan ha vore Lars K. (1884-1929) på Øvste-Aksla, eller Lars (1875-1951) i Høla).

1908 : D. Magerholm (Eg trur at dette kan ha vore Daniel (1888-1962). Han emigrerte til Vancouver i 1911).

1911 og 1912: H. Ekornås (Kan et ha vore Hans Furseth (1884-1946)?).

1915 og 1916: L. Røssevold (Det er kanskje Lauritz (1890-1942) på Rognereiten?).

1920 til 1924 : H. Røssevold (Det var kanskje Hans P. (1865-1947) i Tykjegarden?).

1925 : K. Emblem (Kanskje var det Knut i Jakobgarden?).

Om ein reknar opp, så var ikkje skyttarlaget aktivt i 1907, 1909-1910, 1913 og 1917-1919. Det er interessant, for det kan tyde på at skyttarlaget kan ha vore dels tufta på politikk, ytre forhold, og ikkje berre ei interesse for skyting og idrett. Laget dovna først av etter unionsoppløysinga. Ein tok til att i 1908, men så var det kanskje vanskeleg å halde interessa oppe. Eg har tidlegare i teksten spekulert i om politikken spelte inn. Det kan sjølvsagt vere tilfeldig at skyttarlaget starta opp att når venstre måtte søke avskjed i 1908, og at der var stor interesse i starten på den første verdskrigen. Ein skal heller ikkje sjå heilt bort frå at det var vanskeleg å få tak på nok ammunisjon frå 1917, men det kan også ha vore den økonomiske nedgangen, og «trusselen» frå arbeiderbevegelsen som tente ny gnist i medlemmane i laget frå 1920. Om dei tenkte så mykje på kva som skjedde ikring dei, veit ein ikkje sikkert, men at slikt vart diskutert i lokalsamfunnet er ein lite i tvil om. I lista ovanfor er det vanskeleg å slå fast med sikkerheit kven alle var, utan medleslista, men der ser ut til å vere hovudsakleg to alderskategoriar, og dermed ei viss rekruttering. Det kan også stemme med medlemstalet som varierte frå 30-talet til 20-talet i periodar. Det slår meg også at der ofte var meir enn ti medlemmar når der var pause i drifta. Det gjer det vanskelegare å fastslå årsaka.

Søndmør Skyttarsamlag 1932-1940

På 1930-talet ser der ut til å ha vore ei endring. I boka «Skyttarsaka i Noreg: Soga og stoda no» frå 1933 finn ein ikkje emblemsbygda nemnd blant dei aktive laga i det heile tatt. Der var framleis mange skyttarlag i fylket vårt, men det ser ut som om dei fleste folkevæpningslaga no fanst i Romsdalen og på Nordmøre. Der var rett nok slike skyttarlag på indre Sunnmøre, i Ålesund, Skodje og Vatne, men i Borgund kommune var det stilt. Så har ein skyttarsamlaget, som stod mykje sterkare på Sunnmøre. Dei hadde vorte stifta i 1907, men framleis utan at noko lag i Emblemsbygda er nemnd. I Borgund var kun Spjelkavik med året 1919. Ein kan difor spørje seg om kva årsaka kan ha vore. I den same boka kan ein finna at talet på lag og utøvarar har gått opp og ned i periodar. For heile perioden få 1907 hadde talet på skyttarlag dala frå 36 til 23. Medlemstalet hadde også halvert seg frå 1914 til 1932. Der ser ut til å ha vore eit samarbeid med Sunnmøre Frilynde ungdomslag, som gav premiane til skyttarstemna, og eit frilynd ungdomslag hadde ein som kjent også på Emblem, men skyttarlaget ser ut til å ha dovna hen. Kan det vere at dei fekk konkurranse frå andre hald? Samstundes gjekk mange ungdommar arbeidslause. Då kan det ha vore at denne sporten vart for dyr for mange? Likevel så skurrar det litt, for i 1932 vart idrettslaget stifta og snart stod ei av dei beste koksgrusbanene klar på Emblemsanden. Ungdomslaget bygde seg også eit gjevt ungdomshus, kalla «Borgheim», i 1934. Eg tenkjer derfor at nokre av pausane kan skuldast ein kombinasjon av emigrering, og særleg periodearbeid i minst eitt samanhengande år i Amerika. Mange frå bygda var opptekne med enten fangst, eller dei var i fleire år i amerika for å tene seg gode pengar. Særleg rundt 1909 til 1911 at mange drog. Det kan ha påverka lagslivet i heimbygda óg. Når ein var vekke i heile kalenderår, så påverka nok det lagslivet i vinterhalvåret, hausten og våren også.

Leitar ein enno litt bedre, så finn ein at skyttarlaget vart lagt ned i 1925, til trass for at ein hadde 17 skyttarar og 4 våpen framleis. I dei komande åra vert det så heilt stilt. Ein kan ikkje finne nokon frå Emblemsbygda i styre og stell for «Sønnmør Skyttarsamlag» i denne perioden. Der vart heller ikkje halde stemne i bygda, og vinnarar frå vår bygd finst ikkje. Det er noko usikker om medlemmar frå Emblemsbygda i andre skyttarlag, tok med seg interessa, eller om dei vart med etter at dei hadde flytta. Oskar Emblem i Spjelkavik var ein av desse. Han kom frå Jakobgarden. Samstundes kom Petter Kaldhusseter, og så Karl Berge til bygda. Begge var ivrig skyttar der dei kom frå, men det var kanskje ikkje like lett å vekkje interessa i Emblemsbygda frå 1925 til 1940? Under krigen måtte ein gøyme våpen og ammunisjon frå tyskarane. I Dalsbygda i Norddal vart dei gøymde i tørre holrom i steinura ovanfor gardane. Kvar emblemsbygdarane gjorde av sine våpen, er uvisst, men store delar av krigen vart skyttarlaga liggande i dvale.

Ein ny vår

I 1948 vart Skyttarlaget starta opp att. Frå Per Jorsett si bok om skyttarsaka i perioden 1941-1965 kan ein finne opplysning om dette. Dessverre så er det framleis kun formennene i laget som er nemnde, og talet på medlemmar manglar, men nokre namn finst der heldigvis, sjølv om det ikkje står når den einskilde starta. Olav Nedregotten var første formann i 1948. Han fekk så avløysing av Fr. Emblem i 1949. Det kan kanskje vere Fredrik Emblem det er snakk om? Petter P. Emblem på Ystebøen leia så skyttarlaget frå 1950-1952. Han fekk nok interessa si frå faren. Tidlegare lensmann, Ola Emblem, tok over i 1953. Petter Kaldhusseter var formann i 1954, medan Alfred Hesseberg var formann i periodane 1955-56, 1958-1960 og 1962. Han fekk avløysing av Odd Lundanes i 1957, og John Johansen i 1961. Harald Reiten hadde formannsklubba frå 1963-1965.

Skyttarlaget i 1955

I boka «Norges skyttere i ord og bilder: Nordre del» kan ein lesa at laget hadde 34 medlemmar, og av desse vart ni av dei rekna som skyttara i andre klasse. Heile 2810 skot var registrert i 1953. Sju av medlemmane fekk særleg omtale i boka. Det var Karl J. Berge, Olav Nedregotten, Fredrik Garshol, Johan E. Emblem, Johan Johansen og Petter Kaldhusseter. Karl Berge forpakta Guttormgarden, bruksnummer 2 under garden Nedregotten, som også vart første huset på Østremsvegen mot til tuna på Østrem. Han dreiv bruket, før John Hilmar Brune (1911-2011) fekk ta over leigekontrakta. Karl hadde vore aktiv sidan 1933, men neppe i Emblemsbygda. Han fortalde også at der var fleire skyttara i slekta, så eg vil tru at det heile starta i heimbygda, Eidsdal. Petter Kaldhusseter hadde litt av den samme bakgrunnen. Han vart interessert i skyting i 1922, allereie som 15-åring. Han budde då i Dalsbygda i Norddal. Familien var forpaktar på prestegarden Engeset, lengst fram i bygda. Han tok med seg interessa på flyttelasset når han flytta til Emblem saman med foreldra og dei fleste søskena. Dei busette seg på småbruket «Hatlebakken», som seinare skulle kallast «Kaldhusgarden» etter dei. Petter vart følgeleg kalla «Kaldhus-Petter». Han tok over bruket etter foreldra sine. Med gard, ekstraarbeid, og born, vart det gradvis mindre tid til skytinga, men han gav seg ikkje av den grunn. I 1955 skreiv han at det vart lite trening. Han var mest interessert i grunntreninga, hadde liggande stilling som favoritt, og lada patronene sine sjølv. Han benytta 17mm pipe med holkorn som sikte. Eg undrar meg over om enten Karl eller Petter var initiativtakarar til å starte opp att med skyttarlag i bygda, etter pausen i mellomkrigstida. Der var i alle fall ingen fleire, eg har funne, med så lang fartstid som dei i 1955.

Johan E. Emblem frå Ebbegarden, Johan Johansen frå Storhaugen, Olav Nedregotten og Fredrik Garshol, frå kårbruket Tunheim på Østrem, starta alle opp i enten 1948, eller 1949. I mangel av lagsbøker til kontroll, får det meg til å tenke at dette må ha vore tida då laget vart starta opp att. Boka gjev dessverre ikkje svar på akkurat det, men der er andre opplysningar av interesse for lagshistoria. Johan fortalde at han arva interessa skyting frå far sin, «som også var skytter». Eg vel å tolke det dit hen at faren var med i det eldste skyttarlaget i bygda. John Johansen på Storhaugen brukte, i motsetning til dei andre, fleire piper og kjøpte patronene ferdige. Han treivst med liggande skyting, og gjerne vanlig skiveskyting. Han treivst best med stive sålar i støvlane og godt med klede. Premiar som kunne brukast var dei kjekkaste å få. Fredrik Garshol hadde ikkje arva interessa frå andre. Han brukte 15mm pipe, og det vert fortalt at han hadde ein «siktestein» i fjellsida, som han kunne øve på frå trappa si. Den skal vi kome attende til. Han var styremedlem i skyttarlaget, og ellers einig med John om både påkledning, skytestilling og premiering. Ein kan undre seg over om 1955 var ein heller roleg periode, for samtlege nemnde lite øving - og ikkje minst at dei skulle ha trent meir. Det kan sjølvsagt vere snakk om blygsel, når dei skulle inn i ei bok som heile landet fekk lese. Den siste som skreiv om seg sjølv var Olav Nedregotten. Han meldte seg inn i skyttarlaget fordi han var interessert i å skyte. Han arbeidde mest med trekk- og skyteøvingar. Favoritten var 17 millimeter pipe og ferdige skot med sterk ladning. Favorittstillinga var kneståande.

Om lading og lagring

Ein kan tidvis undre seg litt over tanken sikkerheit, i samanheng med lading og lagring av ammunisjon, men folk flest var nok godt vande med å vere forsiktige. Dei visste nok kva dei gjorde når kulene vart støypte heime, og patronene vart lada i kjellaren. Olav Østrem minnes at karane møttes hos Johan Johansen, på Storhaugen, for å klargjere skot i kjellaren der. Bly og krutt vart kjøpt saman i litt større kvantum Dette var nok helst etter 1948. Også Alfred Hesseberg, og Olav Nedregotten lagra slikt heime. Nokre av dei vart funne ved rivinga av huset til Olav. Det vert fortalt at der først var planar om å brenne ned det gamle hovudhuset på Brennhaugen som ei brannøving, men at ein vegra seg fordi Alfred hadde vore skyttar. Det var dermed vanskeleg å vite om det kunne vere att skot i huset. Eg er usikker om dette kun har vore standard prosedyre ved val av riving av hus i nyare tid.

Skyttarlaget i vinden – og i snøen

I Alfred Hesseberg og Harald Reiten si tid som formenn, kan det verke som om skyttarlaget fekk ein ny giv. Etter 1955 kom fleire ungdommar til. Fleire var også aktive i andre idrettsgreiner. Akkurat det var ikkje noko nytt, for den eldre garde hadde også utmerka seg på både fotballbane, i skisporet og i hoppbakken. Men det kan verke som om skyttarlaget satsa meir på å arrangere skiskyting på vinterstid, og der finst også spor etter turløp i avisarkiva utover 1960- og 1970-talet. På 1960-talet var det særleg stor aktivitet. Fleire av idrettslaget sine beste skiløparar var også med i skyttarlaget. Av desse bør vel særleg Harald Reiten, Fredrik Emblem og Odd Lundanes nemnast. Desse var av dei beste i fylket vårt i ei årrekke. Med dei fekk laget både samanlagsmeistrar og fylkesmeistrar, og dei hevda seg godt på nasjonalt plan. Harald Reiten er vel den som har lengst fartstid som skyttar no. På sett og vis kan ein kanskje hevde at skyttarlag og idrettslag har gått hand i hand, med mange av dei samme medlemmane sidan 1948.

Skytebanene i bygda

Den første skytebana var truleg oppe på skjerva, om lag der nyvegen til fellesbeitet deler seg frå den gamle setervegen opp Grønevollen. Dei skaut då austover mot Koppen, omtrent der dagens bilveg snur attende i retning mot gamlevegen igjen. Der finst dessverre ikkje fleire opplyningar om denne skytebana enda.

Så bygde skyttarlaget ei bane med fleire blinkar og lengder oppe på Emblemsfjellet. Den var i alle fall i bruk frå 1960-talet, for der har ein framleis bilde. Der bygde dei eit lite skyttarhus, med ei vertikal taksperre, som kunne nyttast til flaggstang for varselflagg. Standplassen låg på sjølve fjellvegen, på ei flate rett aust for dagens fellesfjøs. Dei skaut i retning Brunskarnakken, om lag der dagens 5 kilometers skiløype går i austleg retning mot Melsvatnet, og vestleg retning mot målområdet ligg nærmast kvarandre. Skyttarhuset vart tatt ned når nydyrkinga tok til. Det vart då gavd ei djup grøft langs den oppgraderte fjellvegen mot Østremsetra. Det vart først sagt at det var viktig at skyttarhuset vart ståande, og at leigekontrakta forutsatte nettopp det, men huset vart aldri sett opp att. Ein kan no så vidt sjå att staden der materialen vart lagt, på andre sida av vegen. Det er også framleis mogeleg å skimte restar av treverket som vart slått ned i bakken, som feste for blinkane, men ein skal nok vite kvar ein leitar i våre dagar.

I byrjinga av 1980-talet vart ei ny skytebane bygd ved den nye lysløypa nede i bygda. Standplassen var i øvre del av Larsgarden si slåttemark, rett aust for hyttefeltet, før grensa til slåttemarka til Mattisgarden. Bana var ikkje lang nok til å benyttast ved oppskyting før hjortejakta, men det var heller ikkje så lange vegen ut i Olsvika, så det gjekk nok bra. Ein hadde arbeidd for å få ei ny skytebane på Emblem også, men det vart det ikkje noko av. I 1980 gjekk også det første «Kubberennet» av stabelen. Det var eit turløp med start og mål på Emblem Skule. Løparane gjekk hovudsakleg oppe på Emblemsfjellet, passerte både Melsvatnet, nokre år forbi Svartevatnet, via Østremsetra, Langevatnet og innom Røssevollvatnet, før det vart retur forbi Skillingsetra, og ned Grønevollen til skulen att. Laget hadde fått eigen scooter med sporleggar. Stadig oftare gjekk skiløypa gjennom sikkerheitsona til skytebana oppe på fjellet. Det var kun nede i bygda at der var samspel mellom skiløype og skytebane. Utover 1970-talet hadde også talet på turfolk på Emblemsfjellet auka. Det kan ha medverka til at det ikkje var like trygt å trene med skarpt på skytebana der oppe. Skyttarhuset vart stadig oftare ein ynda solvegg for den som var utan våpen.

Fredrik Garshol på Østrem hadde i tillegg si eiga «øvingsbane». Han var en fenomenal skyttar. Sjølv om han berre hadde ei Krag Jørgensen rifle, som ikkje var kjent for å vere særleg til å finsikte med, så trente han og finsikta seg inn på ein liten stein oppe i fjellsida, ca. 500 meter nord-vest for det gamle kårhuset i Mattisgarden, der han budde. Fredrik visste at hjorten gjekk forbi omtrent der oppe kvar dag. Han fekk kona, Helga, til å følge med på kvar hjorten gjekk, når han var på jobb. Vel heime visste han akkurat kor hjorten var, og når hjorten passerte steinen på vei tilbake. Så skaut Fredrik hjorten frå trappa si. Dette var ein imponerende prestasjon med det geværet. Han var også premieskyttar for skytterlaget. Denne «bana» er også nedlagd for mange år sidan. Kanskje like greit, når turstiane til Rotanakken har vorte så populære.

Eg håpar å kome attende med meir om dei seinare åra i skyttarlaget etter kvart. Ta gjerne kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com, eller mob. 95801801, dersom du har livsminne, eller andre opplysningar om skyttarlaget på Emblem.

Kjelder:

Hesseberg, Olaf og Per-Aslak Emblem: «Emlem I.L. 1932-2007, 75 år» Jubileumshefte.

Jorsett, Per: «Skyttersaken i Norge 1941-1965»; mariendals boktrykkeri a/s, Gjøvik 1966

Kristvik, Erling: Ålesund Skytterlag 100 år (1860-1960). Jubileumshefte

Hatlebak, A. et. al. : «Skyttarsaka i Norge 1932-1940 ». Fleire bøker utgjeve av «Den frivilljuge Skyttarskipnad»

Egge Museum: «Ola Five, best å vere budd. Nasjonsbygging og frigjøring», hefte ved utstillinga 1998

Avisa «Den 17de Mai»: omtale frå 4.10.1899 av krigsøving hos skytterlaga i Borgund.

Brevig, Hans Olaf: «Et regiment i krig og fred IR 11, 1911-1995», Nytt i Ukas forlag, Ålesund 2001

Røgeberg, Willy: «Norges skyttere i ord og Bilder: Nordre del»; Kulturforlaget, Oslo 1955

Rabbevåg, Egil og Østrem, Svein Ove: «Bygdebok for Emblemsbygda»; Innaumnesingen forlag 2019

Vigander, Håkon et. al.: «Skyttarsaka i Noreg: Soga og stoda no»; Den friviljuge norske skyttarskipnad 1933, E. Sems trykkeri Halden

Vigander, Håkon: «Skyttersaken i Norge, dens historie og nuværende stilling. 1927

Muntlege opplysningar frå:

Olav Østrem

Fredrik Emblem

Arild Nedregotten

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 14:14

Vi vil mer enn gjerne ha tekst og bilder om det, ja Send gjerne til sveostrem@hotmail.com, da kan jeg sende tilbake det jeg vet om Olivia

...
28.04 | 13:22

Vi hadde hytte i Løvika. Det var min barndoms paradis. Dersom det framdeles er aktuelt,skriver jeg gjerne noe av det jeg husker.

...
28.04 | 05:56

Min farfar, Rasmus Østrem f. 1877, var nest eldste sønn på Ibrahamsgården. Ingen odel da så vidt jeg kan forstå. Dro til Ålesund som fisker.Gift med Olivia.

...
23.04 | 16:22

"Dei eldste i bygda", eller "Bjørnejag og overtru". Dei finst på emblemsbygda.com dei også

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE