Brukarar med meir usikker bustad

1) Jon Knudson Hesseberg vitna i 1653. Meir veit ein ikkje om han.


2) Husmann Christian Andersson Honningdalsnæss(viig) (1702-1754) vart fødd Nonsvik, og døydde i Tørlevika i Borgund. Mora heitte Kari Olsdotter. Ho er nemnd i skiftet etter ektemannen i 1754. Dei vart forlova 1728, og gifte seg året etter i Skodje kyrkje. Familien budde på Hesseberg i tidsrommet 1729 til 1749. Det er mogeleg at dei budde i Kristivika. Sjå meir om denne plassen lenger fram i boka.

a) Anna (dp.1729) vart døypt på Hesseberg. Ho er ikkje nemnd i arveskiftet 1754.


b) Ane (dp.1732) vart konfirmert 1749 på Skodje. Ikkje nemnd i arveskiftet 1754.


c) Madli Christiansd. (dp.1735-1780) 1761 gifta ho seg med Arne Bodvards. Fanneløb(III) (dp.1728), døypt Urkedal. Han er nemnd på Tørleholmen 1761, Storhaug 1765 og Malihaugen, Strømmen(2) frå om lag 1765 til 1780.


d) Nils (dp.1738) vart døypt på Hesseberg. Ikkje nemnd i skiftet 1754.


e) N.N. (f.1741) var  truleg dødfødd.


f) Birthe (dp.1744) er nemnd 1765 som fadder til svogeren Arne Bodvardsens dotter, Karen på Storhaug.


3) Anders Johanson Skageflå (1729-1809) vart fødd i Geiranger og døydde på Rønes, i dagens Sykkylven kommune, på andre sida av fjorden. Han er nemnd som husmann på Hesseberg under Nerigar 1755, og budde der i fem år, før han flytte til Rønes(1) i 1760. Kanskje var det i Kristivika han budde. Anders gifta seg 1752 med Synneve Ingebrigtsdotter Åkernes (1729-1761). Familien kom til Hesseberg frå Åkerneset. Han vart tidleg enkemann.


a) Knud (dp.1753-1765) vart døypt på Åkerneset. Døydded 12 år gamal.


b) Eli (dp.1755) vart døypt med faddera frå Nerigard i april. Gift til Hovelid, Hareid.


c) Ingeborg (dp.1760 1790) gifta seg med Knut Haagensen Lundanes, brukar Lundanes og Isflå.


4) Lars Janson, eller Jan Larsen Hjellegjerde, skal ha vore sonen til Jan Larson Vik (1731-1799) og Kari Styrkersdotter Aure (1736-1809), ifølge Sykkylvsboka. Han vart fødd i 1765 på Hans-Jakob plassen under Hjellegjerde i Sykkylven, og flytta til Hesseberg. Kanskje var han brukar på Brygga?

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE