Kristivika

Kring 1781 vart det rydda ein liten husmannsplass under Nerigar. Den låg ved sjøen, nedanfor tunet til hovudbruket,  om lag der nerigarnaustet ligg i dag. Ved jordbruksteljinga i 1803 var mykje nybrottsarbeid allereie fullført. Då var  størrelse på avlinga, buskapen, og festeavgifta likestilt med plassen Bryggå lenger vest. Det kan vere verdt å undre seg  over om plassen hadde vore i bruk tidlegare enn det. Sjå brukar eiga underside med brukarar som ein enno ikkje har klart å plassere på rett plass eller gard. Det kan vere slik  at plassen vart rydda 50 år tidlegare, og låg brakk i om lag 20 år, frå 1760 til 1780. Det kan også verke som det var  vanleg å dele frå nye husmannsplassar der det har vore slike tidlegare. Plassen vart nedlagd ca. 1828. I dag har ei hytte,  delt frå i 1958, og kalla «Aspely», tatt over bruksnummeret etter Kristivika. 


Enkemannen Erich Rasmusson Viigenes. (ca.1740-1809) var tidlegare brukar 449/ 450 på Østrem,  og på Yste-Hatlen i Indrevika på Skodje. Han gifta seg 1766 med enka Christi Madsdotter

Halstad(141c) (ca.1725-1802), frå Norddal. Ho var tidlegare gift med Ole Olson Melset frå Ørskog.  Christi var brukar i Abrahamsgarden på Østrem(3), når ho vart enke første gongen. Ho gifta seg med  enkemannen Erich, og fortsette som brukar der ei tid, før dei flytte til Hesseberg for å rydde  husmannsplassen «Kristivikja». Denne, no nedlagte husmannsplassen, vart truleg rydda på nytt kring  1781 ved sjøen på Nerigar. Ein veit ikkje heilt kvifor dei valde å flytte frå større gardsbruk til ein  husmannsplass utan jord. Det kan vere grunn til å tru at denne plassen er enda eldre.


a) Ole Ols. Østrem(3) (dp.1765-1804) tok over bruket.


b) Marthe Eriksd.  Viigenes ( dp.1765-1766) var Eriks dotter, fødd og død på Viige.


c) Massi (dp.1767-1789) vart fødd på Østrem. Ho døydde på Hesseberg.


d) Marthe (dp.1769-1827) vart fødd på Østrem(3). Ho var ugift tenar hos Ole  Larsen Akslen(4) i Høla, Akslen(4) i 1801.


037 Sonen Ole Olson Østrem (dp.1765-1804) gifta seg i 1802, med «pige» Olave Larsdotter Haue/ Houe  (ca.1760-1804). Han var Christi sin son med hennar første ektemann, Ole Melset.


Enkemann Jens Olson Rabben (Rabbevik) (1742-1812) gifta seg i 1809, med Hilde Christina  Pedersdotter Eidsnes(7) (dp.1784-1844). Han var tidlegare gift med Birthe Olsdotter Glomset(Ø,1),  og brukar på Ytrevik(2), Skodje. Dei hadde i 1812 stove, fjøs og naust. Han etterlot eit lite overskot.  Enka, Hilde, gifte seg om at 1823 i Stordalen med Elling Severin Johnson Skothals (f.1787). Dei  budde i Stordalen nokre år, før dei flytte vidare til Aursnes etter 1825.


a) Salmund (1764-1765) Jens sin son med Birthe frå første ekteskap.


b) Siri (dp.1766) Jens si dotter med Birthe frå første ekteskap.


c) Berte Elisabeth  Christopha ( dp.1810-1811) døydde 3/4 år. Ho var Jens si dotter med Hilde.


d) Jesperina Elisabeth (dp.1812-1842) var Jens si dotter med Hilde. Ho var truleg den samme som vart  gravlagd som ugift tenestejente på Hanken.


e) Jens Anderss. (ca.1819-1889) var Hilde sin son med Anders Knuds. Hove(5), og først gift med  Oline Olsd. Brukar Valgermo(6), Ørskog. Han gifte seg opp att med enka  Marta Jonsd. Stordal.


f) Peder Johannes (1823-1865) er nemnd på Gåseid i 1847. Han var Hilde sin son med Elling.


g) Sivert Elias (1825-1902) gifta seg 1851 med Severine Iversd. Sætre, Dei var brukara på Buvik på  Aursnes. Han var Hilde sin yngste son med Elling.


Her endar spora etter sikre plassebrukarar i Kristivika, men sjå gjerne på neste underside til matrikkelgarden Hesseberg. Her har vi samla nokre brukarar med meir usikker bustad. Fleire kan ha hatt sitt opphald i Kristivika og Bryggja.



Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

18.01 | 13:02

Heisann! Takk for korr. Nye tekstar kjem no som bygdeboka er ferdig

...
18.01 | 12:50

Roar Opsahl heter ikke Arnvidsen som mellomnavn. Sondre er ikke født i 1992, men i 1993

...
28.10 | 10:57

Hei
Jeg leter etter bilde av en Ole Andreas Nilsen i Skodje født 1868 død 1935
Hans barnebarn som bor i Hammerfest ønsker og finne bilde av bestefaren

...
28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE