Severin Østrem, Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co.

Kranselag på Granly for fabrikken på Elvebakk. framme f.v.: Jenny Heggebakk Østrem, med døtrene Kjellaug g. Lundanes (eldst) og Erna g. Hesseberg (yngst), søstera Anna Heggebakk g. Lundanes og Alfred Østrem. Bak f.v.: Inge Emblem, Severin Østrem, skipper Johan Thorvik, Edvard Årsnes (ansatt hos Severin), «Furseth-Karl» T. Akslen, kanskje Karsten Emblem og Per Årsnes (ansatt hos Severin). Bildet er lånt ut av Sonja Lundanes.

Sevein Østrem sitt første hus, Granly, ved Abrahamsgarden på Østrem. Møbeleventyret starta i denne kjellaren på slutten av 1930-talet. (Bildet er lånt ut av dottera Kjellaug g. Lundanes, som er den eldste dottera på bildet. Mora Jenny f. Heggebakk held søstera Erna g. Hesseberg på handa. Arka var enda ikkje bygd på. Huset er i dag ombygd, og har adressa Østremsvegen 74. Det er Per Ottar Østrem som eig huset no.

F.v.: Severin Østrem med familien sin i 1947. Lengst til høgre står Halvdan og Kalla Nilsen med hunden. Dei leigde huset ei tid. Bildeeigar Kjellaug Lundanes.

Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co. med offentleg bad vart bygd av Severin Østrem. Det vart seld vidare til eidslottfamilien, og lenge kalla "Eidslotthuset". Foto: Svein Ove Østrem 2007.

Der har vore mange små og store verksemder i Emblemsbygda opp gjennom tidene. Dette er nokre ord om ei av desse, eller snarare tre av dei: Severin Østrem sin møbelfabrikk ved Abrahamsgarden, "Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co. på Elvabakk" og "Sollid Møbler" på Blindheimsgeila. I tillegg skal eg fortelle litt om elvebakkhuset, som også har vorte kalla "Eidslotthuset" på Emblem. Men la oss starte med den første del av historia først.

 

Severin Robert Østrem (1902-1986) vart fødd som nummer fire, i ein søskenflokk på seks, i Abrahamsgarden på Østrem. Han var son av gardbrukar Andreas Rasmus Lauritz Peterson Østrem (1863-1942) og Caroline Marie Eliasdotter Voldsdal (1868-1941). Faren var odelsguten, og hadde kjøpt garden attende i slekta frå bygselsbruk (leigd gardsbruk) i 1889. Severin var derimot godt bak i rekka i borneflokken og derfor utan særleg håp om framtidig odelsrett. Han trong derfor å finne seg eit anna levebrød.

 

Litt meir om familien til Severin

Storebroren, Ole, hadde opphaveleg førsteretten, men drukna etter kantring med båt i setrevatnet på Emblemsfjellet i 1927. I avisa kunne ein lesa at han vart att og fiska litt meir i lag med broren Alfred, medan resten av kameratflokken gjekk heim til bygda. Der var dermed ingen som kunne hjelpe dei når båten gjekk rundt. Ole vart berre 31 år gamal. Den neste i søskenrekka, Petter Kornelius Østrem (1897-1962), tok derfor over odelsretten. Han gifta seg i 1923 med nabo og jamnaldring Thea Karoline Akslen (1897-1980) frå Øvste-Aksla, og hadde før den tid spart seg opp pengar frå hyre som stuert i mellom anna Vancouver. Petter tok over farsgarden på Østrem.

 

Severin si storesøster, Johanne Kristofa Østrem (1900-1966), arbeidde som hushaldar på Skodje. Der møtte ho agronom Gunnar Nikolai Aasen (1905-1998) frå Førde. Dei gifta seg i 1938, og kom i 1949 til Emblemsbygda der dei kjøpte seg hustomt frå Ystebøen. Dette vart foreldra til Oddbjørn Aasen, som framleis bur på samme staden. Severin fekk også småbrødre. Det var Alfred (1905-1906), som døydde av lungebetennelse 1906, kun eit år gamal, og så til slutt Alfred Konrad Østrem (1908-1990). Han dreiv entrepenørverksemd med eigen lastebil, var drosjeeigar, og kjøpte seg tomtegrunn til eit nytt småbruk mellom Jakobgarden og Flydalsgarden. Alfred var gift med Marie «Maja» Lovise Emblem (1916-1983), frå Ebbegarden, og var ein særs driftig kar, som så mange fra Abrahamsgarden.

 

Å sette bu

Severin arbeidde først som murar, og så tok han seg arbeid som bygningsnikkar. Han hadde forelska seg i Jenny Heggebakk (1912-1993) frå Erikgarden på Heggebakk, like aust for Hesseberg. Dei forlova seg i 1931 og gifta seg i 1934. Severin vart soleis svoger til Sverre Louis Lundanes (1913-1985), frå bruk nummer 2 på Eikenosa. Sverre hadde nemleg gifta seg med søster til Jenny, Anna Guri Heggebakk (1911-1995). Jenny og Anna si slekt hadde budd på den samme garden på Heggebakk i fleire generasjonar, og dei slekta mellom anna til hovedbruket på Magerholm og Negarden på Emblem, via dottera til den rike Claus «Magerholm-Claus» Ingebrigt Gullach Emblem (1820-1907). I tillegg slekta ho til Honningdalen og dermed også til Skaret på Nedregotten, samt til Lars Carl Peter Danielsen Honningdal (1856-1929), som dreiv hovudbruket på Magerholm før engesetslekta kom frå Norddalen i 1924 og kjøpte han ut. Lars vart nemleg svigersonen til Magerholm-Claus og i tillegg sonen til (Peter) Daniel Hesseberg på Nerigard på Hesseberg. I tillegg kan ein også nemne slektsband til Fursetgarden, og omgangskulelærar Knud Andreas Karlson Furseth på Emblem, som også var gift med ei dotter av Magerholm-Claus. Kor bevisst Jenny var på desse slektslinjene, er eg usikker på, men der var nok litt kontakt, og ho fekk truleg vite meir etter att ho flytta til Østrem også. Folk var generelt flinkare til å halde styr på både tre- og firmenningar den gongen. Sjølv om Heggebakk låg i ei anna kommune, så var der ei viss tilknytning til Emblemsbygda likevel. Veg frå Hesseberg til Heggebakk fanst ikkje då, men før 1916 budde hessebergborna på Glomset, og gjekk på samme skulen som Heggebakkfolket. Siste del av kyrkjeråsa frå Glomset mot Flåte og Skodje var også den same. I Jenny sin barndom tok fleire frå desse gardane til å ro til kyrkja i Sykkylven i staden. Magerholm har i lang tid vore skysstad, og dei gode kveiteplassane på hi sida av Storfjorden hadde dei også felles, så ungdomar frå Emblem og Heggebakk møttest nok ein del frå tid til anna. Fleire frå Heggebakk og Glomset vart også gift nettopp til Emblem. Ein skal ikkje gløyme at motoråtskyssen frå Glomset til byen var den samme, og ungdommane kleiv dessutan mot fleire av dei samme fjelltoppane. Setrane til Glomset, Heggebakk, Hesseberg og Østrem låg også nært nok for ein «skyvjar».  Under og etter krigen satsa Severin meir på finsnekringa. Det passa kanskje litt bedre saman med familieliv også?  Han var faglært møbelsnikkar og svennestykket er ein flott skjenk som står framleis i stova til dottera, Kjellaug Lundanes.

 

Severin og Jenny Østrem fekk tre døtre. Det var Kjellaug (f.1936), som gifte seg med Odd Ivar Lundanes (1929-2017) frå bruk nummer 1 på Eikenosa, Erna (1940-2004), som gifta seg med Olaf Hesseberg (f.1935) frå den tidlegare handelstaden «Elvarum» i sentrum av bygda. Den tredje dottera var Sigrid Johanne (1944-1944). Ho vart berre 13 år dagar gamal.

 

Nytt hus på Østrem med verkstad i kjelleren

Severin var den første i Abrahamslekta som bygde seg eige hus på tomt frå farsgarden. Det ligg like ovanfor tunet i Abrahamsgarden, og har i våre dagar adressa Østremsvegen 74. Dagens eigar, Per Ottar Østrem har pussa det opp og bygd det om frå den opphavelege utforminga. Tomta fekk namnet «Granly» og vart skylddelt med bruksnummer 9 den 11. september 1937. Severin og Jenny hadde med andre ord ikkje hatt eige hus å flytte inn i etter giftermålet. Slikt var vel heller ikkje vanleg på den tida. Mange unge familiar leigde seg inn på loft, eller i kjellar hos sambygingar med gard eller nybygd einebustad. Frå 1920-talet vart det meir og meir vanleg å skille seg ut ei hustomt eller hyttetomt frå heimgarden. Det var gjerne i forbindelse med at søsken tok over bruket på odel, og kjøpte soleis ut dei andre på det viset. Andre kjøpte seg grunn hos naboar, eller slekt og vener. Før den tid bestod Emblemsbygda mest av gardstun og husmannsplassar. No kom det godt med at Severin hadde erfaring som både murar og snikkar. Han arbeidde også ei tid i snikkarlag. Dei visste å hjelpe kvarandre med den private husbygginga i ledige stunder, men då skulle det gjerne gå litt raskare, så dei ikkje tapte for mange betalte oppdrag for andre. Det vert fortalt at sambygding og snikkar, Oddvar Ramsvik hadde tenkt seg at han skulle makte å få opp heile pipa til huset sitt på kun ein dag. Severin skulle hjelpe til, men han var no skeptisk. Her høver kanskje det gamle ordtaket om «den som intet våger, intet vinner», men dei vann heller lite på eksperimentet. Den nymura pipa med sementstein rasa, og Severin gjekk heim for ein kvil, medan den uheldige huseigaren vart sittande att å pusse sement av mursteinen, slik at dei kunne begynne på nytt neste dag. Når dei så gjorde det etter læreboka slik Severin ønska, så vart det også ei dugandes pipe til slutt.

 

Ei vanskeleg tid

Mellomkrigstida var ei vanskeleg tid å få seg arbeid på. Der var fleire som ynskte seg hyre på sjøen, enn der var båtar med ledige plassar. Mange ville ha seg arbeid på ishavet, men den økonomiske oppturen frå starten på 1920-talet hadde enda brått og gale. Bankar gjekk over ende, mange mista sparepengane sine, veletablerte bedrifter gjekk konkurs. Fleire av ungdommane i bygda gjekk derfor tiltakslause, medan andre måtte over på naudsarbeid for å livberge seg og familien sin. Sprenging av gamlevegen rundt haugen og tunet på Øvste-Aksla var slikt naudsarbeid, men der var ingen frå vår eiga bygd som fekk ta del i dette arbeidet. Harry Akslen hugsa nemleg alle saman med namn, og minnest at dei kom lenger aust frå. Årsaka kan ha vore at ungdommane på Emblem stort sett kom frå gardsbruk og klarte seg derfor betre enn mange andre. Der kunne dyrkast nok mat til å leve brukbart av det garden kunne gje, så ein kunne ofte bruke ledig tid på mellom anna kurs i båtbygging, korgfletting, treskjering og anna. Slike tilbod fekk med eitt svært stor søknad, og det vart også kimen til det som seinare skulle verte ein rekkje store industrieventyr på Sunnmøre. Maken hadde ein vel ikkje sett sidan haugianarrøsla på 1800-talet, og framleis gjekk slik ei gründerand gjerne hand i hand med sparsemd og lekmansrørsle. Avhaldsforeiningane blomstra, men dei kan nok knyttast meir til den frustrasjonen og sosiale nauden som mange i samtida opplevde. I mellomkrigstida opplevde nok fleire at ein arbeidslaus og fortvila familiefar kunne drikke familien sin frå gard og grunn. Slikt kjenner eg ikkje til frå Emblemsbygda, men samfunnsengasjementet mot alkoholen vart like brennande likevel. Avhaldslosjen i bygda vart stifta av Steffen Nedregotten, og lærar Lars Flydal leda an. Steffen var også formann i tuberkuloseforeininga i fleire år. Det kom også mykje godt ut av denne perioden, der Severin og Jenny var forlova.

 

Dei frivillige laga og foreiningane fekk i mellomkrigstida ein ny vår. Det vert fortalt at handelsmann Thomas Kristoffersen, på Magnusbakken på Emblem, rigga lageret sitt på «Akslabuda» slik at tiltakslause ungdommar kunne trene boksing på mørke haustkveldar. Det var også ein fin måte å få ut litt frustrasjon på, for uten pengar på bok så vart det vanskeleg å spare opp pengar til ekteskap og ta over garden etter foreldra. Om der var lite pengar og lite arbeid å få, så var det likevel mange som engasjerte seg på andre plan. Ungdommane i Emblemsbygda makta å etablere både idrettslaget i 1932, og å bygge seg eit stort og gjevt ungdomshus ved Hjellhaugreset i 1934. Då hjalp det godt å ha handelsmenn og handverkarar som anten arbeidde på dugnad, eller lånte ut reiskap og pengar. Severin sin bror, Alfred, var ein av desse. Han kjørte nesten all materialen frå båten i Vågane til byggeplassen omtrent vederlagsfritt. Eg vil tru at kanskje Severin også var med i dugnadsgjengen som bygde «Borgheim» på fritida.

Eiga verksemd

Han stod i alle fall ikkje med lua i handa. I kjellaren sin starta Severin opp ein liten verkstad med mellom anna dreia ting som kjerrehjul og diverse landbruksreiskap. Dette var nemleg heimeindustriens tidsalder, der alle forsøkte å finne seg noko å tene litt ekstra på. Det verkar som om produksjonen gav brukbar avkastning. Den lokale handelsmannen, Severin J. Emblem, var flink til å kjøpe varer frå lokale leverandørar, og det er mogeleg at nokre av hjula i butikkvindauget hans, ein gong før andre verdskrigen, vart produserte av Severin Østrem. Den vesle kjellarverkstaden gav også arbeid til fleire. På eit bilde frå om lag 1946 kan ein sjå to ungutar i kvite skjorter. Det var søskenborna Edvard (1925-1998) og Per Årsnes (f.1928) frå Hjørundfjorden. Dei budde i huset hos Severin og Jenny. Det var kanskje på den tida han bygde på arka på dette første huset sitt.

 

Det vart mykje bråk av arbeidet i kjellaren, og det var sikkert ikkje nokon brukbar løysing i lengda. Han hadde kone, og ikkje minst små born som trong ein middagskvil. Kjellaren på Granly vart også for liten for møbelproduksjon. Døra mot vest gjorde det krøbelt å få lengre trebord inn. I Sunnmøre Arbeideravis kunne ein 16. januar 1946 lese at Severin hadde fått skøyte på parsellen «Elvebakk» med garsnummer 6 og bruksnummer 57 for 175 kroner den tredje november 1945. Selgaren var Johan O. Emblem (1906-1973) i Ebbegarden. Han var broren til Marie «Maja» Lovise Emblem, som var gift med Alfred Østrem, lillebroren til Severin. Tomta låg skrålent til på ei lita tomt mot Storelva, fleire meter lavare, og ved gardsvegen til Alfred. Tomta var i utgangspunktet ikkje særleg brukbar til gardsdrift, slått, eller einebustad med hage, men for den som kunne å mure solide bygg i fleire etasjar i helling, så var det ingen problem, og tomta vart kanskje litt billegare også. Her starta Severin å bygge seg kombinert fabrikk med bustad i fleire byggetrinn. Han og Jenny hadde også fleire idear enn som så.

 

Dei starta først på arbeidet med å bygge verkstaddelen av huset. Frå bildet av kranselaget vil eg tru at «Furset-Karl» T. Akslen, Inge Emblem, Karsten Emblem, Alfred Østrem og Skipper Johan Thorvik vart leigd inn til byggearbeidet. Det er også mogeleg at læregutane Edvart og Per Årsnes måtte ta i eit tak. Verkstaden låg lengst mot sør og stod klar hausten 1946.Men då vart den leigd ut til brødrene Jakob og Einar Hanken, saman med  Harry Akslen. Sjølv om Severin vart registrert saman med dei i registreringspapira, så arbeidde han visst ikkje der likevel. Han hadde nemleg fått seg fast arbeid ved «Ødegårds karosserifabrikk» ute i Puskhola. Der hadde dei først starta opp med produksjon av handkjerrer, høvlebenkar og likkister, og no dreiv dei også med finare trearbeid til busskarosseri og bilar. Han må ha fått eit godt jobbtilbod i løpet av byggeåret, når han hoppa av alle planane sine så brått. Han averterte dermed fabrikklokalet til leige hausten 1946, så det var nok etter oktober han takka ja til arbeid hos Ødegård Karosseri i Puskhola. Som familiemann så kjende han nok på behovet for ein trygg arbidsplass, framfor å starte på noko nytt og usikkert.

 

Etter kvart så bygde han også delen av huset på Elvebakk mot nord. Der hadde han bustad i andre høgda og bygde eit «folkebad» under. Det var kona, Jenny som dreiv badet med dusjar, badekar og badstove. Baderom var enno mangelvare i Emblemsbygda. Dei fleste brukte framleis utedo, men lag og foreiningar engasjerte seg i folkehelsa sjølv på bygdene, og Emblemsbygda var ingen unntak. Hans Austrem (1915-1966) i Larsgarden innretta seg på anna vis. Når han støypte seg avkjølingskar med kaldevatn til mjølkespannene i kjellaren sin, så valde han å bygge den slik at han kunne nytte den som badekar og ein slags dusj også, men det var neppe noko for pysar som treng brukbar lunk på vatnet. Neste byggesteg var innreiing av ei leiligheit over verkstaden mot sør. Alle byggestega på huset var mura arbeid. Familien Eidslott flytte inn over verkstaden, og kjøpte etter kvart heile huset. Det skal eg komme attende til.

 

Frå Elvebakk til nytt hus inne på Aksla

I 1946 flytte Severin og Jenny, med døtrene Erna og Kjellaug til den nye leiligheita på Elvebakk.  Gamlehuset på Østrem leigde dei ut til Kalla og Halfdan Nilsen fram til 1951. Severin og Jenny budde på Elvabakk i fem år, før dei selde fabrikken til eidslottfamilien, og starta å bygge seg enda eit nytt hus i mur inne på Aksla. Dei flytta attende til det første huset sitt i Abrahamsgarden medan bygearbeidet pågjekk. Når dette tredje og siste sjølvbygde huset stod ferdig, skøytte dei frå seg gamlehuset på Granly i Abrahamsgarden til Ruth Årø den 2. september 1952. Severin og Jenny levde livet ut på Aksla. Etter kvart tok dottera Kjellaug over huset saman med ektemannen Odd Ivar Lundanes. Dei budde der fram til dei selde huset våren 2015 og flytta til eldrebustad på Garsendhaugen. Huset er no reve og erstatta med to nye hus med gateadresse Hjellhaugvegen 112a og 112b. No skal vi gå litt attende og sjå nærmare på møbelfabrikken på Elvebakk.

 

Møbelfabrikken

I september 1946 kan ein lese i Sunnmørsposten at den nye trevarefabrikken med sentralanlegg og delvis maskinelt utstyr var til leige. Utleigaren var Severin Østrem. Ei tinglysning datert  16. november det samme året kan tyde på at han hadde tankar om å fortsette, for 20. november 1946 vart firmaet «Østrem Trevarefabrikk Akslen & Co.» registrert hos sorenskrivaren i Ålesund. Vidare vart det tinglyst at:

 

«undertegnede, Severin Østrem, Harry Akslen, Einar Hanken, Jakob Hanken, alle adr. Emblem, akter å drive fabrikasjon av møbler med forretningskontor på Emblem i Borgund(...)»

Harry Akslen vart registrert som den som kunne underteikne på vegne av det nye selskapet.

 

Men Severin vart som kjent ikkje med på laget likevel. Årsaka var at han hadde fått anna arbeid. Likevel fortsette dei andre å bruke Østremsnamnet på fabrikken ei stund til. Det kan skyldast at det kosta å tinglyste endringar, og dei ville vel heller investere kronene i bedrifta i staden. Initiativtakaren til den nye fabrikken var Jakob Hanken (1926-1997). Han hadde spart opp kapital frå sal av sølvrevskinn til London etter krigen, kun 19 år gamal. Prisen på slike skinn hadde auka betydeleg sidan dei krevande mellomkrigsåra, så han følte seg rik når sjekken med oppgjeret kom. Pengane hadde han klart å spare eit år, og no hadde han lyst til å starte for seg sjølv. Jakob fekk med seg broren Einar Hanken (1916-1978) og Harry Akslen (1919-2019). Når det no stod klar eit nybygd fabrikklokale til leige i emblemsbygda, så var det i grunnen ikkje så mykje å tenke på, og det gjekk heller ikkje så mange vekene før trevarefabrikken var etablert. Østrem Møbelfabrikk,  Akslen & Co. skulle fortsette å drive i desse lokala nokre år.

 

Dei starta med produksjon av polerte radioskap. Jakob hadde talent og kremmarand. Dette skal visst også ha vore den første serieproduksjonen av møblar på Sunnmøre. Det var ei god tid å starte opp på, for no hadde folk meir pengar mellom hendene. Radioapparat var framleis dyre i innkjøp, og reknar ein om prisen frå ein annonsert radio hos Emblem Samvirkelag i 1949, så ville prisen vore om lag 10500 kroner i dagens pengeverdi. Likevel var dette noko mange tok seg råd til, og eit eige møbel til radioapparatet måtte ein så klart ha. På grunn av krigen, hadde nemleg mange i bygda hatt pengar som dei ikkje hadde fått kjøpt noko for før frigjeringa, men no vart det fart på overtakelsen av gardsbruk frå foreldre og behov for møblar til både spisetove, hyller og soveromsmøblar. Slikt hadde ein tidlegare vore vande med å lage sjølve på gardane, men no kunne ein rekkje små møbelfabrikkar levere flotte møblar i både kunstig teak og lakkert flammebjørk. Det var stasmøblar som ein finn att på bruka i bygda den dag i dag. På Blindeheim var der også ein møbelfabrikk som kjøpte både tenestar og ansatte emblemsbygdarar i denne «eventyrlege tida». Det gjekk så godt at møbelfabrikken på Elvabakk vart for liten etter berre eit års drift. Dei var no fem mann i arbeid på der. I tillegg til Jakob, Einar og Harry, hadde også grannane Inge Emblem og Knut Akslen kome med på laget. I 1947 byrja dei derfor å sjå seg ikring etter tomt til å bygge ein ny fabrikk. Dei produserte også dekketøyskap, og meir til. I perioden frå 1946 kom også Rolf Ekornesvåg inn i bildet ein kort periode.

 

Det heile gjekk likevel ikkje heilt slik som Jakob hadde tenkt seg. Dei andre valde i staden å gå i kompaniskap med ein annan møbelgründer i bygda, Rolf Ekornåsvåg. Han hadde bakgrunn frå mellom anna Blindheim Møbelfabrikk, der også Harry Akslen hadde jobba før. I tillegg hadde han videreutdanna seg i treskjering og fekk nok å gjere som underleverandør for sin gamle arbeidsgjevar. Han trong også arbeidarar til den nybygde «Ekornåsvåg Møbelfabrikk» ved Eikenoskrysset. Jakob hadde andre planar, og valde derfor å gå ut av samarbeidet. Han skulle dessuten i militæret og Tysklandsbrigaden frå 1949 til 1950. Han videreutdanna seg etterpå på Blindheim, og grunnla seinare det som skulle verte den kjente møbelbedrifta «Elegante Møbler».

 

Inge Emblem vart etter ei tid hos Blindheim Møbelfabrikk også ansatt hos Rolf  Ekornåsvåg. Han kombinerte det med arbeidet som bussjåfør for Emblemsruta og kjørte i mange år «arbeidsruta» frå Magerholm til Spjelkavik, før han starta på eige arbeid om morgonen. Knut Akslen (1926-1998) fann seg også til rette i styre og stell for Emblemsruta, men han var odelson og tok over farsbruket Øvste-Aksla i 1947 og gifta seg med Maggy Torvik (1925-2012) frå nabobruket Myrane, Elvemyr 4. Knut var forresten nevøen til Severin si svigerinne, Thea Karoline Østrem (1897-1980) i Abrahamsgarden, og dottera til skipper Thorvik, som arbeidde saman med Severin Østrem når fabrikken på Elvebakk skulle reisast. Fleire nytta han som handverkar, og ein av hyttenaboane frå byen, Jens Grytten, ansatte han som vaktmeister og altmuligmann. Bornebornet Arne Ivar Solbakk minnes han som ein høveleg snikkar.

 

Slutten på Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co.

Harry har fortalt at han starta på Blindheim Møbelfabrikk i 1938. Han arbeidde der til 1946, saman med mellom anna Johan Roth frå Ellingsøya, og Knut Tørlen, før han som kjent vart med på å starte møbelfabrikken på Elvebakk. Det er enda litt uklart kor lenge fabrikken var i drift. Jakob slutta før han skulle i militæret. Det kan vere om lag samstundes med at Harry starta på halvårleg handelskule vinteren 1948-49 hos Ulvestad Handelskole i Ålesund. Han budde då på hybel. Når han var uteksaminert våren 1949, starta også han å arbeide på Ekornåsvåg Møbelfabrikk, hos Rolf Ekornåsvåg. Kanskje var det då slutt på fabrikken på Emblem? Harry arbeidde i alle fall hos Rolf i om lag 2 år, før han gjekk i kompaniskap med sine to tidlegare arbeidskameratar, Johan Roth og Knut Tørlen i «Sollid Møbelindustri» på Blindheim. Dei to hadde allereie starta opp i ei sjøbu på Blindheimsneset. Etter ein 7-8 år bygde dei ny fabrikk på Geilane, vegg i vegg med det som i dag er Lied verktøy. Det må ha vore i 1959. Denne møbelfabrikken vart avvikla i 1976. Fabrikkbygget vart seld til Lied Verktøy, og Harry fekk seg nytt arbeid saman med Johan Roth på den nybygde fabrikken til «Kvalitetsmøbler», som vart sett opp i det tidlegare steinbruddet ovanfor Emblemsvågen. Her hadde vegvesenet hatt dagbrot og knuseverk ved bygginga av dagens hovudveg til Magerholm på 1960-talet. Harry gjekk av med pensjon i 1986, men hjalp til litt hausten 1987 og i 1988. Jakob Hanken starta som kjent opp sin eigen møbelfabrikk, som fortsette drifta ved Brødrene Sunde sin fabrikk, vest for Sandingane, medan Inge Emblem gjekk over i fulltid som bussjåfør for Emblemsruta, og Severin, arbeidde som kjent for Ødegård Karosserifabrikk i Puskhola. Alle desse bedriftene er nedlagde no, medan Ødegård har endra litt på driftsforma, og bygg ikkje lenger nye karosseri. Derfor er det viktig å ta vare på litt av historien om desse arbeidsplassane tilknytta Emblemsbygda.

 

Elvebakk seld

1951 vart fabrikkbygget på Elvabakk seld til leigetakaren, stuert Hans Joakim (1896-1968) og Marie Eidslott (1902-1982). Dei var  foreldra til den kjende diktaren Arnold Eidslott (1926-2018). Barnebarnet til Hans, Guttorm Eidslott, fortel at besteforeldra budde i andre etasje, medan foreldra, Arnold og Liv, innreia ei leiligheit i første etasje ikring 1960. Der var to leiligheiter i andre etasje. Den siste leiligheita vart leigd ut til Tor Arne (1934-1985) og Helga Sortehaug (1933-2008). Møbelfabrikken heldt ikkje lenger til på Elvebakk og gründerane hadde no funne seg arbeid andre stadar. Badet var også lagt ned og bygget vart gradvis endra til reint bustadhus. Dette var på ei tid der fleire fekk skikkeleg bad i eige hus. Elvebakk skulle med tid og stunder verte meir kjent som «Eidslotthuset». Eg huskar frå mi tid på Blåskulen like ved, i tidsrommet 1982-1984 at sjølv oss borna kalla det kvite murhuset ved innkjørselen til skuleplassen for Eidslotthuset. Hausten 1982 budde min tremenning Jon Inge Engesmo der, saman med foreldra Per Einar og Leikny. Dei hadde kome flyttande frå Vestby og heldt på å bygge seg hus på tomt delt frå Likny sine forledre sitt småbruk, tidlegare ein del av Sjursgarden som Agnes Flø hadde arva. Møbelsnikkar Harry Akslen (1919-2019) fekk kontakt med Arnold Eidslott, og dei vart gode vener. Begge to var autodidakte når det kom til litteratur, og Arnold likte godt å diskutere nettopp litteratur med Harry. I tillegg var Harry leiar i det kristne bornearbeidet i bygda, der borna til Arnold var aktivt deltakande. Turane til den gamle møbelfabrikken vart dermed ikkje så sjeldan likevel i dei 14 åra som Eidslottfamilien budde der. På eit fint bursdagsbilde frå hausten 1958, ser ein også Kjellaug Akslen (1925-2020). Ho fekk æra av å halde bursdagsbornet, Ellisiv Akslen på eitt år. Kjellaug var gift med Harry, og dessutan jordmor, så der var kanskje fleire gode grunnar til æra av å få halde Ellisiv på bursdagsbildet. Med dette skal vi no avslutte denne vesle fortellinga om Severin Østrem og historia til to møbelfabrikkar, samt huset på Elvabakk. Vi er stadig på jakt etter fleire opplysningar som kan bidra til å videreutvikle denne teksten i framtida. Ta gjerne kontakt via sveostrem@hotmail.com

 

Kjelder:

Akslen, Kjell Harry: Opplysningar frå tidlegare samtalar med Harry Akslen.

Arne Ivar Solbakk: opplysningar om Johan Thorvik

DIS-Norge: gravminneregistrering

Giske, Louis: «Bygdebok for Skodje, Gard og slekt BAND I G.n. 2 – g.nr. 31» Skodje sogelag, 1986

Eidslott, Guttorm: Informasjon om barndommen på Elvabakk

Emblem, Inge: Intervju med Svein Ove Østrem

Giske, Louis: Bygdebok for Skodje 1985

Lundanes, Sonja: Opplysningar og bilder via e-post og FB.

Sunnmøre Arbeideravis 16.1.1946 : Tingløyst skøyte på gnr. 6 bnr. 57 «Elvabakk»

Sunnmørsposten 9.9.1946: Annonse for utleige av fabrikken

Sunnmørsposten 20.11.1946: Kunngjøring om etablering av Østrem Trevarefabrikk Akslen & Co.

Sunnmørsposten 12.3.1994: Portrettintervju med Jakob Hanken

Pantebok for Abrahamsgarden via www.digitalarkivet.no

Pantebok for Granly 4/9 via www.digitalarkivet.no

Aarnes, Asbjørn (Red.) og Nordahl, Helge: «Hellig Hav, om Arnold Eidslotts dikting», Verbum 2000

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

30.08 | 17:56

Kjenner ikkje til opptak eller notar dessverre.

...
30.08 | 11:55

Finnes det et opptak tå denna songen? eg vil gjerne høyra

...
30.08 | 11:41

...
28.08 | 19:23

Dere har et bilde av "Baker-Ludvig-huset" Fotografen der skal være Aud Flor, ikke Aud Flos.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE