Husmannsplassen Kalmyra

Restane av husmurane til Kalmyra. Foto: Egil Rabbevåg 2020

Huset på plassen Kalmyra vart reve mellom 1910 og 1914. Det vart sett opp att i Vegsundet. Det er i dag Sundbakken 22. Foto: Google Streetview

Restane av husmurane til Kalmyra. Foto: Egil Rabbevåg 2020

Restane av husmurane til Kalmyra. Foto: Egil Rabbevåg 2020

Restane av husmurane til Kalmyra. Foto: Egil Rabbevåg 2020

Restane av husmurane til Kalmyra. Foto: Egil Rabbevåg 2020

TEKSTEN ER BASERT PÅ OPPLYSNINGAR FRÅ 
EGIL RABBEVÅG

Kalmyra var ein plass under Rasmusgaren på Flisnes. Folket som bodde her var: Lars Andreas Amunds. Flisnes(2) (f.4/10-1827 d.3/4-1910 på Flisnes) frå Rasmusgarden. Han vart først gift i Borgund kirke den 17. januar 1858 med Ingeborg Caroline Rasmusdotter Blindheim(7) (f.4./3-1831 d.25./8-1876 Flisnes). Ho hadde tatt over Rasmusgarden, Flisnes(2) i 1857, året før dei gifte seg. Etter seks år  flytta dei frå Rasmusgarden til kårstykket «Kalmyra» i 1863, lengst vest på innmarka til garden. Dei flytte også stova si  dit. Ingeborg vart kalla Karoline i 1875-tellinga. Det vart registrert at ho vart blind etter 44 år, altså i  vaksen alder. Det kan derfor vere synet, eller sjukdom som resulterte i tidleg kår.  Dei fekk tre born.

a) Andreas Raskanus (1862-1862) døydde rett etter fødselen.

b) Ingeborg Martha  Christine ( 1865-1896) gifta seg i 1891 med Peter Daniel Elias Bernts. Aase(4), busett Ålesund.  Han var hamnearbeider. Ho døydde i barselseng.

c) Johan Rasmus  Henrik ( 1867-1868) døydde 1 1/2 år gamal.


Lars gifta seg på nytt den 29. mai 1880 i Borgund kirke med Nicoline Jensdotter Langlo(244f) (f.12./9-1834 på Stranda d.1./8-1919 Borgund gamleheim). Han hadde då vore enkemann i fire år, til tross for at han kun var 51 år når Ingeborg døydde.  Når Lars døydde i 1910, vart ektemake nummer to, Nicoline nemnd som logerande enke på Frydenlund, Blindheim (10). Ho døydde av bronkitt på gamleheimen i Borgund. Dei fekk ikkje born i lag.

Kalmyra låg ca. 200-300 meter i sørvestleg retning frå tunet til bnr. 12, Norheim, mot Skarvhammaren. Huset vart reve i tidsrommet 1910-1914, og matrialen vart nytta til å byggje huset i Nilsgaren, Vegsund(10), som i dag har gateadressa Sundbakken 22.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE