LIVSMINNE FRÅ OMGANGSKULEN 1895-1900

Karoline Ødegård (bak til høgre) i 1905. Ho er fotografert saman med søskena Andreas og Knut, samt foreldra sine. Bildet er mellom fem og ti år yngre enn det ho fortel om.
Karoline Ødegård (bak til høgre) i 1905. Ho er fotografert saman med søskena Andreas og Knut, samt foreldra sine. Bildet er mellom fem og ti år yngre enn det ho fortel om.

Karoline Ødegård (1888-1981) starta på skulen i Emblemsbygda i 1895. Ho vaks opp i Magerholmdalen, og fekk aldri oppleve å gå på skule i ei skulestove. I hennar tid dreiv lærar Knut Furset frå Fursetgarden i Emblemsbygda omgangskule. Det vil seie at bygdefolket delte på å huse lærar og elevar i to til tre dagar av gongen. Ho var del av skulekrinsen "Innom elva" frå Østrem og Nedregotten til Magerholm. Ungane på den tida gjekk på skule inne på Glomset. Karoline var dermed på skule på Skaret, i Mattisgarden, på Øvste Aksla og hovudbruket på Magerholm, for å nemne nokre av gardane som delte på.

Vi har vore så heldige å få lov til å publisere delar av eit lydbandintervju med Karoline få jula 1973. Då fekk nemleg Linda Ørbeck i Antonesgarden ein kassettspelar med opptakar i gåve. Ei stor takk til Linda og søskenbarnet Kai Otto Ødegård, som har delt dette opptaket med oss. Du finn det ved å trykke på lenka under: