Livsminne frå Skråvika

7. juli 1994 vart Nancy Marie Almås (1906-2000) intervjua, på lydband, av Knut Ødegård frå Framigar. Teksten er del av ei avskrift som han sendte attende til henne. Den er delt her, etter samtykke frå dottera Arnhild Almås og Knut Ødegård. Intervjuet gjev eit uvurderleg innblikk i korleis det var å vekse opp på eit tidlegare plassebruk i mellomkrigsåra. 

Jeg er ekte ålesunder, jeg. Foreldra mine bodde 17 år i Ålesund, så eldste bror min var konfirmert i Ålesund.   Det var far som var eldst, og skulle overta garden, for da døde bestefar i 1909. (Det var Elias Olsen (f.1850). Red.anm.). Elias Olsen var gift med Petrine Petersdatter Hatlen. Ho døde i 1899. Så gifte Elias seg opp igjen med ei fra Stranda, som heitte Olave Fjørstad. Men det var ikkje så lenge, så døde han, og så var det enka og to eldre søstre som overtok bruket der inne.  Så skulle da han far, Ole Eliassen, overta etterpå. 

Om søskena
Vi flyttet inn i Skråvika i 1912, og da var Kristian 12 dager gammel. Hans var den yngste, og han var fødd på Flisneset, i Skråvika. Elias født i 1898, Emil født 1900, 17. mai, e bror som døde da vi var i Ålesund, Nancy født 26. april 1906, Oleif Henny, gift Stokke, født 19.12. 1907, Anna gift Stokke, Kristian født 1912 og Hans født 1914. Min far døde i 1917, så det var ikke lenge han fikk være i Skråvika. Han døde av tuberkulose, det var vanlig i den tida.

Om dagliglivet i Skråvika
I 1914 bygde dei løa. Det var Hans Ramsvik og han "Trysset-Knut". Dei to var der. Stova stod før, det var den gamle. Det var berre tregulv og grue. Når ho mor skulle bake brød, så hadde ho ei fjøl opp på veggen. Det var berre enkel bordkledning, så det snødde inn gjennom veggane. Og der var det då han far blei sjuk, og blei liggande inne i stovå. Så fekk vi ikkje vere der, så vi satt i gangen. Også der bles det gjennom veggane, både snø og alt om vintrane, det var så kaldt.

Eg var 11 år da han far døde. Så var det søster til mor då, ho var diakonisse i Oslo - Kristiania. Ho var så giktbrota at ho måtte slutte i 50-årsalderen. Ho var det som kom heim og overtok bruket frå 1912, men Emil og Kristian overtok i 1942. Ho betalte med pensjonen sin, ein liten pensjon.

Det var dyrtid også. Vi betalte 100 kroner for ein mjølsekk, og det gjekk ein mjølsekk for måneden hos oss, for vi var så mange. Det vart dreve litt fiske, men når det var styggevér, då levde vi berre av bruna mjøl, som en sos, og poteter. Det var ikkje anna. Og så hadde vi grønnsaker, det voks godt, og det var så frodig og grønt alt mulig. I dag får vi snart ikkje til noke slag. Skråvika var verkelig ein lun og fin plass.

- Dreiv faren din arbeid utanfor garden?

Nei, ikkje som eg husker, men dei dreiv då med kveiteline, djupvassfiske. Seinare vart det då laksenøter etter far sin tid. Det blei litt seinare dei kosta laksenot. Det var eit familiefelleskap, alle måtte hjelpe alle. Dei kosta seg to laksenøter. Eg husker ein gong dei fekk ein laks på 19 kilo. Han sa då han Emil: "Det er rart at vi skal drive med dette, og ikkje ha råd til å ta til oss sjølve så godt som ein pjakk".(Siste del av avsnittet er flytta opp. Det var opphaveleg fortalt litt seinare i det opphavlege intervjuet. Red. anm.).

Det var så smått med oss, at vi låg på kne ute i låven i lag med hinne mor, og bad om det daglige brød. Vi hadde ikkje mat til dagen, men då hadde vi bruk for vår Herre. I dag er det velferdstaten. I dag klager alle, kor bra dei enn har det. Han Elias var 15 år. Då måtte han til Island på fiske. Det var då under krigen, og dei var då så redde for hornminer opp under kysten.

Om konfirmasjonen til Emil
Den andre skulle konfirmerast eit år, men vi hadde ikkje noke til klær åt han. Men ho mor brukte å gå den veien og be til Gud, når det var noke som stod om. Og så hadde vi ein opplevelse då. Han Emil skulle vere med henne til byen. Ho brukte å reise å selje litt fløte og bær,  og forskjellig småtteri, for å kunne kjøpe inn litt til helga. Dei fylgde "m/b Suløy" den tida. (Rutetilbod frå Eikenosvågen med forløparen til Sularuta. Red.anm.). Den dagen, då dei kom til byen, kom det ein mann til møte med henne. Han sa:  "Er det deg Gud har sendt i min veg i dag?  Du  må kome, eg skal fortelje deg noke," sa han. "Konå mi var sjuk", sa han, "så lovde eg det at hvis Gud gjer henne frisk att, skal eg gi til nokon som treng det, men du må vise meg kven det er. I dag, når du kom, så sa Gud at der er ho som trenge det." Og då kom han og ga henne 100 kroner. Emil var med henne den dagen, og då ho kom heim, var ho så glad og lukkeleg at ho visste ikkje kvar ho skulle gjere av seg. Og det var han gamle "Kilde-Ole", eg trur det var det han heitte. Det var mange opplevelsar då, som du ikkje har i dag. Folk vil greie seg sjøl i dag.

Det var vanskelig i 20 - 30-åra. Ikkje var det arbeid å få heller. Men vi turka fisk. Vi begynte med det da han far levde. Vi stod ned på berga og vaska fisk. 6. februar, så tidlig. Fisken vaska vi opp i ein båt. Vi ungane drog av svarthinna og hine dei vaska. Det var ikkje berre, men det gjekk.

Oaldsbygdslekta
Oleif vart gift i Oaldsbygda, gift med Ole Stokke. Dei kom tilbake til Hatleholen seinare. Anna var der inne på besøk. Så var det søskenbarnet, han Inge Stokke, bror til Georg. Så blei ho forlova og gifta seg. Ho var nå sånn fin dame ho. Vi trudde nå ikkje ho ville komme inn i ei bygd slik, men det gjekk nå bra. Men ho sa nå det systra mi, at: "No reise dei rundt og festa og ser på alle dissa gardane. Men oss som har slite oss ut der, har ikkje mykje tenkt på festing".

Men merkelig nok, sa han Ole Stokke på Hatleholen da han flytta her ut, han var inn til oss, der oppe vi bodde før: "Det er no rart Almås", sa han, "Når vi var der inne, hadde vi tid til å sete oss ned på bakken og snakke med folk, men her er det ikkje råd. Har aldri i mitt liv vore så forkava sidan vi kom her ut".  Dei skulle då styre garden om kveldane, og vere på arbeid om dagane.

Bilane gjekk inn på bakken der Elim er nå. Det var 60 øre vegen, altså 1,20 for turen, men vi hadde ikkje råd til det likevel, vi gjekk. Den sommaren eg gjekk for presten, eg var oppe klokka seks og gjekk til Borgund, og frå Borgund til byen, og så fekk vi fylje "m/b Suløy" innatt. Det var lang dag, men vi var vant med det. Dei ville ikkje gå opp under Borgund for slike rampunga. Det var då en spøk, kan du vite.

Litt meir om slekt
Han "Skråvik-Ole", som dei sa, han kom frå Kvasnes. Han var gift med ei frå "Lars-Pettergaren" på Blindheim. (Lovise Pedersdotter Blindheim (1820-1895) vart gift andre gong med Ole Eriksen Kvasnes. Red.anm.).
Han Ole Eliassen, far min, og han Nikolay i Torevågen, dei var tremenninger. Han bestefar hadde ei søster som vart gift Nedregård. Ho var født Flisnes.

Dei fleste av syskena mine blei i bygda. Bare Oleif og Anna flytta ut. Leonard, Elias og Hans, bygde seg hus. Leonard ovafor veien, og dei to andre ned på "Legane", dei kalla. Ho tanta ga ut 10 mål til kvar av dei som ikkje hadde noke jord, og så vart det han Emil og han Kristian som overtok bruket, og delte på det. Ho mor trudde at det var dei som gjekk best i lag. Det var noke med det.  Ho var klok ho, som tenkte slik.

Men dei turka fisk nede på berga, både han Hans og han Elias. Han Leonard begynte som elektrikker. Han gjekk frå Flisneset til han Ole-Petter Larsen i Spjelkavika. Der fekk han 10 øre timen. Ho mor spurde han Larsen om han kunne legge på litt, for han hadde ikkje for skosålane. Elias var vekke på arbeid. Han var inne på Strandafjellet. Dei var der på vegarbeid. Han forpakta også Hatleholen seinare.

Om Havnevika
Havnevika, det var ikkje Havnevika det heitte. For gamlehusa deira stod lenger aust, ned for hammaren. Der stod gamlestovå deira, og då heitte garden "Olsvika". Dei kom frå Flisholmen, han Petter og ho Gurina, og flytte inn i Olsvika. (Dei fekk etter kvart dette stykket inne på fastlandet, for skulevegen var for farleg. Red.anm.).

Det var seinare dei tok navnet Havnevik, når dei bygde lenger ute. Han var bror hans Johan på Furholmen. Han Petter i Havnevika skulle egentlig skrive seg for Furholm. Far deira var Iver Andreas Pedersen. Ingolf, Hjørdis, Gudrun, to sysken som døde tidleg, Jofrid, Jenny, Ingrid, Petter og Olav. Petter døde i 13-14-årsalderen.

Kaia i Eikenosvågen under krigen
På Vågekaia var det som ei handelsbud. Det var rasjonering, og vi måtte stå der å vente på å få korta våre, det vi skulle ha. Det var vel betrydde folk av bygda, som stod for utdelinga. Varene kom inn med "m/b Suløy". Det var som ein hovedstad da, Vågakaia. Det var no samlingsplassen, og der var posten til å begynde med.

Emil og Kristian dreiv Borgundfjorden kvar vinter. Dei låg og fraus ut i fjørå heile dagane. Dei kunne ikkje ro inn att midt på dagen. Slik var det når far og han Elias var ute på Hessafjorden også. Dei fekk ligge ombod i ein åpen motorbåt, så dei hadde med seg klær, dårlege oljeklær den tida. Det var då han far vart sjuk.


Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.10 | 10:57

Hei
Jeg leter etter bilde av en Ole Andreas Nilsen i Skodje født 1868 død 1935
Hans barnebarn som bor i Hammerfest ønsker og finne bilde av bestefaren

...
28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE