Hatlehol Indre II

Frå bryllupet til Jenny og Peder Dimmen i 1945. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Frå bryllupet til Jenny og Peder Dimmen i 1945. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde.

Frå bryllupet til Jenny og Peder Dimmen i 1945. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Kanskje skredder Andrine Melbø, som bygde huset til Jenny og Peder. Bildet er tatt på Eriksenbrygga i Ålesund, og kanskje før 1904. Det tilhøyrer Perdy Lillerovde

Mormor Jenny med dåpsbarnet Bjørn Dimmen. Bror henna, Ingolf Havnevik sit til høgre. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Jenny fødd Havnevik og Peder Dimmen sitt bryllup på Hatlehol Indre 1945. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Kanskje er dette frå gullbryllupet til Edvard og Johanne Hatlehol i 1941. det er kanskje tvilligbroren Thomas som står fremst i vest og skjorte. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

F.v.: søskena Per Gunnar Dimmen, Einar Dimmen og Perdy g. Lillerovde. Ho er også bildeeigaren. Foto: Alv Dale

Einar Dimmen med familien ved huset som Jenny tok over etter tanta Andrine Melbø. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

DELT FRÅ BNR. 1 HATLEHOL INDRE I 1931


Jenny Emma Havnevik (1912-1971) var fosterdotter til Edvard Hatlehol(1), og tok over  bruket etter fosterforeldra sine. Ho gifta seg 1945 med Peder Elias Dimmen(Y,3) (1908-1990). Dei  budde først på Blindheim, før dei fekk garden utan vederlag i 1951. Jenny var eigentleg søsterdotter  til fostermora, Johanne Hatlehol. Foreldra var 1414 Gurine Marie Eline Melbø og Peter Havnevik i  Havnevika, Flisholm(2). Bruket vart verdsett til 2500 kroner, når Jenny tok over. Ho tok i seinare år  over huset til tanta, Andrine. Gamlehuset på garden vart kanskje lite tjenlig for Jenny og Peder. Salg  av hyttetomter og hustomter fortsette i Jenny og Peder si tid som brukara. Huset til Andrine vart  seinare arva av borna.

a) Perdy Oddrun (f.1946). Tidlegare g.m. Erling Martin 

Lillerovde, busett Spjelkavik.

b) Per Gunnar (1947-1976)

c) Einar Johannes (1949-2019)  var tidligere g.m. Kirsti 

Pauline Dypvik, busett Hatlehol.


Borna Perdy Lillerovde, Per Gunnar Dimmen og Einar Dimmen fekk skøyte på eigedommen ved  arveskiftet etter mora i 1972. Eigarfordelinga vart endra i 1978, når borna til Perdy, Jan Ove Lillerovde  (f.1963) og Pål Morten Lillerovde (f.1971), fekk kvar sin sjettedel av garden. I 1979 fekk  søskena Perdy og Einar kvar sin halvpart frå broren, Per Gunnar, sitt dødsbo. Einar eigde no 3/6, og  Perdy vart på ny medeigar, med 1/6 av farsgarden. Dei er framleis grunneigarar, men det meste av  innmarka er no seld ut til hustomter og byggefelt. Med Einar sin bortgang i desember 2019, vart andelen overført til borna Bjørn Dimmen og Ellen Kristin, gift Loppnow. Utmarka kring Røssevollvatnet, og teigane mot  Geitnausa, er framleis i familiens eige.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE