FRÅ
JEKTESKIPPER CARL ENGEZET PÅ FREMSTE FRAMHUS TIL PLASSEMENN I NORDDALEN OG EMBLEMSBYGDA
-av Svein Ove Østrem-
I
Emblemsbygda finn ein under matrikkelgarden Nedregotten to tidlegare
plassebruk med omlag samme namn. Det er Elvemyr 4 (Myrane) og Elvemyr
8 (Syvergarden). Plassenamnet er ikkje det einaste dei har felles.
Den andre brukaren i Syvergarden og den første plassemannen på
Myrane heitte begge Carl, kom frå Framhus på Stranda, og det
stoggar ikkje der. Til trass for at det er omlag ti år mellom dei,
at dei er døypt på ulik stad på Framhus, og har ulike fedre, så
er dei faktisk søsken, eller rettare sagt halvsøsken. Slekta deira
busette etter kvart 4 husmannsplassar og småbruk under garden
Nedregotten. I tillegg har ein no funne slektskap mellom Syvergarden
og dagens eigarar i Larsgarden på Østrem. Ved inngifte kan nemleg
desse gardane også knytast saman av ei ulukke på Sløgstad i 1854.
No skal du få vite litt meir.
På
Stranda har der vore jekter og jektefart i lang tid. Takka vere
Jørgen Gjerding sin grundige beskrivelse i boka «Folkeminne frå
Sunnmøre» frå 1921, kan ein fortelle meir om dette temaet. Ei slik
jekt kunne koste frå 500 riksdalar til over 1000. For den summen
kunne ein få både to-tre ja kanskje fire småbruk med hus attpå.
Mange gardsbruk gjekk nemleg på auksjon for omlag 200 riksdalar
kring 1850. Likevel kunne der tidvis vere fleire jekter i same bygda,
og der er ikkje så reint få stadnamn med «jekt» i seg utover
Storfjorden. I 1731 vart to store forankra jekter kasta opp på
kyrkjegården på Stranda av ei flodbølge då Skafjellet gav etter.
Det var stort sett voldingar og bjørkedalinga som bygde desse
sunnmørsjektene. Dei var forløparen til dagens godstog på
landjorda, men hadde sterkare band til den bygda dei tilhøyrde, og
vart nok meir for ein slag dugnad å rekne, når lokale produkt
skulle fraktast til Trondheim eller Bergen for å omsettast i varer
ein ikkje makta å produsere i heimbygda.
Det
var også mogeleg å leige båtbyggara frå Volda heim til seg, om
ein allereie hadde materialen liggande. Den siste store Strandajekta
vart bygd på den måten. Ho vart kalla «Flora» og vart bygd i
Kjølåsvika ca.1848. På Øyra var jektestøa til Flora med eit eige
stornaust, så den kunne ligge tørt når den var i opplag. Den vart
då løfta på land med skruar og handemakt på flo sjø, og der vart
så mura oppunder kjølen. Mastra vart lagt ned. Når dei skulle ut
på fart igjen, vat Flora lagt inn til Os-hammaren, slik at dei kunne
røyse masta ved å skuve den oppetter det bratte berget. Jekta hadde
råsegl, flakar midtskips for å halde lasten tørr, skuta va brei og
flatvoren i botnen. I framskuten var der bysse og eldstad, medan der
bak var «bestrommet» for skipperen og reisefølget. Der var det
store vindauge i bakveggen. Varene kunne ofte stablast ei heil
mannshøgd opp langs masta. Jekta var tung å få i fart, og behøvde
ein del vind i segla, men den var stødig og god å segle. Det vert
også fortalt at Flora var den beste av sitt slag inne i fjordane
kring 1850. Skipperen der var Karl Engeset, som bygsla garden Fremste
Framhus attåt.
Flora
var eigd av Nils og Ola Kjølvaas, Kristian Hagen og Ola Hansen
Opsvik. I akterspeilet stod følgande. «FLORA er mit navn. Gud være
min følger, som dæmpe kan bølge og lede paa havn». Det var
Johannes Kjølvaas som hadde både måla og dikta dette verset. Det
var som oftast gutar i 20-30-åra som bemanna desse skutene. Det var
nemleg eit greit alternativ framfor å gå for klokkaren for å verte
skulelærar, eller tenar på ein gard, om ein ikkje var soldat eller
odelsgut. Handel kunne ogå gje litt meir avkastning, og det var vel
gjerne den som var god til å snakke for seg som slo inn på slik
handel. Dei leigde seg tur med jekta utpå sommaren og tinga varer
frå bøndene. Trandemsfart (Trondheim) var gjerne etter
Kyndelsmesse, medan tur til Bergen var etter våronna i mai. Og så
trong dei godt med varer begge vegane. Dei førde gjerne smør,
skinn, never og trevirke frå Stranda, og kom heimatt med tobakk,
kaffi, sukker, korn, salt og hamp. I tillegg kunne dei hente
apotekervarer, brennevin, slipesteinar med meir, dersom dette vart
bestilt i god tid på førehand.
Carl
Martinus Knudsen Engzet (1815-1854) var eldstemann og skipperen
ombord våren 1854. Han fekk bygsle klokkergarden «Fremste Framhus»
på Stranda, sidan ingen av sønene til den forrige brukaren der
ville overta. Det skuldast kanskje at den som vart klokkar kunne kome
å kreve å få overta plassen. Soleis var det nok vanskeleg å
investere i ein gard som ein kunne miste. Carl hadde derimot fleire
bein å stå på, reint økonomisk, og å leige var truleg meir
sikker enn å eige, i alle fall om ein ikkje hadde klokkerambisjonar.
Han var allereie bygslar og gardbrukar der då han gifte seg for
første gong i 1850 med Marie Dorothea Sofie Andersdotter Slyngstad
(1829-1927). Det vert fortalt at han var ein driftig kar.
Etter
Kyndelsmesse arbeidde han saman med eit mannskap på seks med å
klargjere jekta for trondheimsfarten. Det meste var ombord og
stuvinga i lasterommet stod att. Jekta låg rett nedanfor Litleelva,
tjora til ein påle i fjøra. Det hadde vore ruskevér ei tid, og
kvelden den 25 februar bles det ytterlegare opp. Til slutt turde dei
ikkje vere ombord lenger. Sleit ho seg, så kunne Flore verte knust
mot Oshammaren. Det nytta ikkje lenger å ro i land, så dei forsøkte
å dra seg langs fortøyningane i småbåten mot land, men ein
brottsjø velta båten før alle var ombord. Øy-Ole Andreas var att
på jekta og fekk berga den yngste av dei som hamna i vatnet, men når
dei skulle forsøke å få Karl inn gjennom den knuste ruta i
akterenden, så nytta det ikkje. Han var for stor og dei våte kleda
vóg alt for mykje. Til slutt skal han ha sagt: «So fær du då i
Guds namn sleppe meg», før han sokk i fjorden. Der var tre til av
mannskapet som drukna attmed han. Om dette tapet av liv gjekk hardt
inn på bygdefolket på Stranda, så vart truleg tanken på enka
Maria på 25 år, som no sat att, det vondaste å tenke på. Carl
etterlot seg også tre små born. Eldsteguten, Andreas, var berre
tre, den neste var eit år og ho var gravid i andre månad med deira
tredje born. I tillegg hadde gravide Maria ein gard å drive, der
våronna snart stod for tur. Historia fortel ikkje korleis dei klarte
seg fram til ho gifte seg på nytt først i 1857. Vi skal fortsette å
følge spora etter Maria.
I
1865-tellinga finn ein enka Maria med ektemann nummer to, Knud
Martinussen Gjerde (1826-1868) frå Stranda. Han var då 39 år, fødd
på Stranda og forpakter på «Fremmerhus». Maria var no 36 år
gamal og dei hadde følgande born registrerte som heimebuande dette
året:
Andreas
Karlsen (f.1851) på 15 år, Karl Olaus Karlsen (f.1853) på 13 år,
Karen Karlsdotter (f.1854) på 12 år, og 7 år gamle Karen Marta
(f.1859). Ho var Maria og Knud si felles dotter, etter at dei hadde
gifta seg i 1857. I tillegg budde tenestejenta Marte O. Ebbedotter på
14 år der, og den innlosjerte målaren Peter Martinussen på 22 år.
Dei hadde hest, 8 kyr, 17 får og 7 geiter, dyrka 2 1/2 tønne bygg,
3 2/3 tønne havre og 2 1/4 tønne med potet. Familien var
registrerte på garden Fremste Framhus framleis. Av ein eller annan
grunn er ikkje sonen Jens Knudson (f.1861) nemnd i folketellinga.
Knud sin yngste son, Iver Knudson (1863-1865), døde nok før
tellinga. Borna Karl Olaus og Karen vaks derimot opp og begge
emigrerte seinare til California.
Tvangsflytting
frå Fremste Framhus?
Husmannen
Lars Jetmundson Framhus på «Reiteplassen» under Framhusgarden stod
det ikkje like bra til med. Han klarte seg no på eit vis, var
enkemann med 2 kyr, 6 får, 4 geiter og dyrka 1/2 tønne bygg, 2/3
tønne havre og ei tønne med potet. Sonen Rasmus Larsen på 33 og
dottera Syverine Larsen på 36 budde heime for å hjelpe far sin. Der
var med andre ord ikkje like mykje å leve av fram på Reitane, som
på klokkargarden, naturleg nok. Ofte kan ein finne at den eine
husmannsonen fekk overta plassen mot kår til foreldra sine, men slik
vart det ikkje her. I følge den bygdebøkene for Stranda, så var
tidlegare nemnde Maria på Fremste Framhus sin andre ektemann, Knut,
sjukeleg av seg. Gardeigaren hadde ikkje tolmod nok til å vente på
at han gjekk bort og ønska truleg å leige ut Fremste Framhus til
nokon som kunne ivareta garden bedre i staden. Kanskje var det slik
at dei ikkje makta å forpakte garden godt nok etter at Knud vart
sjuk? Husmannen og Enkemannen Lars Jetmundsen på Fremste Reiten fekk
i alle fall besøk ein dag av både prest, klokkaren og ein bisp
attpå. Dei ba han om å ta kår, og overlate husmannsplassen sin til
Knud og Maria på Fremste Framhus i staden. Han retta seg etter
øvrigheita, og godtok dette. Slik vart dei kanskje tvangsflytta ifrå
garden, som skipper Carl Engeset hadde bygsla før han døydde.
Det
vert fortalt at sonen til Lars Jetmundson, Rasmus Larsen, vart lite
glad for farens valg. Om opplysningane stemmer, så vart han ikkje
spurt ein gong før det heile vart avgjort. Presten hadde stor
respekt i sitt lokalmiljø på den tida, og når bispen kom også, så
opplevde han vel kanskje at han ikkje hadde noko val. Ein veit
derimot ingenting om kva tankar Lars Jetmundsen hadde hatt om si
framtid som husmann på Fremste Reiten på den tida. Han var tross
alt registrert som 81 år gamal i 1865-telllinga. Ein kan kanskje
tolke sonen Rasmus sin reaksjon slik at han hadde hatt håp om å ta
over, og det gjorde han faktisk også, om enn litt seinare. Sjukelege
Knud Framhus døydde nemleg etter få år på Fremste Reiten.
Forbindelsen
mellom Syverplassen og Larsgarden på Østrem
Rasmus
gifte seg då med enka etter Knud i 1869, og vart dermed plassemann
på Fremste Reiten likevel. Ein veit lite om det var av kjærleik
eller «meir praktiske årsaker». I 1870 fekk dei dottera Karen, som
drog til Amerika, og i 1871 fekk dei dottera Julianna. Ho vart yngst
i borneflokken etter i alt tre ekteskap. Karen hjalp foreldra sine
med å få kjøpt ut plassen til sjølveige, medan Julianna tok over
ei tid. Ho var brukar her til ho vart sjuk og måtte leggast inn på
Oppdøl i Romsdalen. Rasmus vart heile 90 år gamal, men Maria
overlevde også han. Ho flytte då til sonesonen Karl Olaus Dale i
Dalsbygda i Norddalen etter 1922, og levde der livet ut. Han arva
Framstereiten etter henne, slo markane der, og frakta høyet heim att
til Dalsbygda, fram til han selde eigedommen midt på 1930-talet.
Karl Olaus var sonen til Andreas Karlsen på 15 år frå
folketellinga frå Fremste Framhus i 1865. Det vil seie at han var
eldste sonen til den avlidne jekteskipper Carl Engeset på Fremste
Framhus som døydde så tragisk i 1854.
Soleis
kryssar no spora til ætta etter husmann Andreas Karlson Framhus og
dei to Framhus-Carl`ane på Myrane og Syverplassen på Emblem seg.
Dei var nemleg brørne til Maria sin tredje og siste ektemann, Rasmus
Larsen Framhus. Andreas og etterslekta hans busette seg i Dalsbygda i
Norddalen, og han er også oldefar til Marit Dale som gifta seg til
Larsgarden på Østrem med dagens grunneigar Olav Østrem.
Meir
om Framhusslektene på Emblem
Vi
skal no sjå litt nærmere på slektsforholda mellom skipper Carl
Elias Sivertson Framhus (1823-1884) på Myrane (Elvemyr 4) og Carl
Sevrin Larsson Framhus (1835-1905) på Syverplassen, (Elvemyr 8).
Dei vart som tidlegare nemnd fødde på ulike husmannsplassar på
Framhus og alderspennet er på 12 år. Korleis heng eigentleg det
saman?
Chirsti
Oline Knudsdotter Framhus (1793-1861) frå Nedre Furseth på Stranda,
var mor deira. Ho var først husmannskone på «Heimste
Framhusreiten» og hadde gifta seg i 1821 med ungkar og soldat Syver
Ellingson Framhus (1795-1827). Christi vart enke allereie i 1827. Som
tidlegare nemnde Maria, så hadde også Chirsti små barn og
gardsdrifta å ta seg av. Yngsteguten var berre eit år gamal. Ein
veit lite om korleis ho klarte seg i tidsrommet mellom dødsfallet og
nytt giftermål, men som Maria, så hadde også Chirsti slekt like
ved. Ho gifte seg opp att i 1829 med husmann Lars Jetmundsen Framhus
(1785-1869), opphaveleg frå Hove i Stordalen. Etter kort tid flytte
dei frå Heimste Framhusreiten til Fremste Framhusreiten og busette
seg der. Dei fekk tre born, og Carl Elias og Carl Sevrin vart soleis
halvsøsken. Carl Sevrin kom til verda i andre ekteskap. Det
forklarar også den store aldersforskjellen. Inntektene på ein
husmannsplassen var sjeldan den beste, og ungeflokken stor i forhold
til det dei hadde å livberge seg på. Det var dermed påkrevd att
borna fann seg ein stad å tene i tidleg alder. Ein måtte også
finne seg noko eige å leve av når ein hadde samla seg opp nokre
kroner på eiga hand. På denne tida vert fleire husmannsplassar
frådelte i Emblemsbygda, i takt med at stadig fleire brukarar fekk
kjøpe garden som dei dreiv. Carl Sevrin og Carl Elias hadde med
andre ord fleire søsken. Det er Ane Pernille (1821-1882) som gifte
seg med Gregorius Pederson Jelle. Lars Kristian Framhus (f.1826) vart
yngste sonen til Syver Ellingson Framhus. Han finn ein seinare att på
Helsem. I neste ekteskap fekk Chirsti også tre born. Sevrine
Larsdotter (1830-1830) var eldst, men levde ikkje lenge. Rasmus
Larson (1832-1922) vart den som skulle gifte seg attende til Fremste
Reiten med enka Maria, og så vart Carl Sevrin Framhus yngst. Han
flytta som kjent til Syverplassen på Emblem og gifta seg der.
I
kyrkjeboka på Stranda kan ein sjå at ungkar Carl Elias Sivertson
Fremhus på 30 år melde flytting til Sjøholt i 1853. Ungkar Carl
Sevrin Larsen Fremhus på 28 år melde først flytting frå
Fremsæther til Nedregotten og Borgund i oktober 1863. Dette var
første gongen dei melde flytting ut av kyrkesognet, noko som kan
bety at dei tidlegare kun hadde tent på gardar i Stranda kyrkjesogn
tidlegare. I kyrkjeboka finn ein også utflyttingsattesten til Carl
Elias frå Ørskog Prestegjeld til Nedrgotten, datert 14. juni 1862.
Der står dat også at dei flytta året i forvegen. Det er omlag tre
år før halvbroren gifta seg på naboplassen på Nedregotten. Carl
Elias hadde med seg kona Ane Caroline Larsdotter og borna Anne
Severine (f.1857) og Elen Christine (f.1860) på flyttelasset.
Fleire
plassar og småbruk på Nedregotten kjem til
Eg
er dermed usikker på om Carl Sevrin kom til Emblem for å hjelpe
bror sin med å rydde Myrane frå utmarka, eller om han kom i
forbindelse med forlovelse og nært foreståande bryllup på
Syverplassen. Flytteregistreringa fortel berre at dei skulle til
Nedregotten, men ikkje meir om formålet. Frå «Fursetgarden»
kjenner ein også til at Iver Karlson «Kjøt-Iver» Furseth først
kom til Emblem for å hjelpe storebroren, Knut, med å bryte jord og
plukke stein på dei nykjøpte stykka som skulle verte småbruket
Nybø, helst kalla Fursetgarden. Der finn ein heller ikkje registrert
denne flyttinga i kyrkjeboka. Det var kanskje fordi han ikkje var der
som tenar. Slik kan det godt vere med Carl Sevrin også, men det kan
også ha vore i forbindelse med familievitjing på Myrane at han vart
forelska i Karen Guttormsdotter Nedregotten (1838-1910), som kjøpte
ut faren sin frå dette nye kårbruket som seinare skulle få namnet
Syvergarden. Bygdeboka for Borgund lemna ikkje tvil om kvifor han
vart verande. Karen vart nemleg rekna som den finaste jenta innanfor
Flisneset. Ho fekk dessverre ei trist skjebne og døydde som
spedalsk, men overlevde likevel Carl Sevrin. Dei fekk også fem born,
så dei fekk truleg minst 10 gode år saman, før ho vart sjuk.
Etterslekta har også eigd ein god del av dette gamle gardsbruket
nesten samanhengande, med unntak av tida frå 1973 til 1994, då Jan
Asle nedregotten kjøpte attende garden. Han selde igjen i 2013.
Frå
Myrane. eller Elvemyr 4, har borna etter Carl Elias Framhus busett
enno fleire småbruk og plassebruk på Nedregotten. Simon Elias
Nedregotten (1876-1954) var først fyrbøtar i mellom anna Ålesund,
før han kom attende til Emblemsbygda og vart brukar i Løvika, som
grensar til Myrane. Broren Johan Lauritz Marthinus Nedregotten
(1865-1953) fekk frådelt eit stykke av Myrane med broren Ole
Martinus Nedregotten (1868-1939). Det var han som tok over plassen
etter faren. Broren Karl Andreas Nedregotten (1878-1970) budde lenge
heime på Myrane, og starta opp som telefonstyrar der. Han flytta
seinere verksemda til eit kammers i Guttormgarden, før han i 1910
fekk råd til å kjøpe seg eit stykke på Hjellhaugreset, nær tunet
i Syvergarden og bygde seg hus og løe der. Han dreiv nok helst som
skomakar, medan familien dreiv det meste av telefonsentralen. Begge
verksemdene dreiv han deretter frå heimen sin på Hjellhaugreset,
også kalla «Myrvang 10» i offentlege dokument.
Slik
har sjukdom og ulukke også endra gardsoga i Emblemsbygda, og knytt
nye slektsband, som ikkje er like lette åå finne att i våre dagar.
Det var det som inspirerte meg til å sette saman denne vesle teksten
om Framhusslektene på Emblem.
Kjelder:
1865-tellinga
for Stranda via www.digitalarkivet.no
Dale,
Bjørn Johnson: Informasjon om Carl Engeset via Messenger 27.5.2019
Digitalarkivet:
Diverse kirkebøker og folketellingar frå Stranda
Gjerding,
Jørgen: «Folkeminne frå Sunnmøre». I kommisjon hos Olaf Norli,
Kristiania 1921
Kjølås,
Gerhard: Stranda Bygdebok, første del, Gard og Grend», Stranda
kommune med stønad frå Stranda Sparebank 1954
Langlo,
Olav: «Stranda Bygdebok III, Ættebok for Stranda» 1964, Stranda
Kommune med stønad frå Stranda Sparebank
Rabbevåg,
Egil og Østrem, Svein Ove: «Utkast til oppdatert bygdebok for
Emblemsbygda»