Litt om stølsnamnet Røvastølen

Røvastølen og Eikenossetra etter at brua var bygd. Foto lånt ut av Leiv Lundanes

Torevågselet med Åsenselet til høgre. N. 3 f.v.: Henny Stokke Dahle, Ingeborg Ekornåsvåg Dahl nr. 4 og Palma Ekornåsvåg i blå kåpe. Bildet tilhøyrer Marit Ekornåsvåg Alnes.

Torevågselet (nærmast) og Åsenselet i bakgrunnen (Hatlehol Indre). Foto: Svein Ove Østrem 2018

Sela sett frå baksida. Torevågselet nærmast og Åsenselet (Hatlehol Indre) i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem 2018

- av Svein Ove Østrem-

Namnet «Røvastølen» vekker fantasien til live hos både unge og gamle. Har der vore røvarar på ferde, eller har der skjedd noko spennande i tidligare tider som har inspirert emblemsbygdarane til å gje den no nedlagde setervollen eit slikt namn. På Emblemsfjellet kan ein óg finne stadnamn som Bjørnanakken, Skallehammeren og Ormestuven, som ber bod om både hendingar og former i naturen. Av dei hundretals lokale stadnamn på Emblem er nokre få framleis i bruk, medan mesteparten no er gløymde og ukjende for dei fleste. Vi skal no ta for oss eit av desse.

I våre dagar vert som regel internett brukt til det meste av informasjonsinnhenting. Men eit søk på Google, som tidvis kan gje millionar av treff, gjev i dette tilfellet berre to. Begge treffa viser til tekst som eg sjølv har skrive, eller publisert tidlegare. Ny kunnskap om dette stadnamnet er soleis skrint. Ein må derfor gå grundigare til verks, om ein vil vite meir om denne setra til Vågane (Eikenosvågen). Ei seter som nærmast umerkeleg endrar namn til Eikenossetra etter nokre få steg i retning høgdedraget bak desse to stølane , som i dag helst framstår som ein og samme setervoll med einer og vegetasjon kring dei attståande sela. Eg skal kome attende til litt meir historie om desse to setrane lenger ned i eksten.

Når digitale søk ikkje nyttar, må hjernen og grundigare kjeldesøk takast i bruk. Eg veit frå før at sambygdingen Johan Krogsæter gjorde eit nitidig og grundig arbeid med dei lokale stadnamna på 1980- og 1990-talet. Han intervjua dei gamle, fekk hjelp til å plassere namna korrekt på kartet, og laga eigne lister med meir informasjon om både kjelde, opphav og nokre gongar tyding av namnet. Oppdragsgjevar vart etter kvart Ålesund kommune. Dei nyttar framleis denne kunnskapen ved mellom anna namnesaker, kart, namnsetting av nye vegar og nye byggefelt. Krogsæter skreiv også ein populær serie med artiklar for vekeavisa «Nytt i Uka», og gav ut boka: «Stadnamn frå Sunnmøre – ei artikkelsamling» på Nytt i Uka Forlag i 1995. Det innsamla materialet etter Johan har eg fått tak i, men særleg klokare vart eg dessverre ikkje. Informanten var Reidar Arthur Krogsæter (1917-1995) på Røssevollen, men han kunne berre fortelle at det var eit gamalt namn for «Vågsetra». Det er kanskje ikkje så underleg, for han kom først til bygda under andre verdskrigen og gifte seg her. Kona, Thelma kunne derimot sjå slekta si på Røssevollen attende til 1715, men eg er usikker på om ho vart spurt, eller visste meir om akkurat dette namnet.

Eit søk i band 2 av bygdeboka for Borgund og Giske, frå 1962, gjev heller ingen resultat. Under garden «Eikenosa» har forfattar Ragnar Øverlid notert seg at garden ikkje har hatt behov for seter, før Iver Karlson Furseth frå Stranda kom hit og kjøpte garden. Han dreiv mykje som slaktar og med feavl. Etter ei tid på husmannsplassen Skorene, hadde han nok kapital til å kjøpe denne høgast liggande garden i bygda. Derfrå bygde han den første køyrevegen ned i Eikenosvågen, for eiga rekning, og han dyrka opp stort fleire stader i bygda. 1900 oppretta han også Eikenossetra, truleg for å utnytte fjellutmarka betre til beite. Med på laget fekk han med seg brukarane på Hatlehol Indre, Torevågen og Fureholmen. Ifølge bygdeboka så setra dei fleste her til 1960, og Lundanesslekta, som seinare kjøpte Eikenosa, dreiv framleis setra i 1961. Ein veit dermed at setringa på Røvastølen og Eikenossetra tok til 1900, og at dei første sela frå Vågane tilhøyrde Torevågen og Furholmen. At Olevågen ikkje er nemnd, skuldast kanskje at dei ikkje setra her. Drifta på dette bruket vart også tidleg lagt ned, og Olevågen seld ut til tomter.

Ein veit ikkje om stadnamnet «Røvastølen» er frå 1900, eller om det kan ha samanheng med eldre stadnamn frå før setrane vart bygd ved Skjelbruvatnet. Dette vatnet er no oppdemma og kalla «Røssevollvatnet» av teknisk etat. Eg kjem i hug det som har vorte skreve om dei tidlege brukarane på husmannsplassane ved Eikenosvågen. Dei hadde svært lite å leve av. Fisket var avgjerande for at dei skulle greie seg og fleire levde på krita, på handelsmannens nåde. I Torevågen finn ein bygdas svar på «Gjest Baardsen». Han heitte Knudt (f.1740) og arrestert for tjuveri to gongar, men klarte å rømme begge gongane. Det vert fortalt at han gøymde seg i utmarka på Emblemsfjellet med hesten sin, og at han hadde tjuvgodset lagra i holer i utmarka. Ein veit ikkje korleis det enda med han, og dødsåret er ikkje å finne i kyrkjeboka. Det er nok ikkje så rart. Etter andre flukta skulle han «kagestryges» og settast i jern på nærmaste festning på livstid. Faren hans var Ole Pedersen Puskeset (1708-1770) frå Utigard. Han kom frå bruk nummer 1 på Eikenosøygarden i Puskhola, og er den første plassemannen ein veit om i Torevågen, i nyare tid. Ole vart dømd for å ha hjelpt sonen, Knudt. Han vart derfor dømd til å «miste sin hud» i fengselet og «have sitt hovedlod forbrudt». Ole måtte derfor gje frå seg alt han eigde til kongen i 1771. Historia om Gjest Baardsen (1791-1849), som fleire gongar rømte frå fengselet, kjenner vi framleis. Kan soleis «Røvastølen» ha noko med røvaren Knud på Emblemsfjellet? Kan det kanskje ha samanheng med det heller tvilsame ryktet, og den kristiske omtalen som fleire av dei første husmennene i Vågane fekk av sognepresten i Borgund?

Ein kan neppe påstå at der er ein samanheng mellom tjuveri og stølsnamn. Det er då interessant å merke seg gardsnamnet «Tykjegarden» på Røssevollen. I nyare språkdrakt høyres det alt anna enn positivt ut, og ein veit at det også her var plassemenn og småbrukarar som sleit med å halde svolten på ei armlengdes avstand. Sjølv på første halvdelen av 1900-talet var det dei som gjekk svoltne til sengs, og forsøkte å spe på med snarefangst. Harry Akslen (f.1919) minnest framleis at dei bar matkorger opp på Røssevollen i hans barndom. Men gardsnamnet har ingen samanheng med naud eller ein «tykje» i tydinga «fantegut» å gjere. Gardsnamn i bygda var helst nytta på folkemunne for å skilje dei frå kvarandre på eit matrikkelbruk. Dei var også ofte namn på heidersfolk som ein såg opp til. Soleis kunne nokre gardsnamn haldast ved i generasjonar, sjølv om andre skifta oftare. I dette tilfellet er det snakk om Tyche Knudson Røssevold (dp.1752-1827). Han dreiv garden til 1813. Årsaka til at namnet vart halde i hevd så lenge er ikkje lenger kjent dessverre. Tyche er dansk og er det same som Tyge. Dette namnet er ikkje så mykje brukt lenger. Blandar ein namnet med lokal dialekt, så kan ein ende med nettopp «Tykjegarden» med tid og stunder.

Dette bringer oss over på tydinga av ordet «Røva...». Då kan det vere nyttig å tenke på dialekten i bygda på 1900-talet. Her gjev nynorskmannen Johan Krogsæter oss eit spor. Han skreiv også ned uttalen av namna med lydskrift. På Røssevollen finn vi staden «Røvagjerdet» og det er ikkje den einaste staden vi finn eit slikt stadnamn i Emblemsbygda. I Bergens Museum sin arkeologiske tilvekstkatalog frå årskriftet i 1922-23, finn ein nemnd B7426 – Pilespiss av kvarts frå Torevågen som vart funne i det som då var del av revegjerdet til Nikolai Ekornåsvåg i Torevågen. På denne tida var det ein rekke revefarmar i Emblemsbygda. Truleg var det tidlegare nemnde Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth på Eikenosa som starta opp med sølvrev, og fleire følgde etter. Han hadde gjort det så bra med andre forretningar, at ein kan tru at fleire vart freista til å prøve seg. Mange av desse var like aktive på Bedehuset som Iver, men særleg løn for strevet fekk dei neppe. Etter nokre år hadde dei fleste gjeve opp, sjølv om revegarden vart ståande. Andre forsøkte seg også på mink.

Så kan ein saktens spørre seg kva dette har med stølsnamnet å gjere. I eit handskrive notat frå 1935, fortel nettopp Nikolai Ekornåsvåg om Torevågen, historia om bruket og korleis det var då han kom frå Kvasneset for å kjøpe denne garden av «Kjøt Iver» i 1903. Skriftet syner at brevstyrar Nikolai i Torevågen var interessert i historie og at han hadde leita fram mykje kunnskap frå dei før han. Brukaren før han var dermed gardeigaren på Eikenosa, og han hadde allereie oppretta Eikenossetra med sel. Det vart stort sett tiltenkt budeiene, for overnatting mellom kveldstell og morgonstell, før mjølka skulle berast ned til smørmeieriet i elva ved Garsendhaugen, før til 1906. Han hadde dermed ikkje behov for to sel, så det var truleg Nikolai som først bygde selet til Torevågen på Røvastølen, litt nærmare Skjellbruvatnet. Om Furholmen var tidlegare ute, er eg usikker på, men Nikolai fortalde at han sette opp sel for Torevågen i 1915, og så kjem opplysninga om at Vågane si seter vart kalla «Røvastølen» fordi «der budde ein mikkel rev». Tydelegare kan det vel ikkje forklarast. I dag ville vi vel heller kalla det «Revestølen». Han fortalde ikkje om reven fortsette å bu der etter at stølen var rydda. Ein kan kanskje tenke seg at brukarane på Eikenossetra hadde observert reven før 1915? Soleis har ein for eksempel stadnamnet «Bjønnahiet» ved Brunskarnakken og Koppen til minne om den siste bjørnen som vart skoten på Emblemsfjellet.

Eit kartsøk på «Revestølen», «reveseter» osv. gjev heller få resultat på norgeskartet. Der finst i alle fall ein stad ved Farsund, men det er heller ikkje mogeleg å få fram vår eigen «Røvastøl» på kartet heller, så ein kan ikkje vere så sikker. Nettsøk via Google og Nasjonalbiblioteket kan likevel gje eit inntrykk av at eit slikt namn på ei seter er temmeleg unikt. Det kan også støtte opp under det som Nikolai har fortalt. Det gjev derimot ingen svar på kvifor der er to stølsnamn tett i tett i staden for berre eitt. Noko heidersnamn til reven behøvde ein vel ikkje, samme kor interesserte i reveavl dei alle skulle verte. Det er heller ikkje sikkert at vi vil få noko eintydig svar på dette spørsmålet. Utskiftingane av fjellutmarka har i alle fall ikkje påverka valget, for der var samme bestemmelsane i både 1900 og 1915, og setrar i nærleiken har hatt større utstrekking enn dette. Ein skal også huske på at Eikenosvågen er det gamle sjøstykket til Eikenosa, og ein finn fleire eksempel der desse to gardane framleis har felles seter på 1900-talet. Der kan særleg Østremsetra nemnast. Feire av sela til Østrem nokre av bruka frå sjøstykket, som fekk namnet Nedregotten, er framleis samla. Dette er kanskje den setra som har lagt lengst på samme stad. Før 1907 var også Emblem og Emblemsvågen samla på «Gamle Emlemseter», og ikkje minst «Høgstølen» før det. Etter den tid flytte Auregarden, Negarden og Sjursgarden dei gamle sela sine nærmare bygda og etablerte Auresetra, bak Rotanakken, ved dei gamle setreråsene frå Legane. Steffågarden, Skillingen og Hatlebakken kom etter på 1930-talet, men etablerte sin eigen støl litt næmare Kubbane, eit steinkast unna. Det kan derfor vere verdt å spørre seg om behovet for samhald vart mindre utover 1900-talet. No var også bjørnen borte og då kunne ein kanskje velge plassering og tal på budeier litt friare. Men det forklarar ikkje kvifor dei likevel bygde to stølar så tett i tett.

Om der er nokon som veit meir om dette, eller har historier frå Røvastølen, så vil eg meir enn gjerne høyre meir om dett. Ta gjerne kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com

Marit Ekornåsvåg Alnes minnes at dei kalte området for «Røvabakken». Ho trudde alltid at der budde rødrev inni den, når dei var i Torevågselet som barn. Soleis endra namnet seg litt etter kvart. I dag er der vel kanskje ikkje så mange som veit at dei passerar Røvastølen og Røvabakken i det heile tatt. Kanskje går dei setrevegen langs vatnet utan å vite at den vestlege delen før brua og setra er Skjelbruvatnet. «Røssevollvatnet» er eit namn som er dikta opp av utenforståande etter at demninga vart bygd på myrane ved Røsevollsetra. Kanskje går du også over brua mot dei to setrane og set deg ned, like etterpå, i ei lun krå med natursteinar uvitande om at dette er murane frå den eldste Eikenossetra frå 1900. Etter oppdemminga kom bygningane for nær drikkevatnet og måtte derfor flyttast ovanfor Røvastølen. På berre omlag 50 år, frå oppstarten, har både setrane og geografiske namn endra seg temmeleg mykje. På dei offisielle karta frå kartverket finn du derfor berre Eikenossetra, men no veit du også meir enn som så. Det er viktig at vi framleis tek vare på kunnskapen om det som ein gong har vore for ettertida.


Kjelder:

Akslen, Harry: Avskrift frå ein serie intervju 2016 og 2017.

Alnes, Marit Ekornåsvåg: Minne om røvabakken, delt via Messenger

Bergen Museum: Tilvekstliste i Bergen Museums årbok nr. 1 1922-23

Google: Diverse namnesøk og kildesøk

Krogsæter, Johan: Diverse dokument, kart og skjema med namnegransking av lokale stadnamn i Ålesund kommune

Kvassnes, Nikolai Ekornåsvåg: «Om Torevågen» frå 1935

Lokale stadnamn frå Ålesund kommune på nett: https://www.fylkesatlas.no/stadnamn_more_og_romsdal

Nasjonalbiblioteket: www.nb.no

Rabbevåg, Egil og Svein Ove Østrem: «Bygdebok for Emblemsbygda, gardsoge gnr. 1-14 og 190 i Ålesund kommune». Utkast til boka

Østrem, Svein Ove: «Gamle Emblemseter» http://www.emblemsbygda.com/66931061

Øverlid Ragnar: «Borgund og Giske II, Gardsoge, Gardsnr. 1-51» Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
27.05 | 11:12

Dette er ikke Jakob Rasmussen Akslen ( senere Molvær). Jakob flyttet til Molvvær i Langevåg og giftet seg med Gina Molvær.

...
12.05 | 00:02

Så artig å lese denne historia som eg har høyrt mange gongar fortalt av far min Karl Bjørkavoll, den eine av "rømlingane". Og akkurat slik som han fortalde det.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE