JOHN LEIDULF AKSLEN

John Leidulf Akslen (1908-2000) fotografert av Borgundposten hos svogeren Leo Emblemsvåg i Emblemsvågen hausten 1973. Bildet er henta frå den orginale avisartikkelen, som er digitalisert her. Fotograf: ukjend.
John Leidulf Akslen (1908-2000) fotografert av Borgundposten hos svogeren Leo Emblemsvåg i Emblemsvågen hausten 1973. Bildet er henta frå den orginale avisartikkelen, som er digitalisert her. Fotograf: ukjend.
Del en av den avfotgraferte avisartikkelen frå Borgundposten 14.12.1973
Del en av den avfotgraferte avisartikkelen frå Borgundposten 14.12.1973
Del to av den avfotgraferte avisartikkelen frå Borgundposten 14.12.1973
Del to av den avfotgraferte avisartikkelen frå Borgundposten 14.12.1973

Gled seg over framvoksteren i Gamlelandet og fortel om Sunnmørslaget i Seattle, Washington

-Sidan eg reiste til Amerika som syttenårs gut i 1925 har det vore ein stor framvokster her heime. Skulle vi til Borgundkyrkja vi her inne på Eimleim i mine gutedagar var det å stå opp klokka sju, gå til fots ut i Eikenosvågen og so ta båt derifrå til Borgundgavelen. No gjer vi samme turen med bil eller buss på nokre minutt.

Framvoksteren har vore særleg stor i dei siste tiåra. Eg tenkjer ikkje minst på dei moderne butikksentra som har grodd opp i byane og bygdebyane også på Sunnmøre. Forretningar som det nye senteret på Moa og J.E. Devold A/S må seiest vera moderne sjøl etter amerikanske tilhøve. Eg trur at amerikanske interiørarkitektar hadde hatt gagn og glede av ein tur til Sunnmøre. Dei kunne sikkert fått nye idear.

Dette er fritt attfortalt noko av det norsk-amerikanaren, interiørarkitekt John Akslen, sa då vi vitja han i huset til søstera og svogeren Leo Emblemsvåg der Akslen med frue Hanna bur under Noregsopphaldet.

John Akslen veit kva han snakkar om. Sidan 1955 har han hatt sin jobb i det store firmaet Allied Stores Corporation (Sameint magasinselskap). Han har nettopp stelt med innreidnad av kjedeforretningar kring om i Statane. Akslen har planlagt, stått for samansetjing av komponentane og siste året han var i firmaet særleg kontrollert andre sitt arbeid med butikkinnreiing. Akslen fortel at den gongen han reiste til USA, var det ikkje så svært bra økonomisk her heime. Halvparten av ungdomen i Sykkylven var arbeidslause det meste av året. Akslen var så heldig å ha ein farbror i Statane som han reiste til.

Lenge budde han i Minneapolis, men seinare har han budd i Seattle, Washington, eit landområde som liknar svært mykje på Noreg. Om vinteren kan ein køyre ein time med bil og koma ut i det finaste skiterreng. I Seattle bur som kjent mange sunnmøringar.

- I Seattle er det no bra tider og heller lett om arbeid. Men der var ein låk periode då dei store Boing-fabrikkane droppa planane om å bygge supersonisk fly. Ved flyfabrikkane vart mange oppsagde. (red. Anm. her mangler nokre linjer frå den avfotograferte avissida...) Arbeidslause har kome i arbeid att. Helst vil Akslen fortelja om dei norske foreiningane. Både Minneapolis og Seattle er kjende for sine mange norske foreiningar og lag. I Minneapolis er organisasjonen «Sønner av Norge» svært sterk. Dei har nyleg reist eit nytt, stort kontorbygg.

I Seattle, der Akslen har budd i 11 år, har dei eit sunnmørslag med 200 medlemmer. Laget har møter ein gong for månaden. Kvart år skipa dei til ein stor «bankett». Juletrefesten til Sunnmørslaget er årviss. Dessutan held dei alltid ein «Fiskernes fest» etter avslutta fiskerisesong. Formannen i laget no er ei fru Strøm. Mannen hennar er frå Straumgjerde i Sykkylven. Fleire norske lag og forreiningar har gått saman og reist eit «Norway center». I dette senteret er der m.a. seks større møtesalar. M.a. held også Sunnmørslaget møta sine der.

Elles så er i Seattle reist av nordmenn ein alders- eller kvileheim der norskætta har førsteretten etter oppnådd pensjonsalder mot å betale eit visst innskot. Norskdomskjennsla er trass i alt levande. Kvar påskedag og kvar juledag vert det skipa til norsk gudstjeneste i den lutherske kyrkja. Det vert halde norske gudstjenester av og til elles også, når ein norsk eller norskætta prest kjem på vitjing til Seattle.

- Men til vanleg må også dei norske no nøye seg med engelsk gudstjeneste.

- Den evangelisk-lutherske norske kyrkja var lenge sjølvstendig, men for nokre år sidan gjekk kyrkja saman med andre emigrantkyrkjer og lutherske kyrkjesamfunn, m.a. den tyske lutherske kyrkja i Amerika til ein større eining, ei amerikansk luthersk kyrkje.

Bladet «Western Viking» har fått ei andletslyfting. Det er no både vakkert og innhaldsrikt. I bladet finn ein eit og anna om Noreg som sjølv nordmenn flest ikkje veit om. Men mykje er attgjeving av meldingar i norsk presse. Vi såg elles eit stykke på nynorsk i bladet, men sidan dei skriv for mange eldre utflytte er det bokmål (red. Anm. her mangler nokre linjer frå den avfotograferte avissida...) sjå stod ei melding om at John Akslen med frue Hanna skulle reise til Noreg 1. september og vere borte i 12 månader. Kona er frå Kristiansund stod der. Ekteparet skulle bu hos søstera og svogeren til John i ein tomannsbustad på Emleim, skreiv bladet. Dei vona at John måtte få vera med på torskefiske i Borgundfjoden og ynskte ekteparet hell og lukke på reisa.

Korleis går det med det norske målet i Statane? Spør vi.

- Det let seg ikkje nekte at det går atters med norskdomen og norsk språk. I byane er det no få norskamerikanarar som lærer borna sine norsk. Men i somme bygder – der det bur mange norskætta ungdommar, som er av tredje generasjon snakker flytande norsk, ja til og med betre enn mange her heime. Likevelev lyt ein vel bøye seg for det faktum at norskdomen i det lange løp må vike for amerikansk mål, sed og skikk.

Vi spør om der er norske varer å få kjøpt i Seattle.

- Ja, vi får ganske mykje av norske varer der borte. Vi har ein butikk dei kallar «Norskebutikken» der ein får kjøpa norsk kolonial av mest alle slag. Ein pølsemakar frå stavangerkanten har lansert orsk pølse som både amerikanarar og norske likar godt. Ein sunnmøring som heiter Skarbø har ei stor møbelforretning.

- Prisane i USA. I USA som i Noreg har vi hatt ei sterk prisstigning, sameleis som i Noreg. Men eg kan ikkje seia at varene stort sett er so mykje dyrare her enn i Amerika. Det skil seg litt for ymse vareslag. Men ein dress t.d. Koster vanlegvis kring 125 dollars i USA. Gangar vi dette med kursen på dollar i Noreg vert prisen mykje godt den same i båe land. Men USA kan vi vel arbeida litt kortare tid for ein dress enn i Noreg.

Vi spør korleis det kjendest for norsk-amerikanarane då meldinga om tysk åtak på Noreg vart kjent i 1940 - Det var syrgjeleg og syntest i første omgagn utruleg. Første meldinga (red. Anm. her mangler nokre linjer frå den avfotograferte avissida...) gjekk nordmenn i Seattle og andre norske byar saman og skipa ein organisasjon for å hjelpa Noreg og førebu den attreisninga som måtte koma so snart landet var fritt.

Her kjem Akslen inn på noko som han helst ikkje vil snakke noko om. Men etter kvart får vi lirke ut av han at han sat i direksjonen or den norske hjelpeorganisasjonen som m.a. skaffapengar til den norske flygarleiren «Little Norway» og til amerikapakkar og anna seinare. For dette har John Akslen fått påskjøning frå høgste hald i Noreg. Han er nemleg tildelt «Frihetskorset» av H.M. Kong Haakon den VII for sin innsats. Det var eit høgdepunkt i hans liv i 1947 då han var heime i Noreg ein tur og vitja Kong Haakon på Oslo Slott for å takke for utmerkinga. Han hadde fått eit kvarter til audiensen, men Kongen passa ikkje klokka og dei hadde mykje å snakke om. Hans Majestet fortalde om ferdene sine kringom i landet etter frigjeringa. Overalt hadde han fått inntrykk av at hjelpa frå utflytta nodmenn i USA hadde kome vel med og vore til stor glede for mange.

Den noverande Kongen, dåverande kromprins Olav, kom også tilstades, ynskte til lukke med «Frihetskorset» og takka for innsatsen. Akslen kjende kronprinsen frå før. Han hadde helsa på han under ferda hans i USA i 1936. Samtalen med kronprinsen, nåverande Kong Olav den V., kom derfor naturleg nok mykje til å arta seg som ei oppfrisking av minne frå kronprinsen sitt møte med det norske Amerika. Vitjinga på Slottet er Akslen storleg glad for.

Før vi går bed han oss ikkje skryte opp hans innsats noko særleg... Men noko skryt tykkjer vi at Akslen og andre norskætta som hjelpte Noreg i ei lagnadstung tid verkeleg har krav på.

Kven var John Akslen: Han vart fødd John Leidulf Akslen (1908-2000) på garden Høla, i Emblemsbygda. Han var eldst og bror til Mauritz Akslen, som tok over garden, Lisa Olivia, som gifte seg med Leo castberg Emblemsvåg og busette seg på tomt frå Knutgarden i Emblemsvågen, og Jofrid Klara Mary som gifte seg med Karsten Ola Marvin Emblem frå Negarden. Dei bygde seg hus på tomt frå Negarden. John emigrerte til Amerika i 1925, og budde der resten av livet. Han nemner at han dro til onkelen. Det kan vere Ludvig Olaf Akslen frå Høla, som busette seg i Seattle. 

Om teksten: Det er ei avskrift frå avisa "Borgundposten" 14.12.1973. Avisa vart utgjeve av Borgund Mållag i tidsrommet 1969-1974. Namnet på jounalist og fotograf er ikkje oppført, men nokre av spørsmåla kan tyde på at det kan vere Ragnar Ulstein. Han engasjerte seg i dette arbeidet og var også bladstyrar. i 1971 hadde avisa eit opplag på 7000 eksemplar.