EIT 60-ÅRS MINNE 

AV EMMA FLISNES

Det var en sundag i slutten av mars, eller fyrst i april i 1921. Veret var strålande med sol over stavstill sjø, og med varme i lufta mest som ein fin sumardag. Vi borna måtte som oftast halde oss heime til middagen var over, men etterpå fekk vi gå både hit og dit. Denne dagen skulle storskule-borna i Hatlehol, (Vågane) møtest på Blindheim til songøving saman med storkuleborna der ute. Vi hadde det svært gildt, for song vart vi aldri lei av. Alt var berre fryd og fred til vi kom heim, men der gjekk faster og vreid hendene sine og var heilt fortvila over at gutongane ikkje var komne. Ho hadde funne sko og sokker på Løhaugen, og tudde dei til og med var bergtatt. Ikkje hadde dei ete nons heller, det ho visste. Kvar kunne dei vere? Ein nabo hadde set tre smågutar på sjøen, som dreiv å rodde etter alker som det var så mykje av. Kanskje dei hadde rodd i land på Flisholmen, og ikkje festa båten skikkeleg, og stod landtroll som vi seier? Eller var nokon av dei ramla over bord, og den som skulle berge gått same vegen? Ja det var så mange tankar som kom snikande, og helst triste.

På Bjørkavollen sakna dei Karl, og kom derfor ned i Torevågen til oss for å høyre om han var saman med Johan og Rolf, men ingen av oss kunne svare på det. Pappa og eg gjekk ned til sjøen, og der sto storfæringen vår i naustet, og småfæringen låg i støa. Den hadde vore i bruk den dagen, det såg vi vel. Bjørkavollbåten var borte. Vi rodde rundt Flisholmen, men der var ikkje liv å sjå. Derfrå til Haneskjeret som vi støtte på, med det fylgje at vi skremde opp nokre sjøfuglar som hadde satt seg til ro for natta med haud under veng. Med stygge skrik for dei flaksande bort etter sjøen. Det var reint uhyggelegt. Det tok til å skymest, så vi rodde heim så fort vi greidde. No vart det sett igang leiting med motorbåtar. Fire – fem stykker for tøffande bort over vågen, nokre for innover langs Flisneset, Emblemslandet, Magerholm, til Glomseth so over Storfjorden til Sykkylven, utover til Tussvika. Dei andre som leita langs Kvasnes, Sunde, Eikrem, og kryssa fjorden ut og inn fann heller ikkje noko. Både fjord og fjære vart saumfart. Leitemannskapa møttest og rådslo. Eldstebror Bjarne kom til det at einaste staden no var å reise til Standal. Det høyrdest utruleg ut at to niåringar og ein knapt seks år gamal gutonge kunne finne på å ro så langt. Det tok omlag tre timar å ro til Standal frå Vågana for vaksne karer. Nils og Thomas Hatlehol baud seg då til å reise dit, og dei andre satte kursen heim. Det vart langt på natt i stor spaning. Og då den eine båten etter den andre kom, og dei ikkje hadde sett snurten av noko, seig mismodet og vonløysa inn over oss på ny.

Det vart mandag, og syster mi og eg måte gå på skulen. Vi var no ikkje særleg budde på det, etter ei lang våkenatt. I det fyrste frikvarteret høyrde vi ein motor, og sanneleg der kom Hatleholbåten forbi Skarvhammeren med ein færing på slep. Vi fekk lov av lærer Våge å springe ned på kaia, for å høyre om alt var vel og bra. Småvikingane hadde gøymt seg i lugaren, og var mest ikkje til å få på land. No måtte dei gi ei slags «sjøforklaring» på kva dei hadde stelt i stand. So fortalde dei om alkesporten dei hadde dreve med, og at dei ikkje kunne spørje om lov å reise, for då visste dei vel at det vart ingen tur. Far til Karl var i torskefiske og budde utpå Hustruhamna til fisk var slutt, so han var ikkje heime ein gong. Det var berre å lure seg av stad. Veret var som før nemt strålande fint, men når sola gøymde seg bak dei snøkledde Hjørundfjordfjella vart det ingen varme for seksåringen som låg sammenkrulla i bakskuten. Årataka vart fleire enn dei to niåringane som sat jamsides på framtofta med kvar si år, hadde rekna med. Men Johan meinte at nådde dei ikkje Standal den kvelden, so kunne dei ro iland på Årsneset. Der kjende han ein som heitte Albert, og der fikk dei både mat og husom trudde han. Då dei runda Årsneset, tykte dei at reisa måtte fullførast. Endeleg kunne dei lande og sette færingen i kirkjebåtstøa. Trøtte, svoltne, stive og støle traska dei i veg opp til Bakkane. Det var seine kvelden no, og folket hadde gåt til ro. Men då dei høyrde noko som tusla ute i gangen, tørna dei ut, den eine etter den andre. Det banka varsomt på, men ingen baud dei komme inn. Då vart døra åpna og godfar kom til syne i underbrok og raud topplue. «God kveld godfar, og takk for sist!» «Nei min santen, er det ikkje torevågingar som kjem til gards. Dykk må kome inn, og velkomne skal dykk vera. Kven fleire som kjem då?» «Nei, det kjem ikkje fleire, for vi har rodd åleine.» Det var det ikkje nokon som trudde på. Men til slutt måtte dei tru det. Borna fekk kome til bords, og skrubbsvoltne som dei var, smakte det ekstra godt med spekekjøt, mør og gardsmør på skivene. Mette og trøtte var det bra å kome seg i seng, og svevnen let ikkje bie på seg.

Ved frukostbordet fekk dei sjå ein kjend mann kom forbi vindauga. Det var Thomas Hatlehol. Dei kjende bjørkavollfæringen og visste kvar dei skulle finne mannskapet. No var det berre å takke for hus og mat å kome seg på heimveg. Morbror Johan Berner meinte dei måtte få premie, men ingen veit kor mange timar dei brukte på turen. Det var ikkje vanleg at born, ja ikkje vaksne heller gjekk med armbåndsur for 60 å sidan. Dei slapp å ro heimatt og det var vel premie god nok. Som alle andre eventyr så enda også dette bra. Og takk og pris for det.

Om forfattaren:  Emma Johanna Flisnes (1910-1995) var søster til Johan og Rolf Ekonåsvåg, omtala i teksten. Ho kom frå Torevågen, og gifte seg med Arthur Flisnes frå Rasmussgarden på Flisnes. Dei busette seg på Flisnes.

Kopi av denne teksten er opphaveleg utlånt av Aslaug Reiten og no digialisert.

Kari Bjørkavoll Eitrheim 11.05.2019 22:02

Så artig å lese denne historia som eg har høyrt mange gongar fortalt av far min Karl Bjørkavoll, den eine av "rømlingane". Og akkurat slik som han fortalde det.