NIKOLAI FORTEL OM TOREVÅGEN

Rolf ekornåsvåg si teikning frå 1952 av gamletunet i Torevågen. Bileteigar: Aslaug Reiten
Rolf ekornåsvåg si teikning frå 1952 av gamletunet i Torevågen. Bileteigar: Aslaug Reiten

Om Torevågen

Fortalt av Nikolai Berntsen Kvasnes Ekornåsvåg 1935

Kven som budde på garden i 1800 åra veit me ikkje, men at garden er gamal det er sikkert. Nede ved sjøen i «Naustdalen» viser murane etter husa til ein som heitte «Per» etternamn ukjendt. (kanskje ein av dei to brukarane som heitte Peder på garden frå 1765-1804 red. anm.)Per hadde ei jekt som han reiste på til Bergen og Trondheim og kjøpte fisk, og levde mest av det for jordbruket var det lite stell på avdi dei ikkje hadde noko å hjelpe seg med.

Ein annan stad viser ogso murar etter stovehus. Her har soleis budd ein mann frå Ørskog som heitte Thore Lande (1809-1861 red. anm.). Thore var gift to gonger. Ein kveld han og kona (Berte Helene Knudsdotter Vestre(8) (1796-1856) red. anm.) heldt på å fiske, trefte han henne med ei «sløgje», så ho vart drept på flekken. Sidan vart han oppat gift; men ein dag han og kona (Oline Marta Larsdotter Kilsti(304d) (1820-1861) red. anm.) hadde vore i Aalesund, og var på vegen heim kolvsigla dei att ved «Raudeberget» og kom vekk. Dei etterlet seg ei lita jente på nokre månar. Ho vart opfostra hjå skyldfolket sitt på Ørskog.

Garden som i dagleg tale vert kalla «Thorevåg» er sjølvsagt oppat kalla etter Thore. Det var ein som heitte Brudevoll som eigde garden, so Thore var berre bygselmann. På auksjon etter Thore vart selt alt av gamle ting, soleis eit saltkar, som finst på eon av nabogardane. Frå Brudevoll gjekk garden over til sakfører Frisak i Aalesund. Sidan vart garden seld til Ivar Furseth Emblem ("Kjøt-Iver" red. anm.)som også kjøpte den store fjellgarden «Ekornås». Etter Thore kom Kristoffer Stadsnes og han var bygselsmann i 30 år. Ivar Furseth hadde garden i 6 år. Då selde han garden til noverande eigar for kr 2000. det var i 1903.

Husa var til nedfalls og lite verandes for folk eller fe. Løa var svært skral soleis var halve taket vekk. Når avlinga kom i hus hang åsane ned i ryggen på kyrne som var skinnmagre og ikkje tolde så mange støytane. Kona til Kristoffer som trudde det var dvergen, som skrubba op kyrne hennar, lovde på at dvergen skulde skytast. Ho gjekk til ein av nabogutane som hadde ei børse. Kona stod i fjøsdøra ogso ropa ho. «Kjem du her so skal eg møte der og kjem du der skal me skyte deg!» (begrave?) sku dei dvergen. Skyttaren var Karl Hatlehol sidan tannlege i Oslo (Carl Olaus Hatlehol (1852-1916)  frå bnr. 3 Hatlehol Ytre red. anm.). Sidan den dag har ingen sett noko likt til dverg. Men kyrne vart ikkje feitare for det. Landet rann ikkje vekk so det måtte ausast ut med eit (oftringsauska?) golvet var av jord og steinheller. I fjøset var ikkje glas, berre ein glugge. Når det var renne-fok vart dei to svarte kyrne kvite av snø og murane måtte tettast med (....).

Huset hadde lagt nede i 6 år. Stabburet (stolpebua) som er uhorveleg gamal var ogso til nedfalls og nytt tak måtte leggast på, so snart som råd var. Golvet er (høgsa?) timber og det er brukt berre trenagler. Stova var liksom best men var ikkje noko (...) den heller. Skorsteinen var beslegjen med leir og mykje av leiret var burte so ein kunne sjå mest fire kyrkjesogn. Vartdal, Hjørundfjord og Sykkylven, og ein snert av Borgund. Og fyrste pinsedag ramla skorsteinen ned, og kårmannen som sat las vangelja (evangeliet red. anm.) fekk som eit sjokk og vart sittande å stamme ei heil stund. Han kom dog heldigvis frå det med skrekken.

På garden fanst ikkje noko redskap, berre ein skarve slede, men her var heller ingen veg so ein kunne køyre på, berre gangråser. Det var også lite av dyrka jord og ulendt kvar ein vende seg. Etter kvart som garden vart dyrka og det vart meir avling, måtte ein ha hus og ha den i. Og løa som no stend vert bygd i 1905. Naustet vart bygd i 1907 og stovehus bygd i 1913. Sætra var bygd i 1915. Den ligg på Emblemsfjellet og vert kalla «Røvastøl» avdi der budde ein mikkel rev. Sæter har ikkje høyrd til garden før. Garden som ligg heilt ned til sjøen er lagleg til fiske, so notbruk har her vore frå gamle dager og mykje sild og sei vart teke med not og var ei god inntekt. Men no er det svært lite av både fisk og sild.

Ja no er garden sopass dyrka at der er for det meste slåmaskinmark. Slåmaskina var kjøpt i 1916. Plog, fjørhorv, dryftemaskin og treskemaskina var kjøpt før. Ja den som såg garden i 1903 og siden i dag veit at det ikkje er å kjenne igjen. Og berre ein som har teke seg i kast med slik ruskemark veit kva det vil segje.

Ekornåsvåg den 8/12 1935

(avskrift frå handskreve dokument som tilhøyrer Aslaug Reiten)