Bnr. 3 Flisholm

Flisholmen med høyløa i 1961. Fotografen er bygdebokforfattar Ragnar Øverlid, på oppdrag for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Stiftinga Sunnmøre Museum er dagens bileteigar.

Dette er den halvdelen som Hans Rasmus Rasmussen Solevågseide (1835-1930) kjøpte 1900. Han  vart fødd på Furneset i Sunnylven. Etter ei tid som brukar i Korsedal i Stordalen, bygsla han  «Stølane», bnr. 6 ved Eidsbukta og Solavågseidet, under Solavågen i 1884. Seks år seinare kjøpte  han Flisholmen saman med   Steffen Johannes Ellingsen Kvasnes (f.1845). Steffen hadde sitt  opphav i Steffågarden på Emblem. Holmen vart formelt skylddelt i 1924. Då hadde dei seld gardparten Havnevika,  bnr. 2 på fastlandet. Hans gifta seg 1883 med Inger Kristine Ingebrigtsdotter Søvik (1843-1888) frå  Ørskog. Ho døydde i barselseng på Ålesund Sjukehus, ti dagar etter fødselen, i 1888. Der må ha vore  særlege utfordringar, når ho vart frakta dit. Frå kirkeboka kan ein lesa at guten var dødfødd.

Hans Rasmus gifta seg opp att med Berte Johanne Christiane  Olsdotter Myrset (1850-1912), frå Sykkylven. Det er grunn til å tru at Flisholmen vart tenkt som  slåttemark. På Ragnar Øverlid sine bilde frå 1961, kan ein framleis sjå løa på holmen i god stand.  Vegen frå den tidlegare setra, gjennom Vegsundet eller ut Solavågen, var ikkje så lang for ein  husmann med behov for meir dyrefor. Andre husmenn på den tida kunne ro heilt frå Hjørundfjorden  til Emblem, for å finne ledig bås til dyra sine. Der var også dei som flytta sauene frå Emblemsbygda  til Ørskogfjellet, kun for nabofredens skuld.  I 1890 fekk dei sonen Ivar Olman, som tok over bruket. Denne parten vart også kalla "Indholm".

Sonen Ivar Olman Hansson Solevågseide (1890-1981) var einearving til farens halvpart av  Flisholmen. I følge ein attest, som vart tinglest 1940, kan det kan sjå ut til at han var det einaste bornet som vaks opp også. Han tok også over plassebruket Stølane, bnr. 6 under Solevågseide, og var  brukar frå 1911 til 1944. Ivar gifta seg med Elen Andrine Olsdotter Årset (1884-1859) frå  Hjørundfjorden. Sommaren 1924 vart det halde skylddeling mellom Ivar og medeigaren, Hans  Aakernes på Flisnes. Dei delte holmen i to halvdelar. Løa på holmen vart også delt, slik at Hans fekk den  vestlege halvdelen og Ivar den austlege. Det kan bety at begge hadde behov for lagringsplass til høy  og at begge slo på holmen. I tillegg tørka dei litt fisk, men laksevarpet ser ikkje ut til å ha vore i drift  lenger. Løa stod framleis i 1961. Ivar og Elen fekk sonen Ole i 1920. Han vart neste grunneigar.

Sonen Ole I. Solevågseide (1920-2004) og Borghild Hovde Staurset (1923-1988), frå Vinje, gifta seg  1947. Dei tok 1944 over Stølane, bnr. 6, under Solevågseide. Ole arbeidde som møbelsnikkar. Der  var i deira tid framleis slått på Flisholmen. Staden vart også eit populært friluftsområde. Frå 2004 er denne delen av Flisholmen registrert som eigd av borna Inge Kåre Solevågseide (f.1951), Eva Gunvor Solevågseide (f.1953), Odd Birger Solevågseide (f.1955), og Randi B. O. Solevågseide (f.1957) med lik del til kvar. Dei er dagens grunneigarar



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.10 | 10:57

Hei
Jeg leter etter bilde av en Ole Andreas Nilsen i Skodje født 1868 død 1935
Hans barnebarn som bor i Hammerfest ønsker og finne bilde av bestefaren

...
28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE