Myr-namna
i Emblemsbygda kan som regel knyttast til kvart einaste
matrikkelgard. Dei har alle hatt eit stykke der det har vore myrlendt
og gjerne uttak av torv til brensel i tidlegare tider. Myrjord har
også sine fordelar i forbindelse med gardsarbeidet og ved
skylddeling eller utskifting av matrikkelgarden til fleire gardsbruk
vart oftast fordelinga slik at alle fekk sin del av både god, nyttig
og mindre nyttige stykke.
Ein
veit at fleire av dei nye plassane og småbruka på Nedregotten vart
delt ifrå alle dei 4 eldste gardane og at kvar gard delte frå
fleire småbruk i tidsrommet 1850-1920. Det forklarar likevel ikkje
heilt årsaka til at to småbruk tett i tett fekk det samme
Elvemyr-namnet. Praktisk er det i alle fall ikkje. Då skal ein huske
at dei neppe vart særleg brukte til anna enn offisielle dokument. I
daglegtalen brukte ein heller namn som "Myrane" og mellom
anna "Syvergarden".
I
ei jordskiftesak frå 1980 finn ein truleg forklaring på alle desse
myr-namna. Her vert myra sør om vegen for Ungdomshuset Borgheim
nemnd og ein veit også av fleire torvteigar i dette området videre
vestover, der det er mest byggefelt i våre dagar. Dei eldste gardane
Skaret, Steffagaren, Guttormgarden og Sirigarden fekk nemleg frådelt
kvar sine teigar vest for denne myra og dei vert også omtala i
skylddelingsforretninga frå 1857 som "myrteigar", men det
er ikkje sikkert at desse teigane var så veldig myrlendte. Nokre
fekk kanskje også namn fordi dei låg i randsona til sjølve myra. I
jordskiftesaka anno 1980 vert det fortalt at Syvergarden/Elvemyr 8
var Guttormgarden sin teig vest for myra. Reset/Myrvang 10 var
Sirigarden sin teig og bnr. 81 var teigen til Steffagaren. Den
sistnemnde teigen er frådelt bnr. 9 "Vestly" som også
vert kalla "Stykkjet". Dette namnet er kanskje det
opphavelege namnet, sjølv om det ikkje har typisk myr-namn. Skaret
sin teig vart seld til brukarane på Reset som bnr. 11 og er
gardparten nord for hovudvegen mot Storelva der Konrad og Olga
Nedregotten og Konrad si søster, Kaspara g. Hansen bygde seg hus.
Teigane
var med andre ord temmeleg store og gjekk i alle fall frå Reset vest
for gamleskulen/ ungdomshuset og tidvis kanskje heilt til gardsgrensa
mot matrikkelgarden Emblem i Storelva. Men størrelsen på teigane
varierte noko og alle rakk ikkje så langt. Det skuldast nok at elva
gjer ein sving vestover frå hovudvegen. Truleg har ikkje heile dette
området vore i ein teig per gard. Småbruka frå Østremsvika til
Hammarsvika, som omfattar Birkeli og Løvika, kan ha vore
"sjøstykke". Om Tryggeset har vore del av Myrteigen til
Steffagaren er meir usikkert. Plassen var dels myrlendt og
plassenamnet er ikkje det opphavelege. Det kan nemleg knyttast til
Johanne frå Tryggeset i Hjørundfjorden, som var plassebrukar her i
ein kort periode.
Ein
sit også att med spørsmålsteikn knytta til at såpass store teigar
har fått namn frå ei så lita myr. Opplysningane frå
jordskifterettsaka i 1980 kan soleis vere ein tanke ukorrekte. Kvifor
skal ein kalle Elvemyr 4 mot Storelva for "Myrane" dersom
sjølve myra låg inne ved Skaret og Hjellhaugreset? Forklaringa kan
vere at den myrlendte jorda til Nedregotten, kalla "Myrane",
var eit større område frå Skaret til Storelva i vest, frå
Tryggeset i sør og mot plassebruka til Østrem i nord. Flatene nord
for Storelva mot Flydalsgarden har også vore myrlendte og nytta til
torvmyrar for fleire av gardane på Østrem. Ein kjenner også til
fleire område i bygda der myrane samlar seg opp på flatene langs
dagens hovudveg. bergknattane sør for denne flata bidreg kanskje til
å samle opp fuktig jord, før ein får bakkar og avrenning nedover
mot sjøen igjen. I retteleg gamal tid har også marbakken gått i
nesten heilt oppe i høgd med tuna på Østrem og Emblem skule.
Myrdanninga skuldast gjerne at vatnet samlar seg opp. Ned fjellsidene
frå Emblemsfjellet renn der også nok vatn til det. Gamle marebakkar
og morene kan også bidra til å magasinere vatnet på slike stader i
tillegg til ein slik "motbakke" som gjev motstand. I dag er
det derimot lite myr å spore i dette området.