Skråvika bnr. 3

skråvika anno 1953. Kvassnes på indre Sula i bakgrunnen. Synet kan bedra for Flisfjorden viser ikkje her. Bildet tilhøyrer Arnhild Almås

Ole Ludvig Carolus Olssøn Flisnes, f.1864 frå Skråvika bnr. 3 på Flisneset. foto: Enok Simonnæs 1908. Orginalen tilhøyrer Aalesunds Museum Arkivref.: FAKf-100187.153042

Brudebilete av Peder Iver Raskanus Flisnes f.1875. Han var sonen til Elias Raskamus Teodor Flisnes (1850-1909) og Petrine Marta Pettersdotter Hatlen (1849-1899), som dreiv husmannsplassen Skråvika. Peder vart først gift 1902 med Ane Petrine Gunelie Rasmusdatter Rekdal, og giftet seg opp att 1919 med Eline Marta Jakobsdatter Leite fra Volda. Peder busette seg i Ålesund. 1900 var han dagarbeider og kombinerte dette arbeidet med å hjelpe foreldra sine på Flisneset. 1910 hadde han fått seg arbeid hos onkelen sin, med samme fornamn, som var formann for ei kolforretning i Ålesund. Orginalplata tilhøyrer Aalesunds Museum og har arkivreferanse: AM-95003.043151a

Enka Ragnhild Rasmusdotter Svorte(2) (dp.1762) er nemnd som legdslem og husmannsenke her i  1815. Ragnhild sin far var Rasmus Sjurson Sorte(2) og søskenborn til Gunnhild Petersdotter  Ekroll, som gifta seg med Ingebret Hansen Flisnes(1) i Hansgarden. Rasmus si søster, Ingleiv  Sjursdotter (Sorte(2), var mor til   Guri Amundsdotter Sorte(2), som gifta seg med Gunnhild sin  son, Hans Ingebretson Flisnes(1) i Hansgarden. Ragnhild i Skråvika vart dermed både søskenborn til  Guri og tremenningen til Hans. Ho var tenar på Giskeødegård når eldstesonen var døypt, og gifta seg  med Amund Olson Sulebakk(1) (1752-ca.1809). Dei vart plassefolk på Høghaug i Solevågen.  Amund døydde i arresten i Kolvika. Det var kanskje etter denne hendinga ho flytta for å få hjelp med  slekta si på Flisnes. I så fall kan der ha vore ei strandsitjarstove i Skråvika før Ragnhild kom hit

a) Siver Nicolai (dp.1794-1840) tok over plassen.

b) Elias (dp.1798-1830) var brukar Ytre Hatlehol.

c) Ellen (dp.1801) vart fødd i Solevågen. Seinare registrert på Eliasplassen på  Vågneset i 1815-teljinga.


Sonen Siver Nicolai Amundsen Solevåg(10) (dp.1794-1840) gifta seg 1817, med Berthe Henriksdotter  Kjørstad (f.ca.1777), kanskje frå Eid i Nordfjord. Dei tok over plassen det samme året.  Namnet var då «Flisnesstrand». Dei hadde det vanskeleg, og Sivert vart stadig kalla inn til forlikskommisjonen  for gjeld han ikkje makta å betale i rett tid. Når han døydde i 1840, var buet etter han  fallitt. Dei fekk truleg ingen born saman.


Hans Amundsen Flisnes(1) (1815-1885) frå hovedbruket, budde her ei kort stund før han tok over  farsgarden, bnr. 1 på Flisnes. Sjå meir om han som der. Hans gav husmannskontrakt på  Skråvika til lillebroren Peder Elias i 1847.


Broren Peder Elias Amundsen Flisnes(1) (1821-1848) gifta seg i 1846, med Lovise  Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895). Han var då matros. Peder fekk husmannskontrakt med  broren, Hans, som tok over farsbruket i 1847. Kravet var 25 speciedaler, ei lita årleg avgift, og 12  arbeidsdagar. Desse var fordelt med 3 dagar kvar vår og haust, samt 6 pliktdagar i slåtten på  farsbruket, Flisnes(1). I tillegg skulle han gje kår til enka Berthe. Elias hadde tjenestefolk, og  dreiv kanskje med båtskyss i tillegg. I arveskiftet er det i alle fall krav frå fleire rorskarar, men buet  etter han var fallitt. Peder fekk ingen born.


Enka Lovise Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895) gifta seg på nytt 1849, med Ole Nicolai  Britanus Eriksen Kvasnes(1) (1824-1866). Han kalla seg «Flisnesvåg», og betalte årsavgift på to  speciedaler, samt 8 arbeidsdagar kvart år.

a) Elias Raskanus  Teodor ( 1850-1909) tok over bygsel på plassen.

b) Emilie Bergitte  Andrea ( f.1853) er nemnd i 1865-teljinga.

c) Ebbe Britannus (f.1856) er nemnd i 1865-teljinga.

d) Peder Rasmus  Carolus ( 1859-1935) gifta seg i 1885 med Jensine Olsen, busett Ålesund 1885. Han var  losseformann i Ålesund og seinare vaktmeister på Ljaaen.

e) Berthe Cristiane (f.1861) gifta seg i 1893 med skomaker Peter Jacob Mathias Ellingsen  Furmyr(4), men fødd på Nedregård. Busett i Ålesund 1900.

f) Ole Ludvig (f.1864) gifta seg med Nikoline Valderhaug. Han var dagarbeider, busett i Ålesund.


Sonen Elias Raskanus Teodor Olsen Flisnes(3) (1850 1909) skulle betale 4 speciedaler i avgift, men  slapp arbeidsplikta mot å gje kår til mor si. Han gifta seg 1873 med Petrine Marta Pettersdotter  Hatlen(1,2) (1849-1899). Ho døydde av lungebetennelse. Han gifta seg på nytt i 1902 med Olave  Svensdotter Fjørstad(F,146d) (1851-1911) frå Stranda. Ho dreiv bruket med to søstre frå 1909. Ei av  dei var Marie Svendsdotter Fjørstad(F,146d) (f.1851). Ho var ugift og «formuende». I 1879 var han  med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen Lars Andreas Hanson Flisnes(1)  og Rasmus Hanson Flisnes(2). Elias fekk ei klokke frå Kong Oscar II til takk.

a) Ole Johan Lauritz (1873-1917) tok over plassen.

b) Peder Iver  Raskanus. ( f.1875) gifta seg ført i 1902 med Ane Petrine Gunnelie Rasmusd. Rekdal. Han gifta seg så på ny i 1919  med husbestyrer (Lina) Eline Marta Jakobsd. Leite frå Volda,  busett i Hellegata, Ålesund. 1910 kolarbeidar hos onkelen,  Peder i Ålesund. Starta eigen kolforretning, og var husbestyrar  for pinsemenigheita i Ålesund.

c) Lovise Laura  Birgitte ( 1878-1969) gifta seg i 1901 med Peter Laurits Knuts. Uggedal(2), Valderhaug. Dei  er nemnd på Myrpladsen, Valderhaug(12) i 1910.

d) Marie Anna (1880-1968) gifta seg i 1906 med brannkonstabel Martinus Hanss. Muri(226) i  Ålesund. Ho var hushaldar for faren 1900.

e) Elias Britannus (1883-1900) døydde av «kreftbyld».

f) Lisa Andrea (1886-1905) døydde av hjernebetennelse. Vart kalla Elisa ved gravferda.

g) Edvard Anton (1889-1921) gifta seg i 1912 med Astrid Randrine Karlsd. Kongsvold, Ålesund. Han  var handelsmann, busett i Keiser Wilhelmsgate, Ålesund.

h) Johan Ingvald (1893-1918) var ugift. Han døydde av «lungebrann».


Sonen Ole Johan Lauritz Eliasson Flisnes(3) (1873-1917) tok over bygselskontrakta etter far sin i  1910. Han gifta seg 1898 med Hansine Birgitte Eriksdotter Valderhaug(4) (1873-1948). Ho var  søster til Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som kjøpte plassen i 1912. Skråvika vart delt frå som bruk  med eige bruksnummer i 1903. Dei budde først i Hellegata i Ålesund, men tok over i 1912 då mor  hans hadde gått bort. Sambygdingane Hans Ramsvik og «Tryset-Knut» bygde ny fjøs 1914. Stova  hadde dei ikkje råd til å bytte ut. Den var då så dårlig at det snødde gjennom veggane.

a) Elias Peder  Laurits ( 1898-1969) gifta seg i 1918 med   Sofie Lovise Ragna Ekornåsvåg frå  Olevågen, Eikenosvåg(2). Dei er svigerforeldra til   (Arne) Jostein Haugen, frå Furholmen.

b) Emil Normann (1900-1989) kjøpte plassen saman med bror sin.

c) Leonard Erling (1901-1903) døydde i Ålesund.

d) Leonhard Erling (1903-1969) gifta seg i 1938 med Alfrida Antonie Strand frå Ålesund, Han var  elektrisk montør i Borgund, busett Langrabben på Flisnes.

e) Nancy Marie (1905-1905) døydde i Ålesund.

f) Nancy Marie (1906-2000) gifta seg i 1952 med Olav Elias Christofferson Almås(2), busett  Spjelkavik. Fleire opplysningar om bruket er frå henne.

g) Oleif Henny (1907-1994) gifta seg i 1932 med Ole Nilsen Stokke(2) frå Sunnylven. Var mor til   Nils Stokke, brukar Hatlehol Ytre, Hatlehol(2). Ho  var tenestejente i Oaldsbygda, og traff Ole der.

h) Anna Nikoline (1910-1979) gifta seg i 1941 med Inge Knuts. Stokke(1), Sunnylven. Dei kjøpte Furnes  på Sula 1947. Gravlagd i Langevåg.

i) Kristian Emil (1912-1990) kjøpte plassen saman med bror sin.

j) Hans (1914-1961) gifta seg i 1939 med Henny Marie Nansy Alnes(12), busett Flisnes. Han  gjekk bibelskule og var aktiv i  indremisjonen. Ei tid ansatt hos  Ødegård Karosseri i Puskhola.


Sonen Emil Normann Flisnes(3) (1900-1989) fekk 1942 skøyte på bruket frå tanta, diakonisse Anna  Eriksdotter Valderhaug(4), som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Emil. Anna  flytta hit frå Oslo, når ho måtte pensjonere seg om lag 61 år gammal på grunn av gikt. Emil vart  grunneigar saman med bror sin. Kjøpesummen på Skråvika var på 4000 kroner. Mora var den som  valde ut, for søstera si, kven som fekk dele på bruket, og kven som fekk hustomt med 10 mål  eigedom attåt. Jorda var tiltenkt dei av søskena som ikkje hadde noko jord frå før av. Ho tenkte at  Emil og Kristian ville passe best i lag. Emil gifta seg med Olga Marie Vegsund(3) (1902-1984). Dei  fekk ingen born, så broren Kristian vart etter kvart einaste grunneigar. Sjå meir om han nedanfor.  Mora vart tidleg enke, og familien sat i vanskeleg økonomiske kår. Stadig vekk måtte dei bed Gud  om hjelp til å klare seg. Dei hadde ikkje pengar til Emils konfirmasjonsdress, men så kom ein mann,  kalla «Kilde-Ole», dei i møte på ein byttur med bær for salg. Han sa at Gud hadde fortalt han at dei  trong hjelp, og han gav dei heile 100 kroner. Det var ein stor sum den gongen. Mora, Hansine, var så  glad at ho knapt visste kvar ho skulle gjere av seg. Livet vart langt lettare i Emil si tid som drivar.


broren Kristian Emil Olsen Flisnes (1912-1990), Flisnes(3) gifta seg med Valborg Skytterholm  (1926-2018). Han fekk 1942 skøyte på plassen frå tanta, diakonisse Anna Eriksdotter Valderhaug(4),  som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Kristian. Ho flytta hit frå Oslo, når ho  måtte pensjonere seg, om lag 61 år gammal, på grunn av gikt. Mellomkrigstida var ein hard periode  på garden. Mang ein gong hadde mora gått ut i løa for å be til Gud om hjelp til å få mat på bordet.  Etter krigen vart det enklare, når ein kunne ha eit arbeid i tillegg. Kristian og Emil fekk Skråvika,  fordi mora tenkte at dei ville passe best i hop til det. Valborg arbeidde på 1970- og 1980-talet for  «Ålesund folkehøgskule» (også kalla «Borg») på Hatlehol. Kjøpesummen på Skråvika var 4000  kroner. I deira tid byrja tomtesalget, som har fortsatt heilt fram til vår tid. Kristian var installatør hos  broren, Leonard, og styrte søndagsskulen på Hatlehol og Flisnes frå 1958 til 1963. Han var også  forkynnar og ei tid formann for Blindheim og Hatlehol Indremisjon.

a) Kjell-Vidar (f.1953) tok over bruket.

b) Hallgeir Ove (f.1954) tok over bruket.

c) Lindy Oddrun (f.1957) gifta seg i 1983 med Bjørn Trygve Nilsen, busett Sandefjord.


Sonen Kjell-Vidar Flisnes (f.1953) eig i dag restane av Skråvika, saman med bror sin. Dei fekk 1981  skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Kjell-Vidar er gift  med Liv Karin Myrvoll (f.1954) frå Spjelkavikneset. Dei er busett i Skråvika. Det aller meste er no  skild ut til bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit utmarkstykke i Eikenosbakkane, ovanfor  Laader Berg sin fabrikk, er att av den tidlegare husmannsplassen.

a) Ole Kristian (f.1979) gifta seg i 2011 med Silje Ødegård, busett i Skråvika. Ole fekk  overdrege ein eigedom frå far og onkelen i 2014.

b) Jhon Fredy (f.1991) er sambuar med Camilla, Busett Oslo.


Broren Hallgeir Ove Flisnes (f.1954) eig i dag restane av Skråvika saman med bror sin. Dei fekk  1981 skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Hallgeir er  gift med May-Britt Josefsen (f.1951), og er busett i Skråvika. Det aller meste er no skild ut til  bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit stykke i Eikenosbakkane, ovanfor Laader Berg sin  fabrikk, er att etter den tidlegare husmannsplassen.

a) Sindre (f.1988), busett Skråvika.

b) Terje (f.1988) er saman med Tina Vennatrø frå Stjørdal, busett Blindheim.



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 14:14

Vi vil mer enn gjerne ha tekst og bilder om det, ja Send gjerne til sveostrem@hotmail.com, da kan jeg sende tilbake det jeg vet om Olivia

...
28.04 | 13:22

Vi hadde hytte i Løvika. Det var min barndoms paradis. Dersom det framdeles er aktuelt,skriver jeg gjerne noe av det jeg husker.

...
28.04 | 05:56

Min farfar, Rasmus Østrem f. 1877, var nest eldste sønn på Ibrahamsgården. Ingen odel da så vidt jeg kan forstå. Dro til Ålesund som fisker.Gift med Olivia.

...
23.04 | 16:22

"Dei eldste i bygda", eller "Bjørnejag og overtru". Dei finst på emblemsbygda.com dei også

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE