Furholmen

Furholmen ca.1950. Orginalen tilhøyrer Ivar Fylling

Lars og Astrid Furholm i 1920. Fotografen er Sponland i Ålesund. Orginalplata tilhøyrer Aalesunds Museum.

Truleg Anna Furholm hos fotoraf Enok Simonnæs i Ålesund 1905, men kven av dei er Anna? Eg vil tru at det er snakk om Anna Josefine Iverdotter Furholm f.1876 som gifta seg til Blakstad året etter dette biletet vart tatt. Orginalplata tilhøyrer Aalesunds Museum

Inga Furholm hos fotograf Sponland i 1918. Det kan dermed vere ektemannen, Johannes Knuts. Buset ved sidan av henne. Orginalplata Tilhøyrer Aalesunds Museum

To kvinner og ei jente hos fotograf Sponland i 1919. Bestillaren er Hanna Furholm, men hven er dei to andre? Orginalplata tilhøyrer Aalesunds Museum

Nasjonalromantisk bilde av Anna Furholm signert Enok O. Simonnæs i 1905. Bildeeigar Aalesunds Museum.

Reprofoto bestilt av Inga Furholm i 1918. Det er vel kanskje portrett av forloveden, Johannes Knuts. Buset i midten, og kanske Inga sjølv lengst mot høgre? Er meir usikker på kven den tredje er. Bildet tilhøyrer Aalesunds Museum

Den første brukaren, ein veit om, er Anders Anderson Humlekalven (dp.1715-1770), som bygsla grunn her i 1739. Han flytta tilbake til Humlekalven i 1741 og tok over etter far sin. Anders var først gift med Martha Goutsdotter Solevåg (1709-1746), og så gift på nytt i 1747, med Anne Olsdotter Reitehaug (ca.1721-1768). Ho var søkenborn til Anders si første kone. I skiftet etter henne er det nemnd mykje kiperutstyr, så Anders var nok tønnemakar. Han hadde part i ein seksrøring når dei budde på Humlekalven. Anders gifta seg truleg til Tørlen kring 1769. Han omkom på sjøen med sonen, Ole, og fire andre i 1770.

a) Sylvie (dp.1740).

b) N.N. (f.1741) var kanskje dødfødd.

c) N.N. (f.1742) var kanskje dødfødd.

d) Lars (dp.1744) var tvilling.

e) Siri (dp.1744-1744) var tvilling. Ho døydde 4 dagar  gamal.

f) N.N. (1746-1746) var dødfødd.

g) Martha (dp.1747).

h) Sylvie (dp.1748-1748) døydde 25 veker gamal.

i) Adrianne (dp.1749) gifta seg først i 1780 med Ole

Rasmussen Karlsbakk. Ho gifte seg opp att i 1796 med 

Thorbiørn Nielss. Slinningsnes. Adrianne døydde på Hessa.

j) Ole (dp.1751-1770) omkom på havet saman med fem andre. Faren var ein av dei.

k) Sylvie (dp.1754-1780) var ugift. Ho tente på Hessa 1772, 

og døydde på Humlekalven.

l) Anders (dp.1757) gifta seg i 1791 med enke Marthe Knudsd. Skjong, busett. Skjong 1801.

m) Marthe (dp.1760).

n) Son (1763-1763) dødfødd son.

o) Siri (dp.1764-1845) gifta seg i 1805 med  Knud Knuds. Emblem(6+7), brukar  Nordigard Ålesund.


Lars Pederson Kobbervik (ca.1716-1776) vart fødd i Nonsvika på Skodje. Han gifta seg 1740 med Marithe Olsdotter Syltevik (1712-1781). Dei kom til Furholmen 1740 og dreiv husmannsplassen til 1763. I 1762 pantsatte Lars stova, løa, fjøset, færingsnaustet, færingen og fiskevegna, mot eit lån på 75 riksdaler. Like etter flytta dei frå garden, og rydda plassen «Hatlehol Ytre» under Eikenosøygarden. Sjå meir om dei der som brukar, lenger fram i denne boka.

a) Margrethe (dp.1740) fekk 1773 dottera Marthe med 

Lars Larsen Fiskerstrand, Styrkaplassen(1).  Er ikkje 

nemnd i arveskiftet 1797.

b) Peder (1742-1798) tok over bruket.

c) Ole (dp.1746) var tvilling. Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

d) Birthe d.e. (dp.1746) var tvilling. Er ikkje nemnd i 

arveskiftet 1797.

e) Birte d.y. (dp.1747) gifta seg i 1795 med Siver Joensen Røssevoll(5), Pe-garden på Røssevollen.  Er nemnd i Nørvasundet, og 1801 som husmenn på Magdevågneset, 

Sørnes. Han døydde   som legdslem på Røssevollen.

f) Martha (dp.1749) er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

g) Lars (dp.1752) er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

h) Oline (dp.1755) fekk 1784 dottera Marthe med Ingebrigt Rasmuss. Valderhaugstrand.  Oline busett hos broren i 

Kipervika. Ho er nemnd  i arveskiftet 1797 som gift i Bergen.


Sonen Peder Larsen (1742-1798) tok over og dreiv bruket frå 1764 til 1766. I 1764 gifta han seg med Anne Ingebrigtsdotter Aalesund. (dp.1742-1798), etter kongeleg bevilgning datert 10. august. Dei var nemleg tremenningar. Ho vart døypt «Nørve-Myren», men mora, Synneved Flisnes(1), kom opphaveleg frå Hansgarden på Flisnes. Peder og Anne budde ei kort tid på Furholmen, før dei flytte til Valderhaugstrand 1766. Dei flytta så vidare til Kipervika 1770, og budde der livet ut. Peders  farfar, Peder Ingebrigtsen Kobbervik, var bror til Annes farmor, Anne Ingebrigtsdotter Kobbervik.

a) Ole (dp.1764) gifta seg i 1795 med Synneve Olsd. Hamneskare,   busett Buholmstranda 1801. Fekk truleg   sonen Ole 1794   med Marit Nilsen Ohnen frå Ona.

b) Anders (dp.1766-1767) døydde på Valderhaugstrand 10 

veker gamal .

c) Synneve (dp.1767) fekk dottera Randine 1795 med handelsgesell Ole Oles.  Ytterdal på Notneset. Ho var då 

tenar for Nicolaj Ulrik  Wingaard på Hella i Ålesund.

d) Ingeborg (dp.1770-1816) døydde som legdslem i Kipervika,

i Ålesund.

e) Gjertrud (dp.1774) var truleg død før 1780.

f) Giertrud (dp.1780-1780) døydde 14 veker gamal i Kipervika, 

i Ålesund.

g) Lars Martinus (dp.1782) vart «Introdusert» fem veker etter fødselen.


Peder Halkieldsen Kvasnes(4) (dp.1712-1781) gifta seg 1737 med Marthe Ingebrigtsdotter Linge(401b) (1696-1748), frå Norddal. Han var først brukar på Kvasnes, før han flytta til Veibust(5) 1748 og til Furholmen 1763. Peder gifta seg opp att to gongar. Først med enka Guri Jetmundsdotter Veibust(5) (1702-1772) i 1749, og så med Brit Jonsdotter Kvistad(7) (f.1728-d. før 1780), frå Hjørundfjorden 1774. Ho hadde ein bror, Rasmus, som er nemnd på Kvasnes.

a) Anne (dp.1740-1750) døydde på Veibust 10 1/2 år gamal.


Lars Paalsen Synes (1740-1791) gifta seg 1783, med Metthe Nielsdotter Store Aarset(2) (dp.1744- ca.1785?). Han hadde vaksne born når han flytte hit. Lars gifta seg opp att 1786 med pige Maria Knudsdotter Hatlen(Y,1) (dp.1744). Han dreiv plassen frå 1781 til 1791.


Rasmus Rasmusson Fiskerstrand (dp.1765-1827) gifta seg 1791, med Anne Larsdotter Strømme(3) (ca.1755-1837), i Ørskog kyrkje. Rasmus si morsøster, Mein Hansdotter Valderhaugstrand, budde på naboplassen i Olevågen, Eikenosvåg(2). Rasmus og Anne kom frå Fiskerstranda 1791, og budde på Furholmen frå om lag 1792, til dei 1809 bytte med neste brukar i Plassevågen, Emblemsvåg(7). dei bytta bruk med Ingebrigt Hanson Flisnes(1), og er nemnd som brukar der. Rasmus var ikkje den einaste husmannen på Furholmen. Dei to neste brukarane budde på holmen samtidig som Rasmus. I 1798 lånte Rasmus 77 riksdaler. Dei hadde då løe, kufjøs, mindre fjøs, sommarfjøs, stabbur og naust. På bruket var ku, kvige, 3 sauer og 2 lam. Han hadde færing, femtedel i ein seksrøring, 12 torskegarn, 200 famner torskeline, og 1/4 kastenot. Det var ikkje tvil om at fisket var hovudnæring. I 1803 vart det opplyst at han avla 4 tønner korn, og hadde 2 kyr.

a) Andreas (dp.1791-1793) var døypt på Fiskerstranda, 

døydde på Furholmen.

b) Borni Andrina  Laurenze ( dp.1795-1797) var døypt Furholm.

c) Birte Marta (dp.1799) vart nemnd i arveskiftet 1827.


Ole Jonsen Solevåg(10) (ca.1722-1803) var husmann på Furholmen, det meste av tida når Rasmus Rasmussen Fiskerstrand budde der. Ole gifta seg med Hilde Olsdotter (ca.1746-1807). Ein finn dei både på Veibuststranda, Humlekalven og Urvikkråa, før dei vart husmenn på Furholmen frå 1793 til 1801. Ole døydde på Hatlehol, mens Hilde fekk bu på Furholmen til ho døydde, to år etter Ole.

a) Synneve (dp.1768-1812) var tvilling. Døypt Solevåg, og nemnd som krøpling i 1801.

b) N.N. (f.1768) var truleg dødfødd.


Lisbeth Einersdotter Hustadnes(7) (1765-1808) vart berre 31 år gamal. Ho var fødd på Sæbø, og hadde 1791 tent på både Raustad i Hjørundfjorden og Slettedal. Ho fekk ei jente med Ole Olson, som var plassemann under garden Spjelkavik, før ho enda livet i barselsenga på Furholmen i 1808. Det er usikkert om ho var legdslem hos Rasmus Rasmussen Fiskerstrand, som var husmann utan jord på Furholmen, eller berre tenar. Ho var i alle fall ugift. At dei brukte Hustadnes i kirkeboka, kan bety at ho kanskje ikkje var brukar, men det er såpass usikkert at vi har vald å ta henne med likevel.

a) Helene (1808-1808) døydde nok i forbindelse med 

fødselen, eller kort tid etterpå.


Ingebrigt Hanson Flisnes(1) (dp.1774-1835) hadde dreve Plassevågen, Emblemsvåg(7), frå 1806 til 1809. Han var tidlegare matros og skulehaldar. Ingebrigt gifta seg 1807 med Birthe Toresdotter Nøre-Vartdal(7) (1768-1814), som døydde på Furholmen. Han gifta seg opp att 1815 med Giertrue Larsdotter Øyra(Y) (1776-1834) frå Hjørundfjord. Familien flytta først til Furholmen i 1809, og så til Tryggeset, Nedregotten(6), frå 1822. Dei budde der til 1835. Sjå meir om han der.

 a) Son (1809-1809) var dødfødd.

b) Gurri Birgitte (1816-1890) gifta seg i 1849 med Bærnt 

Severin Sørens. Giske. Nemnd som enke og

husmannskone på Giskegjerde 1890.

c) Dotter (1818-1818) var dødfødd.


Nille Pedersd. Eikenosvåg(1) (dp.1764-1833), frå Torevågen, tok over som brukar etter stemora si i Torevågen 1805. Ho gifta seg det samme året i Geiranger, med Lars Ellingsen Vesterås(2+3) (1777-1833). I 1824 flytte dei hit til Furholmen, Eikenosvåg(3), og så videre til Rabben(3) i 1829. Der levde dei livet ut. På Furholmen betalte dei 30 riksdaler i innfesting, 3 riksdaler i årleg avgift, samt to arbeidsdagar. 1804 kjøpte Nille og Lars gardshusa på auksjon, etter Marta som var brukar før dei. Det var ei tømmerstove med skorstein og blyglasvindu, kufjøs, sauefjøs, stove, stabbur, løe og naust. Lars si søster, Anne Ellingsdotter Vesterås(2+3), gifta seg til Steffågarden, Emblem(6+7), med Stephan Stephanson Bjørdal(1,3) (dp.1765-1832). Han var ein sentral person ved «Borgundopprøret» i 1816. Fleire på Emblem og Blindheim slekter til han. Nille og Lars fekk truleg ingen born. Frå 1829 til 1833 budde dei på Rabben(3), og døydde der.


Peder Andreas Amundsen Mek(S) (dp.1798-1871) vart døypt i Volda. Han gifta seg 1827 i Hjørundfjorden,  med Cannuthe Einarsdotter Strandabø (dp.1796-1840). Dei dreiv plassen frå 1829 til 1860, før dei tok kår. Når dei kom, var husa ei stove med sval og fordør, fjøs og løe under eit tak. Andre bygningar er ikkje nemnd. Peder gifta seg på nytt i 1842 med Henninga Martha Halvardsdotter Emblemsvåg(1) (dp.1800-1872), frå Knutgarden i Emblemsvågen.

a) Inger Olave (1830-1854) var ugift. Ho døydde på 

Furholmen   to dager etter fødselen.

b) Iver Andreas (1833-1892) tok over bruket.

c) Anne Helene Pernille (1838-1922) gifta seg i 1858 med 

Ole Andreas Ols. Kongshaug(1), brukar i  Guttormgarden, Nedregotten(2).


Sonen Iver Andreas Pedersen Furholm (1833-1892) var emissær attåt gardsdrifta. Han gifta seg 1859  i Borgund med Johanne Marie Nilsdotter Kjerstadstøl (1829-1907), frå Haram. Dei bygsla Furholmen i 1892 for 55 speciedaler, med 2 speciedaler i årleg avgift, utan arbeidsplikt. 1868 hadde Iver 5 mål dyrka jord og 9 mål natureng. Det var litt mindre enn dei andre plassane i Eikenosvågen. Dei avla 7 tønner havre, 12 tønner med potet og tørka 12 skippund turrhøy. I tillegg hadde Iver og Johanne 2 kyr og 4 sauer. Dei tok kår, og overlot bruket til sonen i 1892. Dagens hovudhus på holmen er det truleg Iver som bygde i 1875.

a) Petrine Nicoline  Caroline ( 1862-1909) gifta seg i 1898 

med enkem.   Hans Nikolai Olsen Bjørnøy (Nordigar), 

brukar Bjørnøy.  Ho f ekk 1892 sonen Olaf Henrik med 

(Hans Jørgen) Elias  Hanss. Røssevoll(1).

b) Johan Henrik  Nicolai ( 1865-1942) tok over bruket.

c) Hans Lauritz (1868-1959) gifta seg i 1902 med Anne 

Madsd. Flovikholm, Veøy. Hans arbeidde ei  tid ved teglverk 

i Veøy. Busett i Ålesund før 1902.

d) Peter Andreas (1872-1931) gifta seg i 1902 med Gurine 

Marie Helene Nikolaid. Melbø(3,pl.),  brukar Havnevik, Flisholm(2). Søster til Johanne på  Hatlehol Indre og 

Andrine, som var skreddar i eige hus delt  frå bruket .

e) Anna Josefine (1876-1910) gifta seg i 1906 med Peder 

Martin Andreassen Blakstad, Sykkylven. Han  var fiskar 

i 1906, og lausarbeidar 1910. Busett i Ålesund.


Sonen Johan Henrik Nicolai Iverson Furholm (1865-1942) gifta seg 1891, med Severine Petrine Larsdotter Bjerke (1865-1918) i Ålesund. Ho vart fødd på Slinningen. Dei fekk skøyte på bruket, som første sjølveigarar i 1896. Johan gifta seg opp att 1921, med Petrine Karen Lovise Magnusdotter Emblem(3) (1871-1960), frå Hatlebakken, Emblem(3). 1908 flytta Albert Jakobsen Frøland(N,2) og kona Tykone Oline Knusdotter Stavset(2) til Furholmen. Dei kom frå Reiakvamrumpen( 3), og Tykone var morsøster til Johan si første kone.

a) Josefine Astrid (1892-1980) tok over bruket seinare.

b) Inga Laura (1894-1969) gifta seg i 1919 med Johannes 

Knuts. Buset, Vartdal. Han var lærar i bla.  Ålesund, og skreiv Vartdalsoga. Ho var også lærar, og  arbeidde på Emblem og Hatlehol skule. Dei er begge gravlagde i Ålesund.

c) Lars Sevrin (1896-1985) gifta seg i 1924 med Astrid 

Johanne Hansd. Holen(3), busett i Langevåg.

d) Jenny Amalie (1899-1919) var ugift.

e) Hanna Laura (1901-1988) var ugift.

f) Iver (1904-1905) døydde før han fylte 1 år.

g) Tora Astrid (1906-1981) var ugift.


Dottera Josefine «Jossa» Astrid Johansd. Furholm(3) (1892-1980) hadde vore butikkjente hos handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum. Ho gifta seg 1921, i Røyken, med målar Elling Andreas Johansen Haugen(2) (1891-1963). Han vart fødd på Ulvestadhaug i Volda. Dei budde først i Lørenskog, før dei kjøpte Furholmen i 1942 og dreiv bruket til 1954. Elling var pinseven og aktiv i forsamlinga «Elim», i Eikenosbakkane like ved.

a) John Kjell (1922-2018) gifta seg i 1953 med Borghild 

Kristine Hagen frå Vegsund, busett i  Eikenosvågen. 

Han arbeide frå 1939 til pensjonsalder hos  «Ødegård 

Karosseri».

b) Solvår (1924-2009) var ugift. Ho tok over bruket seinare.

c) Jorunn Petra (1926-2013) gifta seg i 1953 med Edvart 

Myren, busett Skedsmo.

d) (Arne) Jostein (1928-2002) tok over bruket.

e) Ivar (1930-2017) gifta seg i 1957 med Eldbjørg Marit 

Vadset frå Vatne, busett i  Spjelkavik. Han arbeidde hos 

«Ødegård Karosseri».

f) Kjellaug (1932-2016) gifta seg i 1955 med Oskar 

Lukkedal, fødd på Ramstad(5). Han arbeidde  hos «Ødegård Karosseri» og var aktiv i misjonsarbeidet som  predikant. 

Dei budde i Eikenosvågen, før dei flytta til Breivika.  Sonen Arvid Lukkedal er busett på Emblem, og har i mange år  vore med på barne- og ungdomsarbeidet i bygda. Saman med 

kona, Hilde, har dei også engasjert seg i drifta av  «Brusdalsheimen».

g) Einar Josef (f.1936) gifta seg i 1962 med Magnhild 

Winsevik Haugen. Dei er busett på Strømmen.

h) Sigrunn (1939-2017) var ugift, og busett på Åse.


Sonen (Arne) Jostein Haugen (1928-2002) fekk skøyte på Furholmen i 1954, frå far sin, for 4000 kroner. Han gifta seg 1953 med Oddny Hansine Flisnes(3) (f.1929). Ho er dottera til Elias Peder Laurits Flisnes(3) frå Skråvika og Sofie Elise Ragna Ekornåsvåg(2) frå Olevågen. Jostein skøytte bruket vidare til søstera si, etter å ha delt frå ei hustomt i 1965. Dei flytta inn i nyhuset 1966. Fleire av søskena busette seg også på tomter frå bruket.

a) Eivind Sigmund (f.1956) gifta seg i 1983 med Laila 

Oddrun Sunde. Dei er  busett i Ramsvikvegen.

b) Jorunn Elin (f.1958) gifta seg i 1979 med Tor Oddvar 

Soleng, busett Bjørkavollen.

c) Solfrid (f.1959) gifta seg i 1989 med Ernst Leif Myhre, 

busett Spjelkavik.

d) Merete (f.1962) er ugift, busett i Eikenosvågen.

e) Arne (f.1963) gifta seg i 1999 med Aud Line 

Gudmestad, busett Spjelkavik.

f) Oddgunn (f.1963) gifta seg i 1985 med Jan-Ove Ervik, 

busett Ramsvika.

g) Lena (f.1969) gifta seg i 1993 med Jens Kristian Mordal, busett Molde.


Søstera Solvår Haugen (1924-2009) var ugift. Ho fekk skøyte på Furholmen for 20 000 kroner i 1965. Sjølve holmen, med huset, fekk etter kvart gateadressa Furholmvegen 30, og bruksnummer 138. Det vart overført frå Solvår til gjenlevande søken, og borna til broren (Arne) Jostein Haugen.


Garden vart overført til gjenlevende søken, og borna til broren (Arne) Jostein Haugen, som arv frå Solvår 2010. Seinare har fleire av tanteborna til Solvår blitt medeigarar. Dei resterande delane av eigedommen på fastlandet er no delt frå til hustomter, med unntak av andelen i kaitomta og eit stykke ved brua over til Furholmen.


Furholmen vart seld til Abacs a/s, for 9,4 millionar kroner, like før bygdeboka skulle trykkast hausten 2019. Det var nesten to millionar over prisantydning. Førebels stoppar gardshistoria der.




Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE