Hatlehol Ytre bnr. 4

Plassen vart truleg rydda i 1760-åra, av Lars Pederson Kobbervik (ca.1716-1776). Han var fødd i  Nonsvika på Skodje, og gifta seg 1740 med Marithe Olsdotter Syltevik (1712-1781). Dei kom til  Furholmen i Eikenosvågen 1740, og dreiv husmannsplassen der til 1763. I 1762 pantsette Lars stova,  løa, fjøset, færingnaustet, færingen og fiskevegna, mot eit lån på 75 riksdaler. Like etter flytte dei frå  garden, og rydda i staden «Hatlehol Ytre» under Eikenosøygarden. Dei fekk følgande attest av presten  i 1769: Vankunnige, har få bøker, «øver liden gudsfrygt, forsømmelige med deres børn at holde dem  til skolen». Borna som då var 14 og 12 år, kunne ikkje lese. I 1771 vart Lars dømd for tjuveri av 5  klippfiskar frå Mons Doran på Grimmergard. For dette skulle han piskast med 21 slag, betale gjeld og  tvigjeld, og «have sit hovedlod forbrudt til Kongen». Det endte med at han måtte gå frå plassen og  seie opp buet sitt, med 34 riksdaler i underskot. Lars fekk fortsatt bu der, men i stor armod.

a) Margrete (dp.1740) Fekk dottera Marthe 1773 med 

Lars Larsen Fiskerstrand,  Styrkaplassen(1). Er ikkje 

nemnd i arveskiftet 1797.

b) Peder (1742-1798) gifta seg i 1764 med Anne 

Ingebrigtsd. Aalesund, busett på Furholm til  dei flytte 

til Valderhaugstrand i 1766. Dei budde frå 1770 livet ut i

Kipervika.

c) Ole (dp.1746) var  tvilling. Han er ikkje nemnd i 

arveskiftet 1797.

d) Birthe d.e. (dp.1746) var tvilling. Ho er ikkje nemnd i 

arveskiftet i 1797.

e) Birte d.y. (dp.1747) gifta seg i 1795 med Siver Joensen Røssevoll(5) i Pe-garden på  Røssevollen. Ho er nemnd i Nørvasundet og husmann på  Magdevågneset, Sørnes 1801. 

Døydde som legdslem på  Røssevollen.

f) Martha (dp.1749) er ikkje nemnd i arveskiftet i 1797.

g) Lars (dp.1752) er ikkje nemnd i arveskiftet i 1797.

h) Oline (dp.1755) fekk dottera Marthe 1784 med 

Ingebrigt Rasmussen  Valderhaugstrand. Oline busett hos 

broren i Kipervika. Ho er  nemnd i arveskiftet i 1797, som 

gift i Bergen.


Ole Knutson Hanken(6) (1722-1777) tok over plassen 1772. Ole kom frå husmannsplassen «Røysa»,  under Veibust. Han gifta seg 1749 med Ane Matzdotter Uggedal(1) (dp.1717-1754), og var ved

bryllupet nemnd som busett på Reiakvam. Dei dreiv bruket der i nokre år. Han gifta seg for andre  gong 1755, med enka på Veibust(Røysa), Siri Andersotter Veibust(Røysa) (1705-1774). Ho vart  fødd i Abrahamsgarden, Østrem(3). Han gifta seg for tredje gong 1775, med Aagathe Iverdotter  Kvistad(Iva) (ca.1731-1795). Ole var fattig. I 1775 vert det fortalt at han måtte «betle sit brød paa

bygden» (tigge). Når han døydde, eigde han berre ei ku og det dekte gjeldspostane så vidt. Enka etter  han, Aagathe, vart gift på nytt med neste brukar. Ein veit ikkje av born etter Ole.


Enka Aagathe Iversdotter Kvistad(Iva) (ca.1731-1795) vart gift på nytt i 1779, med Lars Pederson  Urke(Y,1) (1745-1813). Når Aagathe døydde 1795, hadde dei ku, kvige, geit og gris. Lars hadde

færing og ny stove, men buet var fallitt. Han gifta seg opp att 1796 med Anne Christiansdotter  Spjelkaviknes(3) (dp.1757-1825). Dei vart buande på plassen til Lars døydde i 1813.

a) Peder Larsen (f.ca.1778) er ikkje nemnd 1801. Det er 

usikkert om han var dreng, eller  sonen til Lars.

b) Ingeborg Karen? (dp.1796) er ikkje registrert i 1801, 

eller nemnd død før 1800. Kan  derfor være den samme 

som søstera Agathe under.

c) Agathe (1796-1861) gifta seg i 1831 med Lars Larss. 

Nore(Ø), fødd Nore Øvre Rolloug.

d) Synneve Helena ( 1799-1865) gifta seg i 1827 med 

Hans Petter Ols. Giskegjerde(8), brukar der.


Sonen Paal-Sivert Jacobsen Eikenosøygard(3) (dp.1780-1822) gifta seg 1807, med Birthe-Olava  Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838). Dei dreiv Framigar, Eikenosøydegard(3), frå 1807 til  1813, før dei flytta videre til Hatlehol Ytre, Hatlehol(3), som tidlegare var utskild frå Eikenosøygarden.  Birthe-Olava gifta seg opp att med neste brukar. Ein veit ikkje av born etter dei.


Enka Birthe-Olava Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838) gifta seg opp att 1824, med Elias  Amundson Solevåg(10) (dp.1798-1830), men han fekk ikkje festebrev på plassen før 1827. Elias vart  pålagd å bygge ny stove. Eigaren skulle skaffe tømmeret, men døydde før han kom så langt. Den vart  derfor bygd av neste husmann.


Lars Martinus Nilsen Emblem(11) (1804-1844), frå Sjursgarden, gifta seg 1832, med Jørgine  Elisa Andrea Andersdotter Dragsund (dp.1804-1884), frå Volda. Dei dreiv plassen frå 1830 til 1844.  Ho gifta seg opp att med neste brukar.

a) Nicholine Maria f.1827 vart fødd i Sjursgarden, 

Emblem(11). Fekk sonen Laurits i 1870  med «dreng» 

Mads Knuts. Magerholm, på Vigra. Ho var  tenar der. 

Ved konfirmasjonen til dottera 1884 vart ho  framleis 

nemnd som «pige», medan Mads gifta seg til Valbø i  1870.

b) Olaus Andreas (1833-1907) gifta seg i 1865 med Severine 

Bertine Martinusd. Longva, brukar  Gamlem(8).

c) Karoline Elisabet (1838-1910) var tvilling. Ho gifta seg

i 1867 med  Nicolai Severin Peters. Dyb på Vigra.  Kanskje 

busett nær søstera Birgitte på Buholmstranda 1875.  Seinare 

busett på Ysteneset, brukte då etternamnet Slinning.

d) Birgitte Olave  Jensine ( 1838-1894) var tvilling. Gifta 

seg i 1864 med Peter Martinus Nikolai Berents. Rot(1).

Han var bryggesjauer/ fisker, busett Buholmstranda 1865-75.

1895 var han verftstømmermann i Ålesund, og gifta seg 1895

på nytt med svigerinna Helene Kristiane Jakobsd. Hatlehol,

som var enke etter Lars Johan Hatlehol på Ysteneset.  1910 

dreiv dei kolonialforretning saman.


Enka Jørgine Elisa Andrea Andersdotter Dragsund (dp.1804-1884), frå Volda, gifta seg opp att 1845  med Willem Andreas Hanson Ytterland(3) (1818-1898). Det gjekk ikkje så bra med dei. Willem  måtte seie frå seg plassen mot kår allereie i 1850, kun 32 år gamal. Han budde på plassen til Jørgine  døydde 1884. I 1875 vart ho nemnd som buande hos dottera på Buholmstranda, og forsørga av  Willem, men hjalp truleg til med pass av barnebarnet, Jørgen, som vart fødd det året. Jørgine si søster  var gift med Ingebrigt Carolus Britanus Emblem(8) frå Ebbegarden. Dei budde i Ålesund, der  Ingebrigt var gullsmed. Willem gifta seg opp att 1887, med enka (Anne) Caroline Larsdotter  Hatlemark (1838-1907) på Elvemyr, Nedregotten(4), og flytte dit. Ho var opphaveleg frå Tusvik(2) i  Sykkylven.

a) Lars Johan (f.1845) gifta seg i 1875 med Helene 

Kristine Jakobsd. Valderhaugstrand, busett i  Ålesund. 

Han var sjømann, og dei flytta til Ålesund 1875. Ho

var enke 1885, busett hos lillesøstra til ektemannen. 

Gifta seg  opp att 1895 med svoger og enkemann etter o vanfor.

b) Hanna Karoline (1848-1912) gifta seg i 1874 med Peder 

Andreas Peders. Nødvig, Volda, busett i  Ålesund. Ho hadde 

vore bestyrar for farens hushaldning i  1865. Dei busette seg 

på Ystenes, Buholmstranda 1874. Han  var skipstømmermann 

på verft 1875.


Rasmus Olson Søvikhaug (dp.1816-1873), Øvre-Søvik(3) tok over bruket 1850. Han gifta seg 1851  med (Ingeborg) Marie Andersdotter Emblemsvåg(5) (1828-1881), frå Antonesgarden. Dei

hadde 1868 11 mål dyrka mark, 33 mål natureng, avla 1 1/2 tønne bygg, 12 tønner havre og 10  tønner med potet. Dei tørka 18 skippund tørrhøy. Der var dette året 4 kyr og to sauer på bruket.

Garden hadde torvmyr, med løe, på sletta ved sydøstre hjørnet av garden, der gravstaden på Hatlehol  ligg no.

a) Karoline Agnete (1851-1851) vart heimedøypt. Ho 

døydde 17 veker gamal.

b) Carl Olaus (1852-1916) gifta seg med Ingeborg Vaage 

frå Gudbrandsdalen. Han var tannlege i  Kristiania, og 

registrert der både 1885 og 1910. Busett Oslo.

c) Rasmus Andreas (1858-1895) tok over bruket.

d) Sivert Johan  Henning ( 1859-1860) døydde 8 

månader gamal.

e) Severine Elene (1863-1866) døydde om lag 3 år gamal.


Sonen Rasmus Andreas Rasmusson Hatlehol(2) (1858-1895) tok over etter foreldra sine i 1882. Han  fekk skøyte på halve bruket, og bygsla resten. Rasmus gifta seg med Anne Eline Gundersdotter  Grebstad(8) (1865-1955) frå Sykkylven. Ho var søster til 0 2 6 Tomasine Jensine Gundersdotter  Grebstad(8), som vart gift 1879 på Oppigar, Hesseberg(2). Rasmus vart berre 37 år gamal. I ein lang  periode måtte Anne greie seg på eiga hand med to små born. Den yngste var berre eit år. I 1910  budde guten Olav Nilsen på bruket hos dei. Han var «fattigunderstøttet», og kanskje til litt hjelp.  Dottera, «Kalla», passa Anne på sine eldre dager.

a) Rasmus Martin (1891-1957) tok over bruket.

b) Karoline «Kalla»  Gyda Antonette ( 1894-1992) var Ugift. 

Brukte namnet «Kalla», busett ved tunet. Arbeidde på

sjukehuset og vevde tepper. Tok seg av mor si.


Sonen Rasmus Martinus Rasmusson Hatlehol(2) (1891-1957) fekk skøyte på halve bruket 1917. Han  hadde vore i Amerika, som dei fleste andre ungdommane i bygda. I 1910 var han registrert som  emigrant, uten billett, med «Hvide» på veg til Nord Dakota, og er registrert fleire gongar på veg til  Canada og USA utover 1930- og 1940-talet. Han dreiv visst mest med kveitefiske på stillehavskysten,

som Fredrik Østrem(1) frå Mattisgarden på Østrem. Ved eit tidleg besøk heime, hadde han  spart opp pengar til bygging av ny løe, men det vart noko problematisk. Lastebilane som leverte  trelasten frå Rødseth i Spjelkavik, stod som oftast fast på «jordvegen» sør for riksvegen mot  Magerholm. Gamleløa stod der Ole Stokke bygde huset sitt seinare. Resten av garden på  Hatlehol fekk han skøyte på frå mor si i 1930. Rasmus vart dermed den første sjølveigaren på  bruket. Han døydde i Vancouver hausten 1957. Ein kan ikkje finne opplysningar om Rasmus gifta  seg, ut frå reisedokumenta.


Ole Nilson Stokke(2) (1896-1967), frå Oaldsbygda, fekk skøyte på bruket i 1947, for 14000 kroner,  inkludert redskap og dyra. Han gifta seg 1932 me d Oleif Henny Flisnes(3) (1907-1994) og  dreiv garden til han døydde i 1967. 1959 delte han frå ein parsell til Hatlehol skule, og hadde  tidlegare leigd ut grunn til brønnen og vassleidninga til gamleskulen i Eikenosvågen.

a) Anna (f.1932) gifta seg i 1950 med Håkon Jarle 

Ekornåsvåg. Han arbeidde bla.  sammen med svogeren, 

Nils, hos «Fix konfeksjon», busett i  Eikenosvågen.

b) Nils (1936-2011) tok over bruket.

c) Henny (f.1939) gifta seg i 1961 med Sigurd Oscar Dahle, 

busett Hatlehol.

d) Oddny (f.1944) gifta seg i 1966 med Arvid Johan Larsen. 

Dei har i mange år dreve  «Arvids Blomster» i Ålesund. 

Busett Hatlehol.

e) Randi Halse (f.1946) gifta seg i 1971 med Per Jarle Halse, 

busett Hatlehol.


Sonen Nils O. Stokke, Hatlehol(2) (1936-2011) fekk skøyte på bruket frå foreldra sine i 1967, for 20  000 kroner mot burett på livstid. Han gifta seg 1955 med Bjørg Consuela Øverland (f.1933). I hans  tid vart drifta lagt ned og garden parsellert ut i tomter til byggefelt. Bruksnummer 2 vart 2012  overført til Bjørg, som framleis er grunneigar. Eigedommen består i dag av ein bustad på Hatlehol,  og nokre skogsteigar. Resten er delt frå til søsken, eller seld ut til byggefelt.

a) Ole-Bjørn (f.1956) gifta seg i 2011 med Gerd Anita, 

busett Blindheim.

b) Per Cato (f.1959) gifta seg i 1984 med Torild. Han er 

dagleg leiar i Møbelringen på Blindheim,  busett Spjelkavik.

c) Frode (f.1961) gifta seg i 2005 med Anne Cecilie 

Ristvedt frå Kongsberg, busett Oslo.

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE