Havnevika

Peter Andreas Furholm (1872-1931) og Gurine Marie Melbø (1880-1967) gifta seg 1902. Dei kjøpte Havnevika 1900. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Huset i Havnevika. Gurine Marie Havnevik, f. Melbø (1880-1967) står foran huset. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

F.v.: Jofrid?, Olav?, Ingrid og Jenny Havnevik. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Huset i Havnevika. F.v.: Hjørdis, mora Gurine, og Ingrid. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Brudeparet er Ingolf Havnevik (1902-1989) og Klara Olave Vegsund (1901-1956) Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

F.v.: ukjent og kanskje Jofrid Havnevik. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Kanskje f.v.: Jofrid Havnevik, ukjent, og Jenny Havnevik. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Bryllupet til Hjørdis Havnevik og handelsmann Lars Nilsen Stokke 1929. Dei budde på Hellesylt. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Jenny Havnevik vart fosterdotter på Hatlehol Indre II, hos Edvard Hatlehol og tanta si. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Søstre frå Havnevika. F.v.: Hjørdis, kanskje Gudrun, Jenny bak, og kanskje Jofrid. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Søskena samla. F.v.: Jofrid g. Hånes, Ingrid, Oline, Hjørdis g. stokke og Jenny g. Dimmen, og ingolf Havnevik Bldet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Søskena f.v.: Ingrid, Jofrid, Ingolf, Hjørdis og Jenny. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Ingolf Havnevik, Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde

Peter Andreas Ivers. Furholm, Eikenosvåg(3) (1872-1931) gifta seg 1902 med Gurine Marie Eline Nikolaidotter Melbø(3,pl.) (1880-1967). Dei fekk bygsel på Flisholmen, og fortsette å bu på gardstunet, som no låg på fastlandet i Havnevika, med bruksnummer 2, under Flisholmen. Han kjøpte bruket frå eigarane, Hans Rasmussen Solevågseide og Steffen Johannes Ellingsen (Emblem) Kvasnes etter nokre år. Dei hadde fått skøyte på bruket 1900. Peter overlot bruket til eldste sonen, Ingolf Havnevik. Han tok det nye gardsnamnet «Havnevik» til etternamn. Dette vart ein del av i alt tre bruksnummer under Flisholmen. Dei to andre delte holmen mellom seg under bruksnummer 1 og 3.

Peter og Gurine fekk 10 born. Ingolf Johan (1902-1989) var den som var odelsguten, og tok over bruket. Hjørdis Malene (1904-1993) var nest eldst. Ho gifte seg i 1929 med handelsmann Lars Nilsen Stokke. frå bruk nummer 2 på Stokke. Dei busette seg på "Vonheim, bruksnummer 29 på Hellesyllt, der han var handelsmann. Olav Johannes Hilmar Havnevik (1905-1906) levde ikkje opp, og den eldste Jofrid (1906-1908) vart heller ikkje gamal. Ho døydde av lungebetennelse. Jofrid Olga (1909-1974) gjekk det betre med. Ho gifte seg 1944 med Ola Hånes frå Rovde. Dei busette seg der. Så kom ei ny tragisk hending i familien. Gudrun Petra (1910-1930) fekk tæring, og døydde av dette på Haukås pleieheim i Ørskog,  berre 20 år gamal. Jenny Emma (1912-1971) fekk ein annan skjebne. ho vart adoptert av tanta på morsida, som var bornlaus. Det var rett nok ikkje så langt dit, for ho var gift med Edvard Hatlehol på Hatlehol Indre II, vel eit steinkast unna, men det kan ikkje ha vore enkelt å vekse opp heimanfrå, og sjå heim att til søskena sine heller. I 1945 gifte ho seg med Peder Elias Dimmen, og tok over etter forsterforeldra sine på Hatlehol Indre II. sjå meir om henne der. Den neste i barneflokken var Olav (1915-1937). Han fekk tuberkulose i millitæret, og døydde av det. Ingrid (1917-1979) gifta seg ikkje. Ho er gravlagd på Høybråten i Oslo. Peter (1919-1930) var yngstemann i borneflokken. Han vart berre 11 år gamal.

Eldstesonen Ingolf Havnevik(3) (1902-1989) gifta seg 1932 med Klara Olave Vegsund (1901-1956). Dei budde først i Langevågen, og fekk så skøyte på bruket i 1947, frå mor til Ingolf, for 4100 kroner. 2000,- av dette var betaling for dyr og redskap på bruket. Ingolf var snekker, fiskar, og mannskap på den lokale rutebåten «Von», ved sida av gardsdrifta. Båten vart dreve av forløparen til busselskapet «Sula Rutelag a/s». Det vart seld hyttetomter i Havnevika frå 1951. Ingolf vart den siste brukaren på denne delen av Flisholmen. I hans tid utvikla området seg frå gardar og torvmyrer, til nytt byggefelt. Dei fekk to born i lag. Det var Per Gunnar (1933-1933) som vart fødd i Langevåg, og døydde der etter berre to og ein halv dag. Dottera Annbjørg Marie (1936-1936) gjekk det ikkje betre med. Ho døydde berre 8 dagar gamal. Det vart dermed ingen slekt etter dei. Klara døydde kun 55 år gamal. Ingolf fortsette som enkemann, og gifta seg ikkje opp att. Han døydde i 1989.

2005 kjøpte Block Watne a/s Havnevika for 2 650 000 kroner, for å bygge ut bruket til bygge-felt. Gatenamna «Havnevikvegen», «Øllsvikvegen» og «Mikkelines veg», er i dag vitne om det som ein gong har vore. Øllsvika er det opphavelege namnet på vika, før tunet vart flytta frå Flisholmen, og gardsnamnet «Havnevika» vart oppretta. 








Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
27.05 | 11:12

Dette er ikke Jakob Rasmussen Akslen ( senere Molvær). Jakob flyttet til Molvvær i Langevåg og giftet seg med Gina Molvær.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE