Framigard

Framme f.v.: Johan Mikael Rasmussen Ødegård, Hansine Caroline A. Rasmusdatter f. Flisnes. Bak f.v.: sønene Ole Laurits Gustav Johansen Ødegård og Rasmus .

Ole J. Ødegård hos fotograf Sponland i 1909. Orginalplata tilhøyrer Aalesunds Museum og har arkivnummer AM-95003.009043

Rasmus J. Ødegård Orginalplata tilhøyrer Aalesunds Museum med arkivreferansen AM-95003.021631. Fotograf Johannes Sponland i 1913.

Bak f.v.: Knut Magerholm og kona Petrine Andreasdotter Apalset. Framme f.v.: Johan Øydegard og kona Hansine iFramigard. Bildet er frå hagen nedanfor gamlehuset på Framigard i 1936. Utlånt av Åshild Magerholm Kvam).

Tormod fekk delt frå denne halvdelen, som eit eige bruk ca.1642. Framigar og Utigard hadde då lik  skyld, men dette bruket kan ha vorte etablert på udyrka mark, sidan neste brukar hadde færre dyr enn  dei hadde på Utigard.


Ole Jonsen (f.1615) betalte i 1658 skatt for 2 kyr og 2 geiter. Hest hadde han ikkje, i motsetning til  naboen Lars på Utigard, som hadde både hest, 4 kyr og 3 geiter. Det kan vere grunn til å tru at Ole  derfor hadde mindre fôr og at han kanskje måtte rydde Framigar frå utmarka.


Erich Knudson Emblem (6+7) (ca.1656-1723) var brukar frå 1690 til 1723. Han gifta seg med  enka Martha Larsdotter (ca.1644-1715). I 1716 forlova han seg med Brithe Aamundsdotter, og dei

fekk minst to born saman.

a) N.N. (f.1718) vart «introdusert» av Brithe i april.

b) Knud (dp.1722-1743) døydde 21 år gamal.


Siur Jonson Rødsethatlen(1+2) (ca.1690-1752) gifta seg 1716, med Ragnhild Olsdotter (1692-1763).  Ho er nemnd som fadder for naboen, Lars Pederson Furholm, sin tvillingson i 1746. Meir veit ein  ikkje om dei.

a) Jens (dp.1717- 1786?) vart  kanskje gift i Auregarden med Anne Ingebrigtsd. Emblem(9). Ved forlovelsen 1736, er ho nemnd som «besovet».

b) Ole (dp.1720-1720) døydde 15 veker gamal.

c) Anne (dp.1721-178) tok over bruket.

d) N.N (f.1724)

e) Magnille (dp.1731-1768) gifta seg i 1767 med enkemann Peder Olsen Eikenosvåg(1), brukar  Eikenosvågen(1).


Svigersonen Halvar Jakobsen Emblemsvåg(5) (dp.1725-1797) gifta seg 1748, med jordajenta  Anne Sjursd. Eikenosøydegard(3) (dp.1721-1789). Ho hadde då vore tenar og fadder hos broren,  Jens, i Auregarden, Emblem(9) i 1741. Sonen, Halvor, vart seinare brukar  i Knutgarden i  Emblemsvågen. Dei tok over garden 1752, etter at far til Anne døydde og dreiv den til 1779. Det var  meininga at dei skulle gje kår til Anne si mor, Ragnhild, men det vart så lite at ho måtte gå over på  legd i staden. Halvar kjøpte bruket, og vart sjølveigar i 1771. Han skøytte over på sonen 1779.

a) Ragnille (dp.1749) gifta seg først i 1779 med enkemann Joen Knudson Barstad(4), Vartdal. Så gifta ho seg på nyy med  Absalon Jons. Vereide, Nordfjord. Begge gongar var ho brukar på  Barstad(4).

b) Randi (dp.1751)

c) Siver (dp.1752-1779) døydde 27 1/2 år gamal.

d) Siri (dp.1754-1755) døydde 13 veker gamal.

e) Jacob (dp.1756-1820) tok over bruket.

f) Rasmus (dp.1758)

g) Anne (dp.1761)

h) Halvor (dp.1763-1818) gifta seg i 1788 med Synneve Nilsd. Valderhaug(33). Dei var brukara  Knutgarden i Emblemsvågen.


Sonen Jakob Halvorson Eikenosøygard(3) (dp.1756-1820) dreiv garden frå 1780 til 1807. Han vart  gift med Birthe Rasmusdotter Spjelkavikgjerde(5) (dp.1758) 1780. Meir veit ein ikkje om dei.

a) Paal-Sivert (1780-1822) tok over bruket.

b) Andreas (1783-1783) døydde 14 dagar gamal.

c) Anne (1784-1838) gifta seg i 1807 med Halsten Rasmuss. Eikenos. Dei var brukara på Eikenosa.

d) Rasmus (1787-1797) døydde 11 år gamal.

e) Maria (1791-1878) gifta seg i 1827 med Rasmus Jonson Roald(4+5). Dei var brukara på  Valderhaug(13).

f) Halvar J. (dp.1794-1869) vart seinare brukar i Framigard.

g) Ragnhild (1797-1870) gifta seg i 1823 med enkem. Johannes Torbjørnson Godø(16). Dei vart brukara på  Valderhaugstrand(8).

h) Rasmus (1803-1809) døydde 6 år gamal.


Sonen Paal-Sivert Jacobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1780-1822) gifta seg 1807, med Birthe-Olava  Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838). Dei dreiv bruket frå 1807 til 1813. Då måtte dei selge, og  flytte derfor til Hatlehol Ytre, Hatlehol(3). Sjå meir om dei der. Ny sjølveigar på garden var først  brukar   i 1910. Dei fekk truleg ingen born.


Sonen Halvar Jakobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1794-1869) var brukar frå 1814 til 1828. Han gifta  seg 1815 med Eli Jesperine Paulsdotter Eidem(7) (ca.1780-1851), som var søster til John  Paavelson Eidem(7) i Olevågen, Eikenosvåg(2). I 1852 gifta han seg på nytt med enke Anna Nilsdotter  Spjelkaviknes(1) (1795-1856). Ho vart opphaveleg døypt Lien i Jostedalen. 1858 gifta han seg  for tredje gong, med enka Anne Dorthe Hansdotter Bjørkavåg(9) (dp.1806-1890). I 1828 fekk han eit  lite stykke i utmarka og rett til å opprette ein liten plass der. Det var truleg ein midlertidig kårplass,  som ikkje fekk formelt namn, eller plasseseddel, men vart kalla «Hallvardplassen» på folkemunne.  Den låg nedanfor dagens gardstun, der  Olav Kåre Ødegård bygde seg hus, langt seinare. Den  har i dag gateadressa Puskhola 15. Det vert fortalt at  Hansine gjekk ned dit med mat til   Oline. Det må i så fall ha vore medan Hansine var tjenestejente på garden, og truleg i Oline sine siste  leveår. Ho hadde nemleg kår på både Blindheim og Framigar. Det er mogeleg at ho budde på  Hallvarplassen i husa etter Hallvard, som truleg vart lagt ned når han døydde i 1869. Husa vart  kanskje ståande att og busett igjen på slutten av 1870-talet. Huset skal seinare ha vorte flytta ned i  Ramsvika, medan barnebarnet til Oline dreiv bruket der. Løa var meir som eit lite skur å rekne. Det  står framleis på den tidlegare plassen. Hallvardplassen er ikkje nemnd med namn i nokon skriftlege  tinglyste kjelder. Den har derfor tidlegare vorte forveksla med bnr. 2 Ramsvika.

a) Berndt Andreas (1816-1880) tok over i Ramsvika. Sjå meir om han der.

b) Anne Petrine  Olava  (1818-1904) gifta seg først i 1846 med (Peter) Berndt Lars. Giskeødegård(2). I 1866 gifta ho seg på nytt med  Paul Frederik Elias Peters. Engeset(1). Han var brukar på

Slotsvik(6).


Johannes Rasmusson Nøsdal (dp.1797-1849), frå Eid i Nordfjord, gifta seg 1826 med Oline  Michelsdotter Slettevold (dp.1804-1880), fødd på Eid i Nordfjord. Dei kom til Sunnmøre det samme  året og var kanskje tenestefolk, før dei tok over bygsel på bruket frå 1829 til 1850. Oline gifta seg  opp att 1854, med enkemann Peder Annanias Pederson Humlen(1) (dp.1798-1883), brukar  Blindheim(2). Det vert fortalt at ho budde på «Hallvardplassen», mellom Framigar og dagens bilveg,  der  bygde seg hus seinare. Det er mogeleg at Peder også budde der ei tid. Hansine  Flisnes(2) var då tjenestejente på bruket, og skal ha gått ned med mat til Oline. Huset vart etter 1881  flytta ned i Ramsvika. Løa står framleis att på sin opprinnelege plass. Det har ikkje vore mogeleg å  finne Hallvardplassen i skriftlege kjelder, så det kan ha vore eit kårbruk.

a) Rasmus Andreas  Brethanus  (1826-1919 )tok over bruket.

b) Anne Martha (1829-1831) døydde 2 1/2 år gamal.

c) Berndt Andreas  Martines  (1832-1870) var ungkar, busett på Buholmstranda ved Ålesund.


Sonen Rasmus Andreas Brethanus Johannesen Eikenos-øydegard(3) (1826-1919) vart fødd på garden.  Han gifta seg 1852 med Ingeborg Caroline Larsdotter Blindheims-nes(3) (1831-1901). Dei dreiv  garden frå 1850 til 1883.

a) Johan Mikael (1853-1940) tok over bruket.

b) Lars Carolus (1856-1927) gifta seg i 1879 med Maria Birgitte Martinusd.


Sonen Johan Mikael Rasmussen Ødegaard (1853-1940) gifta seg 1884, med Hansine Caroline  Andrine Rasmusdotter Flisnes(2) (1861-1948). Ho var opphaveleg fødd på Veibust, og hadde vore  tenar på garden. Hansine var eigentleg forlova med bror til Johan, Ole, men han døydde i 1881. Ho  fortsette som tenar på garden, til ho gifta seg med Johan 1884. Han skøytte frå seg bruket til sonen i  1938.

a) Ole Laurits Gustav (1887-1971) tok over bruket.

b) Rasmus Ingvald (1895-1962) gifta seg først i 1928 med servitør Solveig Nilsen. Han gifta seg på nytt i 1939 med Evelyn  Hoel, og ein tredje gong i 1956 med kokke Marie Kristiansen. Han var  murarmeister, busett i Oslo. Rasmus fekk ingen born.


Sonen Ole Laurits Gustav Johanson Ødegård(3) (1887-1971), gifta seg 1917, med Karoline  Ragna Knutsdotter Magerholmdal (1888-1981). Foreldra til Karoline flytte dit 1927, når Daleplassen  i Magerholmdalen vart lagd ned. Faren, «Dale-Knut», hadde nemleg vore sjuk vinteren før og Petrine  nekta å bu ein vinter til der oppe. Knut fekk disponere eit kammers i stova si oppe i  Magerholmdalen, når han besøkte dalen, og han slo «nybrøtet» ovanfor Daleplassen, som han hadde  kjøpt. Ole tok utdanning som treskjerar i Volda 1906. I 1910 bygde han ei vassdreven sag saman  med Jens på Utigard. Saga fekk motordrift i 1936. Han starta sin eigen snekkerverkstad 1912, som  fekk stasjonærmotor 1922, og elektromotor før 1930. Det skal visst ha vore den første  snekkerverkstaden i Borgund. Ole satsa hovudsakleg på produksjon av vognhjul i ulike varianter,  men bygde også snikkarbenkar til skular på heile Sunnmøre. I tillegg bygde han likkister, vindauge,  dører og nokre møblar. I 1920 bygde dei ny løe på bruket, og Ole arbeide på 1920-talet som snikkar  hos Oscar Rørhus i Ålesund. Mange bilar hadde på den tida karosserirammer av tre. Hos Rørhus fekk  han dermed lære seg karosseriarbeid også. I 1930 utvida han verkstaden sin i Puskhola, og satsa no  på karosseri. Det vart nokre varebilar, og bakdører på den første bussen til Emblemsbygda Billag. I  1933 bygde han sin første buss for «Olsvikruta». No fekk verkstaden namnet «Ole J. Ødegaarden  karosseriverksted, Emblem». Alt saman vart etablert på heimgarden, men det hadde ikkje vore  mogeleg utan familien. Det var Karoline, sonen Knut, og dottera, Anna Ragna, som dreiv garden,  medan Johan, dreiv verkstad saman med faren. I tidleg ungdom var Petra og Helga også med på  gardsarbeidet, før dei flytta heimanfrå. Knut var dreng på garden i 5 år, før han fekk begynne på  realskulen. Seinare vart det 5 år på NTH i Trondheim, men alle ferier vart framleis nytta til å hjelpe  til på garden heime. Karoline og Ole overlot Framigar til odelsonen Johan Henry i 1967.

a) Johan Henry (1917-2010) tok over bruket.

b) Anna Ragna (1919-2018) gifta seg i 1949 med Karl Johan Vegsundrabb(2), brukar Rabben(2).

c) Petra Kalla (1920-2010) gifta seg i 1945 med Knut Storlykken, busett Spjelkavik.

d) Helga Johanne (1922-1923) døydde i sitt første leveår.

e) Knut (f.1923) gifta seg i 1951 med Ingrid Lundanes, busett Trondheim.

f) Helga Johanne (1926-1977) gifta seg i 1959 med Odd Ørbeck (1920-1985), lakkerar hos  svigerfaren. Brukar Antonesgarden, Emblemsvåg(5).

g) Olaf Kåre (1931-1931) døydde 13 dagar gamal.


Sonen Johan Henry Ødegård(3) (1917-2010) tok over karosseriverkstaden etter far sin i 1941, og  bygde ny verkstad nede ved bilvegen, like etter krigen. Faren dreiv Framigar vidare til 1967. Johan  tok over garden det året, og var grunneigar til 1994. Han gifta seg med Norunn Hatlø (1918-2013),  frå Ulsteinvik. Firmanamnet vart endra til først «Ødegård Karosserifabrikk», og seinare korta videre  ned til kun «Ødegård Karosseri a/s». Garden vart ei tid forpakta vekk til Ottar Rødseth.

a) Turid (f.1944) gifta seg først i 1966 med Knut Arve Karlsen. Ho gifta seg på nytt med Stein Brendholen,  og er busett i Moss.

b) Olav Kåre (f.1946) gifta seg i 1972 med Sølvi Karin Kjerstad. Han selde nyleg grde og dei er no busett i Ålesund.

c) Øystein (f.1951) gifta seg i 1978 med (Inger) Anita Flisnes. Dei er busette ved garden. Han starta  «Ødegård Bil a/s», med sal av nye og brukte bilar, i samme  bygg som Ødegård Karosseri i Puskhola.

d) Egil (1955-1969) omkom i ei traktorulykke.


Sonen Olav Kåre Ødegård (f.1946) tok over bruket 1994, og var grunneigar til 2011. Han gifta seg  med Sølvi Karin Kjerstad. Dei selde garden til Planor Bolig a/s i 2013, og flytta til Ålesund 2012.  Neste brukar kjøpte resten av garden.

a) Jon Olav (f.1973) gifta seg i 2000 med Inger Lise Almås, Stordal, busett Ålesund.

b) Bente (f.1975) er busett i Oslo.


Bernt Endre Ramsvik (f.1975) kjøpte Framigar 2011. Han vaks opp på Vestrem, Østrem(6), der  onkelen Knut Ramsvik er dagens grunneigar. Bernt flytta saman med mora, Berit Karin  Ramsvik, til Ramsvika i 1985 og starta på den nybygde Flisnes Skule. Han gifta seg 2003 med  Renate Fiskerstrand (f.1973) frå Veibust. Dei er dagens grunneigarar på bruket. Bernt slektar til så og  seie alle dei tidlegare brukarane i Ramsvika, og kan føre slekta si videre attende til Halvar  Jakobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1794-1869) på Framigar. Slektsgreina har med andre ord vore  brukarar på denne garden sidan første halvdel av 1700-talet. Oldefaren, Hans Gabriel Ramsvik,  bygde uthuset og løa på Framigar. Bernt Endre har i seinare tid restaurert bygningane av skog som er  tatt ned på bruket. Han tok også over naustet i Ramsvika. Det stod tidlegare på Stordalsholmen, og er  framleis i bruk. Hovudhuset på Framigar var i for dårleg stand til å verte restaurert. Det vart derfor  erstatta av eit nybygd hus.

a) Lars Andre (f.1994) er Renate sin son med tidl. sambuar Gunnar Lars Engkrog.

b) Karen (f.2002)

c) Endre (f.2005)



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

03.09 | 19:07

Takk igjen. Det tek meg vidare.

...
03.09 | 18:30

Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog

...
03.09 | 18:27

Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der

...
03.09 | 15:42

Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE