BNR. 1  MAGERHOLM

b) Karl Johan (1924-1924) Døydde berre to veker gamal.

c)Inger-Johanne (1925-2011) gifta seg med Trygve Iversen, og busette seg på Molde.

d) Kirsten (1928-2001) gifta seg i 1949 med Leif Ingvald Aasebø, og busette seg på Magerholm.

e) Solveig Marie (1930-1999) gifta seg i 1956 med Ottar Per Heggdal frå Steinshavn.

f) Olaf Kåre (1932-2002) var ugift. Han tok over farsbruket.

g) Hjalmar (f.1934) tok over bruket seinare.

h) Harald (1937-2012) gifta seg med Barbra Svenson frå Sverige.

Sonen Olaf Kåre Engeset (1932-2002) fekk skøyte på garden i 1960, frå mor si, for 7000 kroner. Han var ugift. I 1982 vart tomt til nytt gatekjøkken ved fergekaia delt frå. Nevøen, Rune Frøystad, fekk overdrege garden frå Olaf, og tok over sagbruket ei tid. Han dreiv skogen og bygde seg nytt hus ved tunet. I Olaf si tid vart det investert i ny transportveg til Magerholmdalen, og reiskap til tømmerdrift. Ein periode budde Sverre Otto Ytreberg (1935-2005), frå Spjelkavik, på garden. Han var ein svært dyktig trekkspelar, og mange huskar nok at han titt og ofte steikte vafler til hesten.

Broren, Hjalmar Engeset (f.1934), var verge for bror sin, Olaf Kåre Engeset. Han er no pensjonert  fergekaptein og navigatør, med lang fartstid i MRF, som er del av Fjord1-konsernet. Han starta  karriera med å hjelpe til med trelemmen på fergekaia ved garden, Hjalmar fekk då tilnamnet  «millimeteren», for han var flink til å beregne nøyaktig kor høgt lemmen måtte hevast når ferga  kom. Han vart etter kvart matros på ferga «Trygge», før han tok videre utdanning. Hjalmar gifta seg  i 1956 med Gerd Indgjerd (f.1935) frå Trøndelag, og dei busette seg i nybygd hus ved tunet. Karriera  avslutta han som skipper på bilferga «Tresfjord» på Moldefjorden i 1996. Han kjøpte ut nevøen,  Rune Frøystad, og tok over farsbruket i 2005. Dottera Grete Engeseth tok etter kvart over  hovedhuset på garden, men Hjalmar fortsatte ei tid til som grunneigar.

a) Grete (f.1956) tok over bruket.

b)Per Oluf (f.1960) gifta seg 2000 med Vårill Adolfsen og bygde seg hus på Magerholm.

c) Helen (f.1965) var tidlegare gift med Jan Asle Nedregotten(8). Ho er no sambuar  med Ole Bjørn Skogen, busett i Sykkylven.

Dottera Grete Engeseth (f.1956) flytta heim att frå austlandet, og tok først over hovedhuset på garden.  Våren 2019 tok ho over bruket, og har også starta opp att med gardsdrift. Ho var tidlegare gift med  Arne Johan Havnen (f.1954), frå Ålesund, og seinare sambuar med Per-Inge Sylte. Grete har  interessert seg særleg for kunst- og tekstilhistorie, samt dei gamle møblane og brukskunsten som  framleis er å finne på garden. Ho har utdanning som interiørkonsulent, og er dagens grunneigar.

a) Elling (f.1974) har busett seg like ved tunet på Magerholm.

b) Helene (f.1976) gifta seg i 2006 med Espen Olesen, Fremmerholen. Dei er busett i Oslo.

c) Magnus (f.1981) er sambuar med Renate Nesse Sulesund. Dei er busett i Hatlane.

d) Malin (f.1995) er sambuar med Stein Erik Larsen, Bud, busett Trøgstad.

Svein Ove 14.12.2020 20:07

Takker. Du kan bruke sveostrem@hotmail.com.

Harald Honningdal 14.12.2020 19:06

Hei! Lurer på om du ikke har noen feil angående min slekt på Magerholm. Send med en epostadresse så kan jeg sende deg mer opplysninger . Hilsen Harald

Tunet anno 1961. Fotografen er bygdebokforfattar Ragnar Øverlid, for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens bildeeigar er Stiftinga Sunnmøre Museum
Tunet anno 1961. Fotografen er bygdebokforfattar Ragnar Øverlid, for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens bildeeigar er Stiftinga Sunnmøre Museum
Bryllaupet til Nils Johans. Akslen og Olave Nedregotten på Skaret. F.v. Onkelen til Olave, Lars Danielsen Magerholm (f. Honningdalsnes. I midten står Ole Elias Larsen, far til bruda, saman med Johan Nilss. Hesseberg, kårmann i Høla, som var far til brudgommen. Biletet er tatt på Skaret og tilhøyrer Judith Kvangarsnes
Bryllaupet til Nils Johans. Akslen og Olave Nedregotten på Skaret. F.v. Onkelen til Olave, Lars Danielsen Magerholm (f. Honningdalsnes. I midten står Ole Elias Larsen, far til bruda, saman med Johan Nilss. Hesseberg, kårmann i Høla, som var far til brudgommen. Biletet er tatt på Skaret og tilhøyrer Judith Kvangarsnes
Fursetslekt. Namna er ikkje heilt på plass enda, så her treng eg litt hjelp. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Fursetslekt. Namna er ikkje heilt på plass enda, så her treng eg litt hjelp. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Utsnitt av tunet anno 1961. Fotografen er bygdebokforfattar Ragnar Øverlid, for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens bildeeigar er Stiftinga Sunnmøre Museum
Utsnitt av tunet anno 1961. Fotografen er bygdebokforfattar Ragnar Øverlid, for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens bildeeigar er Stiftinga Sunnmøre Museum
Anna Klausdotter Magerholm (1857-1940) Ho var dotter til Claus Ingebrikt Gullach Olson Emblem(1) (1820-1907), frå Negarden på Emblem, og Olave Jetmundsdatter Hjorthol (1816-70) frå Sykkylven.
Anna Klausdotter Magerholm (1857-1940) Ho var dotter til Claus Ingebrikt Gullach Olson Emblem(1) (1820-1907), frå Negarden på Emblem, og Olave Jetmundsdatter Hjorthol (1816-70) frå Sykkylven.
lengst til venstre sit Karoline Klausdtr. Magerholm, gift Tynes (1860-1949). Ho gifte seg i 1890 med Ole Amundsen Tynes som var fødd Velle (1864-1951), brukar på Tynes. Borna er f.v.: Adolf Olsen Tynes (1899-1989). butikksjef i Ålesund. Gift 4/11 1927 i Ålesund med Gurine Olsdtr. Hatlestad frå Norddal. Kornelia ("Konna") Olsdtr. Tynes, (1902-1996) gift med maskinmester Laurits August Olsen Osen ved Skarbøvik. Den eldste er Oskar Olsen Tynes, (1897-1975) Han var maskinist og var frå Åmundgarden, Tynes, Sykkylven.Oskar vart gift 1926 med Selma Olaviusdtr. Grytebust, (1901-1994) Ho var frå Leita, Grytebust. Oskar og Selma budde i Ålesund. Foto: Sigvald Moa Arkivref. i Fylkesfotoarkivet: AM-95002.15022
lengst til venstre sit Karoline Klausdtr. Magerholm, gift Tynes (1860-1949). Ho gifte seg i 1890 med Ole Amundsen Tynes som var fødd Velle (1864-1951), brukar på Tynes. Borna er f.v.: Adolf Olsen Tynes (1899-1989). butikksjef i Ålesund. Gift 4/11 1927 i Ålesund med Gurine Olsdtr. Hatlestad frå Norddal. Kornelia ("Konna") Olsdtr. Tynes, (1902-1996) gift med maskinmester Laurits August Olsen Osen ved Skarbøvik. Den eldste er Oskar Olsen Tynes, (1897-1975) Han var maskinist og var frå Åmundgarden, Tynes, Sykkylven.Oskar vart gift 1926 med Selma Olaviusdtr. Grytebust, (1901-1994) Ho var frå Leita, Grytebust. Oskar og Selma budde i Ålesund. Foto: Sigvald Moa Arkivref. i Fylkesfotoarkivet: AM-95002.15022
Utsikt mot garden frå ferga. Den første trekaia låg inn mot det som ein gong var ein stor kornåker nedanfor tunet. Her ligg også naustet på sin opphavelege plass, før kaia vart flytta dit. Biletet tilhøyrer Roar Emblem
Utsikt mot garden frå ferga. Den første trekaia låg inn mot det som ein gong var ein stor kornåker nedanfor tunet. Her ligg også naustet på sin opphavelege plass, før kaia vart flytta dit. Biletet tilhøyrer Roar Emblem
Utsikt frå tunet mot fergekaia og naustet. Det kan vere Bjarne Skarbøvik som er fotografen, og kanskje i 1953. P&K Nedregotten sitt trelastlager er i alle fall på plass mot høgre.
Utsikt frå tunet mot fergekaia og naustet. Det kan vere Bjarne Skarbøvik som er fotografen, og kanskje i 1953. P&K Nedregotten sitt trelastlager er i alle fall på plass mot høgre.
Gerd og Hjalmar Engeseth saman med dottera Grete nede ved kaféen på holmen. årstalet er truleg 1959. Foto: Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Gerd og Hjalmar Engeseth saman med dottera Grete nede ved kaféen på holmen. årstalet er truleg 1959. Foto: Karsten Terøy. Delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Akslasetra ca. 1959. F.v. Arthur Østrem som tok over Abrahamsgarden, Olaf Engeseth som tok over bnr.1 på Magerholm og og Magnar Skrede som tok over i Magerholmvika. Foto: Karsten Terøy, delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Akslasetra ca. 1959. F.v. Arthur Østrem som tok over Abrahamsgarden, Olaf Engeseth som tok over bnr.1 på Magerholm og og Magnar Skrede som tok over i Magerholmvika. Foto: Karsten Terøy, delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Den vesle jenta er Grethe Engeseth. Ho har selskap av f.v.: Erna Østrem g. Hesseberg, Kari Terøy g. Sunde og Solveig Haldis Skrede g. Johansson.  Dei står utanfor den eldste kiosken på Magerholm. Fotografen er Karsten Terøy.
Den vesle jenta er Grethe Engeseth. Ho har selskap av f.v.: Erna Østrem g. Hesseberg, Kari Terøy g. Sunde og Solveig Haldis Skrede g. Johansson. Dei står utanfor den eldste kiosken på Magerholm. Fotografen er Karsten Terøy.
Den første kafeen på Magerholmen står framleis, i restaurert utgåve. Det var Johanna Engeseth som dreiv den. Her kan ein også sjå den første trekaia. Utsnitt av bilde frå Nasjonalbiblioteket
Den første kafeen på Magerholmen står framleis, i restaurert utgåve. Det var Johanna Engeseth som dreiv den. Her kan ein også sjå den første trekaia. Utsnitt av bilde frå Nasjonalbiblioteket
Nyare bilde av tunet og frukthagen. Foto: Svein Ove Dale Østrem
Nyare bilde av tunet og frukthagen. Foto: Svein Ove Dale Østrem

BRUK I

Peder var ein av to brukarar på Magerholm i tidsrommet 1603 til 1625. Så langt attende som dei  skriftlege kjeldene rekk, har garden vore delt i to. Enka gifta seg truleg opp att med neste brukar. Dei fekk i alle fall tre born. Det var:

a) Ingeborg (f.ca.1590?). Ho gifta seg i 1617 med  Anders Størkers. Hesseberg(1), som vart brukar på farsgarden  Nerigar på Hesseberg(1).

b) Peder tok over farsgarden på Magerholm først.

c) Lars tok over farsgarden på Magerholm seinare.

Enka etter Peder gifta seg opp att med Størker Jogulsen. Dei dreiv bruket i tidsrommet frå 1625 til  1635. Ein veit ikkje av nokon born frå dette ekteskapet.

Stesonen til Størker, Peder Pederson Magerholm(I), tok over bruket i 1635, og dreiv garden i 25 år. Han må ha  dreve godt, for i 1640-åra fekk han bygsel på begge bruka på Magerholm. Om lag 1650 vart Magerholm  delt i to att. Det verkar ikkje som om det var økonomiske årsaker. I 1656 betalte Peder  krøterskatt for hest, 8 kyr, 6 geiter og 2 sauer på bruk I.

Broren Lars Pederson Magerholm(I) tok over bruket etter bror sin 1650. Det var omtrent på samme tid som garden vart delt i to att. Det er mogeleg at han var  ein del yngre, men nokon ung mann kan han ikkje ha vore. Lars dreiv bruket i 1660-åra.

Halvor Larsen dreiv bruket frå om lag 1670 til 1691. Han kan ha vore sonen til Lars Clemetson  Magerholm, på bruk II på Magerholm. Sjå meir om Lars lenger ned i denne teksten.

Tosten (f.1660) dreiv bruket frå 1691 til 1740. Han gifta seg med ei som heitte Ane. Begge er  nemnde i 1701-telljinga. 1736 kan det vere den same Tosten som gifta seg opp att med Elen Bendixdotter  Indre Beite(1) (ca.1687-1767). Ved giftermålet vart han nemnd som enkemann Tosten Ebbesen. Om  det er snakk om same Tosten, så var Ane truleg død kring 1735. Ho døydde på Hesseberg. Der er ho  nemnd som mor til Jens Knudsen (f.1712). som gifta seg til Oppigar på  Hesseberg(2). Tosten kan ha gått bort ein gong mellom 1740 og 1746, for Elen gifta seg om att i 1746 med enkemann David Otthesen (ca.1671-1748). Han døydde på Korsnes. Følgande born er funne:

a) Povel (1693-1758) gifte seg først i 1716 med enka Synneve Olsd. Synes(3). I 1750 gifte han seg opp att med  Rachel Rasmusd. Skjong(I). Povel var husmann på  Synnes.

b) Ebbe (1694-1704) døydde kun 10 år og 3 veker gamal.

c) Halvor 1699-1728 ca.1721 g.m. Marthe Pedersdotter Giskeødegård, men ikkje i  Borgund prestegjeld. Han vart brukar på bruk 1 på Giskeøydegard.

d) Lars ( 1700-1741) gifta seg 1725 med Berete Størchersd. Aase(6). Dei vart brukar på hennar farsgard, Åse(6).

e) Jens Knuds. (dp.1712) var sonen til Tosten si andre kone, enka Elen og Knut Erichs. Gangstad(1) frå Vatne. Faren Knut vart  dømd for leiarmål  1711 , og det vart då nemnd at Elen hadde minst to  uekte born til. Jens bygsla Nesvik(1) i 1757, Kipper- Wiig i 1759 og Håhjem(3) i 1767.

f) N.N.  Bygdeboka for Vatne nemner at Elen hadde to uekte born til. Desse to har vi ikkje klart å finne opplysningar om.

g)  N.N.  Bygdeboka for Vatne nemner at Elen hadde to uekte born til. Desse to har vi ikkje klart å finne opplysningar om.

Ein veit ikkje kvar neste brukar, Peder Olson Magerholm (ca.1670-1751) kom frå. Begge forloverane var frå  Glomset, så det er mogeleg at også han kom frå Skodje, og kanskje Glomset? Peder hadde tidlegare  vore tenar hos Castberg, som eigde Mager-holm. Peder kalla seg Magerholm då han gifta seg på  Skodje med Giertru Knudsdotter Nonsvik (1698-1774) i 1725. Skiftet etter han i 1752 var på 90  riksdalar, medan gjelda var på 10. Han hadde hest, 5 kyr, 6 sauer, 3 geiter, fleire båtar, mykje  fiskevegn, 5 tønner havre, 19 våger klippfisk og 1/2 tønne med tjøre. I tillegg eigde han eit kvernhus.  Gjertrud sat att med jorda ei stund. Utover 1700-talet byrja fisket å verte betre enn det hadde vore på  lang tid. Skiftet etter Peder vitnar også om det. Ein veit av fire born etter dei:

a) Anne (dp.1726-1782) gifta seg 1753 med Elling Hanson Brunstad (11), dei vart brukara på Elling sin farsgard på hi sida av fjorden,  Brunstad(11) i Sykkylven.

b) Kari (dp.1729-1785) gifta seg 1759 med Ole Knutson Magerholm(II). Han dreiv bruk nummer II på Mgerholm. Sjå meir om han lenger ned i denne teksten.

c) Ole (dp.1732-1791) vart den som tok over farsgarden.

d) Daarthe (dp.1736-1774) gifta seg 1774 med Jakob Peders. Rødset(1). Ho døydde det samme året. Kan det ha vore krybbe-død? Han er registrert død  1779 på Jyljebøen på Sula.

Sonen Ole Pederson Magerholm (dp.1732-1791) var lagrette-mann i 1773. Han gifta seg 1770  med Guri Jacobsdotter Heggebakk(2) (dp.1741-1788). I skiftebuet etter Guri kan ein lesa at dei  hadde hest, 6 kyr, 4 sauer og 5 geiter. Videre eigde dei gevær, kvernhus og part i ein åttring. Verdien  på buet var 82 riksdalar, medan gjelda var på 30. Det meste av gjelda var til handelsmenn. Då Guri  døydde, sa han opp bruket og vart tenar hos naboen Jakob Torsen på Magerholm(II), som dreiv heile bruket samla i nokre år. Guri hadde også ei søster som heitte Anna. Det er mogeleg at det var ho som døydde på Magerholm i 1788, 46 år gamal. Kanskje budde ho hos søster si på Magerholm den siste tida. Ole og Guri fekk følgande born:

a) Petrine (dp.1771-1825). Ho tok over farsbruket.

b) Gjertrud (dp.1774-1843) vart først gift i 1823 med enkemann Morten Olson  Nedregotten(3). Han var brukar på Håhjem(4). I 1836 gifte ho seg på nytt med Mons  Larson Sandvik(1) frå Sykkylven, Dei fortsette å bruke Håhjem(4).

c) Martha (dp.1777) er kanskje den samme som gifta seg 1812 på Dyrkorn(Ø,3)  med Bertel Anders. Dyrkorn(Ø,3). Han var  «bord-arbeiderman», busett på Aarstad ved Bergen.

d) Dorthe Jacobina (1781-1822) var yngst. Ho gifta seg 1812 Med ein som heitte Niels Iverson Sperre(3). Dei tok over hans farsgard på Sperre på Ellingsøya.

Svigersonen Lars Larsson (dp.1755-1803) tok 1793 opp att drifta på bruk I. Det er mogeleg at han  kom frå Frøysa(8) i Sunnylven og var svoger til forlovaren sin, Guttorm Paulsen Nedregotten i Guttormgarden . Lars gifta seg 1793 med Petrine Olsdotter Magerholm(I) (dp.1771-1825). Dei dreiv bruket  til 1803. Det var fleire frå Endrebruket i Lars familie som også slo seg ned på Emblem. Av søsken  til Lars finn ein Margreta Larsdotter, som gifta seg i Guttormgarden, Nedregotten(2). Ho var  mor til  Niels Zachariassen ved Østremsjøen. Ei anna søster var Laurentze Larsdotter, som  gifta seg på Skaret, Nedregotten(1). I tillegg kom  Rasmus Larsson i Steinsgarden, Østrem(4),  Lars Martinus Larsson i Magerholmvika og  Lars Petter Larsson på Akslagjerdet, Akslen(2)  frå samme Endrebruket, men dei er frå eit seinare ætteledd på den garden. Lars og Petrine fekk følgande born:

a) Gurri Oline (dp.1795-1865), som gifta seg først med Lars Ols. Vestre(2) i 1832. Dei tok over hans farsgard, Vestre(2). I  1849 gifte ho seg på nytt med Torsten Olaus Rasmuss. Sollid(N,1) frå

Ørskog.

b) Lars Carolus (dp.1798) var tenar på Alnes(8) i 1817. Seinare er han nemnd som matros i  Bergen i 1838.

c) Mallene (1800-1801) døydde berre 14. veker gamal.

d) Lars (1802-1802) var dødfødd.

e) Peder Martinus (Lars  Martinus) ( dp.1803) gifta seg i 1831 med Nicoline Berthine Henrichsdatter i Bergen.  Ho nemnd som enke i 1865-telljinga. Han vart døypt Peder Martinus,  men kalla seg Lars Martinus seinare i livet.

Enka gifte seg opp att i 1805 med den  tidlegare soldaten Ole Frantzon Selviig (dp.1768-1813). Han vart døypt i Volda, og der er han også  nemnd som tenestekar og «national soldat» på Kile i 1801. Det gjekk ikkje så bra med Ole. 1813  etterlot han seg eit fallitbu. Petrine og borna levde seinare på kår i Magerholmvika. Ho fekk ei ku, 2  sauer, 3 vågar bygg, 3 vågar havre og 1/2 våg potet. Petrine hadde også 12 dagers arbeidsplikt på  Magerholm om våren, og i slåttonna.

a) Ole Andreas (dp.1806-1806) døydde berre ei veke gamal.

b) Ole Andreas Fredrik (dp.1808) melde flytting til Bergen 1826.

c) Anne (1812-1812) var tvilling. Ho døydde 8 dagar gamal.

d) Martinus (dp.1812-1889) var tvilling, og levde opp. Han var enkemann, busett på fattighuset i Bergen 1875, og  døydde på «De søfarendes Fattighus» i Bergen.

Jens Jensson Heltne (dp.1771-1838), frå gnr. 45 i Luster, kjøpte 1814 heile Magerholm og Magerholmvika  for 542 dalar. Han lånte 200 av desse frå handelsmann Heide, og betalte attende allereie  det påfølgande året. Det har vore spekulert i om han var haugianer, som brukaren etter han. Det vert  fortalt at Jens var ein stri kar, som stadig var i konflikt med naboane. Knut, på Magerholm(II) er  den han var mest i krangel med. Kvart år hadde dei saker oppe i forlikskommisjonen. Fleire av  sakene gjekk til vanleg rettergang, noko som truleg påverka Jens si beslutning om å selge gardane til  ein annan sogning allereie i 1820. Jens gifta seg 1813 med Gunhilde Pedersdotter Vigedal (dp.1793- 1881) frå Luster. Han tok imot tilbodet om å ta over kåret på Morken i Luster frå den neste brukaren,  Halvor Pederson, og flytte heim att. Halvor gav truleg dette tilbodet for å roe ned konfliktene på Magerholm. 1816 betalte Jens 7 speciedalar i sølvskatt. ein kjenner berre til ei dotter etter Jens:

a) Petrine (ca.1813) gifta seg i Vigdalen ved Luster i Sogn.

Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865), frå Morken i Jølster, kom hit etter gardkjøp på Rellingen i  Norddal 1815, og kjøpte også «herregården» Apalset i Ørskog 1818. Han budde nok for det meste på  Apalset, og hadde hovedresidensen sin der. Halvor var ein velståande mann, som eigde fleire bruk på  Sunnmøre. Kåret sitt frå Morken, gav han vidare til den forrige eigaren på Magerholm, Jens  Heltne. Han gifta seg 1807 med Siri Torchildsdotter Flichie (dp.1781-1854), og kjøpte Magerholm 1820. Halvor døydde på Apalset i Ørskog, men er nemnd som død på Magerholm i forbindelse med arveskiftet. Du kan lese meir om etterslekta på Magerholm lenger ned i denne teksten. Følgande born er funne etter han:

a) Peder (1808-1852) fekk sonen Halvor Severin i 1832 med Ragnhild Iversd.  Masdal frå Vartdal. Halvor drog til Amerika 1888. Peder  døydde på Apalset.

b) Christie (1809-1887) vart i 1829 gift med Ole Martinus Knuds. Magerholm(II),  seinare busett på Magerholm(6), kalla Paraten og  Ytrebøen. Ole vart då kalla «Parat-Ole».

c) Torkild (1812-1844) tok over bruket. 

d) Johannes (1814-1869) gifta seg i 1840 med Ingeborg Olsd. Klokk(Ca), brukar Klokk(Ca). Ho var d en siste av borna som vart fødd på garden Morken, før flyttinga til Sunnmøre.

e) Anne Marie (1817-1881) gifta seg 1840 med Mads Elias Knuds. Magerholm(II), frå den andre halvdelen av denne garden.

Han var smed i Ålesund. Ho var fødd på Relling i Norddalen.

f) Marte (1820-1878) gifta seg med Handelsborger Martin Torkilds.  Brudevold(1) frå Ørsta i 1841. Familien budde i Ålesund. Ho vart fødd etter flyttinga til Ørskog og  Apalset.

g) Christen (1823-1903) gifta seg 1849 med Guri Susana Monsd. Vik(3) frå Sykkylven. Dei tok over hennar farsgard,  Vik(3).

h) Hanna Berte (1826-1856) gifta seg i 1853 med Ole Andreas Ramuss. Vestre, fødd    Sandvik(1)  i Ørskog. Dei vart brukara på Håhjem(4) på Skodje.

BRUK II

Clemet var registrert som brukar i 1603. Kor lenge han hadde vore bygselsmann er ukjent, men han  dreiv bruket til han døydde ca.1610. Ein veit ikkje kven han var gift med, eller om ho gifta seg opp  att. Det er i alle fall ikkje truleg at ho dreiv garden heilt åleine i om lag 10 år, før borna kunne ta over.  Ein veit derimot, med rimeleg sikkerheit, at dei to gutane delte bruket mellom seg kring 1620. 

a) Jakob (ca.1600-1640) tok over bygselen saman med bror sin ikring 1620.

b) Lars (død før 1640) tok over bygselen saman med bror sin ikring 1620.

Sønnene Jakob Clemetson Magerholm(II) (ca.1600-1640-åra), og Lars Clemetson Magerholm(II)  delte bruket mellom seg ca. 1620. Jakob levde lengst av dei to, og døydde som spedalsk. Om lag på  samme tid som Jakob døydde, tok naboen Peder Pederson på bruk I over bygselen på bruk II  også. (Sjå meir om han lenger oppe i denne teksten).

a) Clemetz (ca.1625) tok over bygselen seinare

Sonen til Peder Pederson Magerholm(I) tok over bruket etter stefaren sin i 1635. Han dreiv gard i  25 år og må ha drive godt, for i 1640-åra fekk han bygsel på dette bruket på Magerholm også. I kring  1650 vart Magerholm delt i to att. Det verkar ikkje som om det var økonomiske årsaker, for i 1656  betalte Peder skatt for hest, 8 kyr, 6 geiter og 2 sauer. 

Clemetz Jakobson Magerholm(II) (f.ca.1625) var sonen til Jakob Clemetson Magerholm(II) ovanfor. Han dreiv garden frå om lag 1650 til  1691. I 1658 skatta han for ein hest, 3 kyr, 5 geiter og 4 sauer. Dette var litt mindre buskap enn på  nabobruket. Ein veit berre om ei dotter etter han.

a) Karen (1653-1736) tok over farsbruket.

Svigersonen Peder Olson Våtmyr(1) (1661-1702) kom frå Sykkylven, og er nemnd i 1701-telljinga.  Han gifta seg med Karen Clemetzdotter Magerholm(I1) (1653-1736). Dei dreiv bruket frå 1691 til  1702. Der er funne fire born etter dei.

a) Ole (f.1693) vart innrullert i militæret ved den Store Nordiske krig.

b) Peder (1695-1717) drukna ved Flisnes. Kanskje var han med postbåten?

c) Eli (1698-1728) døydde 29 1/2 år gamal.

d) Isach (1698-1772) rydda gnr. 2, Magerholmvika, i følge den eldste bygdeboka.

Enka Karen Clemetzdotter Magerholm(I1) (1653-1736) gifta seg på nytt, med Knud Olson (1675- 1758) i 1703. Dei fekk 33 år i lag. Knud var 20 år yngre enn Karen. Han gifta seg 1737 med Giøri Larsdotter Furmyr (1698-1758). Ho kom kanskje frå bnr. 2, kalla Pe-garden på Furmyr. Arveskiftet etter dei i 1759 var på 92 riksdaler. Dei hadde gjeld på 17 riksdaler til Jens Hesseberg, i Kipervika for kjøp av båt. Vidare vart det nemnd 7 kyr, 9 sauer, 6 geiter, 1 kvern, 2 tønner tjøre, never og forfalne hus på bruket. Knud hadde då dreve garden i lang tid frå 1703 til 1758. På denne tida var fisket ikkje av det beste til å leggje seg opp kapital av, men skog til reparasjon av husa skulle der ha vore nok av. Knud fekk følgande born:

a) Ole (dp.1704). Meir veit ein ikkje om han.

b) Eli (dp.1729) er Knud si dotter med tenar Jertrud Hansd. Han var då allereie ein  gift mann.

c) Anne (dp.1738-1744) er første dottera med Giøri, i sitt andre ekteskap.

d) Ole (dp.1740-1785) tok over garden.

e) Aleth (dp. 1743-1772) var ugift når ho døydde 29 år og 3 veker gamal.

Sonen Ole Knudson Magerholm(II) (dp.1740-1785) gifta seg 1759 med   Kari Pedersdotter  Magerholm(I) (dp.1729-1785) frå frå andre halvdelen av garden (sjå også lenger opp i denne teksten). Dei dreiv garden frå 1758 til dei begge døydde i 1785.  Dei vart gravlagde med 4 dagers mellomrom. Kyrkjeboka gjev ikkje svar på årsaka. Kanskje var det  ein smittsam sjukdom. Der er funne fire born etter dei:

a) Knud (dp.1761-1783). Særleg meir veit ein ikkje om han.

b) Pernille (dp.1764)

c) Anne (dp.1766-1837) gifta seg i 1803 med Henrich Nilss. Olsvik(I), brukar på farsgarden sin, Olsvik(1).

d) Jon (dp.1770-1833) gifta seg i 1802 med enka Massi Raphaelsd Alnes(1). Dei vart brukara på  Alnes(1).

Paul Knutson bygsla bruket i 1784. Det er usikkert om han dreiv garden. Ein veit ikkje kvar han kom  frå, men han kan vere Paal Knudson Blomvik(2) (dp.1748-1799) som er nemnd på Storholm i 1787, og  på Bjørge frå 1790, til han døydde i 1799. Det er derfor mogeleg at han dreiv bruket frå 1784 til  1787. Det korte tidsrommet kan forklare kvifor ein veit så lite om han.

Jacob Thorsen (ca.1755-1830) bygsla heile Magerholm i 1787. Det samme året gifta han seg med  Guri Nielsdotter Nonsvik(1) (dp.1753-1825). Ein veit ikkje sikkert kvar Jacob kom frå. Det er mogeleg at han vart fødd i Ørskog prestegjeld. Der er to aktuelle kandidatar: Jacob Toresen Tue (dp.19/1 1755) og Jacob Toresen Øvre Lande(42a) (dp.16/3 1755). Jacob dreiv bruk I til 1793, og sidan kun bruk II til 1803. Dei fekk kår hos neste brukar. Borna var:

a) Tore (dp.1788), døypt i Sykkylven. Nemnd ved arveskiftet i 1825.

b) Petrine Olava (dp.1790) gifta seg i 1826 med enkemann Samund Jonsen Nonsvik(1), brukar på  Nonsvik(1), Skodje. Han vart døypt Ytrevik(1).

c) Lars (dp.1793) vart gift to gongar. Først i 1830 med Synneve Pedersd. Hesseberg(3) frå Bryggja på Hesseberg. Så i  1839 med Marte Severine Isaksd. Myrset(2) frå Sykkylven.  Ho var dotter til Birte Hesseberg(2), frå Oppigar, Hesseberg(2). Han dreiv  Hesseberg ved registreringa av det andre giftermålet. I 1865-teljinga  var han brukar på Bryggå, Hesseberg(3). Sjå også meir om han i tekstane om  Hesseberg på denne nettstaden.

Knud Olson Nordre-Kalvatn (dp.1761-1846) gifta seg 1803 med Birte Johanna Knutsdotter  Hesseberg(1) (dp.1771-1851) frå Nerigar, Hesseberg(1). Dei hadde bygsel på garden frå 1803 til  1830. Då slo tidlegare nemnde  Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865), frå Morken, saman dei to bruka til ein gard. Knud fekk kår, og rett til å bu i stova på bruk II, der også tidlegare brukar Jacob Toresen, fekk bu livet ut. Knud hadde vore i stadig konflikt med den tidlegare eigaren og brukaren, Jens Heltne, på bruk I. Kvart år hadde dei saker i forliksrådet der fleire endte som rettsaker. Knut fekk etter kvart tilbod frå Jens om å overta eit anna bruk som Jens eigde, men det vart ikkje slik likevel. Det blei slutt på kranglinga då Halvor kjøpte begge bruka. Jens fekk overta kårretten til Halvor på garden Morken i Luster i Sogn. 1816 betalte Knud 2 speciedaler i sølvskatt. Han hadde desse borna:

a) Ole Martinus (dp.1804-1880) gifte seg 1829 med Christie Halvorsd. Magerholm(1),  seinare eigar og brukar i Magerholmvika, og Ytrebøen/  Paraten, Magerholm(6). Sjå meir om dei der. Ole vart då  kalla «Parat-Ole».

b) Knud Martinus (dp.1807-1884) gifta seg 1848 med  enka Anne Marthe Larsd. Akslen(1), frå Øvste-Aksla,  opphaveleg fødd på Gjørva(3) i Geiranger. Han var også brukar på  "Pe-Haugen",  Magerholmvik(3). sjå meir om dei der.

c) Mads Elias (dp.1810-1872) gifta seg i 1840 med  Anne Marie Halvorsd. Magerholm(1). Dei vart  brukara på Rødset(1). Han hadde tidlegare vore smed i Ålesund .  Anne døydde i  Ålesund før flyttinga til Rødset. Ein kjenner berre til eit born etter dei.

d) Isaak (1813-1813) som døydde berre 2 veker gamal.

HEILE MAGERHOLM

Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865), frå Morken i Jølster, kom hit via Norddal og Apalset. (Sjå  meir om han under bruk I lenger opp i denne teksten) . Han slo saman bruk I og bruk II til eitt  samla gardsbruk, og slik har det vore etter hans tid. Halvor skøytte frå seg Magerholm til sonen i  1843.

Sonen Torkild Halvorson Magerholm(1) (1812-1844) gifta seg i 1841 med Olave Jetmundsdotter  Lade(2) (dp.1816-1870), frå Velledalen. Ho vart anklaga for å vere trollkjerring ved  konfirmasjonen, men vart frikjend. Torkild gav kår til både far sin og Knud Olsen. Når han  døydde vart bruket taksert til 328 speciedaler. Faren budde på Apalset i Ørskog, og døydde der. Torkild vart ikkje særleg gamal. Ein veit berre av eit born etter han:

a) Halvard (1843-1921) var ugift. Han kjøpte Heljegarden, Vik(1) i Sykkylven i 1861 frå  onkelen, Ole Andreas Rasmuss. Håhjemsvik, og tanta  Hanna Berte. Halvard budde ei tid hos halvbroren  Thomas Carolus på bnr. 13 Myrane, under Auregarden,  Emblem(9), før han flytte attende til Magerholm og

døydde der av bronkitt, som ugift fattiglem.

Enka Olave Jetmundsdotter Lade(2) (dp.1816-1870) gifta seg i 1845 på nytt, med 6010c Claus  Ingebrikt Gullach Olson Emblem(1) (1820-1907), frå Negarden. Dei dreiv bruket frå 1845 til 1877.  Halvor Pederson Fortun sat framleis som kårmann, men  Knud fekk rett på det pliktarbeidet som husmennene  tidlegare svara til Halvor. Claus vart no ein velhalden mann og eigde etter kvart fleire andre gardar i  Emblemsbygda. Det var til god hjelp når svigersonen, lærar Knud Furseth, ville rydde seg eigen gard  på Emblem. Han fekk kjøpe parsellar frå fleire av gardane som Claus eigde ved «Neste Legane», ovanfor Jakobgarden, lenger ute i bygda. Olave og Claus fekk seks born saman:

a) Thomas Carolus (1846-1907) gifta seg i 1869 med Karen Helene Larsd. Emblem(9),  Auregarden. Dei to dreiv Auregarden før dei tok kår, og delte  frå kårplassen «Myrane», Emblem(13). Thomas og Karen fekk ingen born.

b) Oline Susanne (1848-1930) gifta seg i 1874 med Lærar Knud Andreas Carlsen  Furseth(172b). Dei fekk skilt ut eit heilt nytt småbruk frå fleire av  gardane på Emblem. Bruket fekk namnet «Nybø», eller  «Fursetgarden» på folkemunne. Knud var den siste omgongskulelæraren i bygda. Han gav seg som lærar kort tid etter at skulen stod klar på Skaret, og Lars Flydal kom til bygda som ny lærar. Knut fungerte ofte som "skrivar" i offentlege samanhengar, når nokon trong hjelp med dokument og avtalar. Han var også engasjert i Borgund Sparebank, som var forløparen til dagens Sparebanken Møre.

c) (Ingeborg) Jensine (1851-1935) tok over farsbruket på Magerholm.

d) Berthe Caroline  Petrine ( 1854-1943) gifta seg også med ein lærar. Det var Ole Andreas Eriksen Heggebakk(1) i 1879. Dei  kjøpte Heljegarden, Vik(1) i Sykkylven, som stebroren Halvard eigde før dei. I 1875 hadde Berthe vore tenestejente på bakeriet hos søskenbornet, Ole Ols. Emblem(1), i Molovegen i Ålesund.

e) Hanna (Anna)  Caroline ( 1857-1940) gifta seg i 1891 med Carl Johan Bernt Carolussen Honningdalsnes( 1), brukar Honning-dalsnes(2) på Skodje. Der kalla ho seg  Anna. Ho selde bruket til svogeren, og budde til slutt som  enke på Magerholm frå om lag 1910.

f) Caroline (1860-1949) gifta seg i 1890 med Ole Andreas Martinus Amunds. Velle(1+2). Dei vart  brukara på Tynes(5) i Sykkylven. Ho gjekk lærarskulen på  Helland på Vestnes før ekteskapet (ein gong etter 1879), men arbeidde nok ikkje  som lærar.

Svigersonen Lars Carl Peter Danielsen Honningdal(1) (1856-1929), son til (Peter) Daniel  Hesseberg(1) frå Nerigard på Hesseberg, var brukar frå 1877 til 1924. Han sette opp husa på garden som framleis står der.  Gamlehuset stod ovanfor, og gamleløa like nedanfor dagens hovedhus. Karoline Ødegard (1888-1981) mintest i 1974 at gamleløa brann ein gong før 1900. Faren sprang ned frå Magerholmdalen for å hjelpe til med slokkinga. Dagens grunneigar har funne spor etter brann under golvet på dagens løe. Det er kanskje stokkar som vart brukt opp igjen. Lars gifta seg 1876 med  (Ingeborg) Jensine Clausdotter Magerholm(1) (1851-1935). Ingen av borna tok over bruket, så dei  valde derfor å selge bruket mot å få kår på sine eldre dagar. Salget inkluderte husmannsplassen i  Magerholmdalen, så daleplassfolket måtte flytte derifrå. Lars var bror til Petrine Christofa Nedregotten, gift  på Skaret, Nedregotten(1). Onkelen til Jensine,   Ole Elias Olson Emblem(1) frå Negarden, levde  også sine siste år på Magerholm. Lars og Jensine flytte til Ytrebøen bnr. 6, litt lenger vest for hovudbruket, og nytta det som kårbruk  resten av livet. Les meir om dei der på ei eiga underside i venstremenyen her på www.emblemsbygda.com. Ein veit om fire born etter dei:

a) Karl Olavius (1877-1883) var eldst. Han drukna 13. mars, 6 år gamal.

b) Karl Olavius (1883-1956) var ugift. Han tok over «Ytrebøen», Magerholm(6), etter  foreldra sine.

c) Kristofa Olave (1885-1909) var også ugift. Ho tente på Tynes(5) hos tanta, Caroline, i  Sykkylven i 1900. Seinare busette ho seg på farsgarden på Magerholm(1). Kristofa  døydde av Tuberkulose.

d) Daniel Kristoffer (1888-1962) var for det meste sjømann og fiskar. Han trivdes best med det. Daniel arbeidde i USA frå 1911.  Han busette seg i Vancouver,  Canada og døydde der.

Karl Martinus Severinsen Engeseth(317) (1865-1942), frå Dalsbygda i Norddal, kjøpte garden i 1924.  Familien hadde då seld seg ut av firmaet «Møller», som dreiv fleire trandamperi på Vestlandet og i  Nord-Norge. Engeseth-slekta frykta for bankinnskota sine, og satsa på landbruk i staden. Magerholm  var av dei største gardane i distriket. Karl måtte både låne pengar hos sin gamle bankforbindelse i  Bergen, og ta inn søskena som medeigarar. Det var derfor viktig å få med skogen i Magerholmdalen  på kjøpet. Magerholm er framleis i den same slekta. Karl gifta seg 1889 med Oline Marta Hallstad (150b) (1869-1940), frå Dalsbygda i Norddal, og dreiv gard der først. Karl gjekk i kompaniskap med  doktor Weiberg-Aurdal, og bygde den første fergekaia i tre langs Magerholmen, mot førsterett på arbeid der for eiga slekt. Ei av oppgavene var å tilpasse fergelemmen til ferga med handmakt.

a) Sevrin (1890-1986) gifta seg med 1916 Thora Olsd. Kaldhusseter(209a). Dei tok over  farsgarden Engeset(318) når foreldra flytta til Emblem. Thora var dottera til Thomas Kaldhusseter, som flytte frå paktargarden, nabobruket til Karl Engeseth, og kjøpte Hatlebakken på Emblem på omtrent samme tid.

b) Hjalmar Eilif (1894-1957) tok over farsbruket på Magerholm.

c) Martin Oskar (1903-1972) emigrerte til Minnesota i 1926. Han kalla seg då for «Engseth».

Sonen Hjalmar Eilif Engeseth(317b) (1894-1957) var fiskar og skreddar. Han gifta seg i Norddalen i  1922, med Johanna Petersd. Hojem (1898-1968), frå Vadsø by. Det hadde samanheng med at familien var medeigarar i «Møller» til om lag 1924. Firmaet hadde fleire trandamperi i Nord-Norge, med god kontakt mellom landsdelane. Han fekk skøyte på 2/3 av bruket i 1953. Hjalmar kjøpte ut søskena sine for 12000 kroner. Den siste tredjedelen hadde han arva sjølv i 1952. Johanna starta opp kafédrifta på fergekaia. Det vert fortalt at Tore Bardosen, ein ung mann frå Nord Norge busett i Magerholmvika, hadde drøymt om den gode «Mor Monsen» kaka til Johanna når han var på sjøen. Vel heime i Ålesund, tok han bussen rett inn til Magerholm og kjøpte heile kaka. Problemet var berre at det nærma seg helga, og det var fleire som også ville handle kake på kafeen. Med mange handlande, så rakk ho ikkje å bake fleire før den store utfarten innover bygda. Der går ei vandrehistorie om Hjalmar, at han skulle sagt ein gong at det ikkje nytta å handle inn meir varer til kiosken, fordi dei gjekk så raskt ut igjen. 

a) Olaug (1923-2016)gifta seg i 1944 med Harald Frøystad og busette seg på Bølandet. Dette er mor til Rune Frøystad, som er nemnd litt lenger ned i denne teksten. Hjalmar og Johanna fekk åtte born: