Kristiansplassen. No nedlagd husmannsplass

Kartregistrering frå SEFRAK som syner kvar løa og plassen ein gong låg. Kartkjelde: http://www.miljostatus.no/kart

Flyfoto frå kartløysinga til http://www.miljostatus.no/ med ein grå trekant frå SEFRAK som syner kvar løa låg tekstane er lagt til av Svein Ove Østrem

I den søraustre delen av innmarka til garden Eikenosa låg der ein gong ein liten husmannsplass som heitte Kristiansplassen. I denne vesle teksten skal me ta for oss litt av det som er funne att av kjelder om denne nedlagde plassen.

Folketalet på Sunnmøre steig frå slutten av 1700-talet til trass for napoleonskrigen og dels barkebrødstid i landet vårt på byrjinga av 1800-talet. Å reise til Amerika var det enno få som gjorde i Emblemsbygda. I staden ser ein økonomisk vekst og eit aukande tal brukarar som kjøpte garden dei tidlegare hadde bygsla. Det heile starta i 1830-åra med auksjonar etter tidlegare utanbygds-eigarar i handelsmenn-ætter som den etter J. A. Heide og Knut Danholm i Kristiansund. Det var Madame Brun i Kristiansund som i si tid selde mest alle gardane på Emblem til dei som var drivarane av jorda. Ho hadde tidlegare ått det meste av gardae i bygda.

Eigarane

Slik vart det ikkje på Eikenosa. Rett nok hadde stormenn som sorenskrivar Castberg ått heile Eikenosa og handelsmann Hans Jakob Mechlenburg (1749-ca.1800) i Vegsundet like eins. Sonen Iver Fredik Mechlenburg (1780-1855) tok også over handelstaden og ein rekkje gardar i 1803. I følge skøytet måtte han betale heile 4300 riksdalar for Vegsund Handelstad med underliggande gardpartar og husmannsplassar. Då han øydela foten sin i 1830, og ikkje kom seg meir utendørs, byrja også den økonomiske nedgongen for Mechlenburg-dynastiet. Dei mektige handelsmennene hadde også mange takknemlege husmenn i distriktet. I mange tilfelle var det handel på krita som heldt den mest kritiske svolten unna døra hos mange av dei. Det vert også fortalt at det knappast var nokon som gjekk ut av livet utan å stå i gjeld til handelsmann Mechlenburg. Iver selde ut mange av gardane sine på auksjon og til slutt handelstaden også i 1834. Eikenosa var våren1832 pantsatt i Bergen saman med nokre gardar til. Direksjonen i banken ynskte no å selge desse på auksjon. Det heile vart annonsert i «Bergen Adresecontoirs Efteretninger» ein rekke gongar. Ei gong var i mars og den neste 14. april. Garden vart heller ikkje då bydd på og brukarane sjølv, Hallstein Rasmussen (f.1765) og kona Anne Jakobsdotter Eikenosøydegard (1785-1838), gav heller ingen bud. Til det var kanskje verdien på 700 speciedalar for jorda og 200 for husa i høgaste laget. Delar av Eikenosa hadde tidlegare også hatt for stor skyld i forhold til inntektene. Garden låg praktisk talt oppe på fjellet. Det var ikkje like praktisk når dei fleste gardbrukarane på den tida dyrka mykje korn. Kor mange av husa Hallstein sjølv hadde sett opp og dermed slapp å betale for er ikkje kjent. Eikenosa vart nok ein gong utlyst den 18. juli. Den hausten kom der eit brukart bud også. No vart garden seld til den rike sogningen Halvor Pederson Abelseth inne på hovudbruket på Magerholm. Kjøpesummen var 1500 speciedalar. Skøytet er datert 15.11.1832. Han hadde tidlegare drive både Apalet i Ørskog og gard på Relling i Norddal. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han var haugianar også. Eikenos fortsette å vere ein bygsla gard heilt til strandaren Iver Karlson Furset (1851-1942) kjøpte bruket som første sjølveigar i 1896. Han hadde då drive handel nede på Skorene ei tid og var forøvrig bror til læraren Knud Furset på Nybø, også kalla Fursetgarden. Det var eit heilt nytt småbruk frå jordlappar som Knut hadde kjøpt frå nabogardane. Her møtte han Ingeborg Hansdotter Akslen frø Øvste-Aksla som han gifte seg med. Etter ei tid som forpaktarar på prestegarden på Stranda hadde ho fått slik heimlengt at dei valde å flytte attende til bygda. I samtida vart Iver Karlson Furseth berre kalla «Kjøt-Iver» då han dreiv det stort med feavl, jorddyrking og slakterverksemd. Han vart også den første leigetakaren på det nybygde Kiperviktorget i Ålesund. Du kan lesa meir om han på ei anna underside til matrikkelgarden Eikenosa her: http://www.emblemsbygda.com/412028932

På den tida Kristiansplassen vart frådelt til husmannsplass var altså ikkje privatøkonomien til brukaren av Eikenosa som var drivkrafta. Ein ser nemleg at det ofte var ferske sjølveigarar på Emblem som såg nytten i å legge ut eit stykke utmark til husmannsplass. Fordelen var då at dei fekk gratis onnehjelp og litt inntekt attåt. I tillegg var det ein fin måte å få til nydyrking på. Då kunne dei anten velge å leige ut, dra inn att plassen under hovudbruket eller selge den seinare. Uansett fanst der gode alternativ til framtidig gevinst, og mogelege husmenn stod nærmast i kø på 1850-talet. Større gardar frå før Reformasjonen vart først delt opp i delar for å gje fleire i familien eit utkome, men mot 1850-åra var det lite å dele opp om ein skulle klare å livberge seg. Det var nemleg før oppdyrking, kunstgjødsel og rasjonalisering auka produktiviteten på gardane på Sunnmøre. No var det derfor først og fremst snakk om å opprette fleire husmannsplassar i utmarka slik at fleire unge kunne få seg eit levebrød, for befolkninga fortsette og vekse utover heile hundreåret. Fleire born vaks opp og borneflokkane vart dermed større enn tidlegare. Til Emblemsbygda kom mange frå Hjørundfjorden, Sunnylven, og dels også andre plassar frå indre dei fjordstroka. Kristianplassen var ingen unntak.

Johanneplassen? 

Kring 1850 kom der ei 30 år gamal ugift kvinne som heitte Johanne Jonsdotter Tryggeset (1817-1873) til Eikenosa. Ho var då einsleg, men starta likevel på arbeidet med å rydde seg ein husmannsplass like ovanfor postvegen som klamra seg til fjellsida mellom Ystebøen og Eikenosa. Plassen låg høgt og fritt med god utsikt mot Storfjorden og munninga til Hjørundfjorden. At ei ung kvinne fekk rydde seg eigen husmannsplass er heller uvanleg i ei tid der ektemannen hadde den juridiske retten på si side, og gifte kvinner på mange måtar umyndige. Ikkje kunne dei stemme ved politiske val, men det var det framleis få som kunne. Økonomisk sett var dei heller ikkje frie og mennene trong ikkje formelt samtykke til å bruke opp verdiar og pengar som kvinnene hadde hatt med seg inn i ekteskapet som medgift. Dersom kvinner dreiv gardar og husmannsplassar var dei gjerne enker i påvente av nytt giftermål. Jordbruket var avhengig av at dei var minst to vaksne med god arbeidskapasitet, og når nytt plassebruk skulle ryddast så trongst der handmakt og mykje slit. Husmenn hadde ikkje råd til hest eller innleigd arbeidskraft. No må det påpeikast at der finst fleire eksempel på det i Emblemsbygda, men det var då snakk om plassemenn med god råd. Dei kom gjerne frå større gardar og overlet bruket til eit av borna sine. Var dei i tillegg gift med tidlegare enker så kunne aldersforskjellen verte så stor at det eldste stebornet trong gard for å kunne gifte seg før dei sjølve var gamle nok til å ha behov for kor. Ein av desse var Lars Kristian Viddal i Sjursgarden, og han hadde mykje arbeidslyst att. Han bygsla husmannsplassen Skorene like ved i staden for å verte kårkall hos stesonen Sjurs-Ole.

Kvifor Johanne valde å rydde sin eigen husmannsplass kan me ikkje vite heilt sikkert. Likevel finst der informasjon som kan vere med på å forklare valet ho tok. Johanne var nemleg tidlegare straffedømd. I 1840 var ho 23 år og fekk dommen på tre års tukthus for nasking hos ein som heitte Nes-Jo. Eg vil tenke meg at det vart vanskeleg å verte verande på heimstaden då ho hadde sona ferdig. Kanskje var det skamma som førte ho av garde til Borgund. Om ho ønska å kome seg vekk til ein stad der ho kunne starte på nytt er ikkje så heilt utenkjeleg. At storesøstera Severine Johanne Johansdotter (1816-1908) hadde gifta seg med Ole Andreas Eriksen (f.1830) på den eine husmannsplassen i Eikenosvågen på plassen Olevågen kan ha vore ein ekstra motivasjon for å velge nettopp Emblem. Dei tok over plassen der i 1849 etter foreldra til Ole. Det er interessant sidan Johanne skal ha kome til Eikenosa kring 1850. Samstundes kan rykta ha følgd med ho. Der vart nemleg stadig meir kontakt mellom Emblemsbygdarane og Hjørundfjordingane. Fleire slo seg nemleg ned her, eller leigde seg vinterforing av dyra sine, og dei hadde nok ofte behov for ly for den ubereknelege Flisfjorden der uvéret kunne blåse plutseleg opp. Fjordstykket ligg nemeleg der Storfjorden, Hørundfjorden og havstrømmar frå kysten møtest. Det kan tenkast at ei som var straffedømd for nasking ville få problem med å få seg teneste etterpå. Samtidig så var 30 år ein alder der mange hadde spart opp pengar frå åra i teneste for andre. Dei kunne då gifte seg og anten ta over heimgarden, gifte seg til eit anna bruk eller rydde seg ein plass. Det var nemleg ikkje like vanleg å finne så mange andre levebrød. Rett nok var tidene i ferd med å endre seg. Gradvis vaks nye tettstadar opp kring gode elvar og fossefall som kunne gi kraft til fabrikkar og samfunnsendringar mot slutten av 1800-talet. I vårt område var Devoldfabrikken ein av desse som seinare skulle trekke til seg ugifte og nygifte til den flotte ullvarefabrikken i Langevågen. Den var heller ikkje den einaste i området. I Spjelkavika kom Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrikk a/s.

Eg vil tru at Johanne hadde litt oppsparte midlar, men det finst ikkje nokon tingleste dokument og festeavgift etter henne på Kristiansplassen. Ein kan då undre seg over om ho kanskje tidlegare hadde vore i teneste på Eikenosa hos Hallvar Eikenos, eller om det var den mogelege hugianaren, og gardeigaren på Magerholm, Halvor Pedersen Abelset som hadde medfølelse med henne. Han hadde enno ikkje tatt etternamnet Magerholm slik skikken var, men nytta etternamnet «Abelseth» i staden for Morken og Relling, som han hadde nytta tidlegare.Var han særleg religiøs så kjende han nok godt til liknande menneske frå bibelen som fekk ein ny sjanse. Mykje tydar også på at han hadde litt ekstra omsut for dei som bygsla hjå han, og tok også ansvar som meklar mellom gamle kranglefantar på Magerholm, men sikker kan ein dessverre ikkje vere. Emblemsbygdarane såg ikkje like positivt på dei som stal. Der fanst plassemenn i Eikenosvågen som tidlegare hadde vorte både brennmerka og lyst fredlaus for å ha stole. Der var ytterst få av slike, men likevel vart plassingane si seter og gjerde kalla mellom anna «tjuvsetra» og «tjuvgjerde» langt inn på 1900-talet.

Ny husmann

Om det gjekk så bra med Johanne kan ein kanskje undre seg litt på, for etter kort tid var det (Per) Christian Olsen Løset (1827-1895) frå Søvikdalen i Sykkylven som fekk festebrev på plassen den 5. november 1853 mot 16 speciedalar i innfestingsavgift, 1speciedalar i årleg leigeavgift, samt 12 arbeidsdagar. Han fekk rett til å rydde meir utmark, men måtte gje kår til Johanne. Ho fekk aldri tinglest noko festebrev i det heile tatt. Frå kårkontrakta som vart tinglest 9. januar 1855 fekk ho rett på mellom anna 1 tønne «Potatos». Dei var med andre ord tidleg ute med denne veksten på Kristianplassen. I tillegg fekk ho 12 merker smør og 2 vog bygg. Plassebruket hadde også 2 kyr og ein færing. Johanne fekk rett mjølk og halve båten. Handskrifta er temmeleg utydeleg, men det kan sjå ut som om verdien på plassen låg på omlag 60 Speciedalar, og at Johanne fekk rett på kår tilsvarande 11 1/2 speciedalar. Flytte ho frå plassen så miste ho retten på kårytingane frå Christian.  Vi skal kome attende til han litt seinare. Dette var nok til å klare seg for ei som var einsleg, men slik skulle det ikkje fortsette. Endeleg skulle lukka smile til Johanne også.

I 1864 gifte ho seg med 17-åringen Kristofer Britanus Rasmus Pederson Vegsundrabb (f.1847). Det vart vel eit noko ujamnt ekteskap for Johanne var då 47 år gamal og over dobbelt så gamal som ektemannen. Han var knappast konfirmert. Kor mykje erfaring han hadde med gardsdrift og fiske kan vel også diskuterast. For å vere heilt ærleg så skjønar eg ikkje kvifor ho valde dette akkurat i 1864. Hadde det vore i 1850 når ho byrja å bryte jord så kan det vere forståeleg, men av ein eller annan grunn så vart det ikkje giftermål tidlegare. Kan det vere ryktet som hadde gått føre henne?

Ny von på Tryggeset

Eg finn ikkje nokon ny kåravtale som følge av at dei no var to som skulle dele på maten. Kanskje er det årsaka til at dei i 1866 flytte dei lenger ned i bygda for å ta over ein annan husmannsplass som då vart ledig på Nedregotten. Sjølv om dei altså hadde kårkontrakt og kravet på si side oppe på Eikenosa så kan ein likevel skjøne at dei sa frå seg den retten. Den nye plassemannen på Kristiansplassen skulle jo makte å brødfø kone, 5 born og kårfolk attåt. Det berre måtte verte smalahans med kun eit par kyr, litt korn og potet. Dette såg nok Johanne og Kristoffer sjølv også. Dei var i so pass arbeidsfør alder at då ein annan husmannsplass vart ledig så måtte den sjansen utnyttast. Jobba dei hardt nok så ville overskuddet bli langt betre enn det det var før. Eg vil tru at årsaka til at Johanne vart kårkone i 1853 var det faktum at Kristiansplassen var tung å dyrke opp frå grunnen av for ei som då var heilt åleine. Det var vel kanskje slik at ho ikkje makta leigekrava, og måtte få kår i staden. Etter ekteskapet i 1864 var situasjonen ein heilt anna, og den nye plassen var allereie dyrka opp. Den fekk etter kvart namnet «Tryggeset», og har i dag bruksnummer 6 under gardsnummer 5 i Ålesund Kommune. Ein kan tenkje seg at plassenamnet har samanheng med Johanne sitt opphav. Ho kom nemleg frå bruk nummer 2 på Tryset i Bondalen. Namnet på bruket vert også skrive Tryggeset.

Det gjekk kanskje ikkje så bra med dei der heller, for dei flytte nemleg attende til kåret som Johanne hadde fått på Kristiansplassen i 1870. Ekteskapet gjekk det heller ikkje så bra med. Kristoffer vart pappa 15. desember i 1871. Mor var Else Christensdotter Rusten (1839-1918) frå Skjåk. Ho budde på Buholmstranda ved Ålesund då dottera Karoline Marie kom til verda. Karoline levde ikkje meir enn 2 dagar. Ho vart heimedøypt utan fadderar til stades. Det kan derfor vere grunn til å tru at Kristofer ikkje fekk møte dottera si. Eg vil tru at dette åleine ikkje var årsaka, men truleg medverkande til at ekteskapet til Kristoffer og Johanne vart oppløyst i 1872 etter berre 8 år. Om Johanne var sjuk allereie då er eg usikker på, men det er mogeleg for ho døydde i alle fall året etter. Det kan også ha vore helse hennar som sette begrensning på kor lenge dei klarte å drive Tryggeset.

Kvar vart Kristoffer av?

I følge 1875-tellinga så vart ikkje Kristoffer verande som kårkall på Kristiansplassen. Nokon har spekulert i at han allereie hadde reist då Johanne døydde. Det er godt mogeleg når ekteskapet allereie var over. Han er ikkje å finne i kjeldene ei god stund før han i 1883 vert registrert som far til Hanna Olufine. Han er då sjømann, 35 år gamal og busett i Ålesund. Kanskje drog han på sjøen då ekteskapet havarerte. Mor til bornet er jamnaldringen Nikoline Margrethe Devold (f.1847). Ho er i kirkeboka registrert som kona til Kristofer. Hanna Olufine får ei fin rekke med faddererar. Av desse kan nemnast kjøpmennene Peder Devold, Knud Bang og Knud Bjørseth. Kristoffer og Nikoline hadde gifta seg i Ålesund kyrkje i 1882, same året som han melde flytting til Ålesund. Han nytta då etternamnet Vegsund og seinare Petersen, i staden for Vegundrabb. Mykje tydar på at han fortsette som sjømann og vart buande i Ålesund saman med Nikoline resten av livet, men eg er usikker på kor lenge det var. Dei er nemnd der både ved konfirmasjonen til dottera, og når ho gifte seg med fiskaren Anton August Arnesen frå Borge i Lofoten i 1901. Eg har ikkje funne når han dødsregistreringa til Kristoffer enno, og då kan konfirmasjon og giftermålsregistreringar i kirkebøkene vere misvisande. Dei fortel nemleg berre kven faren var, ikkje om han levde eller ei. Det kan kanskje vere tilfellet denne gongen også, for i 1900-tellinga finn me ei Nikoline Devold fødd i 1847 som er enke og busett i Kirkegata 87. Dottera Anna Pettersen (f.1882) bur heime og er ugift. Nikoline forsørger dei som bryggearbeidar, og ein kan sjå frå tidlegare kirkebøker at Nikoline heile tida har hatt med Devold-namnet sjølv om ho gifta seg Petersen i 1883. Utfordringa er at eg ikkje kan finne dåpen til Anna i hverken Ålesund eller Borgund det aktuelle året. Kristoffer er heller ikkje å finne att. Det kan vere fleire årsaker til det. Kanskje omkom han på havet? Då kan det vere slik at han ikkje vart funnen igjen. Eg kan ikkje sjå heilt vekk frå ei teoretisk moglegheit for at denne Nikoline ikkje er den same som vart gift med vår Kristofer. Foreløig må me berre slå oss til ro med å ikkje vite heilt sikkert.

Borna til Christian og Gurine

Christian Olsen Løset vart med andre ord den som gav plassen namn. Kanskje skulle den eigentleg heite «Johanneplassen» i staden, men det var no han som fekk den første formelle retten på plassen ned på papiret. Eg har leita etter kva namn plassen opphaveleg fekk ved opprettelsen. Det har eg ikkje funne. I folketellingane er plassefolket nemnd i saman med folket på hovudbruket. Det er interessant, for det var vel heller ikkje særleg vanleg i samtida. Dei fleste husmannsplassane i bygda fekk nemleg eigne namn i pantepapira. Christian var truleg dreng på Eikenosa før han fekk feste på husmannsplassen etter Johanne. Han vart i alle fall nemd på Eikenosa allereie i 1848, og det er før husmannsplassen vart frådelt. Christian gifte seg i 1853 med Gurine Jonsdotter Lyshol (1822-1900) i Ørskog kyrkje og dei fekk 6 born saman. Av desse levde fem av dei opp. Eldstedottera heitte Anne Petrine og kom til verda i 1848 på garden Haugset i Sykkylven. Ho vart også vaksinert der det same året av ei som heitte Marte frå Aure i Sykkylven. I dåpsprotokollen vart Christian kalla Løset framleis. Det er mogeleg at dei møttest på fritida, men det kan også hende at dei anten tente på samme garden, eller at ein av dei tente på den andre sin heimgard. Uansett var det ikkje så lang veg mellom Løset og Haugset sjølv om Andestadvatnet låg mellom dei. Det er også noko som kan tyde på at det ikkje var heilt planlagd, for Christian kan med eitt sporast til Eikenosa det same året som dottera kom til verda. Heldigvis fekk mor og born bu heime på Haugset. På den garden hadde dei nok forståelse for situasjonen. Mor til Gurine hadde også «hamna i ulukka» då Gurine kom til verda. Det kan nesten verke som om Christian stakk av frå forpliktelsane sine, men då skal ein ikkje gløyme at dei gifte seg 5 år seinare, og fekk seg husmannsplass i lag, så det skuldast nok heller at Christian no trong pengar slik at dei kunne gifte seg. Eg vil difor tru at det var snakk om kjærleik i staden for eit tilfeldig krumspring i sengehalmen i 1847. Den eldste dottera deira, Anne Petrine (1848-1917), gifte seg i 1877 med inderst Johan Peter Laurits Olsen Stadsnes (1848-1922). dei vart brukarar på garden Vassetgjerde på Sula.

Eg er ikkje heilt sikker på om bryllaupsdatoen i 1853 var planlagd lang tid i forvegen. Gurine var nemleg berre 2 månader unna fødsel nummer to det året. Ein skal likevel ikkje sjå bort frå at dei no hadde venta svært lenge på å få gifte seg og graviditet vart akseptert dersom dei gifte seg før fødselen, og var forlova ved unnfangelsen. I september 1853 kom i alle fall Karen Olave (1853-1948) til verda på Løset. Kan det vere slik at Gurine hadde tent hjå foreldra eller dei næraste grannane til foreldra til Christian? Klokkarboka fortel ikkje noko om dette, men Christian er no titulert som plassemann, på Eikenosa. Dotter nummer to heitte Karen Olave og gifte seg med Andreas Marinus Elias Johansen Molvær (1853-1927). Dei busette seg på bruk 9 på Molvær. Dei fire neste borna kom til verda på Kristiansplassen på Eikenosa. Dette var Johan Olaus Eikenos (1857-1929) Han gifte seg med Inger Gurine Eliasdotter Dale (f.1853) frå Norddal. Ved dødsregistreringa var han enkemann i Langevågen. Ole Elias Andreas Eikenos (f. 1859) vert nemnd i 1865-tellinga, men så finn ein ikkje fleire spor etter han. Nummer 5 i borneflokken var Johanne Caroline Eikenos (1862-1929) Ho døydde på Hatleholen på Vatne. Johanne er nemnd som ugift «sypige» der i 1900 på bruk nummer 2. Ho utdanna seg vidare til skreddar og budde på bruk nummer 1 på Hatleholen i 1910. ho budde nok på Vatne livet ut og gifte seg i 1912 med enkemann og skreddar Johan Karl Laurits Jetmundsen Løvøy frå samme stad. Broren Carl Johan Eikenos (1865-1913) gifte seg i 1896 i Sykkylven med Ingebor Lovise Petrine Hansdotter Davenes frå Jarnes. Frå 1909 til 1913 var han gardbrukar på bruk 12+13 på Molvær. Dei vart soleis grannar til søstera Karen Olave og budde heller ikkje så langt unna storesøstera Anne Petrine på Vassetgjerde. Langevågen var på denne tida ei bygd i vekst. Hit kom dei frå fleire av gardane på Emblem for å finne seg arbeid eller ektemake. Nokon greidde begge delar. Med overgongen mot 1900-talet vart det også mindre vanleg å ta etternamn etter staden ein flytte til. Me kan dermed finne Røssevoll, Østrem og Akslen i adresselistene på Sula. Jentene gifte seg derimot til lokale etternamn som for eksempel Molvær og Sulebust. Der er etter kvart mange som kan følge slekta si innover til Emblemsbygda. Husmannsborna på Kristiansplassen vart ikkje noko unntak.

Litt om drifta på Kristiansplassen

Eg kjenne ikkje til noko bilete eller anna visuell framstilling av korleis plassebruket såg ut. Vi veit kvar løa ein gong stod, men hus og eventuelle andre driftsbygningar er me mei usikre på. Nyttar ein dei andre husmannsplassane i nærleiken som eksempel så kan det vere grunn til å tru at det var snakk om ei lita løe og ei lita lav stove med torvtak. Stabbur eller sel kan eg ikkje finne noko om, men dei måtte ha båten ein stad i alle fall. Det er mogeleg at dei fekk plass i naustet til hovudbruket eller fann ei enklare løysing på lagring av vegna og båten som ikkje kosta for mykje. I 1875-tellinga for Borgund finn me litt meir om sjølve drifta av plassen. Christian er på denne tida tømmermann også. Det var fleire av plassemennene i bygda som valde slik attåtnæring. Dette året budde borna Johan, Johanne og Karl heime. Dei var då 18, 13 og 10 år. Johan hadde vore rekna som vaksen heilt sidan konfirmasjonen og skulle vel ha vore ute i teneste på denne tida, men han hadde funne ein annan leveveg som skomakar. Dette var også eit populært yrke for husmenn og småkårsfolk i Emblemsbygda. Med overgongen til meir pengehushald så var det ikkje alle som lenger laga skoa og reparerte dei sjølve lenger. Christian dyrka dette året 1/8 tønne blandkorn, 2 tønner havre og ei tønne potet. Med ei slik innkome er det utruleg å tenkje seg korleis han skulle ha klart å fø kårfolket, slik som tidlegare. Han dyrka også litt rotfrukter, men hest hadde han ikkje. Dei fora opp 2 kyr, 7 sauer og 4 geit, som også gav litt mjølk og kjøt. Samenliknar ein med kårfolket på Eikenosa så hadde dei berre 1 ku og 4 sauer, 1 tønne havre og ei tønne med potet. Rasmus og Oline hadde då framleis to born som budde heime. Dottera deira, Agnete, på 27 år var framleis ugift og livnærte seg som «sypige». Innkome på Kristiansplassen var soleis litt høgare enn for kårfolk og temmeleg likt det dei andre plassemennene i bygda hadde. Rett nok hadde dei på Magnusplassen 3 kyr og dobbelt så mykje potet, men dei hadde mindre med småfe og stod kanskje i ei særstilling når dei etter kvart kunne leige ut stova til omgongskulen og seinare starte poståpneri attåt. Slikt var ikkje vanleg for ein husmann. Samanliknar ein med plassemennene i høgda på Røssevollen så er det omtrent likt med dyr og mat som på Kristianplassen det året. Det får meg til å forestille meg at denne plassen kanskje likna litt på Rognereiten i utsjånad. Begge låg i alle fall i brukbar helling og trong dels høge murar i framkanten. Maten på plassen var vel på langt nær nok for å greie seg. Eg vil difor tru at det vart ete mykje fisk til kvardags. Ein av dei næraste naboane, plassemannen Lars Samuelsen Røssevoll på Nygjerdet hadde dessutan videreutvikla seg frå tømrar til glasmakar for å tene litt ekstra. Det kan vere verdt å merke seg at Kristoffer Vegsundrabb ikkje er å finne i denne tellinga som kårmann på plassen, eller busett på nokon av nabogardane. Ein kan difor vere viss på at han hadde flytta frå bygda og gjeve frå seg rett på kårytingane.


Ingen av ungane til Gurine og Christian fekk fornya festekontrakt. Til det var nok husmannstida definitivt på hell. Ein kunne no dra til Amerika, eller Langevågen for å tene pengar til livsopphaldet. Fabrikkarbeid var no husreint for familiar også. Husmannsplassar som Magerholmdalen og Magnusplassen vart gradvis dregne inn at under hovudbruket, medan andre vart selde til sjølveige. Den siste perioden med husmannsfolk tok soleis slutt etter omlag 50 år og vart heilt borte i løpet før den andre verdskrigen. Etter 1910 var det gjerne husmannsenkene som sat att med burett i eiga plassestove på livstid. Enka på Magnusplassen vart etter kvart telt under Tunheim eller Skillingen i 1910, men budde likevel på Magnusplassen. Christian gjekk bort i 1895, medan Gurine levde til 1900. Dei siste åra fekk ho hjelp av borna til å drive plassen. Den vart lagt inn att under hovudbruket 1900. Løtufta er registrert på kulturminne kartet til www.miljøstatus.no i SEFRAK registeret så vi veit rimeleg nøyaktig kor tunet ein gong låg. Det er like aust for innmarks-grinda til Eikenosa ved eit dels brattlendt terreng ovanfor eit lite granfelt langs Hegrevegen frå Ystebøen. Den siste kneika opp til innmarka på Eikenosa har også fått namn etter Kristiansplassen. Dette var på ingen måte utanfor allfarveg, for der gjekk postvegen gjennom bygda frå Magerholm til Nørvasundet. Den var til og med hovudvegen til gamle Borgensund for den som nytta ridehest framfor båten til å ta seg fram.

Mot slutten

Den nye eigaren, Kjøt-Iver, trong mykje plass til fedrifta si. Han dyrka opp stort på Eikenosa og vart premiert for innsatsen. Han hadde til og med kjøpt Steinsgarden på Østrem for å få frådelt brukbar utmark mot grensa til Ebbegarden og Jakobgarden. Der sette han truleg opp den første løa før 1904 og hadde dyr og slåttemark der. Gardparten vart seinare eige bruk der dottera Gurine Iverdotter Furset og nylæraren, Lars Flydal slo seg ned der kring 1909. Bruket heiter eigentleg Ytrebø, men vert i dag gjerne kalla Flydalsgarden etter Lars. Gradvis forsvann historiene og minna om dei som ein gong sleit for føda på Kristiansplassen og få veit kvar den ein gong låg. Eg har sjølv gått forbi der mange gongar utan å sjå noko som helst. Det er difor på sin plass å få kunnskapen fram att i lyset. Leit gjerne etter tufta sjølv også, ein dag du har tid. Hegrevegane er ein av dei finaste turane på vårparten med rikt monn av vårveksande blomster. Kanskje har det ein gong vore ein husmann eller ei husmannskone som har gått den same vegen og har pynta opp i glaset sitt på Kristiansplassen med nettopp slik glitrande vårlege fargar, før våronna og slitet for alvor tok til.


Kjelder:


Digitalarkivet: giftermålet til Johanne Jonsdotter Tryggeset og Kristoffer Peders. Vegsundrabb i 1864 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001051351


Digitalarkivet: dåpen til Anne Petrine Løset i 1848, https://media.digitalarkivet.no/view/2254/14225/46


Digitalarkivet: Folketellingane frå 1865, 1875, 1891, 1900 og 1910 i scanna utgåve.


Digitalarkivet: Festekontrakta til Christian Olsson Løset =

https://media.digitalarkivet.no/view/22652/484?indexing


Digitalarkivet: Karoline Marie Kristofferdotter Vegsundrabb sin fødsel på Buholmstranda https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003254166 og https://media.digitalarkivet.no/view/6380/33072/10


Digitalarkivet: scanna kirkebok frå Ålesund 1882. Fødselen til Hanna Olufine Kristofferdotter. https://media.digitalarkivet.no/view/5719/88


Digitalakivet: Kristoffer Britanus Rasmus Petersen innflyttar til Ålesund 14. april 1882 (no. 70)

https://media.digitalarkivet.no/view/5719/28990/14

Digitalarkivet: giftermålet til Kristoffer Vegsundrabb i Ålesund i 1882 https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000000516562

Digitalarkivet: Kårbrevet til Johanne Johansdotter på Kristiansplassen tinglest 9.1.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/22652/596?indexing=

Eikenosa utlyst på auksjon i Bergen Adressecontoirs Efterretninger 14. april 1832

Eikenosa utlyst på auksjon i Bergen Adressecontoirs Efterretninger 18. juli 1832

Eldre panteregister og pantebøker for Eikenosa er henta frå Digitalarkivet.no

Rabbevåg, Egil: Oversikt over registrerte slektsopplysningar for garden Eikenosa

Østrem, Svein Ove: Historia om plassen Tryggeset http://www.emblemsbygda.com/66931076

Østrem, Svein Ove: « Eit lite kortfatta stykke om Kjøt-Iver»http://www.emblemsbygda.com/412028932

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Gardsoge 1-51 Band II», Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE