BNR. 2 EIKENOSA

NÅR LUNDANES-SLEKTA KJØPTE GARDEN I 1922 VART DEN DELT I TO DETTE ER DEN AUSTRE HALVDELEN

Ole Carl Pederson Lundanes (1865-1930), frå Lundaneset i Sunnylven, er far til 9 2 1 Lars Peter  Olson Lundanes, som er den første brukaren på bruksnummer 1. Dei kjøpte heile Eikenosa saman i  1922, og flytte til Emblemsbygda, der dei delte garden i bruk nummer 1 og 2. Makeskiftebrevet vart  tinglest 1930. Han gifta seg 1891 med Iverine Olava Larsdotter Fivelstad(1) (1869-1944), frå Sunnylven. Dei dreiv bruket til 1944. Ole tok over stova til «Kjøt-Iver» etter makeskiftet, og bygde  seg ny løe.

a) Peder (1892-1962) vart fødd på Lundaneset. Han gifta 

seg i 1920 med Inger Marie Eliasd.  Åkernes(M). Dei 

busette seg på Berge(148), på Stranda.

b) Lars Peter (1893-1978) gifta seg i 1921 med Inger 

Martha Olsd. Ljøen (Ø,1). Han kjøpte Eikenosa  saman 

med faren.

c) Gustav Bernhard (1895-1896) døydde av bronkitt 

på Lundaneset.

d) Gina (1897-1993) 1932 g.m. Elias Halvar Eliass. 

Gjøsund(3), brukara på Gjøsund(8).

e) Anna (1899-1989) gifta seg i 1932 med Ludvig Olai 

Johans. Bruen, frå Vanylven.

f) Nikoline  (Nikka) ( 1900-1996) gifta seg i 1919 med  

Rasmus Ingvald Jakobs. Åkernes(1). Dei var først brukara

på Opskar(8), Skodje. Flytta til Spjelkavika ca.1930.

g) Rasmus (1902-1973) gifta seg med Inga Nilsd. Stokke, Hellesylt(28). dei busette seg på Maråk(17),  Geiranger. 

Rasmus var lærar der frå 1923.

h) Inga Karoline (1905-1996) var Ugift. Ho vart også lærar 

i Geiranger og så i Spjelkavik. Ho døydde på  Borgundheimen.

i) Ingeborg (1907-1948) døydde på Eikenosa.

j) Ola (1910-2006) tok over bruket.

k) Sverre Louis (1913-1985) gifta seg i 1947 med Anna 

Guri Sofie Heggebakk(1) frå Skodje.

Sonen Ola Lundanes (1910-2006) tok over bruket 1944, og fekk skøyte i 1945 for 5600 kroner. Av  summen var 1600 kroner for «diverse løsøre». Ola gifta seg 1947 med Mary Judith Blindheim(14)

(1916-1999). Gamlehuset på bruket er no skild ut som bnr. 14. I 1953 fekk «Ungdomslaget Ivar  Aasen» i Ålesund skøyte på parsellen «Høgda», med eit areal tilsvarende bruksnummer 8. Det  stykket er der laget si hytte står i dag. I tillegg fekk søstera, Ingeborg, rett på å få bu på den eine  kvisten på loftet, så lenge ho ønska det.

a) Kåre (f.1948) tok over bruket.

b) Elsa (f.1953) er sambuar med Torgeir Jonvik, busett Oslo. Dei kjøpte det  gamle hovudhuset (bnr. 14) i 2011.

c) Sigmund (f.1955) gifta seg i 1978 med Ella Inger Engelberg Lundanes, busett Mjølkeråen,  Bergen.

d) Ingunn (f.1958 1979) gifta seg med Ingvar Engdal, 

frå Valsøybotn i Halsa.

Sonen Kåre Lundanes (f.1948) fekk skøyte på garden i 1976, og er dagens grunneigar på bruket. Han  var tidlegare gift med Astrid Marie Sæter(3), frå Kristiansgarden, Ørskog, også kalla «Olesæter» på  folkemunne. Foreldra fekk livsvarig burett på garden, og søskena fekk 25 års rett på kvar sitt rom.  Dei fekk også rett på eigne tomter. Nokre av desse rettane vart oppheva i 1978, mot lån i  landbruksbanken og Borgund Sparebank. Kåre dyrka opp og bygde ny driftsbygning på garden. Han  har i ein rekke år engasjert seg i mellom anna orientering og bilsport.

a) Marianne (f.1975) gifta seg i 2002 med Johann Ringdal, 

busett i Bergen.

b) Lillian (f.1978) er ugift, busett, busett i Oslo.

c) Hanne (f.1988) er ugift, busett i Ålesund.

Løa på bruk 2 på Eikenosa vart bygd av Ole Karl Peders. Lundanes (1865-1930) etter han kjøpte garden i 1922. Kjøpet vart delt mellom Ole og sonen Lars Petter. Då garden hadde vore drive som eitt bruk 
tidlegare så delte dei gardshusa. Ole fekk huset, medan Lars Petter fekk løa og så bygde dei det som dei då mangla. Foto: Svein Ove Østrem
Løa på bruk 2 på Eikenosa vart bygd av Ole Karl Peders. Lundanes (1865-1930) etter han kjøpte garden i 1922. Kjøpet vart delt mellom Ole og sonen Lars Petter. Då garden hadde vore drive som eitt bruk tidlegare så delte dei gardshusa. Ole fekk huset, medan Lars Petter fekk løa og så bygde dei det som dei då mangla. Foto: Svein Ove Østrem
Det gule huset nærast tilhøyrde i si tid Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furset og vart frådelt til bruk nummer 2 i 1922. Det er no reve. Foto: Svein Ove Østrem
Det gule huset nærast tilhøyrde i si tid Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furset og vart frådelt til bruk nummer 2 i 1922. Det er no reve. Foto: Svein Ove Østrem