LITT OM KAREN HESSEBERG FRÅ NERIGARD

Ho vart fødd som yngst av 5 søsken på garden Nerigard på Hesseberg 9. mai 1892 og døypt 12. juni det same året. Foreldra var Karl Martinus Larsson Glomset (1846-1917) og jordajenta Johanne Marie Jacobine Hesseberg (1849-1938). Dei hadde gifta seg i 1873 og tok Karl Martinus tok gardsnamnet Hesseberg til etternamn, slik skikken var den gongen. Han, var forresten halvbroren til Anne Petrine som hadde gifta seg med «Sjurs-Ole» i Sjursgarden på Emblem. Han var ein av dei rikaste i distriktet i samtida.

Fadderane til Karen var Peter O. Hesseberg med ektemake. Det var naboane Peter Emanuel Ols. Hesseberg(2) (1854-1917) som gifte seg i 1879 med Tomasine «Tomsina» Jensine Gundersd. Grebstad(8) (1860-1946) frå Sykkkylven. Dei dreiv Oppigar, bruksnummer 2, på Hesseberg. Dei andre fadderane var plasseenka Petrine Karoline Magnusdotter Løset (1850-1944) på naboplassen Bryggå, gardbrukarsonen Bernt J. Glomset og gardbuksdottera Ingleiv J. Glomset. Dei to var to siste var søskena til Karl Martinus og frå Øvre Glomset. Bernt skulle seinare ta over farsgarden mens Ingleiv Marie drog til Amerika i 1896.

Søskena

Søskena til Karen var Nils Peter Martinus (1873-1960). Han tok over Nerigard saman med med Randine Sofie Karine Jakobsd. Frøland(N,3) (1877-1937). Broren Lars Carl Nicolai Hesseberg (1876-1908) gifte seg i 1907 med Lina Marie Hansdotter Husø frå Sandøy, men dei fekk berre omlag eit år saman før han døydde. Deretter kom Andreas Martinus Johan Hesseberg (1887-1967). Det kan verke som om ho kom særleg godt overeins med yngstebroren, Andreas. Han var ei tid i Amerika før han kom heim og gifte seg med Petra Anne Marta Nikkoline Sivertsdotter Nilsen frå Ålesund. Dei kjøpte den tidlegare husmannsplassen Brennhaugen under matrikkelgarden Aksla. I 1894 vart ho storesøster til Daniel Iver. Han drog til Amerika i 1912 og vart verande der. Han busette seg i Rolette Township og vart gravlagd i Boutineau County i Nord Dakota 1971. I tillegg hadde faren deira ei dotter frå før han gifte seg til Nerigar. Det var Elisa Marie Håhjem (f.1865). Eg er usikker på kor mykje kontakt dei hadde med henne i barndommen.

Eg skal ikkje seie for sikkert om Karen var så mykje heimanfrå i teneste i ungdomsåra. I 1910-tellinga for Glomset krets på Skodje vart ho i alle fall nemnd som tenar på heimgarden, 18 år gamal. Og ved 1900-tellinga var ho berre 8 år. Ho er også fotografert på dei fleste familiebileta på Nerigar før 1912 i motsetning til fleire av dei andre søskena. I 1910 er det 6 som bur på garden. Foreldra, Karl og Johanne, var no vorte kårfolk. Broren Nils Petter Martinus og den nye gardskona Randine hadde gifta seg i 1907. I følge pantebøkene vart skøytet på Nerigar underteikna i 1909. Dei betalte då 1800 kroner for garden. På samme tid vart også kårkrava avtalt. Her finn me mellom anna 180kg. Blandkorn, 180kg. Havre, 4 hektoliter potet. Vidare skulle dei ha mjølk frå 4 kyr. Makta dei ikkje sjølve å hauste, så skulle alt leverast til dei frå ungfolket. Dei gjorde også krav på foring og gjeting av 2 geiter og 3 sauer per år. Kårfolket skulle disponere den vestre del av stabburet på garden og halve naustet. Karl og Johanne skulle få seks vognlass gjødsel til åkerlappen sin og få benytte «Go farageren», som truleg var namnet på gardshesten. Kårteigen i skogen var ei lita bot i «Eitreviken». Denne vedaskogen gjekk frå sjøen og opp mot Lars Magerholm sitt stykke frå hovudbruket på Magerholm og Lars Hesseberg sin skogteig for hogst av byggematerial. Eitrevika er truleg omtrent der som elva Eiteråna renn ut i fjorden frå Magerholmdalen. I krava vert ikkje Karen, eller dei andre søskena nemnd. Om dei fekk noko av kjøpesummen som ein slags arv etter kvart er eg meir usikker på, men det er ting som tyder på at delar av maten i kåret også var tiltenkt heimeverande born. Det var vanleg å sende med ved og mat til born som busette seg i byen eller tettstadar. Samstundes skulle foreldra ha noko å leva av i tillegg til andelen av dyr og mat på garden.

Den 29. oktober 1915 var ein spesiell dag. Då vart det tinglest ein resolusjon der Hesseberg vart del av Borgund kommune, og dermed også del av Emblemsbygda. Dette var eit ønske frå brukarane på Hesseberg. Det var no enklare å følge vegen til Magerholm, enn gjennom utmarka til Skodje, og vegar vart frå no av mykje viktigare som ferdselsveg enn båten og fjorden. Det var heller ikkje så veldig lenge sidan dei var del av Borgund Prestegjeld, så det var kanskje ikkje den største overgongen. Det verka også fornuftig når borna tidlegare måtte leige husvere på Glomset i skuleveka og hessebergfolket trong gjere det same om laurdagskveldane ,før dei gjekk over mot Flåte for å lånte seg båt til kyrkja på Skodje søndagsmorgonen. Dei vart dermed vekke i omlag eit døgn på kyrkjereis, medan dei kunne ro til Borgund kyrkje på litt over ein time i godt vér. Dei hadde allereie byrja å ro over fjorden til kirka i Sykkylven i staden for å få lettare kirkereis. Gangvegen til Emblem Skule ute på Skaret var heller ikkje særleg lang og absolutt ein betre skuleveg enn ruskemarka i ulendt terreng og steinur innover mot Heggebakk. Der fanst nemleg ingen veg langs Hessebergstranda den gongen.

Hustomt i Spjelkavika

I desember 1934 vart det halde grensegong og oppmåling av ny hustomt nord for Lillevatnet. Karen var framleis einsleg, men let seg ikkje stoppe av den grunn. Ho hadde nemleg bestemt seg for å bygge seg eige hus. Den 7. januar 1935 vart både målebrevet og skøytet tinglest. Selgarane var Tomas P. Holen og Ragna Karlsen på bruket Ytterholen. Tomta fekk namnet «Solbakk» og bruksnummer 31 under gardsnummer 32, I gardsoga Borgund og Giske, band II frå 1961 kan ein lesa at der allereie var ei rekkje plassebruk under Ytterholen. Det var meininga at Ole Pettersen Holen, bror til ovanfor nemnde Tomas skulle få alle desse plassane slik han kunne skille ut sitt eige småbruk frå farsgarden, men han døydde under spanskesjuka. Derfor vart plassane i staden seld til brukarane og nye byggefelt vart lagd ut for sal. Karen kjøpte seg ei slik tomt ved den nye Nylandvegen og fekk husnummer 17. Området låg nært inntil sentrum i Spjelkavika der ein kunne finne Hans Pedersen Mittet og Edvard Liljedahl sin fabrikk, «Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrik» som ein av dei største arbeidsgjevarane. Spjelkavika var på den tida ein spanande industristad med veksande smånæringar i nær sagt kvar ei kjellarkrå. I den vanskelege tida i mellomkrigsåra laut kvar enkelt finna sin eigen arbeidsplass. Hit kom ungdommar flyttande til for å få seg arbeid hjå dei som fekk so pass fart i arbeidsplassen sin at dei kunne ansette fleire. Etter kvart som bussrutene kom til på 1930-talet vart det også lettare å pendle med Emblemsruta, men det gjorde ikkje Karen.

Karen Hesseberg var heldig og hadde arbeid å gå til på nettopp Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrik, men det var neppe ei løn å leve særleg godt av. Ho hadde heller ingen å dele på utgiftene med, men ho var driftig som få og må ha hatt ein skikkeleg stå-på driv. I utgangspunktet skulle ein tru at dei lange dagane på fabrikken var utmattande nok, men den gong ei.. Tomta åleine kosta 496 kroner. Det var mykje samanlikna med gjennomsnittleg normalløn på 2340 kroner per år i 1935. Det tilsvarar vel omlag 234530 kroner som var normalløna i 1996 ifølge den same lønnstabellen frå Statistisk Sentralbyrå. Men var du kvinne og ugift så var løna mykje lågare. I folketellinga frå 1930 satsa ein særleg på å samle inn opplysningar om inntektene til befolkninga i Norge. Både i bygd og by var det gjennomgåande slik at kvinnene tente halvparten av det mennene fekk i lønningsposen sin. Tanken var vel at mannen skulle forsørge kone og born, medan kvinner tradisjonelt sett var yngre og ugifte. Dei klarte seg godt med eit leigd rom framfor eit heilt hus eller leiligheit. Eg veit ikkje kor lik løna til Karen var gjennomsnittet. Kanskje var den litt høgare, men den var vel forhåpentligvis minst 1300 kroner per år, eller kring 100 kroner utbetalt per månad. Vi snakkar då med andre ord om i alle fall 4 månedsløner for tomta før huset eller arbeidsutgifter som kom seinare er rekna med.

Eg vart forundra når eg fekk sjå den gamle grunnboka til eigedommen. Karen tok ikkje opp eit einaste banklån dei omlag 30 åra ho hadde huset og eigedomen. Kanskje er det slik at ho ikkje hadde eit einaste lån nokon gong? Korleis er dette mogeleg. Linda Hesseberg har høyrd at ho var svært sparsommeleg. Nokre kunne vel kanskje seie at ho var gjerrig med, men det måtte ho truleg vere. Mange av dei som opplevde at bankane gjekk over ende etter første verdskrigen og miste både sparepengane og kanskje hus og heim attåt, var nok meir utrygge og stolte mindre på staten og banken enn vi gjer i våre dagar. Kanskje hadde ho byrja på fabrikkarbeidet når det vart storstreik i Spjelkavika og ho kjente nok godt til korleis sambygdingen og kjøpmannen Hans Iversen Furseth gjekk konkurs og at det vart halde heile to utpantingsforretningar på handelslaget hans i sentrum av Spjelkavika i 1921. Problemet var at kundane ikkje makta å betale det dei hadde kjøpt på krita, slik skikken ofte var den gongen. Han kom seg no på beina att og Karen kunne framleis handle på Iversen Kolonial rett ved fabrikken etter den tid også, men som einsleg hadde ho ikkje noko sikkerheitsnett. Ho måtte rett og slett stole på si eiga helse og arbeidsevne. Då var det vel best å sleppe lån dersom det var mogeleg. For å gje eit eksempel på den frykta som mange bar på så kan eg nemna det første Kooperative handelslaget i Spejelkavika. Bygda var i ferd med å verte ein arbeidartettstad og optimismen hadde vore stor. Andelseigarane hadde bygd seg eit flott nytt forretningsbygg i sentrum av bygda før det vart vansklegare tider og dei fekk panikk. Fleire av medlemmane frykta at dei skulle miste innskota sine og valde difor å selge. Hans Iversen Furset dreiv då butikk på Magnusbakken inne på Emblem og valde å satse stort på butikk i Spjelkavika også. Det synte seg at det var grunn til å ottast, men på lang sikt gjekk det likevel bra.

Broren Andreas

Der var ein som Karen kunne stole på. Broren Andreas Hesseberg hadde nemleg vore i amerika og tent rimeleg godt. Mesteparten av pengane gjekk med til å kjøpa garden Brennhaugen, men han hadde enno litt pengar til overs. Han kunne nok spart dei til framtidige behov, men han var ein veldig snill mann, Andreas. Han var den som hjelpte Karen med finansiering av huset og tomtekjøp. Soleis kunne ho realisere husdraumen. Eg lurar på om ho kan ha blitt inspirert av ein sambygding. Antonette «Anti» Akslen frå Øvste-Aksla, Anti var også ugift og hadde budd heime og stellt bror sin som i barneåra hadde falle ned frå betane i løa og slått seg forderva, slik at han vart sengeliggande. Då broren døde fekk ho overta den nyleg gjennoppbygde «Akslabuda» på Magnusbakken frå to av brødrene sine. Der var det fleire etasjar og leiligheiter som kunne leigast ut og soleis finansiere alderdommen for ei aldrande dame. Karen bygde ikkje så stort, men ho nytta same finansieringsidé. «Hessebergkaren», som ho gjerne vart kalla, budde i andre etasje i huset sitt på Nyland. Ved sida av stua i andre etasje var der eit rom som ho leigde ut. Anne Kjellfrid Haram huskar at det var Anna Vasstrand som budde der. Første etasje leigde ho ut til nokon som heitte Helmersen og kjellaren vart også utleigd. Det er mogeleg at ein som heitte Olav Voldsdal var ein av leigetakar der. Om ho tenkte å spare opp til å betale tilbake det Andreas hadde vore så snill å hjelpe henne med, veit eg ikkje. Kanskje han ikkje ynskte det. Då kom kanskje idéen om å gje huset og verdiane attende til familien hans når ho gjekk bort i staden. Ho hadde i alle fall ein draum om å drive pensjonat i huset sitt. Den draumen vart aldri realisert, men på eit vis så var ho ikkje så langt unna heller. Huset var fullt av leigetakarar og det var soleis nesten berre serveringa som mangla.

Ein henvendelse retta mot medlemmane i facebookgruppa «Du vet du e fra VIKA når...» har vore med på å lyse opp litt av det ho dreiv med attåt. Ei fortel at ho hjalp til i huset heime hos dei rett over Yrkeskulen nærare Fremmerholen. Familien der heitte Haram til etternamn, men Karen snakka halvemål og sa derfor at ho skulle opp til «Aram». Anne Kjellfrid Haram minnes henne som eldre dame på sykkel med blomstra kjoleforkle. Då ho var heime hos dei på fredagen for å vaske og lufte huset så sa ho: «Ditta lika ikkje kattan og karan», men etterpå likte dei seg. Ei anna meina å huske at ho kanskje tok opp bestilling på sjølvevde tepper også, og det er neppe alt. Ho vaska visst hos fleire enn familien Haram. Karen hadde spara på eit par kvite kjoleforkle som var tiltenkt den gongen ho skulle starte pensjonatet sitt. Einy Samseth er fødd nokre år etter andre verdskrigen og var nær nabo til Karen i Nylandvegen i barneåra. Ho hugsar at dei gjekk ofte på besøk. Ho hadde høns og egg for sal, så dei tok med seg brødskalkar heimanfrå. Karen spanderte då kokesjokolade på dei og det var stas.

Karen var også ofte på besøk hjå slekta si i området. Ho var mellom anna på besøk hjå søskenbornet Jenny Laura Aspehaug på Aspehaugen. Jenny kom frå garden Høla, og heitte opphaveleg Akslen. Dit hadde onkelen til Karen, Johan Hesseberg, gifta seg. Det betydde at ho hadde nok eit søskenborn frå Høla nærare Breivika. og Hølefolket var innom ein rekke gongar på veg til slekta på Ellingsøya. Søskenbornet Lars Johanss. Akslen (1870-1951), som tok over Hølegarden, hadde nemleg gifta seg med ei lærardotter med namnet Laura Mauritsdotter Ulvestad derifrå.

I tillegg var der fleire kjende sambygdingar frå Emblem i nærleiken. Klara og Nikkoline Emblem hadde gifta seg med Peter frå Magerholmvika og Knut frå Magerholmdalen. Begge desse karane kjende ho nok godt frå ungdomsåra. Knut og «Nikka» arbeidde i tillegg på samme fabrikken som Karen. Med Emblemsruta frå 1930-åra kom det nok enno fleire utover til Spjelkavika for å få seg arbeid. Den næraste naboen, Kari Stafseth, hadde også slektsforbindelse til Emblem og Ystebøen via faren Karl Stafseth. Han var søskenbornet til Klara og Nikoline Magerholm. Slekt var meir viktig å ta vare på i dei dagar.

Karen hadde ikkje gløymt røtene sine inne på Hesseberg. Kor ofte ho var heime i Nerigard er eg usikker på, men der finst bilete av henne saman med farfaren min, Hans Austrem (1915-1965) frå Larsgarden på Østrem. Han hadde då på seg studenthue, så han var nok nyleg uteksaminert frå Landbrukskulen på Gjermundnes. Han gjekk der skuleåret 1934. Karen arbeidde truleg i Spjelkavika allereie då.

Nylandsvegen vidare i slekta

Nevøen Karl Johan Hesseberg fekk overta huset og eigedommen etter henne i 1964. Han kom frå Brennhaugen på Emblem og var sonen til tidlegare nemnde Andreas Hesseberg. Eg vil tru at det vart slik som ein følge av den gode forholdet mellom dei to søskena. Andreas hadde jo tidlegare hjelpt henne med husbygging og finansiering. Karen hadde heller ingen born eller ektefelle, og dermed heller ingen naturlege livsarvingar. Eg vil tru at ho kanskje tenkte at no var det hennar tur å hjelpe litt. Pengane til Andreas kom slik attende til rette slekta også. Eigedommen vart i 1964 verdsett til 20 000 kroner, så ho må ha halde den godt vedlike i dei åra ho hadde huset. Karen fall om utanfor huset sitt og døydde brått av hjartesvikt 26. juli i 1963. 71 år gamal. Ho hadde levd eit strevsomt vaksenliv med mykje hardt arbeid i mange år. Det hadde nok påverka helsa også. I tillegg hadde ho også ramla ute og skada seg, men ho vart truleg ikkje lagt inn på sjukeheim elller noke slikt. Våren 1964 vart det halde arveskifte og heimselsretten vart overleten til Karl Johan. Han hadde flytta inn med familien sin i 1963, etter ei tid med oppussing som starta før Karen døydde. Ho budde då øvst som ho alltid hadde gjort, Medan Karl Johan og Irene flytte inn i hovudetasja. Dei fortsette å leige ut i kjellaren med. Dermed var det eit nytt slektsledd med etternamnet Hesseberg som budde i Nylandvegen 17. Etter ei tid leigde dei også ut i øverste etasje til Marit Karin Emblem som gifta seg med Petter Flem frå Flemsøya. Ho har anane sine i Negarden på Emblem.

Med dette har me kome til slutten på Karen si vesle livshistorie. Eg trur at vi har mykje å læra av denne driftige kvinna og bror hennar framleis. Ho gjorde lite ut av seg og etterlet få formelle spor av dokument og slikt, men ho sette spor etter seg hjå dei som vert kjend med henne. Vi gløymer ofte desse i eit hav av kjeldematriale frå personar som har visst å markere seg for ettertida. Rett nok må me berre forsøke å tenkje oss til nokre av tankane som ho kan ha hatt, men historia til denne einslege fabrikkarbeidande kvinna fortener likevel å bli fortalt og minnast for ettertida.

Kjelder:

1900-tellinga for Nerigar scanna utgåve: https://media.digitalarkivet.no/view/37387/100

Fødselsregistreringa til Karen på Skodje: https://media.digitalarkivet.no/view/2675/17245/50

Gamal Grunnbok til Nylandvegen 17a gardsnummer 32 bruksnummer 31 frå arkivverket på nett

Giske. Louis: «Bygdebok for Skodje: gard og slekt. Bind 1: G.nr. 2- g.nr. 31» Skodje bygdeboknemnd 1986. http://www.nb.no/nbsok/nb/f6780faa32f308ecf50d6978e7138394?index=3#132

Hesseberg, Linda: Opplysningar om Karen Hessberg via Messenger

Livsminne om Karen hesseberg delt på facebookgruppa «Du vet du e fra VIKA når...» av Lillian Karin Stafseth Ognøy, Eva Haram Dybvik, Marit Aspehaug Loe, Anne Berit Solevåg, Einy Samseth, Anne Kjellfrid Haram.

Normallønstabell frå 1930-2002: https://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/ht-0901-lonn.html

Opplysningar frå Solveig Hesseberg Vatne og John Blindheim

Pantebok for Borgund 7.1.1935 med målebrev, målekart og skøyte på tomta Nylandvegen 17

Østrem, Svein Ove: Tekst om Nerigar http://www.emblemsbygda.com/194399998

Østrem, Svein Ove: Tekst om Akslabuda og Hans Iversen Furset http://www.emblemsbygda.com/113642102

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Gardsoge Gnr. 1-51 Band II». Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961.

Karen Hesseberg hos fotograf Sponland i 1919. Dette er eit tettare utsnitt og tuleg ein kopi av eit biletet i Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal/ Aalesunds Museum med arkivreferanse AM-95003.044867
Karen Hesseberg hos fotograf Sponland i 1919. Dette er eit tettare utsnitt og tuleg ein kopi av eit biletet i Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal/ Aalesunds Museum med arkivreferanse AM-95003.044867
Nylandvegen 17 ser stort sett slik som det gjorde då Karen bygde det. Karnapvindauget er derimot av nyare dato. Foto: Linda Hesseberg
Nylandvegen 17 ser stort sett slik som det gjorde då Karen bygde det. Karnapvindauget er derimot av nyare dato. Foto: Linda Hesseberg
Karen Hesseberg hos Fotograf Haagensen i Ålesund. Årstalet er enno ukjend. Visittkortet kjem frå Karens søskenbarn, Jenny Akslen Aspehaug, sitt album. Dagens bileteigar er Marit Aspehaug Loe.
Karen Hesseberg hos Fotograf Haagensen i Ålesund. Årstalet er enno ukjend. Visittkortet kjem frå Karens søskenbarn, Jenny Akslen Aspehaug, sitt album. Dagens bileteigar er Marit Aspehaug Loe.
Karen til høgre saman med broren Andreas Hesseberg som var på besøk frå Amerika og ei ukjend kvinne i 1914 hos fotograf Moa. Biletet
 er publisert i Fylkesfotoarkivet med referansen FAKf-100530.231808
Karen til høgre saman med broren Andreas Hesseberg som var på besøk frå Amerika og ei ukjend kvinne i 1914 hos fotograf Moa. Biletet er publisert i Fylkesfotoarkivet med referansen FAKf-100530.231808
KAren Hesseberg til høgre med ei ukjend veninne hos fotograf Moa 1915. Biletet tilhøyrer Aalesunds Museum og er publisert i Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse FAKf-100530.233171
KAren Hesseberg til høgre med ei ukjend veninne hos fotograf Moa 1915. Biletet tilhøyrer Aalesunds Museum og er publisert i Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse FAKf-100530.233171
Karen Hesseberg i kvit kjole saman med det som truleg er mora Johanne Hesseberg (1849-1938). Året er 1918 og fotografen er Sponland. Biletet tilhøyrer Aalesunds Museum og er publisert i Fylkesfotoarkivet med referansen AM-95003.039508
Karen Hesseberg i kvit kjole saman med det som truleg er mora Johanne Hesseberg (1849-1938). Året er 1918 og fotografen er Sponland. Biletet tilhøyrer Aalesunds Museum og er publisert i Fylkesfotoarkivet med referansen AM-95003.039508