Steffagaren

Dette kan vere Lars Johan Nedregotten frå Steffagaren på Emblem. Han gifte seg i 1910 med Emma Johanna Petersd. Aakre frå Haram. Dei er nemnd på Alfarheim , Molvær(33) på Sula i 1910, Åse(10) 1912-1915 og deretter på Emblem i 1918. Lars var registrert på veg til Canada i 1923. Biletet er signert Sponland i 1910 og tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivref. AM-95003.012788

Bryllupsbilete av Anna Rebekka Karoline (1881-1971) og (Nikolai) Bastian Laurits Jakobs. Yttreberg(1) frå Skodje i 1908. Dei var busett i Spjelkavika. Ho hadde vore ei tid i Minnesota i USA 1901. Fotografen var Sigvald Moa og orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse AM-95002.77133

Det gamle Steffagarsnaustet låg lengst aust i Østremsvika mot Sirielva sitt utspring i Storfjorden. Det meste av veggane var bygd opp av tørrmurar med front i tre. Naustet fekk slagside etter nyttårsorkanen i 1992 og ein ny trøkk med stormen Dagmar for nokon år attende. Naustet vart rive i 2017 og erstatta av nybygg med støpt utfar. Foto: Svein Ove Østrem

Flyfoto av garden med første byggetrinnet på bussgarasjene til Emblemsruta mot venstre biletkant. Biletet tilhøyrer Britt Janne N. Ableseth

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett