Gamle-bedehuset og den eldste historia før 1989

Bilen til Hoel transport som tok seg en tur på eiga hand.Truleg var dette i 1983. Forsikringssummen på 30 000,- var med å sette fart på planane om eit nytt bedehus. Foto: Arne Nowak.

Den grå endeveggen med vindauget heilt i høgre biletkant er det tidlegaste biletet av Bedehuset me kjenner. Postkortet er fotografert og produsert av stavangerfotograf A.T. Steinkopf-Wold som var på desse trakter frå 1906-1915. Postkortet er stempla i 1910.

Frå venstre: Arne Nowak , Jarle Målø som er søskenbornet og Svein Nowak. Det gamle bedehuset i bakgrunnen. Foto: Arne Nowak

Ungdomskoret Respons i sving på Gamlebedehuset under TV-opptak for lokal-TV i Oslo mot slutten av 1980-talet. Biletet er henta frå Menighetsbladet i Spjelkavik sitt gamle papirarkiv og er donert til denne nettsida av Solrun Berstad

Misjonskvinneforeininga 1958. Frame frå venstre: Lovise Hesseberg, Herborg Akslen, Jofrid Emblem og Anna Emblem. 2. rad frå venstre: Berta Rønning, Lisa J. Emblemsvåg, Laura Magerholm, Laura Akslen, Lisa Nedregotten og Emma Nedregotten. 3. rad frå venstre: Signe Flydal, Anna Røssevoll, Johanne Akslen, Anna Akslen, Kristine Emblem, Klara s. Nedregotten og Emma Larsen. 4. rad frå venstre: Magnhild Flydal, Anna Østrem, Lisa Akslen, Klara Nedregotten, Thea Emblem og Lisa Emblemsvåg.

Emblem Musikklag. Biletet er frå eit misjonstemne, truleg i Spjelkavika etter like krigen. Bakerst f.v.: Martin Emblem, Harry Akslen, Karsten Emblem, Karsten Nedregotten og Jon Nedregotten med fele. Andre rekke f.v.: Gudrun Flydal, Marie Emblemsvåg, Randi Olsen, Ruth Emblem, Emma Larsen. Framste rekke f.v.: Inga Flydal, Laura Akslen, Jofrid Akslen og Margit Flydal. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Frå gamalt av var det berre kyrkja og presten som sto for den kristne aktiviteten.Då var det å ro frå Emblemsbygda og ut til Borgund Kyrkja. Magerholmfolket kunne óg frå tid til anna ro til Sykkylven i lag med brukarane på Hesseberg, med kyrkjereis var visst ikkje kvar veke. Flisfjorden var fårleg og der var meir enn eit båtlag som sokk på dette ubereknelege fjordstykket. Men så «ugudelege» var no ikkje Emblemarane innaom Flisneset. I 1781 vart det halde rekneskap over kor mange religiøse bøker som fanst i heimane i Borgund. Då stod Emblemsbygda i ei særstilling, for der hadde mest kvar einaste gard sin eigen bibel eller nytestamente. I fleire heimar hadde dei jamvel begge. Det var truleg ei vekkelsesbølge i bygda som var årsaka. I 1730-40 fortel biskop Bang at det gjekk ei vekkelsesbølge mest over heile landet. Det vart lagt merke til at ein på Emblem kjøpte svært mange nytestamente og biblar på denne tida.

Danskekongen og kyrkja såg ikkje med glede på den nye lekmannsrørsla. Allereie i 1706 hadde det kome forbod for privatpersonar mot å halde religiøse møter. Brot på lova gav både tiltale og straff. Den 9. april 1737 skreiv kongen: «At fruentimmer og mandfolk kommer sammen for at bede er uordentlig, og kan ikke tåles.» Dermed vart det forbod mot bønemøte. Ein veit ikkje heilt kvifor, men det verka som om den åndelege oppvakninga dovna av igjen. Kanskje gjorde det intrykk å høyra korleis det gjekk med mellom anna Hans Nielsen Hauge. På byrjinga av 1800-talet kom det truleg haugianarar til vår bygd også. Det vert i alle fall stilt spørsmål ved om både Jens Jensen Heltne (dp.1771) og Halvor Peders. Fortun (ca.1776-1865) , som kjøpte hovudbruket frå Jens på Magerholm i 1820, var haugianarar. Begge kom frå Luster i Sogn. I so fall har det ikkje vore funne spor etter religiøse møter i bygda på den tida, og om så har vore, så frykta dei nok straffa på 1000 riksdalar kring 7 år samanhengande i fengsel og to års slaveri attpå. Den som ville samlast utanom kyrkja laut nok gjere det i hemmelegheit. Men den pietistiske tilnærminga til kristendommen og tankane om å bygge også verdslege verdiar, dei slapp ikkje taket på Sunnmøre.

Fram mot 1900-talet var det dermed lite misjonsarbeid eller møteverksemd i Emblemsbygda, men det hendte no at der kom reisande folk som hadde husmøte. På slutten av 1890-åra skulle dette endre seg. Ei stor vekkelsesbølge breidde seg utover mest heile Sunnmøre. Den vart kalla «Sand-stormen» etter lekmannen P.G. Sand. Ein av dei som visst vart mest råka var Lars Austrem i Larsgarden på Østrem. Han hadde fått dette bruket i gåve av far sin, Ole Knuts. Emblem, eller «Sjurs-Ole» som han vart kalla på folkemunne. Den gongen var det vanleg å skifte etternamn etter garden ein dreiv. Austrems-Lars gjekk enno lenger. Han endra like godt namnet til det nynorske Austrem også. Om han var målmann veit ein ikkje heilt, men Lars vart i alle fall sterkt involvert i kristenlivet i bygda, og lekpredikant attpå. Dei første møta vart halde i heimane, men etterkvart vart ein so mange at løene måtte takast i bruk om somrane før høyet skulle i hus. Det eldste misjonslaget i nyare tid, fekk namnet «Kinamisjonen» og vart soleis skipa i den største løa i Emblemsbygda på den tida, den nye Mattisløa på Østrem. Dette laget skulle seinare gå under namnet «gamlemisjonen».

Emblem Indremisjon vart formelt skipa 11. november 1901. Ole K. Emblem vart vald til den første formannen i laget si historie. Det var «Steffå-Ole» frå Steffågarden. Han var retteleg god til å snakke for seg.På det same møtet gjorde dei vedtak om å bygge bedehus. Styret fekk fullmakt til å setta i gong. Allereie året etter vart huset vigsla. Dette var ikkje utan motstand frå some. Soknepresten i Borgund mislikte det sterkt og nokre av bygdefolket nekta å gå inn der. Bedehuset vart bygd ganske raskt etter forholda, og modellen var den vanlege typen som vart brukt rundt byen. Det er enno usikkert kvar tømmeret kom frå, men på den tida var den vanleg å kjøpe ferdig råbygg frå Glomset. Fleire av gardshusa på denne tida, og skulen like etterpå vart alle kjøpt frå Honningdalen der inne. Både Lars Austrem og skarefolket hadde slekt der, så prisen vart nok brukbart god.

Det var ikkje like lett å einast om plasseringa av bedehuset. Til slutt enda ein opp med ei delt løysing på Hjellhaugreset. Tomta var ei lita snippe av to småbruk, akkurat husstørrelsen og heilt inn til den gamle bygdevegen. Ein stad vart det fortalt at murane vart mura kring ein steingard som delte dei to eigedomane. Byggemåten var enkel og billeg, men møtelyden brukte nok meir klær den tida, for det var smått med varme ofte, endå den runde omnen ved døra gjorde sitt beste. Og så måtte det fyrast i minst ein time før møtet. Vika-Petter frå Magerholmvika var nokså trufast å fyre opp. Han kom med ei kase ved på ryggen, gjerne med litt kveikje også. Do hadde ein ikkje. Då var det å springe til naboane. Frå 1910 vart det sett opp eit nytt småbruk oppå Hjellhaugen. Det var skomakar og telefonbestyrar Karl Nedregotten frå Elvemyr 4 som fekk frådelt ei bot der han samla verksemdene sine under eit tak. Han sette også opp utedo, som bedehusfolket fekk nytte vederlagsfritt. Det var alltid nyskura og reint, med oppklippte aviser til dopapir, som vanleg var den gongen.

Utforminga av det første bedehuset

Eg har funne ein liten flik av det første bedehuset på eit bilete av Emblemsbygda frå omlag 1910, signert stavangerfotografen Steinkopf-Wold. Det er ikkje heilt lett å sjå om det er ligande panel, eller om huset enno hadde kun tømmerveggar utan bordkledning utanpå. Veggane var i alle fall umalte på utsida, så eg tippar at det er tømmerveggen ein ser. Skulen like ved hadde også ubehandla bare tømmerveggar på eit bilete frå 1913, så slikt kunne ta si tid. Huset låg sidelengs i bakkehellinga i motsetning til den plasseringa huset fekk etter flyttinga på 1950-talet. Det verkar som om taket hadde grastak og at det var lengre på austsida av mønet den gongen. I endeveggen mot sør var det eit vindu med 4 små ruter i og nok som liknar på ei lita glasrute oppunder mønet. Det kan verke som om det då var vindauge fremst i salen.

I førstninga var inngangsdøra på andre kortveggen mot gamlevegen i nord. Der var det trapp opp på galleriet til venstre innanfor døra. Etterkvart vart inngangsdøra og trappa flytta på langveggen mot øst, øverst i bakken med trapp på høgre side. Det var først etter flyttinga at huset fekk kjellar. Då var huset snudd med endeveggar mot aust og vest, slik at inngangspartiet på langveggen då vart liggande mot nord med overbygg og trappa på venstre side mot østveggen. Med eiga kjellaretasje vart også inngongen flytta dit Der var ein gang fra inngangen til østre endevegg, der trappa gjekk opp i salen og fortsette vidare opp på galleriet. I salen var det høgst under taket. Det var ikkje takstolar, slik ein har i våre dagar. Tømmerkonstruksjonen vart derimot forsterka med to avstivarar i metall rør som vart festa mot dei to lengdeveggane. I desse røra hang også dei 4 oljelampane. Det kan vere forklaringa på at ein trong meir dagslys inn. Ved døra stod ein høg vedovn.

Elektrisk lys vart ikkje innlagt før i 1927, men det heldt på å verte ei ordning på denne utfordringa allereie i 1917. Då leia Austrems-Lars forhandlingane om sal av fallretten til Storelva frå grunneigarane på Østrem og Nedregotten. Den 12. juni 1917 selde dei so til ein Kaptein Hamre og tankane var at der skulle byggast demning i elvajølet omtrent der som varmestua til Idrettslaget ligg oppe på Grønevollen i våre dagar. I kontrakta hadde selgarane også tatt med eit eige punkt om bedehuset:

«Kjøperen forpligter sig til at levere gratis kraft til bedehuset paa Nedregotten i en mængde av indtil 300 watt. Betingelsen herfor er dog de samme som for frembringelsen av kraft til de øvrige grundeiere , der forplig ter sig til at bekoste indlag elektriske ledninger og fuldt utstyr, lamper og lysekrone i bedehuset. Den del av det nævnte antal hestekræfter, som grundeierne ikke vil benytte, skal kjøperne overta og betale med kr. 30.- pr. Hestekraft aarlig.»

Men det vart aldri noko kraftverk på kaptein Hamre. Kort tid etter sette nemleg Tafjord Kraft i gong ei storstilt utbygging på indre Sunnmøre.

Litt om arbeidet

Med eige bedehus var det høve til regelmessig arbeid, både religiøst og kulturelt. Mange har lagt ned eit stort arbeid i bygda. Sjølvsagt utan løn eller godtgjerdsle av noko art. Den åndelege verdien kan ikkje målast, men den er stor. I åra 1905-1930 var der også drive losjearbeid i avhaldsrøyrsla I.O.G.T. Elles kan nemnast dei mange jentelag og gutelag som har teke seg av barn og ungdom under skiftande kår. I 1942 vart ungdomsforeininga «Lat riket ditt koma» innmeld i Sunnmøre indremisjon med 23 medlemmar, men den dovna etterkvart av då mange av medlemmane flytte frå bygda, men nye ungdomsforeiningar kom til. I 1948 finn ein barnelaget «Vårbud», leia av læraren Signe Vigestad. Forutan søndagskule kan «Gutelaget Morgonrauden», leia av mellom anna Leon Emblem nemnast. Seinare skulle ungdomane få sitt eige kor på 1970-talet under namna Credo, og seinare omdøypt til Respons. Der var også 4 misjonsforeiningar med kvar si misjonskvinneforeining. Kinamisjonen var den aller eldste. I 1948 var det finsnekkar Ludvig Berntsen på Magerholm som var formann i Kinamisjonen. Han hadde gifta seg med Olivie Regine Lovise Hesseberg frå Bryggjå på Hesseberg og bygd seg eige hus med snikkarverkstad ovanfor Gasseneset på Magerholm. Det vert fortalt om han at han var ivrig på å vitna om Gud på to manns hand. Det hende at han leita opp folk ved Sykkylvskyrkja og tok dei med bak ein vegg for å snakka med dei om Gud. Ludvig og Olivie var bornlause. Dei testamenterte hus og verdiar til det som i våre dagar er den private Vestborg vidaregåande skule på Stranda i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband, arvtakaren etter Kinamisjonen. I nyare tid har også dei over 60 fått sitt eige tilbod på bedehuset.

Bedehusabasaren

På denne dagen fekk skuleborn og tenarar fri dei første åra. Folket strøymde til bedehuset som om det var ein høgtidsdag. Dei hadde med seg heimelagde gåver til basaren. Der var ting som var strikka, sydd, snikra og endå til levande. Nokon kom leiande på eit lam til auksonen. Det vart kalla «misjonslammet». Det var auksjon og ikkje utlodning dei første åra. I tillegg var der kaffiykt og folk hadde god tid til ein prat.I tillegg kom der tilreisande predikant for å halde talen for dagen.

Basarane som dei ymse foreningane skipa årleg var også i den første tid eg hugsar haldne kl. 11 på kvardag. Det var mest som ein festdag. Folk møtte jamt opp. Utanom det vanlege møtet var der då auksjon over innleverte varer. Eg hugsar godt den haugen som låg rundt på plattforma. Det var for det meste gardsprodukt og heimelaga ting: Mange posar med ull - 1 mark eller 2 mark- ( 1/4 kilo eller 1/2 kilo) trådhesper, vottar, strømper, ullbuler, grevskaft, river, balletrau, kaser og meir slikt.

Det var då vanleg at ein fekk den mest humoristiske til auksjons-mann og forsamlinga ga bud. To anstendige menn skreiv ned kjøpar og sum, det vart seinare samla inn ved eit bud som gjekk rundt på bygda. Seinare kom bruken av utloddning til og det første som vart lodda ut var eit vaskevannstell med mugge, fat og såpefat!

Jofrid Emblem minnest også basarane med glede. «Og så var det basarane da, det var om tysdagane klokka 2, og då fek me fri skulen for å gå. Då var det auksjon, og to karer sat og skreiv. Så var det mat, det var to snitta brødskiver med brunost. Heime hadde me berre vanleg heimesteikt brød, og eg syntest eg kjenner smaken ta desse snitta-brødskivene endå. Det var ein slags bygdatreff desse basarane.»

I Harry sin barndom på 1920-talet vart det slutt på å få fri frå skulen når det var bedehusauksjon. Men dei byrja framleis kl. 14, så det ka ha vore laurdagen som vart nytta. Då var det mest bruksting som sokkar og ull som vart auksjonert. Han hugsar at Vika-Petter kom med ei kasse med eple, og at Steffen Magerholm var auksjonarius. Han var nemleg god til å snakke for seg, i likheit med Austrems-Lars. Lars hadde også evna til å fortelle slik at folk høyrde etter og forstod kva han tala om. Preikene hans vara heller ikkje så lenge, og det hadde dei færraste noko imot. Om Lars var auksjonarius nokon gong er iusikkert, men han drog vidt omkring som predikant. Og Emblemsbygda skulle gje grobotn til fleire slike i åra som kom.

Fire misjonsgreiner har hatt kvinneforeiningar, truleg heilt sidan huset vart bygd. Stundom heldt dei til i heimane. Desse foreiningane brukte vanleg å halde ein basar kvar sin gong i året. Det var som høtidsdagar å rekne. Alltid var det yrkedagar som vart brukt. i den første tida begynde dei kl. 11, seinare vart mest kl. 2 brukt. Tenarane fekk fri og skulen heldt opp og det var alltid stort frammøte, og tilreisande talar var med, han heldt lange talar både først og sist. Innimellom var det lang matykt. Sjølve innsamlinga var alltid auksjon av gåver og gjenstandar som folk tok med seg. Det kunde vere frå levande lamb, ullaposar og strikka bruksgjenstandar. Alt vart auksjonert bort, utlodning vart lite brukt. Denne innsamlingsformen vart mest brukt til fram mot krigstida. Seinare gjekk dei over til vanlege kollektar. Ut i femtiåra vart basarar oppatteke, serleg når bedehuset skulle ombyggast.

Frå huset kom opp har der vore fleire vekkingar i bygda. Av desse kan vekkingane i 1901, 1905, 1908 og 1920 nemnast, men den største var nok den i 1942. Då kom der med mange i sine beste år som seinare tok på seg leiaroppgåver i indremisjonen.

Om musikk på bedehuset dei første tiåra

Dei første tida var der ingen instrument på bedehuset så då måtte nok den med best songrøyst lede an i songen. E in privatmann kjøpte seinare eit lite orgel til bedehuset før 20-åra og Ivar Flydal fortel at ei ung jente frå Eikenosa spela. Ho døydde tidleg og då var der ingen musikk nokre år. Frå ca 1922/23 var det to smågutar som skifta om jobben i fleire år. Denne jenta var truleg ikkje den første i bedehuset si historie. Frå Auregarden kom det ein lærar som heitte Knut Olaus Emblem (1846-1909) Han var visst den første formannen i Spjelkavik indremisjon og den andre organisten i Borgund kyrkje frå 1870-åra. Han var det meste av tida busett på Åse. Knut var ugift og omlag 1906 kom han heim att til bygda som pensjonist. I tillegg til orgelet hadde han også erfaring frå å dirigere kor. Det er godt mogeleg at han engasjerte seg på bedehuset på Emblem også, medan han hadde helse til det. I alle fall så veit ein at Andreas Midtgård frå Hundeidvika fekk orgelundervisning medan han tente i Emblemsbygda av ein organist som han kalla Kristian Emblem i 1905. Truleg var det Knut han tenkte på, og orgelet var truleg kyrkjeorgelet i Borgund. Alternativt var der to som kunne spele orgel på den tida. 

Om der fanst kor dei aller første åra er uvisst, men Harry Akslen (f. 1919) har fortalt meg om eit vagt barndomsminne der onklane i Auregarden song i eit kor som opptrådde på bedehuset under leiing av lærar Lars Flydal. Det kan ha vore ein gong tidleg på 1920-talet. Bestefaren, Ola skal også ha vore med i kyrkjekoret i Borgund, så songkrefter fanst der i alle fall i bygda. Eg vil tru at også lærar Knut Furset kan ha bidrege med eit og anna av musikalsk art, før lærar Lars Flydal kom til bygda i 1905 I mellomkrigstida var der i alle fall både blandakor frå 1912-1915, litt i 1924/25 og noke i 1940-åra. Det var heller vanskeleg for ungdomen måtte reise bort ifrå bygda etter levemåten. Seinare når rutebiltransporten vart meir vanleg fekk både arbeidsfolk og skuleungdom bu meir heime, og det hadde stor verd for lagsliv og fritidsaktivitet. På bedehuset har der mest alltid vore musikklag, slik som «Emblem Musikklag» med medlemmane Margit Flydal, Jofrid Emblem, Laura Akslen, Inga Flydal, Emma Larsen, Ruth Emblem, Marie Emblemsvåg, Gudrun Flydal, Jon Nedregotten, Karsten Nedregotten, Martin Emblem, Karsten Emblem og Harry Akslen. i seinare tid er det mest heilt unge som er med. Etter kvart kom det til mannskor, og Musikklaget Gjallarhorn har óg hatt ei tilknytting til bedehuset gjennom dirigentar, medlemmar og konsertar.

Mauritz Akslen fortel at tida før det blei høve til fri nattverd var det vanleg at presten kom inn 2 ganger om året og heldt gudstjeneste med altergang for dei gamle og sjuke som ikkje kunne kome seg til kyrkje. Desse samlingane var på ein kvardag klokka 11 og då var det vanleg at heile grenda tok fri. Der var ikkje orgel på huset den gongen, men han hugsar godt den kraftige allsongen

Bedehuset vart flittig brukt i vinterhalvåret. Særleg om hausten var folk mykje heime og dreiv litt med jordbryting og heimefiske i mellomkrigstida. Om kveldane var det mange som tok turen på bedehuset, både unge og eldre, ja born og. Der var tilreisande talarar frå ymse samskipnader med mange gode møter. Av og til var der vekkjande ånd over samværa, som i 1938 og 1943. særleg omfattande var den i 1943, mange av dei som kom med då har stått i leiinga til denne dag.

Søndagskulen

I 1901 starta søndagskulen på Emblem. Jeg er ikke sikker på kvar dei heldt til dei første åra, for hverken skule eller bedehus var bygd enno. Lars Magerholm vart den første leiaren og det heile starta etter sekretær Krogsvik hadde vitja bygda. Kanskje er det nettopp husproblematikken som påverka det videre arbeidet, for det vart lagd ned etter ei stund.

I 1904 tok dei so fatt igjen. I møteboka for Emblem Indremisjon kan ein finne at følgande meldte seg frivilleg til å vere med på dette arbeidet: Lars Austrem, Ole K. Emblem, Peter K. Emblem, Lars Magerholm, Sevrin Emblemsvåg, Peter Røssevold, Pernille Østrem og lærar K. Furset. No gjekk det betre. I 1906 var Furset leiar og dei var 5 vaksne som hadde ansvar for ein ungeflokk på 50. I 1943 vart det leirabytte mellom to av dei mest markante leiarane i søndagskulehistoria i Emblemsbygda. Ole K. Emblem overlet leiarvervet til Karl Flydal som fortsette heilt til 1980 og fekk kongens Fortenestemedalje i 1987 for sine utrulege 44 år med kontinuerleg innsats. Fleire av søndagskulelærerane heldt også på i mange år. Leon Emblem var med i 18 år frå 1950-talet, medan Jorun Akslen, Liv Karin Bjørdal og Marie Bjørkavåg var med i mellom 12 og 20 år dei óg. Arbeidet skule syne seg å gå både litt opp og ned, men frå 1970-talet tok arbeidet seg kraftig opp att.

Slik eg sjølv hugsar søndagskulen, kring 1980, var det samling i storsalen for dei minste, med Magne Emblem på piano, under kyndig leiing av Asbjørg Gjertsen, Anny Hesseberg, Marie Bjørkavåg og Liv Karin Bjørdal. Dette var etter at det opphavelege bedehuset var flytta lenger ned i bakken og utvida i både lengde og høgde. så vidt eg hugsar så var det enten Karl Flydal eller Gjert Gjertsen som leia søndagskulen for dei eldste i kjellaren. Anny og Asbjørg dirigerte også Søndagskulekoret ved større anleiingar. Kring 1981 vart det så vel spela inn ein kassett med tittelen «Tonar frå Emblem». Her var alle aktive kor og orkester i bygda representerte. Sølvfisk-klistremerke fekk ein for god oppførsel og så trur eg det var gullstjerne i boka for oppmøte. Det var ein av dei store hendingane for oss minste, kun overgått av fortellingane ved flanellografen. Så vidt som eg har høyrd så var det Leon Emblem som starta med den. Det var nok ikkje like lett å sitte stille på ein sundagsmorgonen, så dei vaksne måtte ha ein god porsjon tolmod vil eg tru. i 1989 vart dagens bedehus innvia. Dette gav meir rom for søndagskuleaktivitetar og ungdomsabeid. Etterkvart tok også nye leiarar over arbeidet. Katrin Aspehaug Bjerkan har minst 9 års erfaring og andre som bør nemnast er Marita L. Flydal, Svanhild Farstad og Bjørg Clausen Flydal. Liv Karin Bjørdal var leiar frå 1980-1986, medan Marita var leiar frå 1986. Søndagskulen held framleis fram med arbeidet..

Julefesten

I mellomkrigstida var julefesten som regel 2. juledag. Harry Akslen fortel om eit barnddomsminne frå ein slik fest. Det var tre ringar når ein gjekk kring juletreet. Som smågut gjekk han innerst.

Det var levande lys på juletreet. Treet var høgt, men ikkje like høgt som i våre dagar. Problemet var å tenne lysa øverst i treet. Det var truleg Guttorm-Iver som hadde laga seg ei innretting med eit stearinlys på ei stong for å nå opp mot toppen. Då dei gjekk ikring treet fall ein dråpe stearin ned på handa til Harry. Det svei nok. Ungane fekk godteposar med ei appelsin, druer, fiken og slikt. Desse posane var det den gongen handelsmann på Akslabuda, Lars Kornelius Akslen i L.K. Akslen a/s som spanderte. Han døydde i 1929. Harry var ikkje den einaste som fortel om dryppande stearin. Jofrid Emblem, fødd Akslen, hadde også eindring om det. «så var det nå julefesten på bedehuset, barnefesten, som oss gledde oss på. Juletrelysa var stearinlys, så når oss gjekk rundt treet så var det av og til det ville drype ned på kledene våre. Eg hugsar ein gong eg hadde på meg ein nye fløyelskjole og der draup det på den! »

Skal ein tøyse på bedehuset?

Skare-Nils var far til Judith Kvangarsnes og ein religiøs mann. Han fortalte om ei underleg hending på gamlebedehuset i hans ungdom. Det var to gutefantar, Nils inkludert, som tenkte at dei skulle skremme jentene som kom på rekke og rad utover bygdevegen. De var på den tida at ungdomane kunne samlast på kveldane og gå i flokkar gjennom bygda. No hadde dei oppdaga jenteflokken som kom i retning mot bedehuset. Ytterdøra stod som vanleg åpen og gutane for inn dit for å gjøyme seg i gangen. Her stod dei å venta før dei skulle hoppe fram og skremme dei. Jenteflokken hadde no nærma seg so mykje at det var tid for å fullføre fantestykket, men med eitt så viste det seg at dei ikkje klarte å få opp ytterdøra. Dei fekk den på gløt, men så stod den blegg fast. Jentene var no så nær at dei måtte berre gje opp. Denne hendinga syntest dei va rar. De va omtrent som det stod eit dyr eller noke foran døra. Når dei seinare skulle gå vidare då gjekk døra opp. Utan problem id et heile. Dette meinte gutane at det var eit tegn frå det høge om å ikkje bruke bedehuset til den slags. Nils var overbevist om det.

Flytting og utviding av bedehuset

Etter kvart skulle bedehuset kome for nært bilvegen og verte for lite. I femtiåra vart det snakka litt om huset, oppussing eller ombyggast - noko måtte gjerast. I 1954 vart det lagt fram planar om både flytting og ombygging frå formannen. Problemet var at kassa var tom og ny tomt hadde ein ikkje. Likevel vart det ei råd. Lite kunne gjerast der det stod, for vegmyndigheitene nekta å godkjenne forslaga. Det løyste seg då Jon Nedregotten gav tomt omlag hundrede meter lenger mot vest, og ein fekk då trekke huset bort frå riksvegen, slik at ein kunne bygge på. Det vart utgravd tomt og sett opp murar så høge at det vart brukande kjellaretasje. Vegkontoret var så rause at dei betalte nokre tusen kroner, nok til å flytte huset. Det var eit arbeidslag frå Stordalen som tok seg av flyttinga, det vart rulla nedover bakken og fram på murane i heil tilstand. Samstundes vart vestveggen laussaga og flytta 4-5 meter ut så huset vart større.kjellarroma med sal, kjøken og klosett vart sett i stand straks og vart brukt i to år. Då vart andre etasje ferdig innreidd. Det vart då eit ganske pent hus, serleg inne. Benkane vart sett ut og stolar anskaffa, orgel og piano kom på plass og vi trivdes bra. Det var visstnok fullt ferdig og innvia i 6. mai 1962. Fredrik «Frikken» Anton Emblem frå Negarden var ein av dei som hjalp til på dugnaden. Han fekk forsyne seg med restematrialar, som han bygde seg hønsehus av. Han leigde då det vesle plassehuset på Kristenplassen inne på Magerholm. Mykje folk kom dit for å kjøpe seg ferske egg. Kona, Kristine Emblem (f. Thorvik i Herøy) var også aktivt med i kvinneforeininga. Målfrid Flesjå mines at dei var eit triveleg ektepar som var faste kjøparar når juleheftet skulle selgast i Emblemsbygda. Det var vel ikkje så mange fleire i bygda som hadde hønsehus av bedehusplank.

Mot slutten for gamlebedehuset og byrjinga på eit nytt

Kring 1980 vart det klart at bilvegen måtte flatast meir ut og utvidast ytterlegare På ny kom bedehuset alt for nært hovudvegenvegen. Ein såg nytte av eit større hus, men finansiering var vanskeleg for eit lag med bere 32 medlemmar den gongen. Det vart sett i gong innsamling, loppemarknadar, og eigne gåvekontoar for faste trekk. Her er det mange som bør nemnast. Bygdefolk flest merka seg truleg Judith Kvangarsnes som gjekk uttallige turar med loddbøker for nytt bedehus Tidlegare hadde ho også arbeidd aktivt saman med Ragnar Ulstein for å bygd sportskapell på Skjerva ved Grønevollen. Der var dei som gav heile to månedsløner i året til nybygget, og mange stilte opp på utallege dugnadar. I 1988 hadde heile 1, 7 millinar kroner funne vegen inn på byggekontoen. Dugnadsarbeidet vart i tillegg utrekna til å utgjere 2,5 millionar kroner i verdi. På desse åra hadde medlemstalet auka til 60 medlemmar i takt med auka tilflytting til bygda. I mai 1988, omlag eit år før inviinga hadde Emblem Indremisjon enno ikkje tatt opp ei krone i byggelån. Nokre av pengane til bygginga kunne hentast frå forsikringspengane etter at ein av Hoel Transport sine lastebilar hadde rulla på eiga hand inn i grunnmuren på gamlebedehuset og forårsaka dels store knusingsskadar ved inngongspartiet ved bygginga av den nye hovudvegen i 1983. Desse pengane var på sett og vis med på å sette startskotet for eit nytt bedehus i den same bakkehellinga litt nærare Syvargarden. I tillegg hadde vegmyndigheitene sagt nei til utbetring eller utbygging av det eksisterande gamlebedehuset. Ein hadde nemleg mista ein del av tomta mot hovudvegen ved vegskjønn og no var inngangsdøra berre omlag tre meter frå kjørebana. Uansett var det imponerande å makte å bygge eit hus på kring 900 kvadratmeter utan lån, men kasserar Sigurd Langleite kunne samstundes fortelle journalisten frå «Nytt i Uka» at dei mangla omlag 900 000 til å ferdigstille bygget. Og det gjekk bra. Huset vart fullført og eit praktbygg med lokal utsmykking og handtverk. Rekkverka vart bygde av ein særs trufast bedehusmann, bygdesmeden Karl Flydal. Ein hadde det litt moro i ettertid med dette arbeidet, for meir enn ein gong vart sikringane overbelasta når metallarbeidet skulle utførast på staden. Han bør særleg nemnast for sit trufaste arbeid med dei eldste borna på søndagskulen i mange år. Broren, Ivar Flydal, var i tillegg til bedehusmann ei viktig eldskjel i musikklivet i bygda. Var med å starta opp Gjallarhorn, dirigerte mellom anna dette musikklaget og var aktiv i Emblem Kristelege Mannskor i ein mannsalder.

Som ei følge av nye flotte lokale kunne også nye tilbod startast opp. Rett nok var der fleire kor og foreiningar før 1990 også. Her kan mellom anna Leon Emblem og Gutelaget Morgonrauden nemnast, men med større areal fekk ein enno betre dreis på borne- og ungdomsarbeidet. Bygda bygde for alvor å vekse med fleire byggefelt i nærleiken og fleire kom frå nabobygdene også. In*Puls var eit av desse tilboda. Nær kvar einaste rom vart nytta til tilbod som filmgruppe, matlagingsgruppe, modellfly-gruppe og mykje meir. Hallvard Emblemsvåg var her ein viktig pådrivar. Ungdomskoret Respons med Arild Berstad fekk akkurat dei rette lokala til å utvikle koret sine nye tekniske behov og scena var så stor at der var god plass til å vekse både i antall medlemmar og reint songteknisk. Reint praktisk kunne ein no ha fleire møter og korøvingar samstundes og bedehuset vart ein viktig samlingstad for heile bygda, omlag som det gamle hadde vore tidlegare. Det er nok få av dei første pionerane som kunne forestille seg den utviklinga som har vore sidan 1901.

Formenn i Emblem Indremisjon

Det er ikkje berre å starte eit lag. Det må haldast ved like kvar einaste dag året rundt. Emblemsbygdarane har såleis vore heldige og hatt mange trufaste slitarar frå botn og heilt til topps. Det vil ta for lang tid å nemne alle, så eg får halde meg til kun formennene i denne omgongen. Frå 1901 til 1980 var det Ole. K. Emblem, Lars Austrem, Steffen Magerholm, Hans Akslen, Karl Flydal, Rasmus Hesseberg, Ivar Flydal, Jon Brune, Kåre Bjørdal, Karsten Emblem og Leon Emblem. Fleire av desse har óg markert seg i mellom anna politikk, foreldreutvalg til Emblem Skule, hornmusikklag og ikkje minst i den daglege drifta av dei mange foreiningane tilknytt bedehuset.

Eg vonar at det skal la seg gjere å kome attende seinare med den vidare historia til Det nye bedehuset frå omlag 1989 til i dag. Då treng eg ein god del opplysningar for å få til det. Ta gjerne kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com.


Kjelder:

Akslen, Harry: Fleire telefon og lydbandintervju frå 2013 til 2015 om Emblemsbygda.

Kvangarsnes, Judith: Lydbandintervju 3.6.2014 om Emblemsbygda.

Hagesæther, Johs et. Al: «Sunnmøre Indremisjon 100 år» , Utgjeve av styret i Sunnmøre Indremisjon, trykkt av Sunnmørsposten a/s 1982

Straume, Jakob: «Festskrift om Kristenliv på Sunnmøre», Sunnmøre og Romsdal krins av Norsk Luthersk Misjonsamband, 1950

Akslen, Maurits: Frå eit skriv om garden og bygda i hans barndom

Emblem, Jofrid: Intervju med Sigurd Langleite kring 1987. Avskrift frå lydopptak.

Flydal, Ivar: "Om lagsliv og bedehuset i bygda"

Holt, Karin (red.) «Søndagskuleliv på Sunnmøre»

Østrem, Svein Ove: «Læraren Knut Emblem»: http://www.emblemsbygda.com/113642094

«Song og spel i Sykkylven: Gamal og ny tid»

https://no.wikipedia.org/wiki/Hans_Nielsen_Hauge

http://www.borgerskolen.no/lokalhistorielocal-history/bevegelser-og-fenomener/saernorske-bevegelser/haugianerbevegelsen/hans-nielsen-hauge/hans-nielsen-hauges-reiser-og-viktigste-hendelser/hans-nielsen-hauges-kjobmandsreiser-presentert-av-dagfinn/

https://forum.arkivverket.no/topic/184290-halvard-pederson-morken-og-tore-pederson-roenneid-fra-luster/

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE