Litt om Fredrik Frikken Anton Emblem frå Negarden

Bryllupsbiletet til Fredrik Anton Emblem og Kristine Thorvik i 1955. Biletet tilhøyrer Marit Flem

Han vart fødd i Negarden 2. april 1894, og fekk namnet Fredrik Anton Emblem den 14. mai i Borgund Kyrkje. Foreldra var kjøpmannsonen og gardbrukaren Fredrik Larsen Emblem (1863-1938) frå Negarden og Anna Eline Jørgendotter Eikroll (1856-1897). Fadderane var mora, Anna Eline, gardbrukar Klaus Nilss. Emblem på Ystebøen, gardbrukar Ole Berntsen Emblem frå Jakobgarden, onkel Andreas Carolus Larsen Emblem, og ungjenta Anna Johansdotter Emblem. Eg undrar meg på om den sistnemnde kan vere nabojenta Anne Eline Petrine Johansdotter Emblem (f.1865) frå Garsendhaugen. Ho gifta seg i 1899 med Severin Kornelius Martinus Emblemsvåg (1856-1952) som var enkemann og dreiv Antonesgarden i Emblemsvågen.

Fredrik Anton var den femte i ein stor ungeflokk på heile 17 born. Rett nok så døydde to av dei tidleg, men ein kan vel neppe sjå føre seg korleis dei klarte å innrette seg reint praktisk med for eksempel matstellet, og alle som trong sko og klede. Det må ha vore nesten ei onn i seg sjølv. Litt spøkefullt kan ein kanskje seie at det neppe var utan grunn at fleire av dei næraste grannane tok til med skomakarverkstad som attåtnæring. Der var godt med hjarterom i Negarden og foreldra engasjerte seg verkeleg i oppveksten til borna sine. Dei eldste laut nok hjelpe til tidleg heime, men slikt var temmeleg vanleg på den tida. Dei var ikkje så mange åra før dei fekk ansvar for både dyr og pass av søsken. Ein åtteåring kunne for eksempel passe sine tre yngre søsken på den tida. Foreldra, Anna Eline og Fredrik, måtte arbeide hardt for å få nok mat på bordet. Dei fekk nok også god hjelp frå Fredrik si mor, Severine Knutsdotter (1836-1916) med opphav på Roald. Far til Fredrik var nok også delaktig. Han heitte Lars Olsen Emblem (1845-1925) og dreiv Negarden saman Fredrik til 1889. Det året fekk Lars utferdstrong, som så mange i denne slekta før han. Borna var for lengst store nok til å klare seg sjølve, og Negarden var veldriven. Han let dermed oppgavene i heradstyret i Borgund ligge og drog på sjøen. Lars var ingen ungdom lenger, med sine 44 år, men det var vel no eller aldri. Sin del av gardsdrifta gav han frå seg til sonen. Då han drog var der tre borneborn heime i bygda. Då han igjen sette føtene på landjorda for godt etter 12 år, kring 1900, var Fredrik Anton Fredrikson Emblem fødd og han hadde blitt farfar til 9 born berre i Negarden.

Dei første borneåra

Me veit ikkje så veldig mykje om dei første borneåra til Fredrik Anton Fredrikson Emblem. Han vart vaksinert 25. juni 1895 på Sjøholt, og anten kalla opp att etter far sin, eller mest truleg etter Fredrik Elias Olavius Emblem (f.1842-ca. 1865) som foreldra nok hadde i tankane. Faren til Fredrik Anton var også kalla opp att etter han i 1863. Fredrik Elias Olavius var storebroren til Lars Olsen Emblem, og dermed onkel til faren hans. Han hadde emigrert til St. Paul i Amerika 1860 og delteke i borgerkrigen der borte. Som takk for innsatsen i nordstatshæren fekk han eit landområde, men døydde like etter krigen. Fredrik Anton vaks nok opp med fortellingane om dei frå slekta som hadde reist ut. Kanskje fekk han sjølv høyre oldefaren Ole Elias (1818-1896) fortelle om turen til Amerika også, men han var neppe så stor at han kunne hugse særleg mykje av dette. Ole vart heller aldri nokon kårkall i Negarden. Han hadde overlete alt til sonen sin, Lars Olsen Emblem, då han drog over dammen for å finne ut av arva etter sonen i Amerika. Han vart verande i 4 år, men fekk ikkje kona Agnete til å flytte etter, så han gjorde vendreis og busette seg hjå bror sin, den etterkvart så rike Magerholm-Klaus på hovudbruket på Mageholm. Fredrik Anton var kanskje ikkje så ofte på besøk der inne, men brev og fortellingane levde nok vidare i slekta. Ein gamal-onkel hadde endå til emigrert til Durban, så der fanst vel også brevkorrespondanse og bilete frå han på garden. Det var sikkert ekstra kjekt då bestefaren kom heim att og slo seg ned på parsellen «Elvarum» like ved og starta butikk der kring 1900. Anton Fredrik var nok ofte innom handelslaget der storesøstra Severine Andrine Emblem (1887-1906) var busett som pleiedotter i 1900.

Livet i Negarden kravde mykje arbeid frå tidleg morgon til sein kveld. For å spe på inntekta dreiv emblemskarane mykje med fiske. Dei gjekk saman om kjøp av større båtar og notlag, bygde storbåtnaust og barkeplassar for kvar matrikkelgard i bygda. Brukarane på Nedregotten hadde sin åttring i den lune vika nærast Løvika. Etterkvart kom møringsbåtar, som «Kviten», til bygda og var fellesbåt utan motor i sameige. Ein annan fellesbåt heitte «Shallivar» og i Negarden hadde dei ein båt som heitte «Sjøblomsten». Far hans byrja gradvis å kjøpe opp fisk også. Soleis konkurrerte han vel med Mattis inne på Østrem, og vart nok inspirert av han til å prøve seg på eigen tørrfisk-eksport for å få betre forteneste, men det var seinare i mellomkrigsåra, etter at Mattis Østrem hadde slutta og den store «Mattisbuda» på berget innanfor Østremsvika var seld ut av bygda. Fredrik Anton var nok også med ned på fiskeberga ved Storfjorden der fangsten vart tørka til eksportvare på kvar eit ledig areal. Eg har høyrt at denne næringa først tok slutt for negardsfolket då dei miste ei heil last i Spania då borgerkrigen starta der i 1936. Soleis var nok fisk ei god ekstrainntekt i minst 30 år. Etter dette tapet vart det vanskeleg å klare seg. I eit brev til Fredrik Anton sin bror, Jørgen Emblem, i Santa Fe fortel faren at det var vanskelege tider. Han hadde ikkje inntekt, men framleis skulle dei årlege bankavdraga på 100 kroner betalast. Han håpa at vener frå arbeidsåra sine i amerika kunne hjelpe han ei tid framover. På den tida var det heldigvis berre to born å forsørge.

I barneåra fekk Fredrik Anton eit meir praktisk namn i daglegtalen. Det var «Frikken». Om det var han sjølv, eller familien, som byrja med dette namnet er usikkert. Eg kan vel forestille meg at det var eit slags «kosenamn», eller kanskje eit namn som han fekk frå sine mindre søsken. Slike namn var veldig vanlege på den tida og vart gjerne nytta livet ut. Til dømes jentenamnet «Mosse», som skapar utfordringar når det rette namnet skal finnast i seinare slektsgransking. Frikken-namnet er såleis lettare å finne opphavet til. I den vidare teksten kjem eg til å nytte dette namnet slik at det skal vere litt enklare å skille han frå faren som også heitte Fredrik.

Harde slag

Alt var ikkje berre idyll i Negarden. Mora, Anna Eline, døydde i 1897, då Frikken berre var 3 år gamal. Han hadde kanskje ikkje så veldig mange minne om mor si. Frikken fekk etter kvart ei stemor, Lovise Olave Marie Jensdotter Hovden (1869-1940), som det vert fortalt om at ho var flink til å ta seg av dei fem borna som no var morlause. Sjølv hadde ho ikkje hatt det særleg enkelt i Emblemsbygda tidlegare. Lovise kom opphaveleg over Storfjorden frå garden Hovden ved munningen av Hjørundfjorden som tenestejente til Negarden. Ho forelska seg i ungkaren Lars Karl Joakim Olsen Emblem (1870-1952) på nabobruket Sjursgarden og vart også gravid. Far til Lars var sjølvaste «Sjurs-Ole» og ein av dei rikaste i distriktet. Han ville ikkje akseptere at sonen gifte seg med ei tenestejente og han fekk viljen sin. Lovise vart dermed ståande att åleine som ugift mor, og arbeid måtte ho ha for å klare seg, så dottera måtte sendast til besteforeldra for oppforstring på Hovden, mens Lovise måtte fortsette tenestearbeidet på Emblem. Slikt er vanskeleg å forstå i våre dagar, men ho hadde i alle fall eit sosialt nettverk kring seg slik at Olivie som kom til verda i 1895 ikkje vart tvangsadoptert. Enno vanskelegare må det ha vore at ei ny ung dame kom frå Holmeset for å gifte seg med Lars året etterpå. I bryllaupsgåve fekk Lars gard på Østrem av far sin med ein klausul om at dottera, Olivie, ikkje skulle ha rett på noko av denne gåva. Lars med det nye etternamnet Østrem vart gradvis ein markant skikkelse i bygda. Det gjorde det neppe noko lettare for Lovise, men no var det hennar tur å oppleve noko positivt. Ho vart altså gift nettopp i Negarden, og det var lite som tyda på anna enn at Fredrik var svært glad i henne. Det var altså ikkje av medynk eller praktiske årsakar han gifta seg opp att, sjølv om ein må erkjenne at han ikkje hadde klart alle forpliktelsane utan ein ektefelle ved si side.

Kring 1900 var der heller lite ein kunne gjera når sjukdom råka. Frikken hugsa nok godt at eldstebroren, Lars Ingvald (1885-1900), vart sjuk og døydde av tæring. Det var kanskje grunnen til at søstera Severine budde ei tid på Elvarum med besteforeldra kring 1900. i 1903 døydde so lillebroren, Lars Leonhard (1901-1903) av kolera og i 1906 vart båra til søstera Severine ført til kirkegarden i Borgund. Slikt pregar heilt klart eit bornesinn, sjølv om ein nok var meir vand med å takle døden på den tida.

Midt mellom tapet av søskena sine skulle Frikken begynne på skulen. Den første tida hadde han den aldrande omgongskulelæraren og naboen, Knud Furset. Borna gjekk då på skule omtrent tredje kvar dag i 12-15 veker. I 1894 hadde den gamle 9 vekers-grensa per klasse vorte utvida slik at ein kunne ha skule i heile 21 veker, men dt vart ikkje aktuelt i landbrukskommuna Borgund. 6 av desse vekene var nemleg frivillig og på Emblem vart det spart på det meste. Mange av borna skulle no uansett verte gardbrukarar, så mykje skulegong trong dei då ikkje. Heime trong dei også hjelp på garden, og det var ikkje alle som var like positive til skule. Bygda sjølv var ansvarleg for utgiftene til lærar, matriell og skulebygg. Det hadde vore diskutert lenge om ein skulle ta seg råd til å sette opp eige skulehus, men det var først nokre år etter at Frikken starta på skule at skulestova stod ferdig. Dette var omlag 20 år seinare enn fleire av grannebygdene. Ved å satse på minstemålet i antal veker så kunne same læraren ha tre klassar i staden for to. Det vart billegare, og han trong også fritid nok til å drive sin eigen gard. Då kunne dessutan løna reduserast litt til. I dei siste åra med omgongskulen hadde dei derimot slutta med å dele opp skuledagane på dei ulike gardane som hadde elevar. På Emblem gjekk skulekrins-grensa langs Storelva. Frikken tilhøyrde altså krinsen utanom elva og gjekk i klasse med dei som kom frå gardane som tilhøyrde matrikkelgardane Emblem, Emblemsvågen, Røssevollen og Eikenosa. Dei heldt for det meste til i den eine stova på Magnusplassen, som ofte var leigd ut til dette formålet, før skulebygninga stod klar kring 1903. Den låg like nedanfor tunet i Negarden på Skillingsmarka, så han hadde kort veg.

Etter kvart fekk han den nyutdanna Lars Flydal som lærar på den nye skulestova på Hjellhaugreset i Emblemsbygda. Alt gjekk visst ikkje slik som det skulle. Det er usikkert om Frikken sleit heile tida han gjekk på skulen, og det er også uklart kva han sleit med. Det er mogeleg at han kan ha hatt lese og skrivevanskar, med det er også ei viss mogelegheit for at det kan ha vore snakk om psykiske vanskar, eller ein mild polioinfeksjon. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han vart psykisk prega av å miste så mange familiemedlemmar på få år i barndommen, men nokon fasit på utfordringane har eg ikkje funne. Det vert ikkje nemnd i skuleprotokollane. Åra gjekk og 9 år seinare hadde han kun gjennomført 5 skuletrinn. Det kan verke som om han også var ei tid heimanifrå. Fiske, eller teneste kan då vere to nærliggande aktivitetar.

Eikelund Åndsvakeskule

I folketellinga frå 1910 kan ein finne at Frikken var innlagt på Eikelund Åndsvakeskule ved Bergen. Det finst ikkje noko eiga mappe for kvar enkelt elev før 1914, men i elevprotokollen kan ein lese at han vart skriven inn 19. februar 1909 og avslutta opphaldet ved konfirmasjonen 30. juni 1911. Det vert då bemerka at han hadde gode kunnskapar, men ringe arbeidsevner på grunn av sjukdom. Gamle elevbilete frå skulen syner nemleg at praktisk gardsarbeid og handtverk var integrert i det teoretiske skulearbeidet. Frå kopiboka kan ein også finne spor av korrespondanse mellom faren, Fredrik, og institusjonen. Det første av desse breva kjem frå Eiklund, er kort og udatert:

«De længes vel efter at faa høre litt om og fra Deres herværende søn. Og det glær mig da at kunde melde, at han befinner sig i bedste velgaaende. Han har ikke vist ringeste tegn til hjemlengsel, hva der formentlig kommer derav, at ha også tidligere har vært borte fra hjemmet. Der er noget elskverdig ved gutten som gjør, at aller blir gla i ham. Paa skolen ser det ut til at ville gaa bra med ham. Han opfatter godt; men staa jo tilbake, hva kundskaber angaar. Vi har 8 opadstigende Klasser svarende til lovens bud om indtil 8aarig skolegang, og vi forsøker nu at faa Fredrik med i 6te klasse, hvad der antakelig vil gaa. Overpleieren behandler hans hode hver dag, saa det ser bra ut.Fredrik var om at skrive selv; men det blev ikke til noget videre, så de denne gang får nøie dem med en hildsen fra ham. Også jeg sende Dem min hilsen, idet jeg tegner Deres»

Her stoppar teksten i brevkopien og ei eventuell neste side manglar. Eg vil tru at det vart sendt kort tid etter at Frikken kom dit i 1909. Det kan vere interessant å merke seg at han har vore heimanfrå før 1909 også, men skulen var ikkje fullført og ein veit ikkje eksakt kva han har gjort før. I 1909 skulle han vel normalt ha vore ferdig med den pålagde 8-årige skulegongen på Emblem. Han vart registrert med «sygdom A» som står for «aandsvag», men den båsen kunne nok romme litt av kvart. Dette var moderate lærevanskar der skulegong kunne nytte, og breva mellom skule og faren syner fleire gongar at Frikken ungjekk å skrive. Det kan difor minne litt om lese og skrivevanskar av ei eller anna form, men der var også andre mogelege årsaker, så det er vanskeleg å fastslå noko.

I eit nytt brev, datert 23. november 1909 var tona noko krassare. Ingen av brevkopiane er signerte, men det kan nok hende at det er styraren som skriv. Han hadde då fått brev frå faren, Fredrik:

«Jeg beklager, at Fredrik i den senere tid har forsømt at skrive hjem; men jeg synes, det kunde gaa an at gjøre mig opmerksom herpaa i en noget anden tone end den, der gaa gjennem Deres brev av 15. d.m. Han paastaar forresten at bestefaren sa, at han, Fredrik, skulde skrive, naar han hadde faat brev fra broren, og det har han ikke faat endnu. (...) Nu har jeg paalagt Fredrik at skrive en av de første dage. Angaaende Deres skrivelse iøvrig vil jeg ha sagt, at Fredriks bedstefar, som var her i høst antagelig sandheten tro vil ha fortalt, at gutten ikke i noget maal gav indtryk av venskjøtsel. Og om end hans fremgang paa skolen desverre er liten av grunde, som jeg nedenfor skal nævne, saa er han nu ialefald inne blit dårligere. Saken er nemlig den, at Fredrik desverre maa være meget oftere og i længre tid paa sykestuen end i skolens klasser, og da kan man jo ikke vente stor fremgang.(...)

Frå brevet vidare vert det fortalt at Frikken har evner til å fullføre skulen, dersom han vert friskare og klarer å gå på skulen meir enn han makta då, og at den hadde sett han attende på alle måtar, men at håpet var å få han konfirmert. Det var altså meir, og kanskje noko heilt anna enn lærevanskar han sleit med, Kan det vere helsa som hadde forhindra han frå tidlegare fullført skulegong også? Det er her ein kan stille seg spørsmålet om det kan vere noko som er anten nytt, eller at det har forverra seg. Det får meg til å tenke på seinskadar etter mild polio, der det ikkje er snakk om deformering, eller problemar med gongen, men derimot utmattelse og nedsatt totalkapasitet. Det kunne verke inn både fysisk og psykisk, samt føre til økende belastningskadar i musklar og ledd. Eit anna vanleg problem kunne vere pustevanskar og økt risiko for både angst og depresjonar. Ein del av desse seinskadane var ein nok ikkje like klar over den gongen. Dessverre er opplysningane for få til å konkludere, men det er godt å sjå at han faktisk greidde å fullføre skulen og vart konfirmert i 1911, 17 år gamal. Det er vanskeleg å etterprøve om han hadde liknande sjukdom då han gjekk på skule på Emblem også, men det var vel ikkje heil utan grunn at valget vart Eiklund. Det er sjølvsagt også mogeleg at han vart sjuk etter at han byrja der, for det vert ikkje nemnd i det første brevet og den 23. november skriv styraren også at det ikkje var meininga at Frikken skulle vere innlagt slik som dette. Ein kan då berre spekulere i om det var noko nytt, eller at han hadde vorte friskmeldt av det same før han tok til ved denne skulen. Faren sin påstand om vanskjøtsel kan kanskje tyde på det første alternativet.

Nok ei gong hadde Frikken fått ei tøff utfordring i livet, men han meistra denne óg. Han vart konfirmert den 23. april 1911 i Birkeland Prestegjeld i Bergen saman med 24 andre elevar frå Eikelund Åndsvakeskule. Mellom dei var Johanne Gorgine Othilie Eriksen frå Ålesund, jannaldringane Ellen Simonnæs frå Sande og Gustav Peder Lauritz Myklebust frå Selje. Papira fortel ikkje noko om dei som kom frå same fylke hadde litt meir kontakt eller ei.

Spanskesjuka

Eg veit ikkje heilt kvar Frikken vart av etter 1911. Kanskje var han betre og tok seg arbeid på gardane i Emblemsbygda, eller hjalp faren med gardsdrifta? Ved eit par høve var han i alle fall dreng på Oppigar, bruksnummer 2 på Hesseberg. Annie Hesseberg har fortalt at han tente hos Rasmus Hesseberg og var veldig arbeidsom, så han var etterspurt på fleire gardar i bygda. Han fekk difor god løn – heile 25 kroner, som var temmeleg bra den gongen. Eg vil tru at han først fekk arbeid på Hesseberg i 1936, for faren fortel om dette i brevet til sonen Jørgen i Santa Fe. Han var då ikkje like nøgd med betalinga. Utfordringane tilknytta sjukdom stogga desverre ikkje på Eiklund.

Mot slutten av den første store verdskrigen fekk me ein nær verdsomspennande epidemi. Ingen visste kvar den kom frå, og dei krigførande partane heldt så godt på informasjonen om deira eige land at det var vanskeleg å få oversikt over omfanget i samtida. Det heile framstod nok for mange som ei mystisk og skremmande sjuke. Smitta bredde seg så raskt at der va dei som meinte at influensaepidemien måtte kome med vinden. I Todalen kunne distriktslege Torkel Seip rapportere at influensaen ramma nesten kvart einaste hus i bygda 2-3 dagar etter ein bygdeauksjon. Epidemien fekk namnet «Spanskesjuka» eller «Spanska». Hundrevis vart råka i kvart legedistrikt. I ein del av dei vart om lag halvparten av befolkninga smitta, men det var heldigvis ikkje så veldig mange som døydde. 1918 vart det store smitteåret og det dabba av utover 1919, men framleis vart det registrert 3112 tilfelle og 97 døydde. I 1920 var det nokre område som vart råka, som hadde sluppe unna smitten tidlegare.

Det som nok gjorde sterkt inntrykk på folk var at det var særleg frisk ungdom som vart råka hardast, og det var oftast dei som døydde. Mauritz Akslen har fortalt at der i mange heimar i Emblemsbygda kunne vere heile familiar som låg til sengs. Då måtte naboane hjelpa kvarandre med dyr og matstell. Der var mange som døydde rundt omkring, og ein del av Borgund kyrkjegard fekk soleis namnet «Spanskesjukekolonien». Heldigvis var det ikkje fleire enn ein i Emblemsbygda som døydde av denne influensaen. Det var Andreas frå Magerholmdalen. Til samanlikning var der omlag 20 unge frå bygda som døydde av tuberkolose i mellomkrigstida.

Lars Bernhard Emblem (1905-1990) fortalde at broren, Frikken, vart hardt råka av spanskesjuka, og han hadde nok ikkje det aller beste helsa frå før av heller. Men det viktigaste var at han klarte seg og vart frisk att. Nok ein gong kom Frikken seg gjennom dei tøffe utfordringane han fekk. Han var dermed heldigare enn eldstebroren, Lars Ingvald (1885-1900), som døydde av tæring i ung alder og veslebroren Lars Leonhard (1900-1903) som døydde av kolera. Men når det er nemnd, så levde alle dei resterande 15 borna i Negarden opp, og det var ikkje like vanleg den gongen.

Husvere og giftarmål

Det er imponerande å sjå korleis han har møtt alle desse utfordringane på livsvegen med glans. Kring 1940 flytta han inn i kjellaren hjå broren, Fridtjof Emblem (1913-1988) på «Lovisenberg». Stemora deira, Lovise, hadde då budd der fram til ho døydde det året. Faren Fredrik hadde frådelt dette stykket frå Negarden då han selde farsbruket, Negarden, i 1924. Parsellen vart truleg kalla opp etter nettopp Lovise. Det var omtrent der tunet på garden hadde stått i mykje av oppveksten til Frikken. Huset eksisterer ikkje lenger. Nevøen til Frikken heiter også Fredrik Emblem. Han har nyleg sett seg opp nytt hus på den samme staden. Bak huset står framleis den gamle løa frå Magnusplassen, som vart kjøpt og flytta dit, men det var etter at Frikken hadde vorte vaksen.

Etter krigen fekk han visst råd til hushjelp også. Ho heitte Kristine Olefine Olsdotter Torvik og vart fødd i Herøy 26. oktober 1900. Niesa, Lillian Nedrelid, hugsar at ho var veldig flink til å lage mat og brodere. Ho kan den dag i dag sjå for seg Kristine med blendavaska kvitt forkle og skjerf på hovudet når ho bakte. Slik var også skikken den gongen. Det får meg til å tenke at ho kanskje hadde gått på husmorskule også. Ein del fekk seg nemleg huspost etter krigen på den måten.

Etter kvart vart det meir enn berre huspost, for i 1955 gifte dei seg i godt vaksen alder. Bryllaupet vart feira hjå søstera Klara på bruket Hatlebøen, på Rødset i Spjelkavika. Omtrent samtidig flytte dei frå Lovisenberg, og fekk leige det vesle huset på Kristenplassen inne på Magerholm. Prisen var 50 kroner året, og no hadde Frikken fått seg arbeid i Borgund kommune i lag med dei fleste andre småbrukarane i Emblemsbygda. Det var nemleg den gongen det trongst mykje handemakt framfor maskinkunnskap. Fleire av dei selde også grus og sand til arbeidsgjevaren sin og dette vart også lesst opp med handmakt. På returen kunne dei plukka seg blomsterløk og andre nyttevekstar om dei kom over det,der slikt ikkje skule vere lenger. For ein arbeidsom kar som Frikken var nok slikt arbeid midt i blinken. Då kan han ikkje hatt særleg med helseplager lenger, skjønt der fanst også dei som sleit med helsa og likevel fekk kommunalt arbeid.

Ein gong niesa, Lillian, hjalp Kristine med nedvasken i den vesle Kristenstova fekk ho to broderte putevar som takk. Retteleg flotte broderte putevar var det. Fleire i bygda kan framleis hugse at Frikken og Kristine hadde høns på Kristenplassen. Han var visst med på flyttinga av gamle-bedehuset frå sin opphavelege plass også. Sjølve huset vart rulla ned bakken i heil tilstand av eit arbeidslag frå Stordalen, men det fekk no ein kjellar på høge murar med toalett, sal og kjøkken og vart utvida i lengda. Det heile vart gjort gradvis på dugnad, og kjellaren vart nytta som bedehus i omlag 2 år medan det opphavelege bedehuset vart innreidd. Huset vart innvia i 1963. Frikken fekk i denne perioden hente seg material som vart til overs. Det bygde han hønsehus av. Dit kom mange for å kjøpe egg, inkludert slekt og vener. Lillian Nederlid var ein av dei som sende døtrene inn dit på handletur. Kristine var også aktivt med i kvinneforeninga på bedehuset. Målfrid Emblem Flesjå er ei av dei som hugsar Kristine og Frikken godt. Ho kan fortelle at ho var innom dei med matvarer frå Samvirkelaget saman med Mette Smogeli Bæverfjord. Det var ei tid før Alfred begynte å kjøre varer med bil. Dei gjekk då med ei handvogn og leverte varene i bygda. Målfrid selde også julehefte, og minnes at det alltid var så triveleg å kome på besøk til dei. Der var alltid varmt og godt, og dei var faste julehefte-kundar.

Dei fekk ein 10-12 år saman der inne på Magerholm. Då Frikken døydde i ein vårdag i 1969 vart det også slutt på Kristine sitt opphald i Emblemsbygda, sjølv om der var mykje slekt ikring henne. Dei fekk ingen born saman, og ho var ikkje den einaste enka på den tida som søkte mot heimlege trakter på sine eldre dagar. Ho vart også gravlagd på Bølandet i Herøy, til trass for at Frikken vart lagt til kvile på Borgund kyrkjegard. Det var ein av brødrene til Kristine som hadde eit sterkt ønske om å gravlegge henne nær heimplassen. Eg er ikkje sikker på kven av dei det var, men sidan han var velståande så lurer eg på om det kan vere veslebroren Paulus Johannes Torvik (f.1905). Han var både handelsmann og rutebåtekspeditør. I tillegg dreiv han med sildeforretning og fisketørkeri.

Kjelder:

Akslen, Mauritz: «sjukdom kring 1920». del av eit lenger dokument og digitalisert på følgande stad: http://www.emblemsbygda.com/50061301

Emblem, Fredrik: Brev til sonen Jørgen Emblem og svigerdottera Carmen datert 23.3.1936 http://www.emblemsbygda.com/50061299

Emblem, Marit: Informasjon via Messenger 12.9.2017 om Fredrik og spanskesjuka, fortalt av faren Lars Bernhard Emblem.

Flesjå, Målfrid Emblem: Informasjon om vareleveringa i bygda.

Flydal, Ivar: Om flyting av gamlebedehuset http://www.emblemsbygda.com/34569322

Konfirmasjon notert i Ministerialprotokollen for Birkeland sokneprestembete i Bergen 1900-1912 i digitalarkivet: https://media.digitalarkivet.no/view/2118/155

Landsforeningen for polioskadde: «Polio og senskader. En veileder for polioskadde og fagfolk» 2013 http://lfps.no/wp-content/uploads/2016/03/Polio-og-senskader-boka.pdf

Langleite, Sigurd: Intervju med Karl O. Emblem kring 1984 om fiske før i tida. http://www.emblemsbygda.com/50061315

Magerholm, Per: Informasjon om hønsehuset som vart til av material frå gamlebedehuset

Ministerialprotokoll for Borgund kyrkje, dåpsregisteret 1894 publisert i digitalarkivet: https://media.digitalarkivet.no/view/2680/17279/37

Nedrelid, Lillian: Diverse informasjon via Messenger i løpet av 2017 om Fredrik.

Nedrelid, Lillian: Videreformidling av informasjon om Frikken si tid på Hesseberg frå Annie Hesseberg

Ødegård, Ottar: «Spanskesjuka. Ei farsot som også herja i romsdal» frå boka «Sjukdomar og helsestell i Romsdal. Ei artikkelsamling». Romsdal Sogelag 2003 http://www.romsdal-sogelag.no/uploads/kjeldeskrift/sjukdommar_i_romsdal_2003.pdf

Østrem, Svein Ove og Rabbevåg, Egil: Bygdebok for Emblemsbygda, gardsoge. Kladd til bygdeboka per august 2017

Østrem, Svein Ove: «Negardshistoria» http://www.emblemsbygda.com/34569317

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE