Litt om Knud Thomas Røssevold frå Tykjegarden si etterslekt

Biletet er truleg tatt før 1899. Bak: Marie Røssevold (f. Anne Marie Olsvig) (1868-1931) Framme f.v.: Knud Røssevold (1870-1900, Ole (f 1895), Johanne (f.1893) og Klara Røssevold (f.1897) Lina er ikkje på biletet. Ho vart født i 1899. Knud var fabrikkarbeidar i Langevågen og busett på Sula. Informasjon: Lilly Marstein (Marie sitt borneborn) (Informant: Ann-Mari Grande Laboureau). Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Knud Røssevold i soldatuniform med moteriktig pigghatt i papp med fløyel over. Den var populær i heile Europa og vart også nytta av politiet. Brannvesenet hadde også liknande hjelmar. Årstal og fotograf er ukjend. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

(Anne) Marie Johansdotter Olsvik (1868-1931) frå Andreasgarden med bruksnummer 5 under garden Olsvik. Ho gifte seg med Knud Røssevold i 1893 og tok etternamnet Røssevold. (Anne) Marie Johansdotter Olsvik (1868-1931) frå Andreasgarden med bruksnummer 5 under garden Olsvik

Fabrikkbestyrar Jens Andreas Molvær og kona Jensine Andrine Røssevold (g. Molvær). Born er i første rekke frå venstre: Nils, Inga (gift Andresen), Ole og Agnes (gift Molvær). I andre rekke: Olaf, Sara (gift Svinø) og Peder. Dei vart fotograferte i 1912 av fotograf Sponland. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal og har arkivreferanse AM-95003.018422

Knud og Marie sitt hus i Langevågen 1933. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust.

Devoldfabrikken og ei raud pil som syner kvar huset til Knud og Marie Røssevold sitt hus ein gong låg. Foto: Norsk Luftfoto a/s

Marie Røssevold markert i sirkel på biletet av dei ansatte på Devoldfabrikken i 1927. Frå fabrikken sine eigne historiske samling.

Marie Røssevold på sine eldre dagar som enke. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Marie Røssevold si båre i heimen hennar juni 1931. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Ole Ingvald Røssevold (1895-1980), Elida Kaspara Karlsdotter Fylling (1901- ca.1990) og sonen Knud Marius (f.1924) drog til Amerika, der Ole dreiv fiske. Dei kalla seg gradvis Rosevold og Knut Marius forenkla namnet sitt til Kenneth Rosevold og Kenny. Bilete frå Bernt Sulebust

Bryllupsbiletet til johanne Martine Røssevold (1893-1933) og Johannes Andreas Martinson Sulebust (1916-1940) i 1915. Ho var dottera til Knud og Marie. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Sulebust garden på søre Sula på 1930-talet Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Martin Leonard Sulebust(1916-1940) var eldstesonen til Johanne Martine Røssevold og Johannes Andreas Martinson Sulebust. han var fødd i Langevågen og omkom i eit krigsforlis ombord i motor-tankaren «Nina Borthen», der han var matros og skyttar

Kåre Mindor Sulebust(1920-2003) vart fødd på Sulebust. Han er ein av dei eldste borna til Johanne Martine Røssevold og Johannes Sulebust. Familien hadde flytta frå Langevågen då han kom til verd. Han var ugift og sist busett på Vegsund sjukeheim

Mary Kristine Sulebust (1922-1942) Var eldste dottera til Johanne Martine Røssevold og Johannes Sulebust. ho fekk tidleg ansvaret for syskena sine og berga livet til søskena sine då huset tok fyr i 1931. Borna var då heime åleine. Mary fekk også mykje ansvar då mora døydde i 1933. Ho vart teke av eit snøras på heimgarden den 5. desember då ho leitte etter geit saman med faren og to av søskena.

Leonhard «Leon» Sulebust (1923-1985) er sonen til Johanne Martine Røssevold og Johannes Sulebust. Han vart vart gift med Asbjørg Harriet «Tulla» Rogne (1921-2009) første nyttårsdag 1950. Dei budde først i Blindheimsbreivika, før dei i 1955 flytte til Nyland og andre etasje hjå Petter og Gudrun Langlo. Ho var søstera til Tulla. Familien bygde seinare hus på Åse. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Søskena Johannes Sulebust (f.1929) og solveig Louise Sulebust (g. Skuggen) fotografert på heimgarden av sunnmørsposten då dei minnest brannen i 1931. Dei var berre 2 og 4 år då søstera Mary Berga livet deira.

Jenny-Marie Sulebust (1932-1934) var dottera til Johannes og Johanne Sulebust. johannes vart enkemann i 1933 og miste dottera Jenny-Marie året etter. Det var ikkje det einaste ulukka og dødsfallet i denne familien på garden Sulebust Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Enkemannen Johannes Sulebust gifte seg opp att i 1936 med Elfrida Johanna Andreassen (1911-1967) som tidlegare hadde vore tenestejente på garden. Dei adopterte dottera Jenny-Marie i 1945. Ho vart kalla opp att etter søstera si som døydde i 1934. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Klara Marie Røssevold (1897-1999) og ektemannen Bernt Sulebust (1895-1986) Han var først på sjøen, nøytralitetsvakt under 1. verdskrigen, skipper på ESSO sine tankbåtar langs norskekysten og deretter bestyrar og formann på tankanlegget til Vestlandske Petroleums Compagni (seinare ESSO) på Nørve. Han var også "ålesundsgissel" på Grini under andre verdskrigen då eldstesonen drog til England for å verve seg. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust.

Ungeflokken til Klara Marie Røssevold og Bernt Sulebust som vaks opp i bestyrarboligen ved tankanlegget på Nørve. Bak f.v. Mindor, Lilly, Knut og Margit Sulebust. Framme Klara Marie, yngstesonen Bernt og Bernt Sulebust. Yngstemann i borneflokken skulle også kalle sonen sin Bernt Sulebust. Det er han som er bileteigaren og medforfattar i denne teksten.

Knut Sulebust (1918-2005) og Astrid Sola (1923-1967) Han var eldsteguten til Klara Marie Røssevold og med i kampane i Gudbrandsdalen i 1940, telegrafist på mellom anna Catalina flybåtar til 333-skvadronen ved Woodhaven i Skottland under krigen og fortsette ei militær karriere etter 1945 også. Han vart både oberstløytnant i 1977, og stasjonsjef på Randaberg Radarstasjon frå 1961 til han vart pensjonist.

Mindor Louis Sulebust (f.1921) gifte seg med Målfrid Petra Myklebust (1928-2016). Ho er søstera til Oddlaug Palma som gifte seg med bror til Mindor, Bernt Sulebust. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Bak f.v.: Kjell, og Egil Marstein. Framme f.v.: Lilly Mary Sulebust (f.1920-2013), Bjørn og ektemannen Erling Marstein. ho var nest eldste bornet til Klara Marie Røssevold. BIletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Margith Kaspara Sulebust (1923-2004) er det nest yngste bornet til Klara Marie og Bernt. Ho flytte tidleg til Oslo, og arbeidde på Ullevål Sjukehus som sjukepleiar. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

F.v: Bernt Sulebust (1928-2014), Bert Sulevust J.r. (som er medforfattar i denne teksten) og Oddlaug Palma f. Myklebust (1931-2011) Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

Lina Andrea Røssevold 1899-1933 var yngste dottera til Knud og Marie Røssevold. Ektemannen heitte Gustav Kristoffer Hess (1898-1988). Han var enkemann og hadde 4 born som ho vart stemor til. Dei budde i Bergen og fekk ingen born saman. Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust

av Bernt Sulebust  og Svein Ove Dale Østrem  

Innledning

I denne vesle teksten skal du få vite litt meir om Knud frå Tykjegarden på Røssevollen. Han er eit godt eksempel på dei samfunns-endringane som kom mot slutten av 1800-talet, det so kalla «hamskiftet». Ein gjekk då gradvis over frå jordbruksamfunn til meir pengehushaldning og vassdrivne fabrikkar, der dei gode elvane var å finne. Ein fekk ei større sosial mobilitet hjå ungdom i arbeidsdyktig alder, og Emblemsbygda vart heller ikkje forskåna for den nye tid. I tillegg vart ny jord dyrka opp og hestedrivne landbruksreidskapar vart gradvis meir vanlege. Fisket var ikkje lenger noko alle og ein kvar kunne drive i notlag med åpen åttring og handemakt. No var det overbygde bankskøyter og kapitalen som byrja å gjera seg gjeldande. Knud var ein av desse som gjekk frå fiske til fabrikkarbeid på Sula. Soleis er han eit døme på ein karriere-veg som fleire med han byrja å gå.

Denne vesle teksten er skriven i samarbeid med Bernt Sulebust Jr., som har samla inn eit stort omfang av kunnskap og detaljinformasjon om slekta si. Det skal vi sjå nærmare på i kapittel 2. I det første kapittelet har eg fått del i kunnskapar frå Egil Rabbevåg sitt mangeårige slektsarbeid. I tillegg bør Helen Guy McLean nemnast. Innhaldet ville ikkje vore so innhaldsrik utan desse tre.


Kapittel 1: Knud og Marie Røssevold.

Knud Tomas Olsen Røssevold (1870-1900) vart fødd inn i ein søskenflokk på totalt 14 born i Tykjegarden, bruksnummer 3 på Røssevollen, men fleire av dei døydde tidleg. Sjølv arva han namnet Knud Tomas frå bror sin, Knud Thomas Carolus, som døydde året i forvegen berre 1 1/2 år gamal. Slik var gjerne namneskikken heilt inn på 1900-talet. Foreldra til Knud var jordaguten Ole Martinus Jensson Røssevold (1843-1882) og Ingeborg Laurentse Nikolaidotter Hessen (1841-1906) som kom utanbygds frå. Saman dreiv dei gardsbruket Tykjegarden på Røssevollen frå 1866 til 1883.

Knud si slekt kan ein følge mange slektsledd attende på den same garden på Røssevollen. Tippoldefaren var for eksempel Tyge Knudsson Røssevold (1752-1827) som det folkelege gardsnamnet «Tykjegarden» truleg stammar ifrå. Tyge-namnet kom i si tid til Røssevollen frå Høla, bruksnummer 4, under matrikkelgarden Akslen litt lenger aust i Emblemsbygda. Ein Knud Thygesen Akslen (dp.1717-1757) hadde nemleg gifta seg til garden med tipptippoldemor til Knud. Ho heitte Anne Jonsdotter Røssevold (dp.1713-1795).

Røssevollgardane låg tidlegare meir samla i eit felles tun omlag der Pe-garden ligg i dag. Det er like vest for staden der dagens bilveg kjem opp til Røssevollen. Når Knud vaks opp på 1870-talet hadde Røssevollen derimot vore utskifta i over 30 år, og dei fleste tuna vart flytta omlag til dagens plassering. Knutgarden låg derimot lenger aust mot utkanten av dagens innmark, men då Knud var 10 år gamal øydela eit snøras stabburet på bruket. Dette er det einaste snøraset som me har høyrt om på Emblem. Resultatet vart at Knutgarden vart flytta nærare dei andre tuna igjen. Klesdrakta til dei vaksne karane på Røssevollen var nok framleis knebukser med rosa hoseband. Skinnhatten vart nytta når dei var på sjøen slik Sjurs-Ole frå Sjursgarden på Emblem, seinare fortalde.

Knud vart altså fødd den 10. juli i 1870 og døypt i Borgund kirke 4. september det same året. Mellom fadderane finn ein onkelen Lars Jensen Røssevold, medan dei fleste var frå morslekta Hessen på Hessa. Det er også interessant å merke seg at der vart døypt endå ein Knud Olsen på Røssevollen den same dagen. Der var tanta til vår Knud, Berthe Marie Olsdotter Røssevold, og mora, Ingeborg, fadder. For å skille dei fekk den andre Knud, på husmannsplassen «Rognereiten», mellomnamnet Britanus. Det har likevel vore ei utfordring i arbeidet med kjeldetilfanget, for mellomnamna er ikkje alltid med. Dermed vert det for eksempel to fadderar som heiter Knud Olsen Røssevold som er fødd i 1870, og begge har livnært seg som fiskar i Ålesund. Ved fleire registreringar i kyrkjeboka har også vår Knud frå Tykjegarden feilaktig vorte omskriven som fødd i 1866. Alt dette skaper tidvis usikkerheit og nokre av kjeldene må derfor forkastast.

Ein av dei tidlege arbeidsoppgavene til Knud var truleg å hjelpe til med å passe dyra i fjøsen og sikkert også i utmarka om sommaren. Det meste av rovdyr var på denne tida utrydda på Emblemsfjellet, så ein hadde ikkje lenger behov for vaksne gjetarar. Borna måtte bidra med det dei makta så tidleg som mogeleg, og Knud var neppe noko unntak. Med tunet så høgt oppe i fjellsida vart også fjellet ei naturleg leikegrind for borna på Røssevollen. Kanskje tok Knud og søskena turen opp moldvegen bak knutgardshusa til småelvane oppå kanten for å fiske kré til matauk om sommaren. Det var ei fin kvile mellom økter med anna arbeid som utmarkslått og bærplukking.

Røssevollen hadde ikkje seter då han vaks opp, men det fanst eigne «bulegar» der dyra la seg ned for å kvile. Det kan hende at dei også vart mjølka der om dei ikkje vart ført heimover mot garden i staden. Då var det vikig at dei ikkje kom heilt heim til innmarka der kornet og vinterforet skulle få vekse i fred om sommaren. På gamle utskiftingskart kan ein soleis finne fleire inngjerda områder nord og aust for Knutgarden. Desse ligg i våre dagar skjult av skog og kratt. Røssevollen ligg so pass høgt at ein var utsett for grønår, der det viktige kornet ikkje mogna skikkeleg. Fiske vart derfor enno viktigare for brukarane på Røssevollen. Ikkje alle hadde det like enkelt. Særleg fekk plassemennene på Rognereiten og Nygjerdet mangt å bryne seg på. Sjølv etter 1910 vert det fortalt om naboar i bygda som sende ungane opp bakkane med matkorger. Plassebruka på Røssevollen kom til mellom fem og ti år før Knud såg dagens lys. Dei første to på Nygjerdet hadde det so trongt økonomisk at dei måtte selge den eine napperya si for å få råd til å flytte ei gamal stove, dei hadde kjøpt inne i fjordane, til Emblemsbygda langs sjøvegen. Frakta den bratte vegen opp frå sjøen til tunet hadde dei ikkje råd til. Plassemannen Lars Samuelsen Storstein måtte i staden arbeide for andre på dagtid og drive gardsarbeid hos seg sjølv om nettene. Det vert fortalt at kona, Anne Marie Samuelsdotter Storstein, dermed fekk ansvaret for å frakte tømmerstokkane opp til plassen som dei skulle dyrke opp, medan Lars mura opp og sette det heile saman. Der var heldigvis slekt på naboplassen, Rognereiten, og det var vel helst dei som fekk mobilisert ungdommar i bygda til å få låne seg hest på kveldstid og hjelpe henne med transporten. Slikt vitnar om ei god samarbeidsand. Ein stod sjeldan åleine når det var behov for hjelp den gongen.

I Tykjegarden var dei betre stilt, men dei var minst 7 born som fekk vekse opp og 6 søsken av Knud som måtte følgast til sin siste kvileplass etter få år. Der er nokre som me enno ikkje har funne att etter fødselsregistreringa, så talet vert nok ikkje heilt nøyaktig. Knud var 4 år då broren Ole Iver vart gravlagd 7. april 1874. Ole rakk ikkje å verte året gamal. Mora, Ingeborg, var då allereie gravid med Olivie Karoline som kom til verda 12. september det same året. Også ho døydde før sin første bursdag i byrjinga av juli 1875. I forbindelse med gravferda fortel klokkarboka at Ole Iver vart gravlagd på nytt ei veke etterpå. Kan hende vart gravene samla nærare kvarandre. Namnet hennar fekk ei ny søster arve den 8. desember det same året. Det kan verke som om ho fekk leve opp, og i alle fall leve nokre år. Med Peder Joakim gjekk det verre. Han kom til verda i slutten av februar 1877 og døydde i april 1878. Det vert ikkje oppgjeve nokon dødsårsak, så det var nok snakk om vanlege sjukdomar som ein den gongen ikkje hadde botemiddel mot. Lungebetennelse var ein av desse. Det vart mange harde slag å takle i dei 8 første leveåra til Knud, og det var hverken dei første eller dei siste tunge dagane som Ole Martinus og Ingeborg Laurentse Røssevold skulle gå gjennom attåt gardsdrift og ansvar for å brødfø alle borna sine. Dei to eldste, Johan Oluf (1869-1948) og Nicoline Petrine (1868-1910) fekk truleg ein god del ansvar for å passe søskena sine etter kvart. Her deltok nok Knud også i temmeleg ung alder.

Oppbrot frå heimbygda

Det var ingen av søskena til Knud som tok over farsgarden på Røssevollen. Eg er ikkje heilt sikker på årsaka til det, men det kan verke som om det var økonomisk begrunna. Røssevoll-gardane vart seld på auksjon til Kolbein Aase i 1877, men foreldra til Knud fekk fortsette å bygsle garden fram til 1883. Dei hadde kanskje ikkje råd til å kjøpe Tykjegarden i 1877. I september 1882 døydde så faren, Ole Martinus, og Ingeborg vart sittande att med ungeflokken, der yngsteguten, Nikolai (f.1881), knapt var eitt år gamal. Ole Kornelius (f.1880) var to år, Peder Olavius (f.1879) var tre år og Petrine Karoline (f.1878) var fire. Dei to eldste borna. Johan Oluf var allereie konfirmert,16 år, og for vaksen å rekne medan Nicoline Petrine vart konfirmert 15. oktober 1882, kort tid etter begravelsen. Knud Thomas og Jensine Andrine var 12 og 11 år. Dei kunne også reknast med i arbeidet. Med hjelp av borna, og sikkert også gode naboar, klarte ho å drive garden litt fram til 1883, men då vart det stopp. Dei hadde neppe økonomi til at eldstesonen kunne overta bygselsvilkåra i so ung alder så difor vart det Nils Peter Eriksen Viset (f.1841) og (Lovise) Petrine Jensdotter Jelle (f.1843) som fekk ny bygselskontrakt. Dei dreiv garden i omlag 10 år før dei drog til Amerika for å søke lykka der. For Ingeborg må det ha vore utruleg vanskeleg å greie seg. Nokre av borna kunne nok ta seg teneste mot kost og losji på andre gardar, men ho trong nok hjelp heime også. Den nest yngste sonen, Ole, hadde også sine utfordringar. Ein finn han på «forpleining» på Garsendhaugen på Emblem i 1900, og som avdød på Rosenbergs asyl i 1905 uten at årsaka enno er kjend.

Ellers vart søskena etter kvart spreidde og alle flytta frå heimbygda. Johan Oluf gifte seg for første gong i 1892, og me finn han att etter ei tid som fiskar i Ålesund som fargar ved ullvarefabrikk i Langevågen busett på Molvær i 1900. Han vart først gift med Oluffa Petrine Johnsdotter Fløde (1868-1906) frå Sande. Deretter gifte han seg i 1908 med Karen Maria Jensdotter Løsetstrand (1868-1909) frå Syvde, og til slutt Oline Samuline Mikkelsdotter Seljeset (1864-1950) frå Hornindal i 1911. Han fekk til saman 10 born.

Nicoline Petrine gifte seg i 1893 med Edvard Pederson Sulødegård Hessen (1865-1953). Hessen er er i dette tilfelle eit anna ord for Hessa, som også var del av Borgund Herrad (landkommune) den gongen. Mora, Ingeborg kom også frå Hessa. Plassen heiter Olsvik og der vert Edvard registrert som avdød i 1953. Då Nicoline Røssevold Hessen døyr av Lungebetennelse i 1910. I 1900 vert han folkeregistrert som fiskar på båten Jenny.

Jensine Andrine vart 1900 telt som tenar på Raudåna på Rørstad. Ho gifte seg seinare med fabrikkbestyrar Jens Olsen Molvær. Han var bestyrar på Brødrene Kraasbye sin ullvarefabrikk i Mauseidvågen i 1910. Dei hadde då 7 born som var fødd i tidsrommet 1899 til 1909. Dei budde det året i Nyhagen gnr. 73 bnr. 5 i Mauseidvåg tellingkrets saman med familien til landhandlar og skomakar Hans Iversen frå Skodje og Henninga Fiskerstrand (f.1885), som var ugift arbeiderske på fabrikken. Huset har i dag adressa Mausavågvegen 15 i Mauseidvågen. Det vart på folkemunne kalla Kraasbye-huset. Dei fekk 4 gutar og 3 jenter. Både i arbeid og fritid kom det jamnt plystretonar frå Jens. Når arbeidsdagen var over, eller helga kom, då kunne ein høyra han spela på både fele og orgel. Han var ikkje den einaste. Naboane kunne også høyra songtonar frå Jensine når ho arbeidde på kjøkkenet eller i stova. Det kan vere interessant å merke seg at musikkinteressa held seg vidare i familien også. Dei vart mellom anna foreldre til organisten Nils Molvær (1909-1988) og via Nils bestforeldre til jazzmusikaren Jens Arne Molvær (f.1940), som ein del kjenner att på treblås i Ytre Suløens Jass-ensamble og som rektor ei tid ved den lokale kulturskulen på Sula. Dermed er dei også oldeforeldra til den internasjonalt kjende jazztrompetisten Nils Petter Molvær (f.1960) som har ei lang rekke plateutgivelsar og heile 4 spelemannsprisar bak seg.

Petrine Caroline (1878-1968) gifte seg i 1904 med Elias Johannes Eliasson Nøstdal (1874-1953) frå Ålesund. Dei fekk fire born og budde i Borgundvegen 32 i 1910. Han var då nemnd som bakersvenn. Då sonen Eldar Olai (f.1905) konfirmerte seg i 1919 var Elias bakar og dei budde i «Bjergveien 27». Familien budde der framleis når dei på ny feira konfirmasjon i 1922. Dei budde heile livet i Ålesund og vart gravlagde på Nedre Gravlund. Tre av borna, Olaf, Anna og Einar er lagd i same familiegrav, så dei var nok ugifte. Eg kan ikkje finne dokumentasjon på at Elias nokon gong dreiv sjølvstendig som bakar. I kirkeboka for Ålesund kan ein derimot lesa at Baker Hauland var fadder for sonen Samuel Vilhelm i 1908. Han dreiv bakerverksemd i Brunholmgata 10 i Ålesund og me kan finne utkastet til bolighuset frå 1907, signert Harald Krogh Stabell, i krysset mellom Apotekergata og Brunholmgata. Frå teikningane var dette eit stort murhus med butikklokale på gateplan. Kanskje det var der hos bakar Haugland han arbeidde?

Den siste av søskena til Knud som me veit litt meir om er Ole Kornelius (1880-1905). Han vart berre 25 år gamal og kan vere den same Ole som budde på «forpleining» på Garsendhaugen i følge 1900-tellinga. Ole døydde på Rosenbergs asyl. Dette var eit privat Sinnsjukeasyl oppretta av Dr. Frants Theodor Rosenberg i Bergen.

Giftermål

I 1893 gifte Knud seg med (Anne) Marie Johansdotter Olsvik (1868-1931) frå Andreasgarden med bruksnummer 5 under garden Olsvik. Faren, Johan Andreas Knutson Skuggen, hadde kjøpt dette bruket til sjølveige i 1853, men måtte skøyte det frå seg igjen i 1865 og løyse bygselskontrakt i staden. Marie var dottera til Johan si andre kone, Marta Larsdotter Karbø frå Sunnylven. Ho hadde gifta seg med enkemannen Johan året i forvegen.

Frå kyrkjeboka kan me finne at Knud Thomas allereie var registrert som busett i Olsvika. Kor lenge han hadde budd der er usikkert, men det var kanskje ei praktisk ordning å kome nærare fiskefelta når han då livnærte seg som fiskar. Forloverane var gardbrukar Knut Johansen Olsvik og forpaktar Fredrik Lenvik. Om presten si innskriving i kykjeboka er korrekt, kan det sjå ut som om Fredrik var forlovaren til Marie og at Knud hadde vald svogeren sin. Det kan tyde på eit godt forhold mellom dei på førehand også. I tillegg så hadde dei litt dårleg tid, for Marie var allereie 4 månader på veg med deira eldste dotter, Johanne Marie (1893-1933). Slikt gjekk gjerne bra den gongen dersom dei allereie var forlova og gifte seg før fødselen.

Ein veit ikkje kvar eller kor lenge dei vart boande i Olsvika, men eg vil tru at dei vart buande der etter giftermålet også, og truleg ei stund etter fødselen. Problemet var berre at Karen, som var søster til Marie, hadde teke over bruket i Olsvika allereie i 1878 då ho gifte seg med Lars Larsen Leire. I 1881 hadde dei kjøpt garden attende til sjølveige, men det heile enda med at dei måtte flytte derifrå det same året. Så når Knud gifte seg var det Andreas Hansen Kvassnes som dreiv bruket saman med Kristofa Larsen Akslen frå Høla i Emblemsbygda. Knud og Marie kan dermed ha budd i kårdelen hjå foreldra hennar i 1893, men det må i so fall ha vore trongt og kårytingane gav lite å leve av for så mange. Det kan med andre ord ikkje ha vore ei brukbar løysing på sikt. Kanskje var det mest praktisk når Knud var ute på fiske?

Vedde

10. august 1895 kom tvillingane Ole Ingvald (1895-1980) og Knut Marius (1895-1895) til verda. Dei var no trebornsforeldre. Frå kyrkjeboka kan ein sjå at dei no budde på Vedde. Knud er no ikkje lenger fiskar. Han står notert som «Arb. Klædefabr.» med «fyrbøter» påført i klamme etterpå. Spørsmålet er då om han tidlegare har arbeidd som fyrbøter på båt, men no er fabrikkarbeidar, eller kanskje han heile tida var fyrbøtar på land? Akkurat det er vanskeleg å få eit fullgodt svar på. Marie har ikkje fått tnokon arbeidstittel, så ho var nok truleg heimeverande med eldstedottera på to år i tida etter bryllaupet.

Dåpen til Knut Marius vart utført heime samme dagen som fødselen. Han vart med andre ord heimedøpt. Det kan tyde på at han var svakeleg og at det såg dårleg ut. Dei fekk også rett i det, for han døydde nøyaktig ein månad etter fødselen. Det var ikkje like mykje bråttom med broren Ole Ingvald. Han vart rett nok heimedøypt han også, men først 20. oktober. Det var risikabelt å føde tvillingar på den tida utan særleg helsehjelp å snakke om. Det er mogeleg at han vart døypt heime av andre årsaker enn broren, men dokumenta gjev ikkje noko klart svar på det. No står ikkje fyrbøtar i klamme lenger, så det er mogeleg at han framleis ynskte å ta det med i kyrkjeboka. Det står ingenting i kyrkjeboka om kvar Knud arbeidde, men akkurat på Vedde hadde brødrene Kraasbye sin ullvarefabrikk. Den vart i 1898 flytta til Mauseidvågen og Vedde Bruk vart seld i 1904. Dei nye eigarane starta etter kvart opp dagens sildoljefabrikk der. Frå bileta som eg har sett kan der også ha vore bruk for eigen fyrbøtar på fabrikken.

Langevågen

Når born nummer 4, Klara Marie, vart døypt 15. august 1897 budde familien i Langevågen . Knud var då berre nemnd som fabrikkarbeidar og dei hadde kanskje allereie budd der ei tid. Familien etablerte seg i sjølveigd hus like ved Devoldfabrikken. Sidan dei hadde budd på Vedde tidlegare og Kraasbye sin tekstilfabrikk framleis låg på Vedde Bruk i 1897, kan det verke som om Knut ikkje arbeidde der, om han hadde gjort det tidlegare. Endring av arbeidstittel på to år kan også bidra til den hypotesa. Ein veit at Kraasbye gav losji og mat til dei av fabrikkarbeiderane sine på fabrikken som var langvegsfarande, men det er usikkert om dei hadde dette tilbodet ved oppstarten inne på Vedde. Det er først etter flyttinga til Mauseidvågen i 1898 at me finn opplysningar om det. Sidan Marie ikkje arbeidde på fabrikk på denne tida, kan det verke rart flytte til ein tettstad der leve-kostnadane truleg var høgare, men det kan sjølvsagt skuldast at der også kom meir slekt frå Røssevollen til nettopp Langevågen. Knud sin bror, Johan Oluf flytte dit. Kanskje var dette årsaka. På den tida fanst ikkje barnehagar og dei hadde ikkje dei same moglegheitene som på ein gard med fleire generasjonar. Arbeidsdagane var lange og harde og det var nok av dei nyetablerte unge utflyttarane frå Emblem som måtte sende borna sine frå seg til oppfostring hjå besteforeldra i heimbygda. Det kunne ikkje Knud og Marie. Det påverka kanskje valga dei gjorde. No var dei for alvor etablerte i Langevågen der Knud skulle fortsette å arbeide på fabrikk. I 1899 kom born nummer 5 til verda. Det var Lina. Ho var den fjerde i borneflokken som fekk leve opp. Saman med dei 6 borna til Johan Oluf og Johanne Laurine vart dei nesten eit heilt fotballag til saman. Det er også interessant å sjå at det var først i 1897 at me finn Johan i Langevågen i forbindelse med fødselen og dåpen til dottera Berta Ragna det året. Dei hadde tidlegare bodd i Ålesund. Johanne kom også frå Drevika på Hessa og var nær nabo av Aspøya og byen. Der hadde Johan livnært seg som fiskar, men i 1897 var han altså fabrikkarbeidar og fargar i Langevågen, busett på Molvær like ved Devoldfabrikken. Kanskje fekk både Johan og Knud seg arbeid der.

I Furø og Barmann sin Adressekalender for Romsdals Amt frå 1900 finn me litt meir om Knud. Lista tek for seg mellom anna inntekt og formue frå 1899, og det er for det meste dei med 600 kroner i årsløn og oppover som er omtala. Johan Oluf er ikkje nemnd, men det er Knud. Som ny huseigar var der ingen formue å snakke om, men løna var visst ikkje så verst. Han vert omskriven som «fyrbøder» med 600 kroner i inntekt, og det er det nøyaktig same som Schoddymeister M. Hauge og Fargemeister J. Rikstad i Langevågen. Dei som var familiemenn fabrikkarbeidarar i Langevågen, og truleg tente best, fekk årsløner frå 300 kroner og opp til 550,-. Underleg nok så finn ein ikkje Johan Oluff på denne lønslista heller. Det er vanskeleg å vite nøyaktig kva slags fyrbøtar Knud var, men kapteinar og anna båtmannskap vert ikkje nemnd, og heller ingen med fabrikløn på Vedde, Fiskarstranda eller i Mauseidvågen. Sidan løna var høg og nøyaktig den same som andre med stort ansvar på Devold-fabrikken, så kan me kanskje våge påstanden at det er der han hadde stege i gradene frå ullvarearbeidar til fybøtar. Det var ikkje småtteri til fabrikkpipe og anlegg dei hadde. Det kan også verke som han var stolt av denne tittelen, då han hadde retta på presten si registrering i kyrkjeboka i 1895. Variasjon i yrkestittel frå 1895 til 1900 kan også tyde på at han har arbeidd to forskjellige plassar.

Det er ikkje så lett å forestille seg kvardagen til Knud og Marie utan å gjette. Derfor skal eg ikkje legge så mykje vekt på den biten i denne teksten, men det var neppe nokon luksus å vera fabrikkarbeider på den tida. Samtidig finansierte det hus og det nødvendigaste som ein familie på den tida trong. Verken Knud eller Marie hadde nokon gard å ta over, men med det store hamskiftet i Norge, kunne bondesamfunns-hammen byttast ut med meir pengehushaldning, Fleire flytta mot byane og fabrikkar som vaks opp der det fanst tilstrekkeleg vasskraft, slik som i Mauseidvågen og i Langevågen. Desse nye industritettstadane fekk dermed auka tilflytting frå bygdene ikring. Knud og Marie var to av desse som fekk fleire moglegheiter enn generasjonane føre dei. Ein kan tenkje seg at det på den tida gav litt meir inntekt enn fisket, og dei slapp å leve som tenarar eller husmenn. Dei kunne ta grep om si eiga lukke, på samme måte som dei som drog til amerika.

Enke og tekstilarbeider

Knud og Marie fekk berre 7 år saman. Den 25. mai 1900 døydde han nemleg av lungebetennelse. Det fanst ikkje medisinar å hjelpe seg med den gongen.Lungebetendelse var det ikkje råd å snu, det gjekk sin gang. Klarte pasienten 9. døgnet, det so kalla "krisedøgnet," vart han frisk att. Det kunne bli mange strie døgn og då måtte naboar eller vener skifte på med nattevakt. Kor mange Marie hadde å hjelpe seg i Langevågen er eg usikker på. Ho hadde no svoger og svigerinna si der, men Johan skulle også skjøte arbeidet sitt på fabrikken og Johanne hadde 6 born, medan Marie hadde 4. Der kom kanskje slekt tilreisande for å hjelpe, men det enda ikkje bra denne gongen. Ho vart sittande att som enke med 4 ungar på 1, 3, 5 og 7 år. I tillegg skulle dei forsørgast og hus måtte dei no ha. Me finn etter kvart att Marie som åleineforsørgar med lange dagar som syerske og tekstilarbeidar på Devoldfabrikken i tillegg til å halde hus og heim i stand. Då var nok slekta i Langevågen god å ha. I tillegg flytte svigerinna Jensine Røssevold kort tid etter til Mauseidvågen og gifte seg med Jens Molvær frå Langevågen. Han var fabrikkformann og etter kvart også fabrikkbestyrar på Kraasbye sin ullvarefabrikk der. Marie klarte utruleg nok både å forsørge borna sine og behalde huset, men det må ha vore eit umenneskeleg slit før borna vart gamle nok til å hjelpe til. I 1910 arbeidde også borna Johanne, Ole og Klara på «uldvarefabrik» og kanskje på Devold alle saman. I tillegg hadde dei 4 ugifte jenter på losji i huset. Tre av desse kom frå Solevågen (Salevaag) medan den tredje kom frå Vanylven) Alle Solevågjentene arbeidde på ulvarefabrikk, medan Anna Myklebust var «sypige». Ho var omtrent jamnaldring med Marie. I 1927 finn me att Marie på eit bilete frå Devoldfabrikken. Då var ho 69 år gamal. Det kan verke som om ho arbeidde nesten livet ut. Ho døydde i 1931 av hjertefeil og nyresjukdom i Langevågen. Framleis vart ho titulert som tekstilarbeidar.

Det vert fortalt at etter Marie sin død så ynskte ingen av borna å ta over huset. Det vart derfor seld og flytta frå sin opphavelege plass like ved hamnebassenget, eit steinkast frå Devoldfabrikken og lenger inn på Fyllingen. Det er usikkert om det enno eksisterar. Knut og Marie vart gravlagde i to forskjellige graver på Borgund kyrkjegard. Slikt var vanleg den gongen. Knud si grav vart omgjort til ny gravstad for Oddlaug Palma Sulebust i 2011. Ho var gift med Bernt Sulebust som er bornebornet til Knud og sonen til Klara Marie. Han vart også gravlagd der i 2014. Medforfattar i denne teksten, Bernt Sulebust Jr. Er sonen deira og ny festar på denne gravstaden. I 2014 vart Marie si grav frigjort slik at kommuna kunne nytte den opp att. Tanta til Bernt Jr. , Målfrid Sulebust, vart også gravlagd der i 2016. Når gravstaden på nytt vart teken i bruk vart også ny gravstein sett opp. Det er også meninga at både Mindor Sulebust og dotter Kathrin Sulebust i framtiden skal benytte den same gravstaden.

Kapittel 2: Etterslekta til Knud og Marie

Knud og Marie Røssevold fekk, som tidlegare nemnd, 5 born. Det var Johanne Martine (1893-1933), Ole Ingvald (1895-1980), Knut Marius (1895-1895), Klara Marie (1897-1999), og til sist Lina Andrea (f.1899). Eg skal kome attende til kvar enkelt av desse i tur og orden. Eg vil no forsøke å følge kvar enkelt born etter dei fram til våre dagar. Med eiga blåfarga underoverskrift til kvar av desse. Soleis er det mogeleg å hoppe framover i teksten for den som ynskjer det.

Slektsleddet til Johanne Martine Røssevold (1893-1933)

Johanne arbeidde som veverske på ullvarefabrikken heilt til ho gifte seg 31. oktober 1915 i Hareid kyrkje. Den utkåra var dampskip-skipperen Johannes Andreas Martinson Sulebust (1888-1973). Han var i tillegg den eldste broren til Bernt Sulebust, som gifte seg med søstera Klara Marie Røssevold. Johannes og Johanne fekk tilsaman 8 born. Den eldste var Martin Leonard Sulebust(1916-1940). han var fødd i Langevågen og omkom i eit krigsforlis ombord i motor-tankaren «Nina Borthen», der han var matros og skyttar. Båten var på veg frå Milford Haven til Persiabukta, men kom bort frå konvoi OB-222 på grunn av uver. Den vart senka av 3 torpedoar frå den tyske ubåten U-103 den 6. oktober i det første krigsåret. Alle ombord omkom.

Den 22. mars 1917 vart det på ny fødsel, men ingen lukkeleg dag. Johanne fekk hjelp av Lena Tafjord, men bornet var dessverre dødfødt, og fekk ikkje namn.

Kåre Mindor Sulebust(1920-2003) vart fødd på Sulebust. Familien hadde no flytta frå Langevågen. Han var ugift og sist busett på Vegsund sjukeheim.

Den tredje i flokken var Mary Kristine Sulebust (1922-1942) Ho vart teke av eit snøras på heimgarden den 5. desember då ho leitte etter geit saman med faren og to av søskena. Mary hadde søkt i fjellet over heimgarden, medan resten leitte lenger sør. Dei fann henne seinare i snøen. Ho hadde då vorte ført av raset ned gjennom steinura. Det underlege med denne hendinga var at dei andre ikkje hadde høyrt raset, og slikt var heller ikkje særleg vanleg i dette området, så ho må ha vore særs uheldig. Mary vart berre 20 1/2 år gamal.

Leonhard «Leon» Sulebust (1923-1985) vart gift med Asbjørg Harriet «Tulla» Rogne (1921-2009) første nyttårsdag 1950. Dei budde først i Blindheimsbreivika, før dei i 1955 flytte til Nyland og andre etasje hjå Petter og Gudrun Langlo. Ho var søstera til Tulla. I 1962 vart huset i Åsegardsvegen på Åse bygd. Tulla var nest yngst i ein ungeflokk på 13 søsken. Leon tok maskinistskule i Ålesund og fekk seg arbeid ombord i tankbåten «Kipawa» frå reiarlaget Leif Høegh & Co i Oslo. Ein gong fekkTulla og sonen Jarle vere med han. Det var vel kanskje i 1955. Dei var då i Hamburg ei god stund, og budde ombord på båten. Etter kvart ville han helst vere meir heime. Han fekk i 1956 hyre som maskinist på ishavskuta «Jopter», som hadde vorte henta heim att til Norge og fekk namnet «Polarbjørn», og vart seinare også maskinsjef ombord. Leonhard hadde i sine yngre dagar vore fangstmann og matros i Vestisen i 1940, så erfaring frå kaldare farvatn hadde han allereie. Leon var også med då skuta vart innleigd av Norsk Polarinstitutt til ein ekspedisjon vinteren 1958 og 1959 i Antarktis. Han fekk då ei boreprøve frå grunnfjellet under pol-isen. Den vart godt teke vare på som eit minne om turane. Sonen, Jarle Sulebust (f.1950), er konservator på Sunnmøre museum. Han gav seinare steinprøva vidare i gåve til ishavsmuseet. Då Karlsen-rederiet selde Polarbjørn til Canada fekk Leon arbeid hjå Rieber i Bergen på den heilt nye båten Polar King. Sonen Jarle Sulebust var eineborn. Han gifte seg med Inger Sofie Moldestad (f.1951) og dei fekk borna Jan (1975-2015) og Marte (f.1977). Jan var sambuar med Aase Karin Ræstadholm (f.1979) frå Misund. Dei fekk borna Noomi (2012-2012) og Jone (f.2003). Marte er mangeårig leiar for Borgund dyreklubb og sambuar med Ronny Tverdal (f.1980). Marte og Ronny har borna Hege (f.2004) og Thomas (f.2006).

Solveig Louise Sulebust (1925-2016) vart den femte i flokken ho gifte seg med Ole Martin Skuggen (1922-1997) Dei budde på Hessa. Ho var sist busett i Ivar Aasens gate i Ålesund. Dei fekk to born. Den eldste er Janne Skuggen (f.1959), som er gift med Rolf. Lillebroren Oddvar Skuggen (f.1963). Er gift med Jean Mercader Enterina (f.1972) .

Lillian (1928-2016) flytte til Bø i Telemark. Ho var gift med skogsarbeidar Halldor Torstveit. (1927-1994). Eg veit ikkje av nokre born etter dei.

Johannes «Johs.»Sulebust Jr. (f.1929) er nest yngst i den store borneflokken. Han gifte seg med Margit Kjølsøy (1933-2015) og dei busette seg på Eidsneset på Sula. På slutten av den andre verdskrigen var han med på våpentransporten for Milorg-gruppa på Brandal som vat stifta hausten 1944 for å lagre våpen fram mot frigjeringa. Andre transportar lenger nord hadde Tyskarane avslørt, så dei trong nye vegar frå Herøy om Ulstein til storbuda på Brandal. Om dette har Hans Skarbakk mellom anna fortalt følgande: «Her kom så Johannes Sulebust med ein liten trettifoting, eg trur han hadde to mastrer. Det hette seg at han selde ved. Ja, han hadde ved på dekk, men eg såg aldri han lossa. At vi visste namnet på Sulebust, var fordi han hadde vore skyttar på skutene her. Det var ein kalde fyr. Inn om Sula for han, kvar, visste vi ikkje.» Dei siste åra før pensjonsalderen arbeidde han for FrigoPan A/S på Eidsnes. Dei fekk 4 born. Det er Jostein Einar Sulebust (f.1953) som gifte seg først i 1990 med Helen Guy Mclean (f.1965). Dei fekk borna Jaqueline (f.1991), som gifte seg 2016 med Marius Bendik Hasfjord Brækkan (f.1991) bur på Fiskarstranda, medan søstera Rose-Mari (f.1994) er sambuar med Thomas Sunde Haugen (f.1993) og busett i Storevågen på Blindheim. I 2016 gifte han seg med med Cinta «Yanti» Karir (f.1977) frå Indonesia. Han er busett i Mauseidvågen. Ho har 3 døtre frå før. Det er Yolanda Jaceline, Ellen og Nadia. Jostein si søster, Eli Anita (f.1956), gifte seg med Svein Otto Rønnestad (f.1955). Dei har dottera Stine (f. 1983) som er busett i Trondheim og gift sidan 2015 med Jahn Erik Stenhaug (.1982) Dei har borna Jesper (f.2013) og Josefine (f.2016). Den andre sonen til Eli Anita og Svein Otto er Steffen Rønnestad (f.1989). Han er aktiv med i fotballgruppa på Emblem. Den nest yngste dottera til Johannes og Marit Sulebust er Randi (f.1960). Ho er busett i Sverige og gift med Janne Nilsson (f.1960). Dei har sonen Morten (f.1989), som gifte seg 2017 i Gränna i Sverige med Ida Siggelin (f.1990). Dei bur og hjelper til med å drive fjellhotellet på Bruksvallarna som Ida sin familie driv. Han har no fått Siggelin som etternamn etter bryllaupet. Morten har ei søster, Eila Nilsson (f.1996). Yngstemann i søskenflokken etter Johannes og Johanne er Rolf Sulebust (f.1964), som er ugift.

Johanne og Johannes dreiv garden Sulebust på sørsida av Sula. Johannes hadde teke over den garden etter far sin. Laurdag den 21. februar 1931 vart ein svært dramatisk dag for sulebust-slekta. Frå Sunnmørsposten sin omtale av hendingane og ei ny reportasje 4. mars 2006, finst meir informasjon. På grunn av ruskevér så skulle berre mannfolka legge i veg med båt på likferd til Hareid. Den dagen skulle nemleg fiskaren Andreas Ødegård begravast. Kvinnfolka samla seg i staden på skulehuset, medan dei då fem små borna til Johanne og Johannes var heime åleine. Då dekksbåten kom vel halvegs kunne dei sjå at det rauk mykje frå pipa på huset til Johannes. Vel frame på Hareid fekk dei telefonbeskjeden om at huset brann, og dei visste då at der var fem små born inne, og den eldste av dei var Mary på berre 8 år. Husa på garden, med som inneheldt fleire bustadhus, stod tett og det var fare for at alt kunne brenne ned. Dei returnerte så raskt dei berre kunne makte, men det såg ikkje bra ut. Stova til grannen, Karl Olsen stod berre 2,5 meter ifrå. Med ett fekk dei sjå snurpebåten «Hareidingen» ome til unnsetning. Når mannskapet kom til gards stod huset i full fyr og det brann opp etter taket på stabburet og stova til Karl. Som ved eitt under makta dei å slokke og berge alle dei andre husa, enn Johannes sitt. Det heile opplevdes mest som eit under. Men korleis gjekk det so med borna? Då det rauk så gale frå vedomnen, og det vart så varmt at dei omtrent ville kovne, forsøkte Mary å lufte ut med å åpne dørene. Straks etter byrja det å brenne. Ho jaga då dei tre største av småsyskena, før ho gekk inn att og henta Johannes frå vogga og bar han ut. Dei fekk ikkje tid til å ta på seg sko eingong. Broren Leonard, då kalla «Lullen». Vart sendt til skulen for å seie frå. Han var ikkje store karen, men rusla no bort, let opp døra og lo godt då han sa: «Det brenne med øss».

Kvinnfolka fekk fart på seg og greidde å berge både dyra og alt som var laust inventar i huset til Karl og på stabburet. I tillegg hadde dei voe heilt oppe på taket for å forsøke å slokke, men måtte gje seg då det til slutt ville brotne på grunn av brannen. Solveig Sulebust minnest at dei fraus så forferdeleg der dei stod uten noko på føtene på ein haug like ved og såg på. Ho hugsa også at mora gret så felt, då ho først trudde at Lillian hadde brunne inne. Familien fekk bu ei tid hjå grannar på Sulebust etter brannen. Alle andre bygningar vart berga. Huset hadde lav branntakst og dei miste mykje, men det var heldigvis berre av materielle verdiar. Du har kanskje høyrd ordtaket om att ei ulukke sjeldan kjem åleine. Det stemmer dessverre på denne garden.

To år etter, i 1933 vart Johannes vart sittande att som enkemann. då Johanne døydde den 29. juni. Legen hadde vorte bodsendt og kunne konstatere «lungebrand» som dødsårsak. Nok ein gong måtte Mary overta myje av ansvaret heime, sjølv om ho berre var 10 år gamal. Men ho var allereie vant med det. Sidan 1931 hadde der kome fleire til i ungeflokken Yngstejenta var då berre 1 år gamal og eldstemann konfirmert tre år tidlegare. Johanne vart gravlagd 4. juli på Hareid. Men det stoppa ikkje der, for året etter døydde yngstejenta, Jenny-Marie Sulebust(1932-1934). Ho vart berre 2 1/2 år gamal. Dødsårsaka var bronkitt og ho vart begravd på Hareid. Seinare skulle ulukka ramme Mary også. Det har du nok allereie lest om tidlegare i denne teksten. Johannes gifte seg opp att den 14. november i 1936 med Elfrida Johanna Andreassen (1911-1967). Det vert fortalt at ho tidlegare hadde vore tenestejente hjå enkemannen, Johannes, på Sulebust. Dei fekk fekk ikkje born i lag, men adopterte i staden ei jente som fekk namnet Jenny-Marie (f.1945). Ho vart kalla opp att etter Jenni-Marie som døde i 1934. Medan Johanne er gravlagd i det gamle kyrkjesoknet til Sulebust på Hareid, så er Johannes og Elfrida gravlagd saman på Borgund kyrkjegard.

Slektsleddet til Ole Ingvald Røssevold (1895-1980)

Ole var fødd som tvilling den 10. august 1895 og heimedøypt i oktober det same året. tvillingbroren Knud Marius gjekk det ikkje like bra med. Han døydde 10. september berre ein månad gamal. Ole Ingvald gifte seg 24. september 1923 med Elida Kaspara Karlsdotter Fylling (1901- ca.1990). Saman fekk dei sonen Knut Marius (f.1924) som vart kalla opp etter tvillingbroren til far sin. Dei budde hjå mor til Ole, Marie Røssevold, i Villumgarden på Fyllingen i byrjinga. Ole drog til Amerika for å drive fiske. Elida og Knut Marius drog etter til Seattle den 20. april 1929. Dei vart verande der. Etternamnet vart etter kvart endra til Rosevold. Ole Ingvald dreiv fiske og var i periodar i Alaska. Det kan verke som om han hadde god kontakt med søstera, Klara, her i heimlandet. Dei var også fleire gongar i Norge på besøk med familien. Ole døydde i 1980. Sonen Knut Marius kalla seg etter kvart anten Kenneth Rosevold, eller Kenny. Han gifte seg med Frances J. og dei fekk tre døtre. Dei heiter visst Jeanne, Judy og Linda. Særleg meir veit me ikkje om denne slektsgreina enda.

Slektsleddet til Klara Marie Røssevold (1897-1999)

Ho var de første i ungeflokken som vart fødd i Langevågen, det same året som onkelen Johan Oluf Røssevold også busette seg der. Til saman var dei no 10 søskenborn. Klara gifte seg den 10. september 1916 med Bernt Sulebust (1895-1986) frå sørsida av Sula. Han var forresten bror til Johannes Andreas Sulebust som gifte seg med søstera Johanne Martine Røssevold. (sjå meir om dei lenger fram i dette kapittelet).

Bernt valde sjøen som arbeidsplass, akkurat som bror sin. Han var mellom anna ombord i panserjagaren Troll som nøytralitetsvakt under den 1. verdskrigen, og fleire gongar på ishavet då han var ung. Bernt gjekk gradene frå skyttar til å verte ein av dei yngste kapteinane på fangstfeltet. Han var også skipper på ESSO sine tankbåtar langs norskekysten, før han vart bestyrar og formann på tankanlegget til Vestlandske Petroleums Compagni (seinare ESSO) på Nørve. Dei flytte då inn i bestyrarboligen der og her kom borna deira til verda. Han sat også eit år som «ålesunds-gissel» på Grini fordi eldstesonen hadde rømt frå heimlandet til England.

Klara Marie var husmor og tok seg av hus og heim. Begge var også aktive i ulike songforeiningar og ikkje minst kor, i sine yngre dagar. Tankanlegget vart etterkvart nedlagd og fjerna, men Bernt og Klara vart verande i bestyrarboligen heile livet. I dag går innfartsvegen omlag der den nederste tanken ein gong låg, men huset står framleis. Det ligg like ved bensinstasjonen på gamlevegen til byen ovanfor, og småbåthamna nede ved fjorden. Klara fekk oppleve å verte heile 102 år gamal. Det er ein imponerande alder.

Dei fekk til saman fem born. Den eldste heitte Knut Marius (1918-2005), slik som søskenbornet som drog til Seattle (sjå tidlegare i kapittelet). Begge vart kalla opp etter onkelen, som døydde eitt år gamal. Under oppveksten på 1930-talet var han aktivt engasjert i speiderbevegelsen i Ålesund, og ein aktiv svømmar. Knut Marius deltok blant anna i hamnesvømminga og tok medalje der. Han var sjåfør og akkurat ferdig med førstegongstenesta då Norge vart okkupert i 1940. Knut vart difor mobilisert og deltok mellom anna i krigshandlingane i Gudbrandsdalen, som lagførar. Den 31. mars 1941 drog han til England med «M/B Hallkjell -M310A» saman med 9 andre frå Ålesund. I tillegg til sanitetsutdanninga frå Norge tok han no telegrafist- og befalskurs. Han arbeidde som telegrafist mellom anna i Catalina flybåtar frå 333-skvadronen i Woodhaven i Skottland. Med si lange rekkevidde vart flya nytta til anti-ubåt jakt, sjøovervaking og dei sette i land agentar i Norge, eller hente ut dei som vart ettersøkt. Etter krigen flaug han mellom anna Kronprins Olav ikring i store delar av Vest- og Nord Norge. Knut Marius fortsette den militære karriera etter krigen. Han vart både oberstløytnant i 1977, og stasjonsjef på Randaberg Radarstasjon frå 1961 til han vart pensjonist. Han gifte seg først med Astrid Sola (1923-1967), men dei fekk ikkje så lang tid saman. Ho vart sjuk og døydde berre 44 år gamal. Knut Marius gifte seg på nytt med Berit Olaug Kommerdal (f.1934). Han vart gravlagd på Eiganes i Stavanger og fekk ingen born.

Lilly Mary Sulebust (f.1920-2013) var den neste i ungeflokken. Ho vaks opp på ESSO-anlegget på Nørve der faren var bestyrar. Lilly var flink på skulen og drøymde om å ta artium, men fekk ikkje lov til det fordi ho var jente. Ho arbeidde derfor som butikkdame i ein av dei gamle klesforretningane i Ålesund i staden, og fortsette med det til ho gifte seg med Erling Marstein (1916-2016). Han arbeidde på sjukehuset og var ansatt både på gamle-sjukehuset på Klipra og seinare inne på dagens sjukehus Åse, der han først var administrasjonsjef før han vart direktør. Dei budde ei tid både i Kristiansund og Oslo, før dei kom heim og busette seg på Fjelltun. Lilly og Erling fekk tre born.

Den eldste av borna er Egil Marstein (f.1944). Han gifte seg med Liv Ingrid (f.1946) og er busett i Asker. Dei fekk igjen tre born. Det er Lilly Anne Marstein (f.1970) som er gift med Alaali Hussain, og har borna Mirjam (f.2004) og Madlein (f.2008). Broren Erik Olav Marstein (f.1973) er gift med Camila Dahl, og har borna Eskil (f.2006) og Evert (f.2009). Yngstemann er Øyvind Marstein (f.1977). Han er singel.

Den neste er Kjell Marstein (f.1949) og busett i Ålesund. Han gifte seg først med Inger Johanne Sunde. Dei fekk sonen Erling Johan Sunde (f.1972), som igjen er gift med Elisabeth Bergesen (f.1972) og har borna Ingrid (f.2009) og Marie (f.2010). Han gifte seg opp att med Sissel Havåg (f.1954) og dei fekk sonen Kjell Erik Havåg Marstein i 1994.

Yngstesonen Bjørn Marstein (f.1958) er også busett i Ålesund. Han var først gift med May Britt Grande (f.1960). Dei fekk tre born. Dette er først Anne-Mari Grande (f.1977), som har borna Clara Yvonne (f.2001) og Emil André (f.2004) med sin første ektemann, Guillaume Laboreau (f.1969). Deretter fekk ho dottera Oleanna Grande (f.2006) med Ingvald Knivsflå (f.1970), og er no saman med Jan Tore Misfjord Valbø frå Sjøholt. Broren Bjørn Einar Marstein (f.1978) er saman med Siw Merethe Olsen (f.1981). Yngstebroren er Kjetil Marstein (f.1986). Faren Bjørn Marstein (f.1958) er gift for andre gong med Brit Engeseth og busett i Ålesund.

Mindor Louis Sulebust (f.1921) gifte seg med Målfrid Petra Myklebust (1928-2016). Ho er søstera til Oddlaug Palma som gifte seg med bror til Mindor, Bernt Sulebust, (sjå lenger bak i kapittelet). Mindor arbeidde ei tid som portør på sjukehuset, før han tok hyre og arbeidde som tømmermann på Klaveness-skipet «M/S Bonneville» med heimehamn i Vancouver i Canada. Båten hadde ei besetning på 47 mann og gjekk normalt langs vestkysten av USA. og over Stillehavet til Manila, Hong Kong, Indonesia og truleg også Japan. Mindor har vore spelar på fotballaget AaFK og song i Mannskoret Dovre her heime i Ålesund. Kona, Målfrid, vaks opp i Olsvika på Hessa. Ho hadde forskjellige jobbar av kortere varigheit, men var lengst som bokhaldar hos Sunde.Dei fekkdottera Kathrin (f.1961) som har cerebral parese. Difor valde Målfrid å vere heime, medan Mindor tok seg arbeid som snekkar på land. Han har arbeidd med sal av båtar og båtmotorar hos Johs. Paulsen, før han tok seg arbeid i målarforretning i Spjelkavika før pensjonsalderen. I byrjinga budde dei i Olsvika hjå foreldra til Målfrid, men bygde seg etterkvart eige hus i Hessavegen, der dei vart nærmaste naboar med broren Bernt og svogeren Steinar Myklebust. Mindor og Målfrid starta i 1973 fritidsklubben «Kontakt» for funksjonshemma i Ålesund, og arbeidde som leiarar i dei fleste åra klubben har eksistert. Det har dei fått mange prisar og mykje annerkjennelse for. Av desse kan Ålesund Kommunes hederspris og Sunnmørspostens hederspris nemnast. På sine eldre dagar flytte dei inn i dei nye eldreboligane på Klipra. Dottera, Kathrin, bur på Nørve.

Margith Kaspara Sulebust (1923-2004) er det nest yngste bornet til Klara Marie og Bernt. Ho flytte tidleg til Oslo, og arbeidde på Ullevål Sjukehus som sjukepleiar. Ho flytte seinare attende til Ålesund etter å ha levd det meste av sitt vaksne liv i hovudstaden. Ho har ingen etterkommarar. Margith vart gravlagd saman med foreldra sine på Hatlehol gravlund.

Den yngste i ungeflokken var Bernt Sulebust (1928-2014). Han gifte seg i 1957 med Oddlaug Palma Myklebust (1931-2011). Ho er søster til Målfrid Petra (sjå tidlegare i dette kapittelet) som gifte seg med bror til Bernt, Mindor Sulebust, og oppvaksen i Olsvika på Hessa. Bernt var særleg interessert i fotball i ungdomsåra. Laget var AaFK, der han spela sin første kamp i juli 1945. Han er visst den einaste i AaFK som har vorte kretsmeister med både junior- og seniorlaget det same året. Det hende i 1946. Bernt fekk stadig hederlig omtale i avisene etter kampane, og vert beskreve som en suveren senterhalf og kaptein, på fotballagets heimesider. Han var ofte frivillig på sine eldre dagar og fekk klubbens gullmerke for langvarig innsats for klubben. Her kan det nemnast at han spela heile 196 kampar for AaFK. Etter artium og millitærteneste fekk han arbeid i tollvesenet. Der vart han verande i heile si yrkeskarriere. Bernt vart etterkvart også tollstadsjef i Ålesund.

Oddlaug arbeidde hos Johs. Paulsen på Brunholmen etter endt skulegong i 1950. Ho starta som sentralborddame, og tok raskt over ansvaret for fakturering. Ho arbeidde der heilt til sonen, Bernt Sulebust Jr., kom til verda hausten 1969. I 1963 bygde dei huset sitt i Hessavegen, ved sidan av Bernt sin bror, Mindor Louis og Oddlaug sin bror, Steinar Myklebust. Dette var heller ikkje så langt unna Olsvika der ho vaks opp. På sine eldre dagar flytte dei inn i eldrebolig på Klipra, slik som Mindor og Oddlaug si søster, Målfrid Petra. Når sonen vart stor nok byrja ho å arbeide deltid i klesbutikk. Ho var glad i song, spela piano og song i Ålesund operakor. Oddlaug deltok i produksjonar som «Carmen» og «Den Glade Enke». Ei tid var ho med i helselaget på Hessa og bidrog villig som føresett når det trongst i korps, speider eller skuleaktivitetar. Der var også Bernt engasjert som sjåfør, foreldre-deltakar på leirskule og som rekneskapsførar for speideren, for å nemne noko.

Dei var glad i å reise i både inn- og utland. Dei seinare åra drog dei også på bussturar saman med Mindor, Målfrid og Kathrin. Saman med Bernts brødre hadde dei hytte ved Bernt sin heimgard på Søre Sula, og ferierte ofte på Tjøme i Oslofjorden då sonen, Bernt, var liten. Oddlaug fekk på sine eldre dagar diagnosa ALS. Takka vere ektemannens oppofrelse og støtte fekk ho bu heime heilt til ho døydde, etter sju års kamp mot sjukdommen. Ho fekk oppleve å verte bestemor for første gong 12 dagar før ho sjølv sovna inn. Bernt fekk oppleve å verte bestefar heile 3 gongar.

Sonen Bernt Jr. Sulebust (f.1969) Er den tredje med namnet Bernt i slektsrekka, og medforfattar i denne teksten. Han har i hovudsak samla inn dei aller fleste opplysningane i kapittel 2, og viktige delar av kapittel ein. Han vaks opp på Hessa og fullførte naturfaglinja på Fagerlia Videregåande skule i 1988. Deretter vart det telematikkutdanning på Møre og Romsdal Ingeniørhøgskule like ved. Der vart han uteksaminert ingeniør i 1992. Gjennom si arbeids-karriere innan IT jobba han først hos "Asbjørn H. Giørtz" og "Bennett Reisebureau" i Ålesund. Etter å ha flytta til Oslo i 1994 har han arbeidd med IT i store internasjonale firmaer som "Bennett BTI" , "Norsk Hydro" og "EDB Business Partner". Han var også nokon år innom "Nittedal kommune" når borna var små, men har dei siste åra arbeidd i Avinor med drift av IT system på Gardermoen flyplass, og dei fleste andre flyplassane i Norge.

I motsetning til tidlegare generasjonar fekk Bernt nytte av IT også når han fann seg ektemake. Via internett vart han kjend med tyske Kerstin Seitz. Ho flytte til Norge i år 2000 og fekk seg arbeid i Scandic Hotell-kjeden som resepsjonsjef og Revenue Manager. Seinare har ho også jobba i andre store firma. Dei flytta frå Oslo til Skedsmo i år 2001 og gifta seg i Skedsmo kirke i 2005. Dei kjøpte rekkehusleiligheit og busette seg på Skedsmokorset, der dei framleis er busett. Saman fekk dei borna William Bernt (f.2011) og tvillingane Sofia (f.2013) og Leonard (f.2013).

Slektsleddet til yngstedottera Lina Andrea Røssevold (1899-1993)

Det finst få opplysningar om henne. Medforfattar Bernt Sulebust Jr. har hørt at ektemannen hennar, Gustav Kristoffer Hess (1898-1988), var enkemann og hadde 4 born frå før. Ho tok då over som stemor for desse. Dei fekk visst ikkje eigne born. Desse opplysningane kan stemme. I alle fall er han er nemnd som brudgom i 1925. Bruda heitte Konstanse Amalie Olsen (1897-1937) og giftermålet var registrert i Sandviken Prestegjeld i Bergen. Gustav vaks opp i Sydnessmuget som sonen til hotellbod Fredrik Hess frå Sogndal og Sigvarda frå Bergen. Han var yngst av tre brødre i 1900 og hadde ytterlegare 4 søsken i 1922. Gustav hadde ei rekke ulike typar arbeid. I 1922 var han steinarbeidar, i 1926 finn ein han att i emigrantprotokollen for Bergen kommune som fyrbøtar med reisepass til D/S «Betty» av Bergen, og i 1934 var han lagermedarbeider, registert saman med Konstanse i valgmantalet for Nygård i Bergen. Ho døydde i 1937. I 1943 gifte han seg opp att med Lina Andrea Røssevold i Bergen. Dei fekk ingen born. Gustav og Lina er begravd på Møllendal gravplass i Bergen.

Avsluttning

Med dette tek me avskil med Knud Thomas Røssevold, og den etter kvart så store etterslekta hans. Me har følgd slektsgreinene og kan vel konstatere at dei fleste har vorte verande i området Sula, Hessa og Ålesund. Røssevold-anene har i stort monn vorte til Sulebust-slekt, Molvær-slekt og endå til Rosevold på andre sida av Atlanterhavet. Alle har det ikkje vore like lett å finne detalj-kunnskap om, medan andre har me sett oss nøydde til å begrense kunnskapen om, då der har vore overflod av spennande detaljar. Det kan difor vere på sin plass å henvise til Bernt Sulebust Jr. og Helen Guy McLean for meir informasjon. Alle innspel til teksten, nye opplysningar og korrigering av innhaldet vert sett utruleg stor pris på. Den er omfattande, med mange slektsledd, og vi ser ikkje bort frå at fleire etterkommaar har kome til.

Det er heile meininga med å legge teksten ut digitalt, slik at det er mogeleg å få hjelp til å videreutvikle og forbedre den. Alle innspel kan sendast til sveostrem@hotmail.com . Er det nokon som sit med liknande kunnskap om andre slekter frå Emblem så set me stor pris på å få del i det. Det er også mogeleg å levere bilete eller ferdige tekstar til publisering på www.emblemsbygda.com

Kjelder:

Hareide, Reidar og Landmark, Henrik: «Dei lange åra 1940-1945» Hareid historielag 1991.

McLean, Helen Guy: Slektsoversikt for Johannes og Johanne Sulebust (14.1.2017) delt av Bernt Sulebust.

Otterlei, Borge: «Likferd med brann-dramatikk» 2 artiklar publisert i Sunnmørsposten 4.3.2006 om brannen på Sulebust 1931.

Rabbevåg, Egil: Slektsregister for gnr. 8 Røssevoll som er under stadig revisjon.

Stensager P.: Opplysningar om Tykjegarden skrive ned på 1920-talet for Bygdeboknemnda i Borggund.

Sulebust, Jarle: opplysningar om foreldra sine. Leonhard og Asbjørg Sulebust og etterslekta via e-post.

Sulebust, Bernt: Diverse slektskjema, tekstar, bilete og ytterlegare opplysningar. Han er medforfattar i denne teksten.

Østrem, Svein Ove og Rabbevåg, Egil: «Bygdebok for Emblemsbygda Gardsoge gnr. 1-9» Kladd til

ei oppdatert utgåve av Ragnar Øverli si tidlegre publiserte bygdebok for Borgund og Giske.

Øverli, Ragnar: «Borgund og Giske Band 2 Gardsoge 1-51; Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961».

Digitale kjelder:

Bilete av Kraasbyes Uldvarefabrikk i Mauseidvågen frå DigitaltMuseum.no: https://www.google.no/search?q=kraasbye+vedde&sa=N&tbm=isch&imgil=hzJMOW8wTKjpkM%253A%253BzhFNI6D

Dis gravminne for Johanne Røssevold Sulebust: http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy

Dødsregistreringa til Marie Røssevold i kirkeboka: https://media.digitalarkivet.no/view/39472/95360/25

Dødsegistrering av Ole Iver og Olivie Karoline Røssevold i Klokkarbok for Borgund 1975:

https://media.digitalarkivet.no/view/16491/92865/59

Dødsannonse til Margit Sulebust (1933-2015) http://www.e-pages.dk/sunnmoersposten/4436/35/?query=margit+sulebust

Dåpsregistreringa til Knud Thomas Røssevold i 1870:https://media.digitalarkivet.no/view/6379/33063/129

Dåpsregistreringa til Knut Marius Røssevold i 1895:

https://media.digitalarkivet.no/view/2680/57

Familiegrava til Petrine Røssevoll Nøstdal på Nedre Gravlund i Ålesund

https://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4283560

Felles gravminne for Bernt, Klara Marie og dottera Margith Kaspara Sulebust på Hatleholen: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4299666

FrigoPan a/s si annonse med forretningsadresse Norges Handelsleksikon bind 3 frå 1985: http://www.nb.no/nbsok/nb/cbfb921c5fa1bef437c202261b36919c?index=1#1285

Furø, J. E. og Barmann, O.: Romsdals Amts Adressekalender, J. Aarflots Bog- og Akeidenstrykkeri; Aalesund 1900.

Giftermålsregistreringa til Knud Thomas Røssevold i 1893:

https://media.digitalarkivet.no/view/2677/17262/60

Gravminne til Lina Andrea Røssevold og Gustav K. Hess: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=407087

Gravstøtte Astrid Sola Sulebust 1923-1967 på Sola: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1598318

Gravstøtte Knut Marius Sulebust 1918-2005 https://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3768939

Gustav Hess i emigrantprotokollen 1926: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000756014

Gustav Hess i 1900-tellinga: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335066576

Gustav K. Hess brudgom i 1925: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000723232

Gustav og Konstanse Hess i valgmantalet i Bergen i 1934: https://www.digitalarkivet.no/view/108/pc00000000469330

Gustav K. Hess kommunal folketelling i Bergen 1922: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522037583

Gustav K. Hess giftermål med Lina Røssevold i 1943: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000905119

Johannes og Elfrida Sulebust sin gravstein: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4262553

Johan Oluf Røssevold sitt tredje bryllup i 1911: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000026176

Johanne Knutsdotter Røssevold og Johan Sulebust giftermål i Hareid Kyrkje: https://media.digitalarkivet.no/view/43862/58105/13

Kipawa i tankbåtlista frå www.skipet.no: Lista finst her: http://www.skipet.no/skip/skipslister/1951-tankskip

Klara Røssevold giftermål 1916: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000027521

Knud Røssevold registrert som fiskar og fadder for niesa Olefine Johansdotter Røssevold i Ålesund 1893: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005223276

Konfirmasjon Eldar Olai Nøstdal 1919:https://www.digitalarkivet.no/view/277/hk00000000590469

Konfirmasjon Samuel Vilhelm Nøstdal Ålesund 1922https://media.digitalarkivet.no/view/39477/181

Lina Andrea Røssevold Hess dødsregistering: https://www.digitalarkivet.no/view/15/pa00000000153865

Litt om flyttinga av devoldfabrikken: https://no.wikipedia.org/wiki/O.A._Devolds_S%C3%B8nner

Om Jens Molvær og Jensine Røssevold Molvær I Kraasbyehuset i Mauseidvågen: http://www.nb.no/nbsok/nb/c800b6af53fabed81c8752bccf3449d5?index=6#19

Om Kraasbyes ullvarefabrikk: http://www.nb.no/nbsok/nb/6c66dc758524225d2abf58bd469722c7?index=1#0

Teikning av bolighus for baker Haugland frå 1907 https://digitaltmuseum.no/011073022650/utkast-for-bolighus-for-baker-haugland-fasadeoppriss


















Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE