OM REITESAGA OG LITT OM SKOGSDRIFT PÅ GARDEN

Garden som Reiten er utskild frå, Aksla er gammal. Ein veit ikkje kor gamal for her er ikkje noko kjente fornfunn. Det er mogleg at Aksla er mest like gamal som nabogardane og kanskje frå vikingtida. Historisk sett høyrer garden saman med Aksla og heitte i si tid Austreimsreit i dokument frå fyrste halvdelen av 1700-talet, men garden har aldri hatt noko med Østrem å gjere. Reiten vart øydegard etter Svartedauden i likheit med dei aller fleste gardane i bygda. Truleg var det kun samanhengande drift på Østrem og Emblem. Nokre av gardane i Borgund ber framleis merke etter dette med namn som Øydegard.

Kring 1623-24 vart garden rydda på nytt av Jon Endresen som vart omtala som «øydegardsmann». Det er mogleg at han er son av Endre på Aksla. Jon tok seinare over Aksla etter faren og overlet Reiten til broren Lars Endresen i 1630. Lars var brukar heilt til 1650 og i 1640 vart garden skylddelt som ein eigen gard og fortsette med det sidan også. Skylda på 1 våg vart teken frå Aksla. På denne tida hadde begge gardane same eigar og var «prestbolgods» i likheit med dei fleste andre gardane i bygda. Garden hadde kvennhus saman med Aksla i Storelva ved Østrem. Kvenna var i bruk til 1920. Seter hadde dei óg saman med Aksla på Reitesetra, eller Akslasetra som det vart heitande etter at Aksla flytte sela sine frå austenden av setrevatnet. Selet er no borte. Naustrett har garden i Stampevika og vestanfor. Aksla var frå gamalt av teigbytt, medan Reiten stort sett fekk sine teigstykker samla frå utskillinga. Aksla hadde lenge stykker inne på Reiten sine teigar, men etter utskiftinga 1894 fekk også Aksla sine stykke samla, medan Reiten hadde to stykker som før. Eit ved tuna og eit nedanfor bygdevegen.

Fram til 1890 var utmarka felles men no vart marka mellom Aksla og Magerholm si innmark delt inn i utmarksteigar., men opplagsplassar for tømmer og beiteplassane fortsette å vere felles også etter 1890. Det var stort sett registrert kun vedaskog på Akslen og Reiten før 1900, men du finn framleis røter på fjellet som vitnar om store skogar i tidlegare tider og først no har skogen for alvor byrja å komme oppatt. Hans Strøm fortel at det ikkje så lenge før hans tid stod veldige skogar på Sunnmøre og Emblemsbygda var ikkje noko unntak.

Den fyrste saga som ein veit om er flaumsaga som Borgundpresten sette opp opp fyrst på 1600-talet. Saga vart lagd ned alt på 1630-talet og kan bere bud om at skogen vart hoggen ut temmeleg raskt. Det er kanskje ikkje så rart for i denne tida var det fullt med oppkjøparar som kom jamvel frå både Holland og Skottland med skip for å kjøpe alt det dei kunne få og dei kom att fleire gongar for året med kvart skip. Ola Tandstad fortel at det så seint som 1640 tok 300 skip turen til Sunnmøre 2-3 gongar kvar. På denne tida spratt det opp ei rekke sager som så forsvann kort tid etterpå. Oppgangsaga kom til Sunnmøre først i 1603 og allereie i 1609 vart det bygd 38 sager på Sunnmøre. I åra 1612-14 vart det sett opp 70 flaumsager og det syner at det var på denne tida den livlegaste handelen foregjekk, og Reite-saga var ei av desse nye sagene. Hollendarane hadde mykje å bygge opp at etter Den nederlandske fridomskrigen, men det var og nokre skotske skip her i 1613 og fleire skulle det bli.

Resultatet av denne handelen vart ei skogsøyding utan like. Feil hogstmetodar og ønske om kortsiktig gevinst medførte truleg at skogen måtte vike for gras og beitedyra fortsette å halde skogen vekke. Tidlegare hadde kvar ei øy langs sunnmørskysten vore skogdekt og det vert fortalt at skogen ein gong stod så høgt at ein ikkje kunne sjå Eikenosa frå Østrem. Etterverknaden av denne skogøydinga var at ein fortsatt brukte torv til brennsel på 1940-talet på Østrem. På den tida skogøydinga foregjekk eigde Borgundpresten både Aksla og Reiten. Det er kanskje slik at presten hadde mindre interesse av ei langsiktig og levedyktig skogsdrift enn det ein sjølveigande gardbrukar ville ha og kven skulle vel tru at konsekvensane vart så langvarige. I 1723 er det notert om Reiten at garden er «meget tungvunden og tarvelig til korn». Brennved og litt annan småskog til gardens bruk. I 1868 byrja det å rette seg for då er det registrert at garden er Tungbrukt. Noko brennved og litt skog til sal. På omtrent same tid vart det skogbrann i bygda. Kristen Olsen Magerholm fortel at det var far hans, Jon Jonsen Brekke frå Stryn som var uheldig då han som plassemann på Joplassen på Magerholm hadde brent kolmile. 8 dager etter at han sløkte kolmila og drog heim att tok det til å brenne. Det skal ha brent i 3 dager og til tross for at alle bøndene på Uksenøya vart utkomandert til slokkearbeid så fekk dei ikkje has på flammane før det kom ei flodbyge med regn.

I 1920 vart det på nytt sett opp ei sag på Reiten av Iver Johannesen Solevågseide ( 1853-1943) som då var eigar av garden. Han kom frå Sula og gifte seg med gardajenta Kristofa Rasmusdotter (f. 1869). Material fann han i eigen skog og det meste av saga vart laga på garden. Taket vart dekt med never og seinare vart dette skifta ut med støypte heller som óg vart produsert på garden kring 1940. Det var sonen Ingvald Iversen Reiten (f.1902) som dreiv med helleproduksjonen ved hjelp av eigne former som han støypte dei i. Desse hellene ligg framleis på taket.

Saga vert i byrjinga driven med vasskraft frå Sirielva som renn like ved. Eit vasshjul på kring 2 meter i diameter dreiv sagbladet og det vart laga demning ovanfor garden. Var det lite vassføring i elva, så åpna dei demninga for å få nok vatn til få fart på sagbladet. Tidvis var det såpass lite vatn i elva at saga ikkje kunne brukast, så det var oftast under haustflaumen dei brukte saga. Frå omlag 1935 vart det elektrisk drift av saga ved hjelp av motorkraft. Vasshjulet vart då sendt til garden Gåsø på Sekken og fekk nytt liv på gardsaga der.

Saga på Reiten var nytta av andre enn dei som høyrde garden til. Om vinteren og hausten kom naboar med hest og slede eller kjerre for å få sage tømmeret sitt. Reitebonden fekk betaling per time, men det vart likevel mykje gratisarbeid. Det var alltid bonden på Reiten som sjølv saga tømmeret. Ein del av tømmeret vart henta på fjellet rundt Melsvatnet der gardane hadde tømmerteigane sine. Skogen oppe i Akslanakken vart hovudsaklig nytta til ved. Det meste av tømmeret som ein saga var til eige bruk, men ein selde også litt.

Dei som brukte saga var veldig forsiktige så det var sjelden at det var noko uhell, men ein gong saga Iver seg stygt i handa og ein annan gong spratt ein kjepp opp i gebisset til Ingvald så han måtte på sjukehuset.

Kring 1980 vart det slutt på sagdrifta på Reiten. Ho er brukbar enno, men straumen er kobla frå. Likvel er saga verdt eit besøk. Forma og utstyret til taksteinstøyping finst fortsatt på Reiten og namn som «Reiteløypa» ber bod om ei tid då ein behøvde plass for å føre trestokkane og vedemna til gards frå nakkane ovanfor garden.

Kjelde:

Tandstad, Ola; Sykkylven i eldre tid. Første bandet av bygdebok for Sykkylven.

Turid Langleite sitt notat etter samtale med Gurine Reiten f. 1909

Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske, Band II Gardsoge, Borgund og Giske Bygdeboknemd 1960

Stensager, P: Intervju med Nils Akslen på Skaret kring 1920.

Stensager, P: Intervju med Kristen Magerholm kring 1922.

Reitesaga. Foto:Svein Ove Østrem
Reitesaga. Foto:Svein Ove Østrem
EIt glimt av sagbenken og dei støypte fundamenta. Foto: Svein Ove Østrem
EIt glimt av sagbenken og dei støypte fundamenta. Foto: Svein Ove Østrem
På enden av saga var strauminntaket oppunder mønet og midt på endeveggen kunne ein truleg kaste ut hoa. Foto: Svein Ove Østrem
På enden av saga var strauminntaket oppunder mønet og midt på endeveggen kunne ein truleg kaste ut hoa. Foto: Svein Ove Østrem
Restar av det som ein gong gav sagbladet fart til å sage. I småelva utanfor venstre biletkant stod det vel 2 meter høge vasshjulet. og like under golvet på saga var akslingane som overførte vasskraft til nyttig "sagkraft" lengst frå fotografen kan du truleg skimte ei "veiv" som kunne settast på akslingen og gje ein opp-ned bevegelse slik at stokken kunne førast sakte og jamnt mot sagbladet og kontrollerast av den som stod og saga Foto: Svein Ove Østrem
Restar av det som ein gong gav sagbladet fart til å sage. I småelva utanfor venstre biletkant stod det vel 2 meter høge vasshjulet. og like under golvet på saga var akslingane som overførte vasskraft til nyttig "sagkraft" lengst frå fotografen kan du truleg skimte ei "veiv" som kunne settast på akslingen og gje ein opp-ned bevegelse slik at stokken kunne førast sakte og jamnt mot sagbladet og kontrollerast av den som stod og saga Foto: Svein Ove Østrem
Eit utsnitt av dei heimelaga trerullane som gjorde det mogeleg å bevege tømmerstokken mot sagbladet når matrialen skulle sagast. Foto: Svein Ove ØStrem
Eit utsnitt av dei heimelaga trerullane som gjorde det mogeleg å bevege tømmerstokken mot sagbladet når matrialen skulle sagast. Foto: Svein Ove ØStrem
Taksteinen er heimelaga. Reiten var av dei fyrste gardane som tok ut sand på eige gardsbruk. Det meste gjekk med til å støype takstein i heimelaga former. Foto: Svein Ove Østrem
Taksteinen er heimelaga. Reiten var av dei fyrste gardane som tok ut sand på eige gardsbruk. Det meste gjekk med til å støype takstein i heimelaga former. Foto: Svein Ove Østrem
Reitesaga med Akslanakken og "reiteløypa" i bakgrunnen. Brukarane på Aksla og Reiten med utmarksrettar oppi nakkane hadde sine eigne "vegar" der dei kunne få tømmeret mest mogeleg uskadd heim til gards. Ei tid hadde dei også slåttemark oppe på Akslanakken. Foto: Svein Ove Østrem
Reitesaga med Akslanakken og "reiteløypa" i bakgrunnen. Brukarane på Aksla og Reiten med utmarksrettar oppi nakkane hadde sine eigne "vegar" der dei kunne få tømmeret mest mogeleg uskadd heim til gards. Ei tid hadde dei også slåttemark oppe på Akslanakken. Foto: Svein Ove Østrem