Magerholmsetra

Pe-haug-selet er i dag det einaste av fire sel som står att. Foto: Svein Ove Østrem 2017

Dei 4 sela i Magerholmdalen. Kartutsnitt frå 1968. Kjelde: http://gardskart.skogoglandskap.no/map.html?komm=1504&gnr=2&bnr=1

Seltuft nærmast skogsvegen. Foto: Svein Ove Østrem

Er det inngongen til fjøsen under selet som ein kan sjå her? Foto: Svein Ove Dale Østrem

Kva tufter hører til hvilken gard. Kartet er namnsett av Svein Ove Østrem på bakgrunn av opplysningar frå Solveig johanne Magerholm

Fundamentet til dei to sela som låg tettast saman, sett frå setervollen Foto: Svein Ove Dale Østrem

Der må ha vore ei flott utsikt frå setra då den var i drift: Foto: Svein Ove Dale Østrem

Det spørst kor lenge Pe-haug-selet står. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Det opphavelege selet hadde visst ikkje innsel og utsel på vanleg måte. Det vart i staden bygd på eit slags utsel med plank, medan det opphavelege var bygd i lafta tømmer Foto: Svein Ove Dale Østrem

Tida har nesten stått stille inne i selet. Oppvaskbaljen i plast stend der framleis. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Det lysnar godt mellom tømmerstokkane no. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Ekslusivt porselen frå London oppå ein langt billigere ein frå 1990-talet. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Når taket lek gjeng det fort. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Selglaset speglar seg enno i nakkane på den andre sida av Magerholmdalen. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Rissa inn i selveggen. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Skogen og naturen er i ferd med å ta att det som ein gong var. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Det vesle huset med rustent blikktak vart kjøpt av Rese-Karl frå Daleplassen i Magerholmdalen. Han nytta det til hønsehus. Det vart seinare flytta av Konrad Nedregotten til denne plasseringa. Det har ei spanande historie, for det var opphaveleg eit sel på gamlesetra til Magerholm. Den låg rett vest frå husa som Knut Salvesen Tjugen frå Loen i Norfjord (1777-1862) bygde då han fekk frådelt eit stykke ved Rognestølen til husmannsplass. Dette selet stod der då og det vart den første tida nytta som bolig for nykommarane. Dei andre sela vart flytta lenger fram i dalen til dagens plassering av Magerholmsetra. Ei kan berre spekulera i kor gamalt dette selet er. Foto: Google Street View 2010

Markeringa på kartet til Kåre Magerholm syner kor gamlesetra, eller "Rognestølen" låg før Daleplassen vart oppretta. Her stod det eine selet att. husmannsfamilien budde her då dei braut jorda og bygde husa på Daleplassen. Eg er usikker på kven sitt sel det var. Pe-haugen, Magerholm og Magerholmvika flytte nemleg sine til den nye Magerholmsetra lenger fram i dalen. Eg undrar meg derfor på om det kanskje var ein fjøs. Den vart seinare seld til Rese-Karl på Hjellhaugreset midt i bygda. Han nytta den til hønsehus. Med ombygginga av vegen vart bygget flytta eit lite stykke mot staden der Konrad og Olga Nedregotten bygde huset sitt. Der står bygget framleis. Foto: Google Street View

Sida er under oppretting. Har du gamle bilete å dele så set me pris på at du tek kontakt. Nytt gjerne følgande e-post:  sveostrem@hotmail.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.10 | 10:57

Hei
Jeg leter etter bilde av en Ole Andreas Nilsen i Skodje født 1868 død 1935
Hans barnebarn som bor i Hammerfest ønsker og finne bilde av bestefaren

...
28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE