Den eldste skulehistoria frå 1736-1903

I uminnelege tider har bornas oppvekst og opplæring vore einsbetydande med å læra gjennom deltakelse i det daglege arbeidet til familien heime på garden eller på jakt, fiske og ved sanking av det naturen har hatt å by på. Det var forskjell på gutar og jenter og dei trong lære seg det som skulle til for å klare seg i vaksenlivet som anten bonde og fiskar eller som husmor og gardakjerring. Slik var det i Emblemsbygda óg. Ei dyktig gardakjerring gjekk det nok gjetord om og høvelege emne vart truleg ettertrakta i så måte, medan kjærleiken kanskje ikkje stod like høgt i kurs i konkurranse med fornuft og kva storfamilien måtte meine om kven som var eit høveleg giftaremne.

Den første skulefordninga

Kong Kristian VI, kjend som «den pietistiske monarken» bestemte seg i 1736 for å  innføre konfirmasjonen i Norge. Dette var ikkje nokon ny tradisjon, men det var først no at ein fekk laga eit felles regelverk for både Kongeriket Danmark/Norge. No måtte ein få opplæring i Kristendom før ein kunne konfirmerast og tre inn i dei vaksne sine rekkjer. Det var prestane som fekk ansvaret for at slik undervisning blei gjeve. Denne bestemmelsen kom ikkje heilt ut av det blå, for Kristan hadde allereie året i forvegen bedt om ei eiga kartlegging av moglegheitene for å byggje skular og å skaffe lærarar i Norge. Resultatet vart nok ikkje heilt slik kongen ønskte seg, for både biskopar og stiftsamtmenn var dels negative og meinte at det ville verte vanskeleg for befolkninga å påkoste skulebygg og bidra økonomisk til å oppretthalde eit skulevesen. Den 23. januar 1739 vart likevel den første norske skoleforordning sendt ut.


Dei negative reaksjonane lot ikkje vente på seg, for ein meinte at dei ikkje ville klare å få tak i så mange lærarar og økonomi til å iverksette mangla óg. Kongen reviderte då sitt opprinnelege vedtak og overlot meir av ansvaret til presten og menigheitene. Den 19. september 1741 kalla prost Hjort i Ørskog inn alle prestane på nordre Sunnmøre til eit møte med skulen som tema. Presten i Borgund, Augustin Meldal, gjekk straks i gong med å skaffe pengar til drift av ein skule på prestegarden. 

I 1743 vart Borgund fri- og fattigskole åpna, med kost og losji og 2-3 månader undervisnig per kull. Det vart undervist i kristendomskunnskap og lesing. Bøkene var det skulen som åtte og det viktigaste formålet var at også born frå fattige kår skulle få kunnskap og opplysning. Frå 1741 vart Emblemsbygda, Sula og Blindheim eit av dei skuledistrikta som ein oppretta i Borgund. Desse bygdene fekk ein lærar på deling som gjekk frå gard til gard for å undervise. Kor mange stader han underviste er enno uvisst men det var nok antall born og størrelse på gardshusa som bestemte dette. Sidan det kun var ein lærar på deling så var det kanskje ikkje så mange born eller timar per plass. Kring 1800 auka nok talet på elevar for då vart Sula eit eige distrikt. Emblem vart då del av Blindheim distrikt som i tillegg omfatta Veibust, Humla, Hatlehol og Emblem. Kanskje var det då snakk om skule berre ein stad på Emblem, men dei andre stadane var temmelig små så det er mogeleg at Emblem hadde skule på to stader slik som det vart seinare. 

Omgangskulen

Alle kyrkjesokn fekk i oppdrag å starta skular og borna skulle gå på skule ei viss tid om året frå dei var 7 til dei var 10 eller 12 år gamle. Det vart krevd at ein skulle tilsetja så mange lærarar som ein trengte,medan utgiftene var det bygdefolket som skulle bere. I 1827 kom lova om «almugeskulen». Skulen skulle først og fremst vere til for dei lavare klassene i samfunnet – almugen. Skulane skulle ikkje berre finnast på prestegarden, men den skulle vere ute på bygdene der borna var. Ein skulle anten bygge skulestove eller ha omgangsskule der læraren gjekk frå gard til gard. På Emblem vart det siste alternativet vald. Emblemsbygda vart delt inn i «Flisnæs skuledistrikt» saman med Hatlehol og vart vidare delt inn i Hatlehol og Emblem skulekrins. Bygda delt inn i to roder med Storelva som eit naturleg skille. I omgangskuletida vart dei mest høvelege gardshusa vald ut som skulestover. Eg veit ikkje kva stover som vart nytta den første tida og om det var fleire gardar som delte på å leige ut husveret nokre gongar i veka. Sikkert er det i alle fall at Den seinare nytta stova på Magnusplassen ikkje kom til før etter 1850 då plassen vart frådelt og oppretta. Frå 1836 til 1850-åra var det følgande omgangskulelærerar som hadde undervisning i «Flisnæs skuledistrikt»:


  1. Bernt Knudsen Qvasnæs (1836 - 1837)

  2. Christian Arnesen Stokke (1837 – 1843)

  3. Christian Iversen Nedregård (1843 – 1848)

Omgangskulelærerane hadde ikkje all verda av utdanning. Det var berre ein lærar i heile Borgund Herrad som hadde lærarseminar, medan samtlege av lærarane som underviste på Emblem hadde kun nokre vekers kurs hjå klokkaren ved ei av hovudkyrkjene før dei tok eksamen hjå prosten. Ein skal likevel hugse at krava som vart sett til læraren var heller små på denne tida og løna var heller ikkje så mykje å skryte av.

Skulekommisjonen

Skulen vart ikkje sentralsytyrt slik som den er no. Det var eigne skulekommisjonar som hadde alt ansvar og styrde skulen slik dei sjølv ynskte. Dei skulle heller ikkje underordnast kommunestyra eller herredstyra før i 1860. Kommisjonen bestod av presten i skulesoknet, lensmannen, medhjelparane, valmennene og prosten. Soknepresten var formann og det var kun valmennene som kunne byttast ut.

Kikar ein i møteprotokollen den 15. august 1843 so finn ein meir om kva kommisjonen tok seg til. Den fyrste saka gjekk ut på å vedta bøter for dei «husfedre» som lot vere å sende borna sine til skulen. Her finn vi ingen frå Emblem, men ei straff

på 60 riksdaler, fordi dottera har vore borte i 8 dagar, må ha vore hard. Det finst og liknande eksempel frå vår eiga bygd der husmenn har vorte tvungne til å sette borna vekk som tjenarar frå dei var 8 år gamle, noko som kan verke heilt utruleg no i våre dagar. Ei av desse var Petrine Pedersdatter. I skuleprotokollen står det skrive: «Formedelst fattigdom – borte i tjeneste» bak namnet. I den eldste skuleprotokollen frå 1863 finn ein og ein annan gut med samme sjebne., Jørgen Knudsen Magerholmdal. Jørgen var truleg son av Knut Jørgensen Mo (1828 -87) frå Hjørundfjorde,. og bror til Knut som vart den siste brukaren på Daleplassen i Magerholmdalen.

Andre viktige postar i skulekommisjonens møte har vore vedtak av løn til lærarane, forefallende utgifter, behov for læremiddel, «skolecassens beholdning» og vedtak om innkreving av penger fra almugen.

Det verkar som om lærarlønene har variert temmeleg mykje frå Nils Iversen Grytten på Grytastranda som fekk 25 Speciedalar, til den «Constituerte» læraren Christian S. Nedregård på Emblem som kun fekk 15 Speciedalar i løn. Når skulekommisjonen hadde fastsett lønene så vart det futen sitt ansvar å krevje inn pengane frå Emblemsbygdarane. Han fordelte innbetalingsbyrden etter matrikkelskylda på gardane. Soleis fekk ein storbonde betale meir enn ein husmann.

I budsjettet vart der óg sett av pengar til å hjelpa fattige born med bøker og skrivereidskap, for det var ikkje skulens ansvar å skaffe skulebøker slik som i dag. På den andre sida vart det nok ikkje skifta lærebøker særleg ofte og Katekismen var no nett den same slik at bøkene oftast kunne gå i arv. Dei fleste skreiv på enten sandtavler eller krittavler så behovet for skrivebøker var heller ikkje urimeleg store.

I 1827 kom kravet om at borna skulle gå på skule frå 7. eller 8. året og til dei var 15 år, eller til presten fann det mogeleg å konfirmere dei. Klarte ein ikkje å svara på prestens spørsmål ved overhøyringa i kyrkja, så måtte ein kanskje gå vidare på skulen til presten meinte at ein kunne forsøke seg på ny overhøyring framom kyrkjelyden. Nokre måtte opp fleire gonger, noko familien vart skjemd av. Undervisningtida var på 3 eller minst 2 månader i året og skuletida var truleg godt innretta utanom dei travlaste tidene på garden. Så vidt eg kjenner til så gjekk borna ikkje på skule ei heil veke om gongen, men annan kvar dag eller tredje kvar dag. Det var berre ein lærar og minst tre ulike omgangskulestover, som var vanlege gardshus og då kunne ikkje arbeidet stoppast i fleire dagar i strekk.

Omgangskulen på Emblem

Seinare på 1800-talet veit ein at det vart halde omgangskule på gardane Emblem og Østrem. Den siste kjente stova på Emblem var Magnusstova på Magnusplassen. Dette var så visst ingen storgard, men ein husmannsplass. Med to stover var var plassen likevel lageleg til formålet og var i bruk i alle fall dei siste åra fram til den fyrste skulestova stod klar i 1903. På Østrem var det Mattisstova som vart nytta dei seinaste åra. Larsgarden hadde ingen sjølveigar før Lars Olsen Emblem fekk garden av far sin i Sjursgarden. Då ny stove skulle reisast kring 1898-1900 seiest det at dei kokte i grua i gamlestova. Veggane var då så dårlege at hesten stakk hovudet gjennom veggen. Steinsgarden var heller ingen storgard men det er mogeleg at Abrahamsgarden kan ha husa omgangskule.

Skulelova frå 1860 auka ikkje skuletida noko særleg så ein kan rekne med at undervisninga frå 1840-åra varte omlag 9 veker. Seinare kunne enkelte skular ha 12 veker også men 9 var mest vanleg om talet på elevar kom over eit visst tal. Då var det vanleg å dela inn i 2 klassar med småskule og storskule. Ungane gjekk då på skulen annan kvar dag i 18 veker. Det er soleis mogleg at Lærar Knut Furseth underviste i 24 veker når han hadde ansvar for tre skulekrinsar. Det er også mogeleg at han valde ei anna løysing for med 2 dagar undervisning på kvar stad. Sidan det kun er gjeve opplysningar om ein lærar, kan ein også tru at det ikkje var to-delt skule. Det betyr at alle ungane frå 7 til 15 år fekk undervisning i den samme stova. Ser ein nærare etter i folketellinga frå 1865 finn ein 29 born berre på omgangskulen på Østrem om ein reknar med alle som er frå 7 til 15 år og tek med alle gardane frå Magerholm til og med Nedregotten. På Emblem er eg ikkje like sikker på grensa mellom Hatlehol og Emblem men kring 22 born kan ein rekna med om ein set grensa ved Eikenosa. Folketellinga er ikkje like presis her og tel alle rodane som Emblem krins. Kanskje har ein delt borna jamnare etter tal, men eg har ikkje noko prov på dette. Det seier seg sjølv at ein trengde ein del plass til å undervisa alle desse borna på ein gong innandørs.

Nye fag kjem til

Faga vart etterkvart utvida frå lesing og kristendom til å omfatte skriving, rekning, «sang efter salmebogen» og «læsing med forstandsøvelser». Videre skulle skulekommisjonen og stiftskommisjonen halde auge med at opplæringa «gik videre end til de første Undervisningselementer, og at den udstrakte sig til flere almennyttige gjenstande end de nævnte». Frå 1860 vart det og mogeleg å undervise i soge, naturfag og geografi men denne retten vart stort sett ikkje utnytta i Borgund. Elevane måtte som regel nøya seg med den lærdomen dei fekk av «Udvalgte stykker» i P. A. Jensen si lesebk i desse faga. Det var smått med undervisningsmidlar i omgangskulen. Kravet var at kvar skule skulle vere forsynt med: Bibel, nytestament, salmebok, postil, grunnlov, skulelov og ei reknebok. Læraren tok med seg desse bøkene i eit skrin frå rode til rode i sitt skuledistrikt.

I 1860 kom det ei ny skulelov som gav skulen litt betre vilkår. No var det opp til komunestyret å velje delar av skulekommisjonen. Presten var framleis formann og ordføraren skulle og vere sjølvskreven. No fekk lærarane med ein representant

og skulekommisjonen vart underlagt kommunestyret som skulle godkjenne rekneskapet. Ei anna nyhending var at Staten skulle bidra til lærerlønningar, medan amtet skulle bidra til bygging av skulehus. Lærerlønene auka og det gjorde også kravet til lærerutdanninga. I 1864 var det heile 7 lærarar med eksamen frå enten seminar eller ein av dei gamle lærarskulane slik som den på Ørskog. I 1873 har løna til Lærar Knut Karlsen Furset (1844-1934) på Emblem auka til heile 43 Speciedalar og 24 skilling for rodene Hatlehol, Emblem og Østrem. I tillegg fekk lærarane tilskot frå staten og fri kost eller godtgjerdsle for kost i skuletida.

Emblemsbygda sakkar akterut

Frå 1860 til 1880-åra skaut skulebygginga verkeleg fart i Borgund Herrad, men skulehuset vart det ikkje noko av på Emblem. Forklaringa er nok at det var kvar skulekrins som skulle koste skulestova saman med eit tilskot som vart gjeve frå amtskulekassa. Emblemsbygdarane valde å leige husrom og den gamle omgangskule forma i staden. Årsaka til dette er enno uviss. På den eine sida så skulle ein ikkje tru at Emblemsbygda skulle vera så mykje dårlegare stillt enn dei krinsane som sette opp eigne skulestover. Kanskje var ein nøgd med ordninga slik den var men truleg var dei lite motiverte for å ta fatt på eit slikt byggeprosjekt. Ein kjenner til at Emblems-bygdarane ikkje var like glade for å sende borna på skule når det var mykje meir behov for dei heime på garden. Denne haldninga strekte seg godt inn på 1900-talet og Emblem var først og fremst ei jordbruksbygd med fiske som attåtnæring, så dei såg kanskje ikkje den store nytta i den boklege lærdommen.

I 1889 kom «Lov om folkeskolen på Landet» og ei tilsvarande lov for byane. No skulle det ikkje berre vera ein ålmugeskule for dei lavare samfunslag, men for alle born i samfunnet «såvel for stadsrådens som husmandens sønn». Presten var ikkje lenger sjølvskriven formann i skulestyret for no skulle formannen veljast. Frå 1894 kunne dei vanlege 9 vekene per klasse aukast heilt til 21 veker årleg skuletid sjølv om normalen låg på mellom 12 – 15 veker. 6 veker var altså frivillige og vart ikkje utnytta i Borgund. Med heile tre klassar på ein lærar så er ikkje det så rart. Borgund Herad fortsette med minstemålet på undervisning heilt til 1917. Det syner at undervisning ikkje vart sett på som eit særs viktig satsingsområde i landommuna Borgund. Det var stort sett bonde og fiskar eller husmor og bondekone dei fleste skulle verte uansett.

Endring av krinsane og eiga skulestove

Emblem var ein av krinsane som løna berre ein lærar med ansvar for tre klassar med samla undervisning for elevar frå 7 til 15 år. 24 oktober 1881 valde skulekommisjonen ei nemd som skulle sjå på moglegheita for omregulering av skulekretsar for om mogleg å spare på utgiftene og forsøke å få til ei meir hensiktsmessig inndeling av skulen i avdelingar og i tillegg sjå nærare på moglegheita for å vurdere «anvedelse af lærerinder». Fordelen med ei betre tilrettelegging kunne føre til at borna fekk meir tid til å hjelpe foreldrene i dei viktigaste onnene. Nemda sitt forslag til krinsindeling vart vedtatt i 1891 og godkjend av overtilsynet. Med denne usikkerheita ute av verda vart det ny fart i bygginga av skular og i 1900 var det berre tre krinsar utan eige skulehus, Emblem var ein av dei.

I møteprotokollen for Emblem skule kan ein lesa at møtet den 12. september 1903 vart halden på Nedregotten skulehus. Endeleg hadde bygda fått si eiga skulestove, oppført og eigd av bygdefolket sjølv. I ein treårs periode hadde ein fått overført 600,-  i amtsbidrag til bygging av skule. Resten måtte dei skaffe sjølve ved innskot og lån.

Det var på denne tida ikkje skog til å bygge hus av i bygda. Fleire av husa i bygda vart sett opp med tømmer frå Glomset, men bygdefolket valde å bestille stova ferdiglafta heilt frå Horningdalen. Huset vart sett opp i Horningdalen før det vart tatt  ned att, tørka og flytt til Emblemsbygda. Murane vart sett opp av Marka-Hans (Hans Larsen Østrem frå garden Vestrem bruksnummer 6 på Østrem) og Vedhaug-Kristian ( Kristian Larsen Østrem (1865-1949) frå garden Vedhaug, bruksnummer 4 under Reiten). Endeleg hadde bygda fått si eiga skulestove.

Kjelder:

Ivar Gunnar Braaten: «Den første skolen på Sunnmøre» publisert påwww.digitaltfortalt.no/show_single.aspx art_id=122102&fylke_nr= den 23.8.2011

Avskrift av Sigurd Langleite sitt lydband-intervju med Karl O. Emblem i 1984

Sunde. Bernt: "Noko om skuleskipnaden på Sula i eldre tider"; publisert i Sulaposten 12.3. 1948

Sunde et al.: Minneskrift Borgund Kommune 1837-1937, Nasjonaltrykkeriet Ålesund 1937

Tvinnereim, Jon: Grotid i Grenseland. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, Bind II 1835-1920. Det norske Samlaget, Olso 1992

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE