MAGNUSPLASSEN

Anna Hundeide Emblem med sonen Magne Emblem på fanget. Mot venstre biletkant kan ein sjå skyggen av Akslabuda, eller det var vel Myrstad Fillial butikken heitte på denne tida. Bildeeigar: Tor Nedregotten.
Anna Hundeide Emblem med sonen Magne Emblem på fanget. Mot venstre biletkant kan ein sjå skyggen av Akslabuda, eller det var vel Myrstad Fillial butikken heitte på denne tida. Bildeeigar: Tor Nedregotten.
Magnusplassen, etter at staburet var borte, og frukthagen var forfallen. Dei fotograferte er ukjente enda. Bildeeigar: Fredrik Emblem
Magnusplassen, etter at staburet var borte, og frukthagen var forfallen. Dei fotograferte er ukjente enda. Bildeeigar: Fredrik Emblem
Magnnusplassen låg der den raude ringen er. Garsendhaugen er i vår dagar eldreboligar i bygda og ny-tunet til Ebbe-Elias vart bygd litt høgare opp frå vegen som næraste nabo til Steffågarden på den gamle tunstaden. . Foto: Kartverket/ Gulesider
Magnnusplassen låg der den raude ringen er. Garsendhaugen er i vår dagar eldreboligar i bygda og ny-tunet til Ebbe-Elias vart bygd litt høgare opp frå vegen som næraste nabo til Steffågarden på den gamle tunstaden. . Foto: Kartverket/ Gulesider
På utsnitt frå dette gamle postkortet frå omlag 1910 kan ein sjå Magnusplassen inne i den raude sirkelen. Orginalfoto: Steinkopf-Wold
På utsnitt frå dette gamle postkortet frå omlag 1910 kan ein sjå Magnusplassen inne i den raude sirkelen. Orginalfoto: Steinkopf-Wold
Framsida på Magnusstova. Den står no i hyttefeltet nede i Løvika. Den har mellom anna fått nye store vindauge i fronten, men mykje er også som det ein gong var. Taket var truleg torvtak opphaveleg. Foto: Sigurd Langleite
Framsida på Magnusstova. Den står no i hyttefeltet nede i Løvika. Den har mellom anna fått nye store vindauge i fronten, men mykje er også som det ein gong var. Taket var truleg torvtak opphaveleg. Foto: Sigurd Langleite
Magnusløa stend framleis i Emblemsbygda nokre hundre meter frå si opprinnelege plassering. Den er også litt påbygd. Foto: Svein Ove Østrem 2007
Magnusløa stend framleis i Emblemsbygda nokre hundre meter frå si opprinnelege plassering. Den er også litt påbygd. Foto: Svein Ove Østrem 2007
Hovudhuset på Magnusplassen vart seld og flytta ned mot sjøen i hyttefeltet i Løvika. Der vart det påbygd i bakkant, men ellers er mykje likt slik huset ein gong var. Foto: Svein Ove Østrem
Hovudhuset på Magnusplassen vart seld og flytta ned mot sjøen i hyttefeltet i Løvika. Der vart det påbygd i bakkant, men ellers er mykje likt slik huset ein gong var. Foto: Svein Ove Østrem

Det er ikkje så mange i våre dagar som har høyrt om Magnusplassen i det heile tatt. Derfor har eg valgt å samle litt av det ein veit om plassen og særleg folket der.

Vi veit ikkje heilt eksakt når denne plassen vart rydda første gongen, og ein kan derfor ikkje sjå heilt bort frå at der kan ha vore plassebruk på om lag same staden i eldre tid også. Når folketalet vaks utover 1700-talet, så var der fleire husmenn i bygda som vi ikkje veit eksakt kvar dei budde. Utover 1700-talet valde fleire å flytte ut av bygda, og særleg mot kysten til plassebruk kring Ålesundet. Husmannsplassar og fjordastover på Emblem kom soleis bort i takt med aukande utfred og napoleonskrigen ved byrjinga av 1800-talet. Berre ved den vesle vika "Østremsjøen" åleine vart 4 humannsplassar fråflytta. Det kan vera fleire grunnar til ei slik endring. Stadig fleire ungdommar valde å ta hyre på sjøen, medan andre vart pålagde å dra i krigen for Danmark-Norge. Folketalet gjekk også noko attende som følge av hungersnød og barkebrødtid kring 1814. Ein kan soleis tenkje seg at befolkningsoverskotet gjekk noko ned på Emblem. Der var også dei som aldri kom heim att og trong difor ingen plass eller gard. Men i 1850-åra auka etterspørselen etter jord og plassebruk i Emblemsbygda igjen. På denne tida vart ei rekke husmansplassar oppretta sentralt i bygda, der det før hadde vore heimeutmark og beite. Stadig fleire kom flyttande til frå andre prestegjeld lenger inne i Storfjorden og fleire hadde ønske om ein litan plass der dei kunne bryte jord og finne livsgrunnlag for seg og sine. Ein av desse ledige plassane var Gullmyrdal – eller «Magnusplassen» på folkemunne.

Den første husmannen som vi kjenner namnet på er Magnus Larson Skjortenes(1) (ca.1821-1893) Frå Skjorteneset i Stordal kommune. Staden ligg mot grensa til Stranda kommune,  over Storfjorden frå Stordalsholmen. Han var gift i 1849 med Berte Eline Johanne Pedersdotter Skarbø(1) (1814-1903) frå Bastiangarden på Skarbø i Ørskog. Magnusplassen vart oppretta i hellinga nær dei eldgamle åkrane, like ved området der det gamle klyngetunet til matrikkelbruket Emblem låg fram til 1840-talet. Ved utskiftinga fekk brukarane kvar sin gardpart og trong ikkje lenger å verte einige om jamnleg nyfordeling av slåttemark og starttidspunkt for kvar einaste onn, slik som den gongen når åkrar og slåttemark låg som eit finvevd lappeteppe i særs komplisert fordelingsmønster.

Ved utskiftinga på garden Emblem synte det seg at det ikkje var mogeleg å dele bruka opp slik det opphavelege ønsket frå styresmaktene hadde vore. Den store tanken var nemleg at dersom kvar gard vart til eit samanhengande stykke innmark, ville også ny-rydding og forbetring av jorda skyte fart. Tidlegare førte hyppige bytte til at den steinen som den eine plukka snart kom grannen til nytte ved neste teigbytte. Etter 1840 vart bruk nummer 8, «Ebbegarden», delt i to innmarkstykke. Eit låg nær Steffågarden og gamletunet, medan det andre låg innanfor Storelva der gardstunet ligg den dag i dag. Midt i mellom desse partane låg Negarden, og snart også plassebruket «Garsendhaugen». Ei tid stod Ebbefjøsen att på sin opphavelege plass, men gradvis kan det verke som om delar av dette stykket vart meir freistande å leige ut til ein husmann enn å drive alt saman sjølv. Ein kan tenkje seg at det skuldast gradvis oppdyrking og grøfting med betre utkome per areal. Husdyrhaldet vaks også i same periode. No vart det meir verdifullt å få gratis onnehjelp frå husmennene, når ein ikkje lenger kunne lite like mykje på klengetunfelleskapet som før. Kring 1850 var det so pass rift om plassane i bygda at sjølv brukarane på Røssevollen fekk selskap av husmenn oppe ved fjellutmarksgrensa. Bygda låg godt til i solhellinga, og nær kysten der det rike fisket i Borgundfjorden fann stad. Slikt var viktig ekstrainntekt, og ikkje minst ei viktig matkjelde for ein husmann kring 1850. Kjøtmat var ein mindre vande med. Eg veit ikkje om Ebbegardsfolket etterlyste plassefolk, eller om det var slik at dei fekk spørsmål om leige ut eit jordstykke. Uansett vart resultatet ein husmannsplass med det spesielle namnet «Gullmyrdal». At plassen var næraste nabo til ein «korshaug», og ein av distriktets rikaste menn i Sjursgarden var neppe særleg negativt. Truleg gjekk det rykte om ein mogeleg gullskatt i myra like ved, og slikt kan raskt freiste litt fleire.

Magnusplassen vart skild ut frå Ebbegarden og festeavgifta i 1850  vart sett til 30 speciedaler i eingongsavgift. I tillegg skulle det betalst 1 speciedaler i årleg avgift attåt 6 arbeidsdagar på hovudbruket. Dette var ein tidsperiode frå 1825 til 1900 der talet på sjølveigande bønder omlag firedobla seg, og talet på leiglendingar minka dramatisk. Talet på husmenn var derimot temmeleg stabilt. Her gjekk talet berre ned frå 553 til 521 på Sunnmøre. Forklaringa på dette er truleg at det i same periode auka med 1755 nye bruk i denne regionen som alle var sjølveigde. Noko kan forklarast med auka jorddyrking og meir maskinell drift. Det gav betre avling fram mot 1900, og eit ønske om å kjøpe si eiga jord førte til betre salgsprisar på både utmark og tidligare plassebruk. Dei velhaldne, som tidligare hadde investert i jordbrukseigedommar, valde no andre strategiar for å tene pengar. Men det var slett ikkje alle som hadde råd til å kjøpe si eiga jord. Magnus frå Skjorteneset var ein av desse.

Litt om bakgrunnen til dei første brukarane

Magnus Larsen Skjortenes var son til Lars Andreas Knudsen Skjortenes (1781-1850) og Marthe Ellingsdotter Korsedal (1782-1842) på Skjorteneset i Stordal kommune. Han hadde visst 9 søsken, eit betydeleg tal på den tida. Foreldra hadde gifta seg i 1808 og busett seg på Skjorteneset, der faren kom frå. Magnus vart vaksinert 4 år gamal den 15. oktober 1825 og konfirmert i Strandakyrkja 26. november 1837, med karakteren GOD. Like heldig var ikkje søstera Martha Gurine Skjortenes i 1843. Her skreiv presten følgande: «Flid og opførsel upaaklagelig, kundskab og evner ringe. Har nydt undervisning i 2 aar». Ho måtte truleg overhøyrast to gonger. Konfirmanthøyringar den gongen var temmeleg annleis enn i våre dagar. Ungdomane måtte stå skulerett framføre kyrkjelyden og presten. Spørsmålet dei fekk skulle så besvarast på ein tilfredstillande måtte, og her var det mange spørsmålsalternativ. Fleire av dei handlar rett og slett om pugging av tung tekst. Ikkje berre var det seg sjølv, men også slekta ein gjorde skam på, om ein ikkje klarte å svare for seg. Det var ikkje uvanleg at nokon svima av som følge av presset dei kjende på. I tida før konfirmasjonen kom også foreldre som var bekymra for sine med gåver til presten i eit håp om at han skulle vere ekstra snill med spørsmål etterpå.

Magnus var ikkje den einaste som forlet heimgarden. Med so mange born vart det rett og slett ikkje plass og jord til alle saman. Søstera Martha Gurine flytte til Ørskog i 1843 og Lovise (f.1822) gifte seg med Carl Bastian Olsen på garden Klokk, litt lenger ute i fjorden. Til klokkgardane gifte også søstra Berthe Helene seg. Då hadde ho allereie vore innflyttar på Stranda sidan 1839. Broren Lars vart truleg verande på garden. Det er mogeleg at også Magnus vart verande der ei tid, til 1841, men det er nok heller lite truleg. Frå 1837 var han som vaksen og rekne. Konfirmasjonen var nemleg overgongen til vaksenverda. Det var ifølge norsk lov ulovleg å ikkje ha noko fornuftig arbeid å gjere. Samstundes laut han også ta fatt på å spare til eigen gard, om han ville ha eit håp om å verte gift seinare. Eg vil tru at han var i teneste allereie før konfirmasjonen.

Berte Eline kom frå «Bastiangarden», bruk nr. 1 på Skarbø. Farfaren var den første brukaren der medan farmora vaks opp på Matrikkelgarden Skarbø og kunne trekke slektskapet på Skarbøen enno lenger attende. I følge ættesoga, «Ørskog gjennom tidene 3» var ho nummer fire i ein borneflokk som etter kvart skulle bli til sju. Faren, Peder, døydde allereie i 1821. Mora, Kanutte Jonsdotter Vaksvik (1778-1868) gifte seg derfor opp att med Peter Martinus Nilsen Krogen (1790-1832) frå Sykkylven i 1822. Han vart heller ikkje så gamal, så ho måtte gå opp kyrkjegolvet som brud også ein tredje gong. Då heitte brudgommen Elias Larssen Sandvik (1798-1872) og kom frå Sykkylven. Det skulle ta heile tre år i enkestand før ho vart gift med Elias. Det må ha påverka økonomien. Eg har enno ikkje studert årsakene til dødsfalla, om det var snakk om langvarig sjukdom, men det kan vere eit spor at Berte først vart vaksinert av Bendik Lande 30.11.1830, 16 år gamal, og at ho vart konfirmert i Sykkylven kirke så seint som 3. juni i 1832. Ho vart heller ikkje konfirmert heime i Ørskog. Det er mogeleg at det var gardfolket der ho var i teneste som kravde at ho konfirmerte seg. Det kan ikkje ha vore enkelt å lese ved sida av arbeidet, men ho fekk likevel karakteren: «middelm. af Kundskab, god Opførsel».

Berte var kanskje i teneste nettopp i Sykkylven på den tida ho konfirmerte seg, men ho vart først registrert som utflyttar frå Skarbø i Ørskog til Skodje prestegjeld 14.4.1839. Det skyldast nok at ho hadde vore i teneste kun i eige prestegjeld før den tid. Sykkylven var nemleg del av Ørskog tidlegare. Ho fekk utflyttarattest den 13. august 1839, og var på det tidspunktet ikkje registert som gift. Datoen 14. april fortel at ho truleg skulle arbeide vidare som tenar på Skodje ein stad. I 1842 vert ho nemnd som fadder, og registrert som heimehørande på Skarbø i Ørskog igjen. Lillesøstra Anne Ebbeline (1817-1888) var den som fekk ta over bruket etter mor si. Truleg skyldast dette at ho var gifteklar i 1844, på eit høveleg tidspunkt der mor, Kanutte, yngste seg kårkontrakt om lag 66 år gamal. Det var stort sett jenter i søskenflokken i Bastiangarden og odelsonen, Elias, døydde ung i 1811. Det kan verke som om farfaren yngste seg ein arvtakar frå si eiga slekt og halvbroren til Berte, Nils Petter, gifta seg uansett til gard i Tresfjord, medan siste guten i flokken, Elling Johannes, var for ung i 1844. Resultatet vart at Berte Eline måtte finne seg ein annan stad å slå seg ned - helst gjennom ekteskap.

Den 10. Juni 1849 vart det halde bryllaup i Ørskog kyrkje, og festen vart halden på heimgarden Skarbøen. Då var det Berte sin tur å stå brud. Den utkåra var altså Magnus Larson Skjortenes. Det kan vere interessant å merke seg at Magnus var busett på Skarbø på den tida bryllaupet fann stad. Året etter, den 14. april 1850, flytta dei frå Ørskog. Formålet vert ikkje oppgjeve i utflyttingsattesten frå 20. juni det same året, men forklaringa er enkel. I juni står han nemleg oppført som «Pladsemand», og det har han ikkje vore før. Rett nok står det ingen stilling oppført på han ved giftermålet i 1849, men eg vil tru at det stod oppført om han var gardbrukar eller plassemann. Ein kan heller ikkje sjå om han er tenar på det tidspunktet, men ugift var han i alle fall. Han hadde kome til Ørskog og garden Melset 14. april 1846 for å tene, i følge innflyttingsattesten datert 10. juli det same året. Han var då 25 år. Datoen 14. april går igjen i flytteregistreringane til både Berte og Magnus fordi dette var «flyttardag» for tenestefolket. Der var ein tilsvarande dag 14. oktober, når tenerane hadde rett på å få byte arbeidsgjevar, men 14. april var den dagen når dei fleste bytta. Ein veit om to born etter dei.

 a) Lars Johan  Andreas ( 1850-1900) tok over bruket.

b) Knut Elias Martinus (f.1853) gifta seg i 1875 med

Karen Elina Ingebrigtsd. Magerholm(dal),  busett i 

Ålesund. Han var målarmeister.

Ein veit lite om dei første åra på Emblem. Truleg var dagane prega av mykje hardt arbeid. Jorda skulle ryddast, steingardar skulle settast opp, og dei trong både hus og driftsbygg. Slikt kom ikkje av seg sjølv. No var Magnus 29 år og Berte 35. Saman hadde dei nok klart å legge av pengar til både festeavgifta og husvere, men dette var ein ny stad og ein veit ikkje av om dei kjende nokon i bygda då dei kom, men ved barnedåpen i 1853 var også ein fadder frå Nedregotten nemnd. Tømmeret til huset på Magnusplassen kjem neppe frå Emblem, for hustømmer var der svært lite av. Rett på å hente hustømmer er heller ikkje nemnd i husmannskontrakta. Sjølv vedaskogen måtte ein spare på, og fyre med torv i staden. Det vert fortalt at auka sau- og geitehald var litt av årsaka. Frå om lag 1850 var det mindre ulv og bjørn på Emblemsfjellet. Ein hadde då dreve med målretta bjønn- og ulvejag over heile Yksenøya i fleire tiår. Med redusert fare for husdyra kunne ein no nytte utmarka kring bygda langt betre. Magnus og Berte måtte truleg kjøpe hustømmer lenger inne i fjordane. På Glomset og i Honningdalen kunne ein finne tømmer som var lett å frakte anten langs fjorden eller over fjellet på skaresnø. Mest truleg var det brukt tømmer dei kjøpte. Det er ikkje like lett i våre dagar å finne svar på dette spørsmålet etter at huset vart flytta og bygd om på 1940-talet. Fjøsen var av enklare sort og truleg bygd av dels resteplank. Slikt var vanleg for nyetablerte, og i alle fall plassefolk den gongen.

Vi finn dei att i 1865-teljinga for Borgund. Plassen heitte framleis Gulmyrdal. Magnus hadde klart å skaffe seg 2 kyr og 5 sauer. Han hadde ikkje hest, og det var heller ikkje vanleg for ein plassemann. Av utkome frå jorda hadde han 2/3 tønne med blandkorn, 1/3 tønne havre og 2 1/2 tønne med potet. Til samanlikning hadde gardeigaren, Johan Elias Nilsen Emblem, i Ebbegarden 3/4 tønne bygg, 1 tønne blandkorn, 6 tønner havre og 6 tønner med potet. I tillegg hadde han hest, 13 kyr, 13 sauer, 7 geit og to grisar. Det var altså forskjell på sjølveigar og husmann. Sidan ein ikkje veit så mykje om arealet på Magnusplassen kan det vere interessant å samanlikne med Gardsendhaugen like ved. Der hadde dei ein sau meir, men utkomet i dyrka mat var om lag det same. Til forskjell hadde Johan på Garsendhaugen satsa mest på potet og dyrka berre ei tønne med havre attåt. Dette kan tyde på at desse to husmannsplassane hadde like stor utstrekning. Kanskje omfatta Magnusplassen det aller meste av innmarka til det seinare utskilde kårbruket på same stad kalla «Tunheim» eller «Skillingen» på folkemunne.

Yngstesonen, Knud Elias Martinus, flytte tidleg til Ålesund for å gå i lære som målar der ute. Ei ny tid var no i emning. Ein gut av husmannslekt kunne no ta turen til næraste by eller ladestad for å søke seg arbeid og yrkesopplæring i staden. Med dette kunne ein bryte mønsteret, og til og med gjere eit hopp på rangstigen frå lærling til meister i løpet av få år. Videre kunne ein få innpass i borgerskapet også, om ein gjorde det godt. Han gifte seg 25.10.1875 med husmannsdottera Karen Elina Ingebrigtsdotter Magerholm(dal) (f.1846) frå heimbygda. Årsaka til giftermålet den hausten var åpenbar. Allereie 30. januar 1876 kom dottera Inga Marie Karoline til verda. Moralen var slik at dersom dei var forlova under svangerskapet og gift før fødselen, så vart det akspetert. Knud var då malersvenn og trong slik aksept frå meisteren han tente hos. Truleg så budde dei allereie i huset til meisteren han gjekk i lære hos, og då kunne ein ikkje føre han ut i skam med «lausunge» i huset. Kvardagen den gongen var særs tøff for slike. Det vert registrert heile 6 fadderar i kyrkjeboka. Mellom desse finn ein mor, Petrine, broren Lars på Emblem, diakonisse Dorthea Zeiffert og målar Ole Gregoriussen Aarflot. I tillegg så står sn ikkar Rasmus Hessen og Madam Henrikke Serene Riise i kyrkjeprotokollen. Ingen av besteforeldra på Emblem var notert. Ved neste barnedåp den 1. september 1878 var derimot både farmor Berte og farfar Magnus fadder saman med Jørgen Knudsen Magerholmdal når Martin Ragnvald vart døypt.

I 1885-teljinga finn ein dei i «Røisen No. 9», i huset til Snedkermester Ole Slyngstad frå Skodje. Til saman var der 15 i denne hustanden når lærlingane , Karen, og dei 5 borna deira er talt med. Han var soleis ein uvanleg lærling. Borna hans dette året var Inga (f.1875), Martin (f.1878), Berta (f.1880), Karel (1883) og Raffael (f.1885). Ein kan undre seg på om namna til dei yngste hadde samanheng med den religiøse vekkinga på Sunnmøre på den tida, eller om det kun er tilfeldig. I 1909 finn ein i alle fall att yngstemann som ugift gullsmed på veg til California. Han heiter då Kristian Rafael Emblem. I 1900 hadde Knud teke steget opp til målarmeister. Familien hadde no leiligheit i Kirkegata, og dei eldste heimeverande borna var i ferd med å gjere det godt. Martin var blikkenslagersvenn, medan Karel allereie hadde starta på gullmedlæra, slik Kristian Rafael skulle byrje på litt seinare. I tillegg er det registrert ei yngre søster som heitte Marie (f.1888), og det stogga ikkje der. I 1889 vart tvillingane Marie og Martha døypt og i 1891 kom ei ny Martha til verda. Det kan tyde på at den første døydde tidleg. Ein kan trygt seie at yngstesonen til Magnus og Berte hadde klart å ta eit stort steg opp på samfunnsstigen i Ålesund. Han fekk ein stor ungeflokk og det gjekk stort sett like godt med alle saman. I 1910-teljinga hadde Knud gått bort og Karen budde hos eldstedottera Inga.

Generasjonskifte på Magnusplassen

Broren, Lars Johan Andreas Magnuson Emblem (1850-1900), vart verande attende i Emblemsbygda og tok etter kvart over husmannsoppgåvene etter far sin. Han gifte seg med Petrine Lovise Bastiane Knudtsdotter Jarnæs(5) (1860-1945) frå Sykkylven i 1879. Om henne veit vi ikkje så mykje. Ho vart vaksinert 1/2 år gamal den 14. august 1859 av ei som heitte Marte på Aure i Sykkylven. Dei fekk to døtre. Dette var Marie Johanne Birgitte (f. 11.3.1880), som gifte seg 20. august 1905 med Ole Andreas Peder Andreassen Havnegjerde (f.1879). Han var ved giftermålet registrert som maskinist og busett på Emblem. Om han budde på Magnusplassen i 1905 er enno uvisst. Dei emigrerte til amerika, og tok etternamnet Andersen i 1945. Nummer to i ungeflokken var Karen Petra Kanutte Emblem(1883-1983). Ho gifte seg 9. oktober 1910 med fisker Lars Emanuel Bernhard Stephensen Blindheim(6) (1873-1948) frå Knutgarden på Blindheim. Han var dermed bornebornet til  opprøraren  Stephan Stephansen Emblem(6+7), frå Steffågarden på  Emblem . I 1910-teljinga finn ein dei att i Knutgarden, bruk nummer 6 på Blindheim. Då dreiv far til Lars, Steffen Steffensen Blindheim (1832-1915) framleis garden. Han var då nærare 80 år gamal. I tillegg budde også fire av søskena til Lars framleis heime. Dei var enno ugifte. Stina var eldst på 40 år. Ho tok seg av husarbeidet og krøterstellet saman med søstera Karolina på 25 år, medan brødrene Steffen og Julius livnærte seg av fiske slik som Lars. Det er godt mogeleg at karane var heimefrå i lengre tid, og då trong nok foreldra den hjelp dei kunne få. Lars og Karen fekk sonen Lars Blindheim i 1911, og tok over gardsbruket i 1912.

Det kan leggast til at Lars slekta til Steffågarden på Emblem. Bestefaren vart fødd der, og oldefaren var altså den Stephen Emblem som Borgundbøndene tok ut av Kolvikfengselet med makt under opprøret i 1817. Denne Stephen kom opphaveleg frå Gjørva i Geiranger og søstera hans, Oline, gifta seg nettopp i Knutgarden på Blindheim. I 1823 overlet ho bruket til nevøen Steffen Steffensen frå «Steffågarden» på Emblem. Faren hans vart halde for å vere ein folkehelt, så ein finn mange med namnet Steffen, etternamnet Steffensen, eller namnet Steffen Steffensen på både Blindheim og Emblem etter kvart.

Den 28. oktober 1879 vart det tinglest ein ny bygselseddel på Magnusplassen:

Underskrevne Johan Nilsen Emblem tilstaar og vitterligjør herved at have bortbygslet som jeg herved bygsler til Lars Magnussen Emblem paa hans og Hustrus Levetid den sidste saalenge hun i Enkestand forbliver en mig tilhørende Plads beliggende under Gården Emblem MatrikkelNo. 8 Løbe No. 21 i Borgunds Thinglag og Prestegjeld, paa følgende Vilkaar: 1) Pladsens Udstrekning bliver som den har vært brugt og benyttet af hans Fader Magnus Larsen. 2) Pladsen dyrkes og forbedres paa beste Maade, den maa ikke bruges som Underbrug, og maa ikke Hø, Halm eller Gjødsel derfra sælges eller bortføres. Disse nævnte Gjenstande ligesom maa Bygselretten ikke sælges eller Borttages for Gjeld. Indærster maa ikke indtages uden Eierens Tilladelse. 3)Leilendingenholder Gjærdegard for det Stykke af Pladsen som støter til Udmarken. 4) Det tilstaaes ham fri Adgang til i Gaardens Udmark at tage Muld til Behov. 5) Likeledes have han fri Adgang til Brændfagng i Udmarken i Lighed med de andre Opsiddere, dog bemerkes, at hvis Udmarkenskulde blive udskiftet, forplikter jeg mig til at svare ham Utmark af min Andel i samme (....) en Skyld af 1 øre 16 (..) uansett om Pladsen er skyldsat eller ikke. 6) Fri Adgang til Havnegang for de Kreature som (..) paa Pladsen. 7) Den omforenede Bygselsum Kr. 400,00. - fireHundrede Kroner er Dags Dato udbetalt og i aarlig Landskyld svarer Han til Eierne Kr. 9,00 – ni Kroner, som betales inden hvert Aars Nyttaar samt i Slaateaanen 4 – fire – Arbeidsdage. Videre har Bygselstager at svare til Magnus Larsen Emblem og Hustru følgende aarlige Føderaad uforandret til Længstlevende, næmlig: 8) 6 – seks – Vog Blendkorn, 6 – seks – Vog Havre )...) og af det bedste, der avles af Pladsen, samt 2 – to – Tønder potates. 9) Han vinterforer 1 – en – Ko og 1 – en – Sau ligesom han har at besørge Koen med Ret i den Tid Kreaturene ikke er paa Setren. 10) Brændfang, indbragt og indhugget, hvilket bliver at svare naar Kaarfolkene af Alderdom eller Svaghed ikke selv ere istand til at skaffe samme til sin, ligesom han svarer ham 2 – to – Kander Olje til Belysning. 11) Fremdeles skal nævnte Magnus Larsen være berttiget til at bruge og benytte den østre Halvdel af Ham og ligeledes Halvdelen af Stuebygningen, som hendhører til Pladsen, saalenge samme maatte ønskes. 12) Endelig skal han være følgelig at give Sine Forældre Tilsyn og Pleie saaledes som det sømmer og anstaar Børn mod Forældre. Forsaavidt forestaaende Forpligtelser ikke efterkommes vil dette medføre Tabet af Brugs og Bygselsret. Dette til Bekreftelse under min Haand i Overvær af 2de (...). Emblem den 25 Oktober 1879. Johan Nilsen Emblem. Til Vitterlighed Knud Furseth, Ole Berntsen Emblem. Foranstaaende Forpligtelser undtages indhaver Henseende. Lars Magnussen Emblem. 

Til Vitterlighed K. Furseth, Ole Berntsen Emblem.

Skulestove på Magnusplassen

Magnusplassen vart etter kvart leigd av bygdefolket som skulestove. Det vert fortalt at huset hadde to store stover som var godt eigna til formålet. Ei eiga skulestove vart nemleg ikkje bygd på Emblem før i 1903, og etter kvart som ungeflokkane vaks i takt med utvida timetal per år, så vart det også mindre interessant for bygdefolket å låne ut stova si til omgongskulen. Det fekk ikkje hjelpe at læraren heitte Knut Furseth og budde i bygda. Skulehus, matriell og brennfang var det nemleg bygdefolket sjølve som måtte betale for. Dei hadde rett nok diskutert saka etter kvart som grannebygdene fekk sine flotte skulehus, dels betalt av myndigheitene, men på Emblem så såg dei seg ikkje råd til det. Derfor bestemte ein i 1891 å leige husrom hos Lars for borna som budde utanfor Storelva. Dei innanfor leigde seg skuleplass på Skaret. Med to stover kunne husmannsfolket arbeide omtrent som vanleg medan det vart drive skule der. Unntaket var vel at læraren skulle ha mat attåt, men betalinga var nok kjærkomen. Likevel kan det ha vore litt vanskeleg til tider også. Faren, Magnus, fekk kreft, og var truleg sengeliggande ei tid før han døydde i 1893. Det var midt i den perioden når Magnusstova vart nytta som skulehus.

Betalinga for leiga vart fordelt på dei som hadde born i skulealder, og truleg etter antal born og gardstørrelse også. Beløpet var i alle fall fordelt på kor mange dagar den enkelte skulle betale for. Beløpet var 7 gongar meir for den som betalte mest, i motsetning til den som betalte minst. I 1891 vedtok Skule- og heradstyret i Borgund ein ny kretsinndeling, der Østrem og Emblem vart slått saman til ein skulekrets. Det verkar som om ein allereie var i gong med planar om oppføring av eige skulehus på denne tida, for den 23. september samme år vert det halde samla skulekretmøte for Østrem og Emblem. På møtet vekte det harme hjå sambygdingane når det vert kjent at Skulestyret i Borgund hadde gjort vedtak om «Bestridelse af Udgiftene ved det paatenkte skolehuses opførelse i Kredsen samt Leie af Lokale til Skolen.» Fleire av brukarane, og særleg dei i utkantane av dei to gamle kretsane, nekta å godta skulestyret si beslutning om å slå samen Østrem og Emblem. Dei ynskte heller å halde sin eigen skule. Videre har referenten skrive at «Grundet paa disse foreviklede Forholde fandt man ikke Grund til aa gjøre noget Skridt til Leie af Lokale for Skolen for de Opsiddere i Kredsene som gaar med paa Skolestyrets Ordning for neste Aar.»

Dei vart likevel enige om ein felles ordning med skule på Skaret og Magnusplassen i 1892. Elevane var delte inn i tre storskuleklassar og tre småskuleklassar, men det vart påpeikt at dette kun var gjeldande for det komande året. Ein var framleis imot å verte samla i ein krets. Dei kom også fram til besluttning om at dersom det vart to skulehus i bygda, og gamleordninga vart halde ved like, så skulle bøndene sjølve bere alle kostnadane til bygging av begge skulane. Vart vedtaket til skulestyret oppretthalde, så fekk kommuna ordne skulehus for eiga rekning. Skulestyret bøyde derimot ikkje av, og det gjorde heller ikkje bygdefolket. Dei heldt ikkje noko møte før i oktober 1892. Då vart det vedteke å sende eit nytt brev med krav om å få gamleordninga attende. Dei følgande åra vart slike tilsynsmøte færre og ein heldt stort sett berre eit møte per år med dei nødvendige valg av deltakarar til skuletilsyn, samt beslutning om kven som skulle huse skulen det kommande året. Tidlegare hadde det vore fire møter per år. Kommuna på si side bygde heller ingen skule på Emblem. Det skulle enno ta heile 10 år før bygdefolket sjølv tok fatt. Til samalikning fekk Hatlehol og Flisnes eige skulebygg i 1890. Det var visst den gamle skulestova frå Kvassnes-sida på Indre Sula, men til å vere eit mindre skuledistrikt, og ein langt mindre del av emblemsbygda den gongen. Likevel vart skuledistriktet i bygda fleire gongar kalla enten Hatlehol eller Flisnes. 

Postopnar-Lars

Lars Johan Andreas Magnusson Emblem (1850-1900) var ein mann som sette spor etter seg i bygda, og det er nok takka vere han at historia om Magnusplassen framleis er kjend blant dei eldste i bygda vår. Han livnærte seg som skomakar ved sida av plassebruket, slik mange av småkårsfolket i bygda også gjorde. Dette var som kjend ei brytningstid der ein også gjekk gradvis over til pengehushaldning. Då kunne husmenn tene litt på å tilby tenestar og produkt som ein i tidlegare tider produserte på kvar enkelt gard. Skoreprasjon var det tydeleg bruk for i Emblemsbygda, og han var så visst ikkje den einaste som kunne tilby det. Difor var det nødvendig å ha enno fleire bein å stå på. Han fekk som kjent leige ut den eine stova som skulestove, men han takka ikkje nei til nye tilbod av den grunn.

Då Emblemsbygda fekk sin første poståpnar på land i nyare tid var det nettopp Lars som fekk oppdraget. Det var ikkje vanleg. I andre bygdelag kan ein lesa at slikt gjerne vart delegert til kjøpmannen, men i 1895 fanst der ikkje noko handelslag på Emblem. Omtrent samstundes vart husmannen på Ludvigplassen peika ut til å ekspedere dampbåtane ved Emblemsvågen, og plassemannsonen Karl Nedregotten på Elvemyr 4 fekk snart tillatelse til å starte drift av privat telefonstasjon. Dette gjorde Emblemsbygda spesiell. Magnusplassen var truleg også spesiell som husmannsplass. Rett nok var ikkje løa så mykje å skryte av, men huset var nok større enn vanleg, og der var både stabbur og ein flott innmura kjøkkenhage med frukttre, omtrent som på større bruk, som Abrahamsgarden på Østrem.

Leitar ein i offentlege register, vil ein finne at Emlem Poståpneri vart fyrste gong registrert i Sirkulær 39, datert 23.12.1895. Ifølge registeret frå postmuseet på Maihaugen, var poståpneriet underlagt Ålesund postkontor og registrert "på dampskips-anløpstedet, i Borgund herred, Søndmør Fogderi". Det stod videre at poståpneriet "ble intil videre underholdt frå 1.1.1896. Poståpnaren var Lars Magnusson Emblem. Eg veit enno ikkje om posten vart delt ut på sjølve kaia, eller om den vart fordelt på Magnusplassen. Den siste løysinga var i alle fall mest vanleg etter kvart.

Lars døydde den 4. april 1900 av leverkreft. Han må soleis ha vore sjuk ei stund. Den 9. april vart han begravd i Borgund kyrkje. På om lag samme tida starta «Negards-Lars» opp med butikk på Elvarum i kommisjon for handelsmann T. Berli i Ålesund. Han tok dermed over poståpnarstillinga etter Lars.

Mot slutten på Magnusplassen

I 1900 er det tre att som er bufaste på Magnusplassen. Teljinga er med andre ord gjennomført etter Lars sin død det året. Petrine har no ansvaret for svigermora Berte som var føderådsenke og skulle leve i tre år til. Svigerfaren, Magnus hadde gått bort 7 år tidlegare. Dottera Karen var enno ugift og heimebuande, sysselsatt med «Jordbrugsarbeide og dels Husgjerning». Men Magnusplassen var ein husmannsplass, sjølv om det no nærma seg slutten. Festekontrakta var gjeldande berre for Lars og Petrine si levetid, og så lenge som Petrine ynskte å bli buande der i «enkestand». Kårmannen Johan Emblem i Ebbegarden hadde allereie andre tankar om plassen vest for elva. Han ville skille den frå som kårbruk før han overlet Ebbegarden til neste generasjon i 1906. Det vart difor ikkje aktuelt å gje ny husmannskontrakt. Tida for den slags var dessutan forbi.

I 1910-tellinga er Petrine er nemnd som enke på Tunheim, Emblem(12). Då var plassen allereie nedlagd og indrege under dette kårbruket, men nye hus var ikkje bygd, så ho budde framleis i Magnustova på den same Magnusplassen. Det var ingen andre som var forplikta ved kårkontrakt til å ta seg av henne. Truleg var det difor eigaren, Johan, som hadde leigd inn ungjenta Olava J. Nedregotten, på kun 11 år, frå Skaret som tenar hjå henne. Ho fekk kanskje også hjelp frå Andreas A. Stokke på 16 år som budde der samtidig. Han var nemnd som « Elev ved Forsættelsesskole Fors gaardbruker». I tillegg budde der ein som heitte Kristen Vigdal på 28 år. Han var lærar på den samme «fortsættelsesskole» på det nye skulehuset på Skaret det året. Om desse to hjelpte til som ein del av leiga er usikkert. Eg er heller ikkje sikker på om Johan tok over gardsdrifta. Petrine var kun 50 år på dette tidspunktet. Det ein derimot veit er at sonen til Johan, Elias «Ebbe-Elias» Johansen Emblem tok over Tunheim i 1913. Han bygde ny stove og løe lenger oppe mellom Steffågardstunet og Negardstunet og utvida bruket oppover mot heimeutmarka mot fjellet. Petrine flytta nok ikkje opp dit. Ho fortsette å bu i gamlehuset, men den siste tida flytta ho til dottera Karen på bruk nummer 6 ute på Blindeim, og der døydde ho. Den vesle magnusløa vart seld til Fridtjof Emblem og flytta aust for Negardstunet, på Lundberg, der den står bak nyhuset til Fredrik Emblem enno. Huset vart truleg også ståande ei god stund utover 1940-talet, og kanskje heilt til Petrine døydde i frigjeringsåret 1945. Magnusstova vart deretter tatt ned og flytta til det nye hyttefeltet mellom tunet i Løvika og Hammarsvika nede ved sjøen. Der hadde Johannes Østrem, med opphav i Abramsgarden på Østrem, fått skøyte på hyttetomt med gardsnummer 5 og bruksnummer 21 som fekk namnet «Havglytt» i 1942. Der vart magnusstova sett opp igjen, og du finn ho på same plass den dag i dag, om enn i tilpassa utgåve. Johannes Østrem fått skøyte på hyttetomt med gardsnummer 5 og bruksnummer 21 som fekk namnet «Havglytt» i 1942. Der vart magnusstova sett opp igjen etter krigen, og du finn ho på same plass den dag i dag, om enn i tilpassa utgåve. Johannes selde etter nokre år hytta vidare til Knut Myklebust.

Sjølv om det i våre dagar ikkje lenger er spor att etter det gamle plassetunet, så finst der framleis att lokale namn. På gamlevegen rett sør for husmannsplassen er det også i våre dagar dei som kan fortelle at dei har gått «Magnusbakkjen» og passert «Magnushøla». Med denne vesle teksten vonar eg også at kunnskapen om Magnusplassen ikkje skal gå heilt i gløymeboka. Eg er også på stadig jakt etter meir kunnskap, og vonar difor at den som veit meir kan ta kontakt. Benytt gjerne addressa sveostrem@hotmail.com

Kjelder:

Bygselsbrev frå Nils Eriksen Emblem til Magnus Skjortenes tinglest 29.10.1850

https://media.digitalarkivet.no/view/22652/107?indexing= SAT, Nordre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/2Ca/L0006: Pantebok nr. 10, 1849-1855, s. 103

Giske, Louis: «Ørskog gjennom tidene. 3. Ættesoga», Ørskog Sparebank 1990

Hesseberg, Olaf: Muntlige opplysningar om kvar Petrine levde dei siste åra.

Rabbevåg, Egil: Slektsregister for Emblem

Tvinnereim, Jon: «Grotid i Grenseland», Fylkeshistorie for Møre og Romsdal II 1835-1920, Det Norske Samlaget, Oslo 1992.

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske Band II Gardsoge Gardsnr. 1-51», Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1961

Østrem, Svein Ove Dale: «Posthistoria på Emblem» http://www.emblemsbygda.com/52378465

Østrem Svein Ove Dale: «Om bygginga av gamleskulen på Skaret» http://www.emblemsbygda.com/50061308

Østrem, Svein Ove Dale: «Den eldste skulehistoria frå 1736-1903» http://www.emblemsbygda.com/52378466