Elvarum

Tre born i fremste rekke f.v. er Severine, Jensine (på fanget) og Hatlebakk-Lars. Andre rekke f.v.: Lars Ols. Emblem, Sevrine (f. Roald), Olga?, Fredrik L. Emblem, Lovise (f. Hovden), Laura og hunden til Fredrik. Bak f.v.: Oline Emblem (g. Vegsund) som var skild og busett Skaregata 11 1910, Klara Emblem. Alle borna er Fredrik sine. Foto: truleg Steinkopf-Wold

F.v. brødrene Olav, Lorentz og Fridtjof Emblem fotografert i frukthagen til bestefaren Lars på Elvarum. Eldstemann, Olav, vart fødd i 1910 medan Fridtjof, som var yngst vart fødd i 1913. Han kan ha vore omlag 4-5 år på dette biletet, så då kan året ha vore 1917 eller 1918. Fotografen er ukjend enno, og der står ein utanfor høgre biletkant som ungane ser på. Det er mogeleg at i alle fall ein av desse er faren Fredrik Larsen Emblem i Negarden. Det er i alle fall han som har skreve namna bakpå orginalbiletet. Orginalen tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.

Dette ser ut til å være tatt i frukthagen på Elvarum, med Rotanakken i bakgrunnen. Det er kanskje ein eller annan feiring. Framme f.v.: handelsmann Lars Olsen Emblem (1945-1938) og truleg Lars si andre kone (Thora) Margrethe Knudsd. Kuløy, frå Edøy. Dei gifte seg i 1917, så biletet er truleg tatt i tidsrommet 1917-1925. Bak f.v.: Ukjend, kaptein Andreas Larss. Emblem? Fredrik Larss. Emblem og kona Lovise (F. Hovden) Emblem, Oline Larsd. Emblem (g. Vegsund) lengst til høgre. Biletet tilhøyrer Lillian Nedreli

F.v.: Joakim Emblem med bornebornet Ellinor Emblem og kona Elise (f. Furset) Emblem på besøk hos dottera Anna Emblem. Ho gifte seg med Ole Hesseberg (kala seg seinare Berg) og dei kjøpte den gamle butikken til Lars Olsen Emblem. Biletet er frå 1950-talet og bror til Anna, Severin J. Emblem, er fotografen. Han er far til Ellinor.

Dette postkortet selde Lars Olsen Emblem i kommisjon for Steinkopf-Wold på butikken på Elvarum. Det er no den samme som tok familiebiletet av Lars i dette albumet. Yngstedottera på familiebiletet vart fødd i mai 1908 og er truleg minst 2 år på familiebiletet, så då er dei nok teke våren 1910.

Amerikabesøk på vinterstid. f.v.Sheila og mora Anne-Margrethe (f. Emblem) McClelland, Svein Dag, Eva og Johnny Dale. Det næraste huset er Elvarum med Blåskulen i bakgrunnen. Biletet tilhøyrer Synnøve Emblem-

Elvarum våren 2017. Her er det ikkje mykje som har forandra seg utvendig. Foto: Svein Ove Østrem

Fotoalbumet er under oppretting

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE